Rapport frå tilsyn med kommunen sitt arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i Bjerkreim kommune 2019
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Bjerkreim kommune og besøkte i den forbindelse kommunen frå 02.10.2019 til 07.10.2019. Vi undersøkte om kommunen fører tilsyn med barnehagar og skular i samsvar med lovkrava som er sett for å sikra at inne– og utemiljø fremjar helse og trivsel og førebyggjer skade og sjukdom hos barna.
Tilsynet vart gjennomført som del av Statens helsetilsyn sitt landsomfattande tilsyn i 2019.
Fylkesmannens konklusjon:
Bjerkreim kommune sikrar ikkje at barnehagar og skular er godkjende etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnhagar og skular. Kommunen har heller ikkje etablert eit system som sørger for at tilsynsarbeidet med skular og barnehagar blir planlagd, gjennomførd og fylgt opp på ein forsvarleg måte.
Dette er brot på folkehelselova §§ 8, 9, og 30.
Fylkesmannen ber Bjerkreim kommune om å utarbeida ein plan for korleis lovbrota skal rettast, - innan 10. januar 2020.
I vurderinga av kva tiltak som skal veljast, må ein sjå nærmare på kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova for å sikra at tiltaka svarar ut årsakene og styrkar kommunen si styring, ref. rapportens kapittel 6.
1. Tilsynets tema og omfang
I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
Det landsomfattande tilsynet med folkehelselova i 2019 er retta mot kommunen sitt arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.
Føremålet med tilsynet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. På landsbasis har det vist seg at mange barnehagar og skular til dømes har eit dårleg inneklima. Problema har hatt samanheng med svikt i drift og vedlikehald. Varierande og mangelfullt tilsyn kan også medverke til at barnehagar og skular utviklar eit dårleg inneklima og andre miljømessige problem over tid etter at barnehagen og skulen blei godkjent. Kartlegging av kommunane sine tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular har avdekt store skilnader med omsyn omfanget av tilsyn og oppfølginga av tilsyn i dei tilfella det er konkludert med/funne lovbrot.
Fylkesmannen har ført tilsyn med om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:
- klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
- oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
- at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
- at tilsyn blir følgd opp systematisk der det er avdekt lovbrot
Vi har undersøkt og vurdert om det er klart kven som har delegert mynde til å føre tilsyn med tilhøyrande oppgåver og at dei som skal føre tilsyn, er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene som det skal førast tilsyn med. Dette er særleg aktuelt ved tilsyn med kommunale barnehagar og skular. Vi har òg undersøkt om kommunen har sørgja for at den instansen i kommunen som skal føre tilsyn med barnehagar og skular, har naudsynt kompetanse om miljøretta helsevern, tilsynsmetode og sakshandsaming. Undersøkinga vår omfatta også korleis kommunen har dokumentert at desse forholda er tekne i vare.
Kommunens tilsyn er eit viktig tiltak for å sikre at barnehagar og skular ikkje blir drivne utan godkjenning. Å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular og godkjenningsstatus er naudsynt ved prioritering av kva barnehagar og skular det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi har undersøkt om kommunen har naudsynt oversikt over og opplysningar som viser godkjenningsstatus.
I kommunens tilsyn inngår både å følgje opp risikoforhold i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen. Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som fører tilsyn, får tilstrekkeleg informasjon om risikoforhold ved miljøet i barnehagar og skular og at tilsynet er basert på risikovurderingar.
Dette er naudsynt i samband med oppfølging av forhold med mogeleg helserisiko i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og i samband med det regelmessige tilsynet. Vi har også undersøkt om kommunen følgjer med på at tilsynsoppgåva blir utført slik som føresett, under dette at det er dokumentert korleis tilsynsoppgåva er planlagt og utført.
For å oppnå føremålet med tilsyn, må lovbrot tilsynet avdekkjer, bli retta. Då kan tilsynet avsluttast. Vi har undersøkt om kommunen følgjer opp tilsyn på ein systematisk måte, under dette korleis denne delen av arbeidet er dokumentert.
Mynde til å føre tilsyn med kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular på fagfeltet miljøretta helsevern er Fylkesmannens tilsyn avgrensa til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter som tilsynsstyresmakt. Vi fører med andre ord «tilsyn med kommunens tilsyn». Dette tilsynet omfattar ikkje om kommunen som eigar sørgjer for å oppfylle krava til miljøretta helsevern i barnehagar og skular som kommunen eig.
Mange kommunar har delegert mynde og oppgåver til å føre tilsyn til eit interkommunalt selskap eller ein vertskommune. Kommunen kan også kjøpe tenester frå andre kommunar. Fylkesmannens tilsyn er retta mot kommunen, uavhengig av korleis miljøretta helseverntenesta er organisert.
Fylkesmannens tilsyn omfattar kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i private og offentlege barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen, og som er omfatta av § 2 i forskrift om miljørettet helsevern i barnehagar og skoler.
§ 2 Virkeområde
Forskriften kommer til anvendelse ved planlegging, tilrettelegging og drift av:
- barnehager og andre virksomheter som mot godtgjøring gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når:
a. virksomheten er regelmessig, og
b. tilbyr en ukentlig oppholdstid på mer enn ti timer, og
c. antall barn som er tilstede samtidig, er tre eller flere - grunnskoler
- videregående skoler
Tilsynet er utført som systemrevisjon. Det inneber tilsyn med korleis kommunen leier og styrer arbeidet med tilsyn og sørger for at aktuelle lovkrav blir oppfylte.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunens folkehelsearbeid etter lov av 24. juni 2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova) § 31.
Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.
Fylkesmannens tilsyn er lovlegkontroll, jf. kommunelova kapittel 10 A og omfattar folkehelselova §§ 8 og 9 og § 30 om internkontroll
I følgje kapittel 3 Miljøretta helsevern i folkehelselova skal kommunen ha merksemd på heile befolkninga, uavhengig av sektor. Kommunen har verkemiddel overfor privat og offentleg verksemd og eigedom, og har blant anna som oppgåve å føre tilsyn med faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Kommunens ansvar for tilsyn med miljøretta helsevern går fram av folkehelselova § 9.
Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. stiller ei rekkje krav, mellom anna til internkontroll, uteområde, inneklima, reinhald, vedlikehald, smittevern, måltid mv., som er retta mot eigar/leiar av verksemda. Kommunen skal føre tilsyn med at forskrift om miljøretta helsevern i barnhagar og skular blir oppfylt, jf. presisering i forskrifta § 25.
Krav i lov og forskrift som gjeld ved tilsynet med kommunen
Kommunens plikt til internkontroll
Kommunen har plikt til å føre internkontroll for å sikre at krav i fastsett folkehelselova eller i medhald av folkehelselova blir oppfylte, jf. folkehelselova § 30. Det er ikkje gitt eiga forskrift som utdjupar krava til internkontroll. Kommunens plikt til internkontroll med tilsynsoppgåva byggjer på det alminnelege systemet for internkontroll i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) § 23 nr. 2.
Plikt til å dokumentere tilsyn med miljøretta helsevern
Det følgjer av folkehelselova § 30 andre ledd at kommunens tilsyn etter § 9 skal dokumenterast særskilt. Det er presisert i folkehelselova § 30 andre ledd at uavhengigheit og likebehandling i tilsynet skal vere dokumentert. Det forsterka dokumentasjonskravet gjeld generelt for tilsynsoppgåva etter § 9.
Ansvar, oppgåver og mynde
Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen må ha klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde. Kommunen kan delegere oppgåver og mynde innan miljøretta helsevern internt i kommunen eller til vertskommune etter dei alminnelege reglane om delegering i kommunelova eller til eit interkommunalt selskap (IKS), jf. folkehelselova § 9 første ledd andre punktum.
Tilsynet skal vere uavhengig
Kommunen må organisere seg slik at dei personane eller eininga som fører tilsyn med miljøretta helsevern, er tilstrekkeleg uavhengig av underliggjande verksemd som det skal førast tilsyn med. Kommunen må dokumentere at tilsynet er uavhengig, jf. folkehelselova § 30.
Kompetanse
Kommunens plikt til å føre tilsyn med miljøretta helsevern etter folkehelselova §9, føreset at kommunen har naudsynt kompetanse til å utføre tilsynsoppgåva forsvarleg, jf. kravet til internkontroll i folkehelselova § 30. Kommunen må dokumentere at dei som har ansvar for å føre tilsyn med miljøretta helsevern, har naudsynte føresetnader, under dette kompetanse.
Oversikt over godkjenningsstatus
Det inngår i kommunens tilsynsansvar etter folkehelselova § 9 å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular i kommunen. Å ha ei oppdatert oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, er å rekne som del av det løypande arbeidet med oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen, òg som kommunen skal ha etter § 4 i forskrift om oversikt over folkehelsa.
Risikobasert tilsyn
Kommunens tilsyn etter folkehelselova § 9 skal vere basert på risikovurderingar. Kommunen må følgje opp forhold som kan innebere at miljøet i barnehagar og skular er uforsvarleg, og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen ut frå risikovurdering. Forskrift om miljøretta helsevern § 4 andre ledd presiserer at kommunen skal prioritere tilsyn ut frå vurdering av helserisiko. Kommunens risikovurderingar bør mellom anna byggje på kunnskap om folkehelseutfordringar som kommunen skal ha, jf. folkehelselova § 5.
Opplysnings- og informasjonsplikt
Kommunen må som del av kravet til internkontroll følgje med på at kommunens barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 5 og sørgje for at dei som fører tilsyn, om myndet er delegert internt i kommunen eller til ekstern instans, får opplysningane.
Tilsynsmetode
Metodane som kommunen bruker ved tilsyn med miljøretta helsevern, må gi eit tilstrekkeleg faktagrunnlag til å kunne konkludere og sikre forsvarleg sakshandsaming. Når kommunen konkluderer med pålegg, må òg utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17 bli halden.
Oppfølging og avslutting av tilsyn
Når kommunen har ført tilsyn med ein barnehage eller skule, uavhengig av utfall, skal tilsynet avsluttast, jf. forvaltningslova § 11 a. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen systematisk må følgje opp det einskilde tilsynet og alle tilsyn som ikkje er avslutta. Kommunen skal ha oversikt over fristar, rutinar for purring og ha ein plan for vidare oppfølging.
Krav til saksbehandling
Kommunen er i sitt tilsyn bunden av lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) og forvaltningsrettslege prinsipp. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen ved si organisering og styring må sikre at krav til sakshandsaming i forvaltningslova blir oppfylte
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.
Bjerkreim kommune har om lag 2800 innbyggjarar. Kommunen har organisert verksemda si i seks resultatområder, - tri som tar vare på meir administrative støttefunksjonar og tri som er retta mot tenesteytinga til innbyggjarane. Kommuneoverlegen er organisert i avdeling for levekår (helse, omsorg, sosial og barnevern).
Kommuneoverlegen har 25% stilling knytt til kommunen sitt arbeid med det miljøretta helsevernet. Han er og fastlege med ansvar for om lag 1200 pasientar. I arbeidet med det miljøretta helsevernet er det ikkje noko administrativ/ merkantil støtte i forbindelse med sakshandsaminga.
Kommunen har to offentlege skular og to barnehagar, i tillegg er det ein privat barnehage.
Når det gjeld ansvaret med å utbetra manglar i det fysiske miljøet knytt til skulane og barnehagane, så har ein grovt sett delt dette mellom rektor og barnehageleiar som har ansvar for manglar innomhus og kommunalavdeling for landbruk, miljø og teknikk som har ansvar for manglar som oppstår utomhus.
Styring; klar fordeling av oppgaver og ansvar
Kommunen har ikkje utarbeidd styrande dokumentasjon som syner korleis oppgåver og ansvar med det miljøretta helsevernet er organisert eller kor godkjenningsordninga og tilsynsoppgåva er plassert. Det finnest ingen beskriving/ informasjon på kommunen sine heimesider om det miljøretta helsevernet generelt eller om godkjennings-, og tilsynsordninga spesielt.
Delegeringsreglementet syner at kommuneoverlegen er tillagt mynde for folkehelselovens kapittel 3. Det er og klart for alle at det er kommuneoverlegen som har oppgåva med godkjenningsordninga og tilsynet med barnehagar og skular, men det manglar stillingsbeskriving eller funksjonsbeskriving som fortel meir konkret kva oppgåver og ansvar han skal ivareta, og kven han skal rapportera til. Det er ikkje etablert rutinar som sikrar at kommuneoverlegen har ei stedfortredarordning. I praksis er han tilgjengeleg kvar dag, heile året.
Retningslinene for miljøretta helsevern som kommunen har utarbeidd, fokuserer mest på førebygging og handtering av avvik og dekker i liten grad oppgåvene knytt til godkjenning og tilsyn. Ansvarsmatrisa som er satt opp i dokumentet klargjer heller ikkje tilstrekkeleg korleis ansvaret for det miljø retta helsevernet skal følgjast opp. Dokumentet er ikkje datert og det kjem heller ikkje fram kven som har utarbeidd og godkjend retningslinene.
Når det gjeld tilsynsorganet sine oppgåver så er det ikkje utarbeidd styrande dokumenter som syner korleis kommunen skal sikra eit uavhengig og kompetent tilsynsorgan
Intervju og dokumentgjennomgang syner at det kunnskapen om regelverket er mangelfull.
Kommuneleiinga har heller ikkje fastsett rutinar for rapportering på saksområdet. Det kan heller ikkje dokumenterast at det blir/ har blitt rapportert skriftleg eller munnleg til leiinga.
Oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skoler
Kommunen manglar ei oppdatert oversikt som syner tidspunkt for godkjenning, godkjenningsstatus, eventuelle dispensasjonar og det kan heller ikkje dokumenterast at skulane og barnehagane i kommunen er godkjende etter forskrift om miljørettet helsevern.
Kommunen har ikkje utarbeidd rutinar som sikrar at godkjenningsordninga vert ivareteken, som til dømes kven som skal utarbeide-, og oppdatera ein slik oversikt.
Oppfølging av risikoforhold og tilsynsplanlegging
I 2019 har kommunen gjennomført tilsyn i alle barnehagar og skular.
Kommunen har ikkje nokon plan for tilsynsarbeidet sitt. Etter rektorane og barnehageleiarane si oppfatning utfører kommune jamleg og regelmessig tilsyn med det miljøretta helsevernet. Likevel, gjennomgang av dokumentasjon syner at tilsynsarbeidet i føregåande år ikkje har vore jamleg og systematisk. Skulane hadde ikkje hatt tilsyn sidan 2013 og 2014, og barnehagane hadde ikkje hatt tilsyn sidan 2015.
I plan for tilsyn med barnehagane etter barnehagelova (2016-2020) vert tilsynet med miljøretta helsevern nemnt som ei av fleire andre tilsyn retta mot barnehagane. Det manglar informasjon om tema, tilsynsobjekt, tidspunkt, metode, rapportering og opplysningar om kven som er ansvarleg..
Kommuneleiinga har ikkje nedfelt rutinar for tilsynsarbeidet som sikrar forsvarleg planlegging, gjennomføring, oppfølging og avslutning av tilsyn.
Intervju og dokumentgjennomgang syner og at tilsyna som vert utførde ikkje vert basert på risikovurderingar. Det kan ikkje dokumenterast kva slags vurderingar som ligg til grunn for val av hyppigheit, tema og tilsynsmetodikk.
Tilsynet sine samtalar med foreldre, skoleleiarar og barnehagestyrarar syner at det er liten kjennskap til informasjons- og opplysningsplikta (§ 5) som rektorane/ barnehagestyrarane har overfor pårørande/elever og tilsynsorganet. Barnehagane og skulane manglar rutinar som sikrar at opplysningsplikta blir ivaretatt.
I samtale med elevrådsrepresentantane kom det fram opplysningar om ute- og innemiljø (slitasje, vedlikehald, temperaturregulering og uteareal) som kan ha relevans for tilsynsorganet utan at dette har blitt fanga opp av dei med ansvar på området.
Kommunen har ikkje rutinar som sikrar at tilsynsorganet blir informert om relevante avvik som vert meld i kommunen sitt avvikssystem.
Det er heller ikkje etablert faste møtepunkt, eller andre strukturar, for å ivareta informasjonsflyt mellom dei ulike aktørane i kommunen og tilsynsorganet.
Oppfølging og avslutning av tilsyn
Dokumentgjennomgang og intervju syner at det ikkje er etablert rutinar som sikrar systematisk oppfølging av tilsyn som er utført, og at kommuneleiinga jamleg blir informert.
Kommunen har i liten grad utarbeidd rutinar som kan sikra forsvarleg sakshandsaming av tilsynsaktiviteten som til dømes å bruka rapportmalar og visa til gjelande regelverk.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.
Kommunen sitt tilsyn skal bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremjar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggjer sjukdom og skade.
Undersøkingane våre har avdekka at det i liten grad er utarbeidd styrande dokumentasjon på området. Kommunen manglar klare retningsliner for det miljøretta helsevernet generelt og tilsynsoppgåva spesielt og korleis ansvar og oppgåver på tilsynsområdet er organisert og fordelt.
Likevel, det er ei klar forståing i kommunen om at det er kommuneoverlegen som varetar tilsynsorganet sine tilsynsoppgåver med barnehagar og skular.
Verken kommunen sitt organisasjonskart eller heimesida har informasjon om miljøretta helsevern, tilsynsordninga eller korleis ein kan kontakta tilsynsorganet. Manglande informasjon om saksfeltet kan føre til at tilsynsorganet går glipp av viktig informasjon frå både brukarar, pårørande og samarbeidsaktørar, - informasjon som kan ha stor betydning for korleis ein skal prioritera og planlegga tilsynsaktivitetane.
Det å vera ein liten kommune kan ha sine fordelar med tanke på korte styringslinjer, oversiktleg organisasjon, god lokal kunnskap, personlege og tette relasjonar, nærleik til brukarar med vidare. Og, når behov meldar seg kan utfordringar løysast raskt og ubyråkratisk fordi ansvarslinene er korte, ukompliserte og personlege. Men, samstundes veit me at små organisasjonar og kan vera sårbare fordi så mykje ansvar og oppgåver blir lagt på enkeltpersonar. Det blir den einskilde som held «drifta» i gang, ikkje eit systemet/ ein struktur som sørger for kontinuitet og sikrar at tenester av tilstrekkeleg mengde og kvalitet. Som til dømes at det er etablert ordningar som sikrar at kommuneoverlegen sine oppgåver blir løyst av andre ved ferie og sjukdom og ev. anna upårekneleg fråvær.
Sjølv om Bjerkreim har ein relativt liten og oversiktleg kommuneorganisasjon vil det være naudsynt med formelle strukturar for å sikra god styring og forsvarlege tenester til innbyggjarane.
Formelle strukturar kan synast kunstige og overflødige i eit lite og tett miljø, men dei vil vera med på å sikra at det ikkje blir tilfeldig eller vilkårleg kva som blir fanga -, og følgt opp når det gjeld miljø retta helsevern i barnehagar og skular. Det kan være eit døme på manglande rutinar at dei fleste verksemdsleiarane viste til at det blei gjennomførd eit langt meir regelmessig tilsyn enn det undersøkingane våre faktisk avdekka. Det same gjeld at elevar tar opp med tilsynet utfordringar mht vedlikehald/ slitasje, utemiljø, temperaturregulering, - forhold som kanskje burde ha vore fanga opp av både dei med ansvar for oppgåver inne og ute på skulen.
Som me viser til i kapittel 3 har mangelfulle rutinar og ført til at det ikkje blir sikra at informasjon- og opplysningsplikta blir ivaretatt slik at viktig informasjon når fram til tilsynsorganet, elevar og pårørande. Fleire av dei vi samtalte med hadde ei oppfatning av at det var tett kontakt med kommuneoverlegen og at ei ev. informasjonsplikt blei ivaretatt i den løypande dialogen med han. Samstundes syner undersøkingane våre at det er til dels uklart for dei einskilde aktørane kva forhold som ev. kan utløyse informasjons og opplysningsplikta. Etter vår oppfatning syner dette at leiinga ikkje tilstrekkeleg har sikra korleis dette lovkravet skal oppfyllast ved til dømes å definera kva opplysningar kravet gjeld, kven som skal involverast og passa på at viktig informasjon når fram til tilsynsorganet.
Eit anna døme på kva konsekvensar manglande formelle strukturar kan føre til, er at kommunen ikkje kan gjera greie for kor vidt skular og barnehagar faktisk er godkjende etter forskrifta eller ikkje.
Undersøkingane våre har avdekka at saksfeltet har hatt lite merksemd i kommunen. Det har ikkje rutinemessig blitt rapportert, verken munnleg eller skriftleg, og leiinga har heller ikkje spurt etter. Etter vår meining har kommunen i sin styrande dokumentasjon ikkje klargjort tilstrekkeleg at kommunelegen, som er delegert ansvar for folkehelseloven kap. 3, også skal ivareta oppgåva som tilsynsmynde for kommunen. Leiinga har i liten grad lagt til rette for at tilsynsoppgåva kan gjerast forsvarleg.
Også på området for miljøretta helsevern har styresmaktene pålagt kommunen å etablera eigenkontroll. Det viktigaste med ein slik internkontroll er at leiinga klargjer ansvarsforholda. Peikar konkret på kva oppgåver som skal løysast og klargjer krav til kompetanse og kvalitet og ikkje minst sørger for rutinar som og sikrar at dei kan fylgje med på saksområdet. Det vil sei å fanga opp behov for endringar og ev. gjera justeringar dersom det er naudsynt. Etter vår meining syner våre undersøkingar at kommunen manglar slike rutinar.
På bakgrunn av dette er det vår vurdering at kommunen si styring med arbeidet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular er i strid med folkehelselova § 30, jf. § 9
5. Fylkesmannens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Fylkesmannen peiker på følgjande:
Bjerkreim kommune sikrar ikkje at barnehagar og skular er godkjent etter forskrifta.
Kommunen har heller ikkje etablert eit system som sørger for at tilsynsarbeidet med skular og barnehagar blir planlagd, gjennomførd og fylgt opp på ein forsvarleg måte.
Dette er brot på: Folkehelselova §§ 8, 9 og 30
6. Oppfølging av påpekte lovbrudd
I dette kapittelet redegjør vi om hva vi forventer virksomheten skal gjøre i prosessen med å rette påpekte lovbrudd, slik at kravene til kvalitet og sikkerheten for tjenestemottakerne blir ivaretatt.
Fylkesmannen ber Bjerkreim kommune om å utarbeida ein plan for korleis lovbrota skal rettast, -
innan 10. januar 2020.
I vurderinga av kva tiltak som skal veljast, må ein sjå nærmare på kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova for å sikra at tiltaka svarar ut årsakene og styrkar kommunen si styring.
Planen må minimum innehalde:
- Kva tiltak som ein planlegg å setja verk.
- Forpliktande tidsplan for iverksetting av tiltaka.
- Korleis kommuneleiinga skal fylgja med på at tiltaka vert iverksett og at dei fungerer som planlagt.
- Korleis kommuneleiinga skal følgje opp arbeidet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
Med helsing
Med hilsen
Janne Dahle Melhus
Avdelingsdirektør/ fylkeslege
Helge A. Haga
revisjonsleiar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Vedlegg:
Gjennomføring av tilsynet
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 14.06.2019.
Tilsynet vart gjennomført med eit kort informasjonsmøte 02.10.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 07.10.2019.
I forbindelse med tilsynet vart det samtalt med elevrådsrepresentantar frå Bjerkreim og Vikeså skule. I tillegg snakka me og med sju foreldrepresentantar frå barnehage og skule.
Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:
- Attest for allmennmedisinsk virksomhet
- Godkjenning av barnehager
- Godkjenning av Storafjellet barnehage (barnehageloven)
- Godkjenning Skjeraberget barnehage (barnehageloven)
- Rutiner for godkjenning av barnehager i Bjerkreim kommune
- Organisasjonskart – Bjerkreim kommune
- Kopi av 01.06.2019_16.09.2019
- Godkjenning av barnehager
- Godkjenning av Storafjellet barnehage (barnehageloven)
- Godkjenning Skjeraberget barnehage
- Rutiner for godkjenning av barnehager i Bjerkreim kommune
- Organisasjonskart – Bjerkreim kommune
- Kopi av 01.06.2019_16.09.2019
- Kopi av 01.06.2019_16.09.2019
- Plan for folkehelse 2019-2030
- Retningslinjer for miljørettet helsevern i Bjerkreim
- Samarbeidsutvalg
- Årshjul SU SMU 2019-2010
- Tilsyn miljøretta helsevern Bjerkreim skule – 10.5.2019 og 7.11.2013
- Tilsyn miljøretta Vikeså skule – 10.5.2019 og 10.01.2014
- Tilsyn miljøretta helsevern Skjeraberget barnehage – 8.4.2019 og 16.10.2015
- Tilsyn miljøretta helsevern Røysekatten barnehage – 2.4.2019 og 4.6.2015
- Tilsyn miljøretta helsevern Storafjellet barnehage – 10.5.2019, 16.5.2015, 30.10.2013 og 25.5.2011
- Vurdering av påbygg Røysekatten barnehage
- Årshjul folkehelse
- Internt delegasjonsreglement
- Oversikt over sentrale personer i tilknytning til miljøretta helsevern
- Tilsynsplan 2016-2020 (barnehageloven)
- Forhåndsvurdering av Skjeraberget barnehage fra Næringsmiddeltilsynet, 1998
- Nye vedtekter for kommunale barnehager
- Referat fra møte med verneombud 15.6.2017
- Røysekatten barnehage – referat fra SU møte 26.06.2018 og 23.4.2019
- Vedtekter kommunale barnehager
- Vernerundeskjema 1 Bjerkreim skule 9.5.2018
- Referat fra verneombud 15.6.2017
- 14 rapporterte avvik i 2019 i skulane og barnehagane
I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:
Ikkje publisert her
Tilsynet samtalte og med fire elevråds-, og sju foreldrerepresentantar.
Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:
- fylkeslege, Ingegerd Møller, Fylkesmannen i Rogaland, revisor
- seniorrådgivar, Astrid Aadland, Fylkesmannen i Rogaland, revisor
- seniorrådgivar, Helge A. Haga, Fylkesmannen i Rogaland, revisjonsleiar
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2019 Folkehelseloven. Kommunens tilsyn med miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Søk etter tilsynsrapporter