Rapport frå tilsyn med barneverntenestas arbeid med undersøkingar ved barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark 2020
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark frå 16. september til 17. september 2020. Vi undersøkte om barnevernsamarbeidet sørga for at undersøkingane av barnevernsakene er forsvarlege, og i samsvar med dei aktuelle lovkrava slik at barna får trygge og gode tenester. Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.
Fylkesmannen sendte barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark utkast til rapport 25. oktober 2020. Det vart gitt frist til 15. november 2020 for å kommentera på rapporten. Barnevernsamarbeidet har i brev av 13. november 2020 kommentert på rapporten. Barnevernsamarbeidet forheld seg til lovbrota og tek dei til etteretning. Dei har likevel nokre tilbakemeldingar på faktagrunnlaget. Dette er retta opp.
Det kjem ikkje fram opplysningar i tilsvaret som endrar Fylkesmannens vurdering eller konklusjon.
Konklusjonen frå fylkesmannen:
I arbeidet sitt med undersøkingar sikrar ikkje Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark at barna i alle sakene blir gitte reell medverknad som sikrar eit tilstrekkeleg grunnlag for å gjera den beste vurderinga av kva som er barnets beste.
Dette er eit brot på barnevernslova §§ 1-4, 1-6 og 4-1og jf. barnekonvensjonen artikkel 3 og 12.
I arbeidet sitt med undersøkingar sikrar ikkje Barnevernsamarbeid i Vest-Telemark nødvendig dokumentasjon av barnevernfaglege vurderingar. Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark har ikkje eit tilstrekkeleg system og kontroll for å fanga opp svikten.
Dette er eit brot på forvaltningslova 11d, jf. barnevernlova § 1-4 og 2-1 andre ledd og internkontrollforskriften § 4 bokstav f og g.
1. Tema og omfang for tilsynet
Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med undersøkingane i barneverntenesta er forsvarleg. Vi har særleg undersøk om barneverntenesta har:
- planlagt undersøkinga i samsvar med innhaldet i meldinga og eventuelt tidlegare undersøkingar eller kontakt med familien
- sørga for at innhaldet i undersøkinga, omfanget og framdrifta er i samsvar med alvoret i situasjonen for barnet
- gjort relevante barnevernfaglege og juridiske vurderingar både undervegs og til slutt i undersøkinga
- konkludert undersøkinga i samsvar med dei vurderingane som er gjort
Tilsynet har omfatta undersøkingar av situasjonen til barn som budde heime da barnevernstenesta fekk bekymringsmeldinga og gjeld altså barn under 18 år som bur hos biologisk familie, adoptivfamilie eller er plassert hos andre utan at barneverntenesta har medverka til det.
Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at Fylkesmannen har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og kontrollerer at barnevernstenesta oppfyller dei aktuelle lovkrava i arbeidet sitt.
Barna og foreldra sine synspunkt og erfaringer frå undersøkingane i barnevernet gjev viktig informasjon både om kvaliteten på tenestene og om korleis kommunen praktiserer brukarmedverknad.
I dette tilsynet har vi derfor tatt kontakt med eit utval av foreldre for å intervjue dei om opplevingane deira, og dessutan bedt om samtykke til å få snakka med barna om deira opplevinga av undersøkinga. Vi har totalt vore i kontakt med 10 foreldre, men har ikkje fått samtykka til å snakke med nokon av barna. I åtte av dei familiane vi snakka med vart det gitt uttrykk for at dei hadde hatt eit godt samarbeid med barnevernstenesta, medan to av familiane hadde opplevd kontakten som negativ. Dei begrunna det både med dårleg kontakt med saksbehandlar, men også at dei var svært usamde i at barnevernstenesta hadde vorte kopla inn i deira sak.
Det er uheldig at vi ikkje fekk snakka med barn og unge om korleis dei har opplevd kontakten med barnevernstenesta, og korleis retten deira rett til medverknad er tatt vare på. Vi vurderar likevel at utvalet gir eit bilde av korleis tenesta vart oppfatta av foreldra.
2. Aktuelt lovgrunnlag
Fylkesmannen har ansvar for å føre tilsyn med den kommunale barneverntenesta etter barnevernlova § 2-3 b. Eit tilsyn er kontroll av om drifta i verksemda er i samsvar med reglane i lov og forskrifter. Krava som er lagt til grunn for dette tilsynet kan oppsummerast slik:
Barneverntenesta har rett og plikt til å undersøke saka når ein vurderer at det er «rimelig grunn til å anta» at det ligg føre forhold som kan gje grunnlag for tiltak etter barnevernlova kapittel 4. Formålet med undersøkinga er å vurdere og konkludere om barnet lever i ein omsorgssituasjon som kan gje grunnlag for barneverntiltak. Det er reglar i barnevernlova (bvl.) og i forvaltningslova (fvl.) som set krav til undersøkingane
Forsvarlege tenester
Det går fram av bvl. § 1-4 at alle tenester og tiltak etter barnevernlova skal vera forsvarlege. Denne regelen har eit heilskapleg utgangspunkt og må tolkast i samanheng med dei andre reglane i lova, for eksempel prinsippet om barnet sitt beste. Saksbehandlingsreglane i barnevernlova og forvaltningslova gjev også rettleiing for kva som er ei forsvarleg undersøking. Bvl. § 1-4 omfattar vidare organiseringa og leiinga av arbeidet og det er nær samanheng mellom dette kravet og kravet i bvl. § 2-3 tredje ledd om internkontroll for å sikre at oppgavene blir utført i samsvar med lovkrava.
Rett til medverknad
Barnet har rett til å bli høyrt i samsvar med bvl. § 1-6. Regelen gjev barn i barnevernsaker ein ubetinga og sjølvstendig rett til å medverke. Retten gjeld både sjølve beslutningsprosessen og i alle forhold som gjeld barnet, ikkje berre når ein skal ta rettslege eller administrative avgjerder. Dette inneber at barneverntenesta har plikt til å legge til rette for at barnet skal kunne medverke og dermed sikre at barnet får oppfylt sin rett til medverknad i undersøkingane. Retten til å medverke i eiga sak inneber ikkje at barnet har plikt til å medverke.
Prinsippet om barnet sitt beste heng nært saman med barnet sin rett til å medverke. Formålet med medverknad er at barnet si meining om eigen situasjon skal vere med som ein del av grunnlaget i barnevernet si vurdering av kva som er barnet sitt beste i alle avgjerder under undersøkinga
Barnet sitt beste
Prinsippet om barnet sitt beste går fram både av barnekonvensjonen artikkel 3 og Grunnlova § 104. Barnet sitt beste skal vera eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn. I barnevernlova er prinsippet nedfelt i § 4-1 der det går fram at det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Regelen slår også fast at det i denne vurderinga skal leggast vekt på å gje barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet utgjer ein sjølvstendig rett for kvart barn. Det skal også leggast vekt på barnet sitt beste når andre lovreglar skal tolkast og prinsippet er ei retningslinje for saksbehandlinga i alle saker som gjeld barn.
Samarbeid med foreldra
Foreldra har sjølvstendige rettar i undersøkingssaker som gjeld dei. Foreldre som er part i saka, har rett til å uttale seg etter fvl. § 17. Barnevernet skal i utgangspunktet legge fram alle opplysingane som dei får i undersøkinga slik at foreldra kan uttale seg. Barneverntenesta bør også gjera foreldra kjent med andre opplysingar som er av vesentleg betydning for saka i samsvar med fvl. § 17. Etter bvl. § 1-7 skal barnevernet utføre arbeidet sitt med respekt for og så langt som mogleg i samarbeid med barnet og barnet sine foreldre.
Nærare krav til undersøkinga
Barneverntenesta skal sikre at faktum i saka er klarlagt så godt som mogleg før det blir gjort vedtak i saka jf . fvl. § 17. Dette inneber at alle relevante sider av saka må kome fram. Barneverntenesta må vurdere om opplysingane i undersøkinga er riktige. Barneverntenesta må gjera ei konkret vurdering av innhaldet i meldinga og ev. annan informasjon i saka for å avgjera kor omfattande undersøkinga skal vera. I denne vurderinga er moment som grad av alvor, hast og kompleksitet viktige. Bvl § 4-3 andre ledd slår fast at undersøkinga skal gjennomførast slik at den er til minst mogleg skade for den saka gjeld. Den skal ikkje vera meir omfattande enn formålet tilseier. Foreldra eller den barnet bur hos, kan ikkje setja seg i mot at det blir gjennomført ei undersøking ved besøk i heimen, jf. bvl. § 4-3 tredje ledd. Barneverntenesta kan også engasjere sakkyndige, jf. bvl. § 4-3 fjerde ledd. Etter bvl. § 6-4 femte ledd skal barneverntenesta innhente opplysningar i samarbeid med foreldra. Innhenting av opplysningar fra andre forvaltningsorgan og helsepersonell er omfatta av teieplikta og barneverntenesta må enten ha gyldig samtykke frå foreldra, jf. fvl. § 13 a nr. 1 eller ein lovheimel som gjev unntak frå teieplikta for å innhente slike opplysingar. Barneverntenesta kan pålegge offentlege myndigheiter m.fl. å gje opplysningar som er underlagt teieplikt i dei situasjonane som går fram av bvl. § 6-4. Undersøkingar skal i følgje bvl. § 6-9 gjennomførast snarast og seinast innan tre månadar. I særlege tilfelle kan undersøkingane utvidast til seks månader.
Dokumentasjon
Det er god forvaltningsskikk å sørge for at dokumentasjonen i sakene er tilstrekkeleg og påliteleg, slik at ein kan gjera greie for kva som er gjort i saka og grunngjevinga for dette. Dokumentasjonsplikta følgjer også av kravet om forsvarlege tenester og plikta til internkontroll.
Både avgjerder om å innvilge hjelpetiltak og om å henlegge ei sak etter undersøking er enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. bvl. § 6-1 andre ledd og § 4-3 sjette ledd. Dette inneber at vedtaket skal grunngjevast i samsvar med reglane i fvl. §§ 24 og 25. I tillegg skal det etter bvl. § 6-3a gå fram av vedtaket kva som er barnet sitt synspunkt, kva slags vekt ein har lagt på dette og korleis barnevernet har vurdert kva som er best for barnet i denne saka.
Krav til styring og leiing
Kravet til leiing, organisering og styring er eit viktig element i kommunen sitt ansvar for å gje forsvarlege tenester. I barnevernlova § 2-1 andre ledd er det slått fast at «kommunen skal ha internkontroll for å sikre at den utfører oppgåvene sine i samsvar med krav fastsett i lov og forskrift.
Kommunen må kunne gjere rede for hvordan den oppfyller kravet til internkontroll.» Det er gjort nærare greie for dette i forskrift om internkontroll for kommunen sine oppgåver etter lov om barneverntjenester §§ 3 til 5.
Det går fram av bvl. § 2-1 sjuande ledd at kommunen også skal sørge for at dei tilsette som gjennomfører undersøkingar i barneverntenesta har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre dette arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvar for å gje nødvendig opplæring ved behov.
3. Skildring av faktagrunnlaget
Organisering, styring og leiing
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er felles for kommunane Seljord, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Kvitseid. Kvitseid kommune er vertskommune og hovudkontoret er lokalisert der. Barnevernet har også eigne kontor i alle kommunane. Dei kan også nytte møterom i kommunane når det er behov for det.
Rådmannen i Kvitseid er barnevernleiarens nærmaste leiar.
I intervju med rådmannen kom fram at han har månadlege møte med barnevernleiar. Tema er den overordna strukturen, og eventuelle saker som kan få konsekvensar for økonomi og bemanning. Barnevernleiar er i tillegg med i styringsmøte med alle leiarane i kommunen fire gonger i året.
Det er årleg rapportering til samarbeidskommunane i form av møte og årsrapportar. Barnevernsleiar orienterer i tillegg om tenesta på administrativt og politisk nivå. Barnevernleiar innkallar til dialogmøte med kommunane ein gong kvart år. På dette møte møter rådmenn og enkelte kommunalsjefar. Barnevernleiar vurderer at barneverntenesta har tilstrekkeleg støtte i kommuneleiinga i dei seks samarbeidskommunane. Samarbeidet med helse, skole og barnehage fungerer òg fint.
Rådmannen framhevar at han vurderer at dei tilsette i barneverntenesta har nødvendig kompetanse, men at det kan vera utfordrande å jobba med seks ulike kulturar og ulik forståing for barneverntenesta sine oppgåver. Han framhevar at barneverntenesta er ein undervurdert ressurs, og han ser på det som ein viktig jobb å framsnakke tenesta.
Barnevernsamarbeidet har 19 stillingar, inklusiv barnevernleiar og ei prosjektstilling. Barnevernleiar er barnevernpedagog med barnevernleiarutdanning. Andre tilsette har formell kompetanse innan barnevern, sosialt arbeid, sosialantropologi, sjukepleie, familieterapeut og vernepleie. Mange av dei tilsette har vidareutdanningar og åtte av dei tilsette er sertifiserte i DCM samtalen.
Barneverntenesta er organisert i to team med teamleiar, eit team for undersøking og eit for tiltaksteam. I tillegg har dei ein prosjektleiar i 60% stilling som har ansvaret for prosjektet «forpliktande samarbeid om barnevernsreforma i Midt-, vest- og Aust-Telemark».
Når det gjeld opplæring føreligg det retningslinjer og plan for introduksjon av nytilsette. Dei tilsette gir uttrykk for at dei har fått god opplæring, og at dei har fleire arenaer til å drøfta og spørje både leiarane, og dei andre saksbehandlarane. Det blir framheva som særleg viktig for nytilsette å følgja ein erfaren saksbehandlar i undersøkingar. Det kjem òg fram at dei tilsette har fast saks- og prosessrettleiing kvar 6. veke.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark starta våren 2020 med å implementera dokument og avvikssystemet Compilo. Det er planlagt opplæring for dei tilsette hausten 2020. Det har vore eit avvik knytt til undersøkingsarbeidet dei siste seks månadane. Ved tenesteavvik skal barnevernleiar, i dialog med dei tilsette, finne løysningar på avviket.
Arbeid med undersøkingar
Tenesta har rutinar for arbeidet med mottak av meldingar og undersøkingar. Alle dei tilsette vi intervjua er godt kjent med desse, og veit kor dei kan finna rutinane.
Førebu og planlegge undersøkinga
Barneverntenesta går gjennom og konkluderer mottatte bekymringsmeldingar i høve til lovkravet på ei veke. Det er ein eigen mal for gjennomgang og konklusjon av melding som brukas i alle saker. Det er barnevernleiar og teamleiar som gjer første vurdering av meldinga før den blir fordela til kontaktpersonen. Deretter har kontaktperson ansvar for å legga fram meldinga med bruk av «trekanten» og «fokusverktøy» i undersøkingsgruppa. Formålet er å framheva nokre hovudområde som skal angi ei retning i undersøkinga.
Drøfting og analyse av meldinga blir dokumentert i gjennomgangsdokumentet.
Det opnast undersøking på søsken når bekymringsmeldinga omhandlar omsorgssituasjonen i heimen. Det er dokumentert at tidlegare informasjon om barn og familiar brukas når undersøkinga skal planleggast.
I gjennomgangsdokumentet er det eit eige punkt for å vurdere akuttbehova i saka. Dersom det ikkje blir vurdert å vera relevant i saka blir punktet redigert bort. Det betyr at det i ettertid ikkje blir synleg i dokumentasjonen at ei slik vurdering er gjort. Tilsynet finn ikkje saker kor det burde vore vurdert hasteplassering og der det ikkje er gjort.
Innhald, omfang og framdrift
For å kunna kartlegga og klargjere om eit barn lever under forhold som gir grunnlag for barneverntiltak må barneverntenesta vurdera å bruka fleire aktivitetar. Kor omfattande ein undersøking skal gjerast må vera med bakgrunn i ei konkret vurdering. Målsetjinga med aktivitetane er å sikre ei forsvarleg undersøking av situasjonen og behova til barna. Å snakke med barn er ein vesentleg del av aktiviteten i ei undersøking.
Dersom foreldre ikkje har felles bustad blir den som barnet ikkje bur hos i dei aller fleste sakene inviterte til samtale med barnevernstenesta. Om det blir opna undersøking hos begge parter blir vurdert utifrå innhaldet i meldinga.
I følgje kommunens eigne rutinar skal det utarbeidast ein plan for undersøkinga som skal innehalde eit minimum av samtalar med barn og foreldre, tidspunkt for midtvegsevaluering både internt og med famiien. Det presiserast i tenestas prosedyre at planen bør innehalda ei oppsummering av undersøkinga saman med barn og foreldre, og at eventuelle tiltak skal vera drøfta og konkludert med familien.
Ved gjennomgang av saksmappene finn tilsynet at det berre er laga undersøkingsplan i eit mindretal av sakene. Intervjua med dei tilsette stadfestar at det ikkje alltid blir skrive plan, men at familien blir informert på det første møtet om korleis undersøkinga skal gjennomførast. Der blir òg foreldra gitt høve til å komma med innspel til innhaldet i undersøkinga.
Dei aller fleste foreldra som Fylkesmannen snakka med opplevde at dei fekk god informasjon om meldinga, og kva som var årsaka til at det vart set i verk undersøking. Dei vart òg informert om kva andre instansar tenesta ønska å innhenta informasjon frå. Sjølv om foreldra vi snakka med fortalte at dei fekk god informasjon, kunne ikkje foreldra hugsa at dei vart spurde om innspel til korleis undersøkinga skulle gjennomførast.
Det er utarbeida eigne skjema for innhenting av opplysningar frå andre instansar. Sjølv om desse er standardiserte ser vi ved gjennomgang av mappene at dei i hovudsak blir individuelt tilpassa den saka det gjeld. Det føreligg samtykke i alle sakene vi gjekk gjennom, og det blir presisert at foreldra har samtykka i breva som vert sendt til andre etatar. Vi kan ikkje sjå ut frå saksdokumenta at det blir sendt kopi av førespurnaden til partane.
Kor mange heimebesøk som skal gjennomførast i kvar enkelt sak må vera ei konkret vurdering. Ved mappegjennomgangen av 20 saker finn vi at det i fleire av sakene ikkje er ikkje er gjennomført heimebesøk, og det er berre i eit fåtal saker at det er gjort meir ein eit heimebesøk. I nokre saker er det gjort fleire heimebesøk med eit klart formål.
Fleire av mappene vi gjekk gjennom er undersøkingar i tida kor Noreg vert stengd ned på grunn av covid- 19. I to av sakene kjem det fram i dokumentasjonen at det vert vurdert som uforsvarleg å gå på heimebesøk på grunn av alvorleg sjukdom i heimen. I andre saker finn vi at tenesta kjente familien frå tidlegare, og derfor vurderte at dei ikkje hadde behov for eit nytt heimebesøk. Det er likevel nokre saker kor vi ikkje kan spore kvifor for heimebesøk ikkje blei gjort som ein aktivitet i undersøkinga. I intervjua kom det fram at det blir gjort uanmeldte heimebesøk der det blir vurdert som riktig tiltak.
Verken dei tilsette eller barnevernsleiar kjenner seg igjen i heimebesøk er ein lite brukt aktivitet i undersøkinga.
I all hovudsak er det første møtet mellom foreldra og barneverntenesta gjennomførd i løpet av dei to første vekene etter undersøkinga er påbegynt. Det vert opplyst i intervjua at det alltid brukas tolk dersom det er nødvendig.
Dei tilsette er godt kjent med kven som er partar i saken.
I tenesta si rutine for undersøkingar er det framheva at barna og foreldra sine meiningar skal vera tydelege gjennom heile undersøkingsperioden. I intervjua med dei tilsette vert det framheva at tenesta har god kompetanse i å snakke med barn. Gjennomgang av saksdokumenta viser at åtte av dei tilsette, inkludert barnevernleiar, har kurs i DCM-samtaler. Ein tilsett er sertifisert som rettleiar.
Fleire av dei tilsette fortel at dei lagar ein plan for samtalen med barn for å sikre at samtalen blir målretta. Planen er eit internt arbeidsdokument som ikkje blir journalført.
Saksgjennomgangen viser at barneverntenesta snakkar med barn i nesten alle undersøkingar, og i nokre saker dokumenterast omfattande kontakt med barnet, og at det er gjort målretta observasjonar i barnehagen av mindre barn. Vi finn likevel at det i mange saker berre er dokumentert ein samtale med barnet, og i to saker er det ikkje samtale med barnet. Dei tilsette er opptatt av å høyre barnet i sakene. Dei fortel at samtalene er blitt mykje betre etter at dei delte samtalen opp i tema.
Barnas stemme er fast punkt i både undersøkelsesrapport og vedtak, også der det ikkje er snakka med barna. Opplysningane bygger då på informasjon innhenta frå andre instansar.
Vurdering undervegs og til slutt i undersøkinga
Teamleiar har ansvar for at drøftingsmøtet i starten av undersøkinga blir gjennomført, og for at midtvegsevaluering blir gjennomførd. Dersom ei sak har alvorsgrad opp mot § 4-12, behov for sakkundig, juridisk bistand eller andre kostnadskrevjande tiltak involverer teamleiar barnevernleiar i drøftinga. I tillegg skal teamleiar ha individuell oppfølging av kontaktpersonane kvar tredje uke for å sjekke status på undersøking- og dokumentasjonsarbeidet. Dersom kontaktpersonen ikkje melder ei sak opp til midtvegevaluering blir dette etterspurt av teamleiar.
I mappegjennomgangen finn vi i dei aller fleste sakene er det dokumentert kva som skal vera fokusområde i undersøkinga. I nokre saker er det er dokumentert drøftingar og vurderingar undervegs i sakene, men i fleire saker er ikkje drøftingane dokumentert. I mapper kor vi finn avvik frå fokusområdet er det ikkje dokumentert barnevernfagleg vurderingar av kva som er årsaka til eventuelle justeringar av fokusområdet.
Ifølgje tenesta sine eigne rutinar skal det skrivast undersøkingsrapport. I prosedyren blir det framheva at det skal gjeras både barnevernfaglege og juridiske vurderingar på kva som vurderast som riktig tiltak for familien.
Det føreligg undersøkingsrapportar i alle sakene Fylkesmannen har gått gjennom. Rapportane gir ei grei oversikt over saka, korleis familien har medverke, og kva som er barnets eige syn på saka. Gjennomgangen av rapportane avdekker at dei fleste er skrivne etter at undersøkinga er avslutta. I fleire av sakene er ikkje rapporten ferdigstilt før etter fleire månader. Ingen av dei foreldra vi snakka med kan hugsa at dei har fått gjennomgått, eller fått tilsendt rapport frå undersøkinga.
Konklusjon i tråd med situasjonen og vurderinga
Rutinane for undersøkingar beskriv at ei undersøking skal avsluttast med rapport, vedtak og tiltaksplan der dette er aktuelt. Dette skal bli sendt til familien.
Det føreligg vedtak i alle dei 20 sakene tilsynet har gått gjennom. Gjennomgangen viser likevel at i 10 av 20 saker er vedtaka skrivne etter at fristen for undersøkinga var gått ut. Overskridinga er betydeleg i fleire av sakene. Dei fleste foreldre vi snakka med kan ikkje hugsa at dei hadde mottatt vedtak etter at undersøkinga vart avslutta. Dei presiserte likevel at dei ikkje heilt hugsa kva dei hadde motteke av dokumenter.
4. Vurdering av faktagrunnlaget
Barnevernstenesta skal sjå til at undersøkinga blir planlagt og gjennomført på ein slik måte at omsorgssituasjonen og behovet til barnet blir så godt opplyst som nødvendig for at barnevernstenesta skal kunne iverksette riktig tiltak til beste for barnet.
Arbeid med undersøkingar
Gode undersøkingar er basert på medverking frå barn og foreldre. Undersøkingane skal ikkje vera meir inngripande enn nødvendig og dei gjennomførast på ein planmessig måte. Det må sikrast at avgjerdsgrunnlaget er forsvarleg, og må basert på tilstrekkeleg og påliteleg informasjon. Det er derfor viktig å ha eit kvalitetssystem med godt dokumentasjonsgrunnlag.
Førebu og planlegge undersøkinga
Fylkesmannen vurderer at det ved meldingsavklaringar, og oppstart av undersøkinga, i all hovudsak blir gjort grundige og forsvarlege vurderingar. Vi vil spesielt framheva at metoden frå tenestestøtteprogrammet vert brukt aktivt, og at rutinane for gjennomgang og oppstart av undersøkinga er godt forankra i barnevernleiinga.
I fleirtalet av sakene tilsynet gjekk gjennom føreligg det ikkje undersøkingsplan. Vi merkar oss at gjennomgangsdokumentet angir ein plan og målsetjing for undersøkinga, og at dei fleste foreldra vi snakka med meinte dei fekk god informasjon om gongen i undersøkinga.
Fylkesmannen vurderer likevel at undersøkingsplanar til å vera eit nyttig arbeidsreiskap, og vurderer at tenesta bør følgja sine eigne nedskrivne rutinar og laga ein plan for undersøkinga. Slik vi ser det vil ein plan for undersøkinga ikkje berre sikre forutsigbarhet for familiane, men også eit bevisst forhold til foreldre og barn si medverking. På same måte kan ein plan sikra ei systematisk arbeidsform for kontaktpersonane slik at målsetjinga med undersøkinga ikkje blir utydeleg i det vidare arbeidet.
Innhald, omfang og framdrift
Fylkesmannen skal vurdera om barneverntenestene brukar relevante og nødvendige aktivitetar for å undersøka behovet til barnet, omsorgssituasjon og omsorgskompetansen til foreldra. For å kunna gjera gode og konkrete vurderingar har tenesta plikt å få opplyst saka tilstrekkeleg. Ufullstendig dokumentasjon av både fakta og vurderingar kan føra til eit manglande forsvarleg avgjerdsgrunnlag.
Barneverntenesta må gjere fortløpande vurderingar undervegs. Til slutt må barneverntenesta gjere ei samla avsluttande vurdering av alle relevante forhold som har kome fram i undersøkinga.
Fylkesmannen vurderer at barneverntenesta i all hovudsak har innhenta relevant informasjon frå andre offentlege instansar. Sjølv om malane er standardiserte, verkar likevel innhaldet som tilpassa og relevant i sakene vi har gått gjennom. Fylkesmannen vurderer likevel at det er mangelfullt dokumentert om opplysningane som blir innhenta blir gjennomgått med foreldre og barn. Dersom den innhenta informasjonen ikkje blir gjennomgått med familiane, blir ikkje deira rett til å komma med si side av saka tilstrekkeleg tatt vare på.
Formålet med heimebesøk en ein aktivitet som kan bidra til å få saka tilstrekkeleg opplyst. Målet må vera tydeleg, og kommuniserast til foreldre og barn slik at heimebesøk ikkje skaper frykt og redsel i familien. Korleis heimebesøk skal brukas i kvar enkelt sak må vurderast ut frå meldingas innhald og øvrig informasjon i saka. I dei 20 mappene tilsynet gjekk gjennom finner vi ikkje saker der vi meiner at det er uforsvarleg at heimebesøk eller uanmeldte heimebesøk ikkje er gjort. Fylkesmannen vurderer likevel at i nokre av sakene kunne eit heimebesøk gitt nyttig informasjon som eit ledd i kartlegginga av kva som er behovet til barna, og situasjonen i heimen. Heimebesøk kan òg vera ein viktig aktivitet for å komma i posisjon til barnet.
Fylkesmannen er opptatt av at medverknad frå barn er ein prosess og at det må skapast trygge rammer for at det skal skje ein reel medverknad. I FNs generelle kommentarar til barnekomitéen om retten til barn å bli høyrt, trekkast det fram at høyring av barn ikkje skal vera ei enkelthendelse som kan kryssast av for at det er gjort. Det å høyra barnet bør vera ein løypande prosess der barnet skal få komme med innspel undervegs dersom dei ønsker det. For å si at ei barnevernsak er tilstrekkeleg opplyst, er barnet sitt syn på saken eit av dei viktigaste momentene.
Fylkesmannen vurderer at dei tilsette gir til kjenne relevant kompetanse i det å snakka med barn, og at haldninga og kunnskapen om barns medverking er eit fokusområde blant dei tilsette. Referata frå samtalene med barna viser at samtalane som har blitt gjennomført i all hovudsak har vore relevante og har hatt ei tydeleg målsetting.
Fylkesmannen vurderer likevel at det er fleire saker kor vi ikkje kan sjå at barnet har medverka under heile prosessen. Vi kan heller ikkje sjå ut frå dokumentasjonen i saka at det er gjort konkrete barnevernfaglege vurderingar på kvifor det ikkje er lagt opp til fleire samtaler med barna. Vi merker oss at stemma til barnet synleggjerast i den informasjonen som er innhenta frå andre instansar. Vi vurderer likevel at i mange saker burde barneverntenesta sjølve ha sikra ein meir omfattande kontakt med barna, både for å sikra at dei får riktig informasjon, men også for kvalitetssikring av deira synspunkt. Vi er kjente med at tenesta har satsa på medverknaden til barn, og korleis dei gjennomfører gode samtaler med barna. Tilsynet finn likevel ikkje dette igjen i fleire av sakene vi gjekk gjennom.
Undersøkingar skal gjennomførast snarast og så omfattande som alvoret i saka krev. Kva som ligg i «snarast» må bli gjenstand for ei konkret vurdering. I lys av lovas forsvarleghetskrav bør snarast tolkast strengt. Av respekt for dei som blir utsett for ei undersøking er det òg viktig at undersøkinga ikkje drøye lenger enn nødvendig. Jo meir alvorleg ei sak er, desto viktigare er det at barnevernstenesta kjem tidleg i gang med undersøkinga.
Fylkesmannen vurderer at barneverntenesta har starta undersøkingane innan rimeleg etter at meldinga er vurdert. Vi vurderer heller ikkje at dei har gjort undersøkinga meir omfattande enn nødvendig.
Oppsummera innhald, omfang og fremdrift
I sakene Fylkesmannen har gått gjennom vurderer vi at dei aller fleste sakene åpnast med eit tydeleg mål og fokusområde. I mange saker kan vi spore dette frå byrjing til avsluting. Vi vurderer likevel at i nokre saker blir undersøkinga for generell. Etter ei heilhetlig vurdering har Fylkesmannen likevel kome fram til at aktivitetsnivået i fleirtalet av sakene er forsvarleg med unntak av at barnas rett til medverking. Vi vurderer at barn si rett til medverknad gjennom hele beslutningsprosessen ikkje er godt nok ivaretatt.
Vurdering undervegs og til slutt
Fylkesmannen skal vurdera om barneverntenesta har gjort nødvendige og forsvarlege barnevernfaglege og juridiske vurderingar, og om undersøkinga er konkludert i tråd med dette. Vurderinga må sikra at kva som er barnets beste i heilskapsperspektiv blir tatt vare på.
Fylkesmannen vurderer at det lagt opp til tydelege rutinar for å sikra at saka kontinuerleg blir gjennomgått og drøfta. Det er og tydeleg kven som har ansvar for å sikra at dette blir gjort og kven som har ansvar for å dokumentera drøftingane. Det er positivt at rutina tydeleggjer eit lederansvar i hele saksforløpet.
Det er samsvar mellom det som er beskrive i rutina, og det som blir opplyst under intervjua. Det er positivt at vi i nokre mapper finn at det blir skrive vurderingar etter samtalar, og at det i nokre saker òg er dokumenterte eigne drøftingar. Det vurderast òg at oppbygginga av dei aller fleste barnevernsrapportane held ein god fagleg kvalitet. Fylkesmannen trekker ikkje i tvil at sakene blir drøfta i gruppa.
Fylkesmannen vurderer likevel at det i fleire saker manglar dokumentering av dei vurderingar som er gjort undervegs. Når dei barnevernfaglege vurderingane for årsaka til eventuelle justeringar av fokusområde ikkje vert dokumentert, gir det inntrykk av at undersøkinga ikkje har eit tydeleg mål, og at behova til barna dermed ikkje blir tilstrekkeleg kartlagt.
Det føreligg undersøkingsrapporter i alle sakene Fylkesmannen gjekk gjennom. I rapportane blir det gjort ei endeleg vurderinga av saka. I all hovudsak meiner vi at rapportane gir ei oversikteleg framstilling av undersøkinga. Vi ser likevel at i fleire tilfelle blir ikkje rapportane skrivne før etter fleire månader etter at undersøkinga er avslutte. Rapporten vert heller ikkje sendt ut til partane. Retten parten har til kontradiksjon blir dermed ikkje ivaretatt fordi rapporten ikkje blir sendt ut til partane innan rimeleg tid. Fylkesmannen er oppmerksam på at praksis no er endra og at alle partane når får tilsendt rapporten.
I 10 av 20 saker er det ikkje fatta vedtak ved avslutninga av undersøkinga jf. barnevernlova § 4-3 siste ledd innan frist. Det er ein grunnleggande rett at parter skal kunne påklaga eit enkeltvedtak.
Konklusjon i tråd med situasjonen og vurderingane
Fylkesmannen har undersøkt om barnevernstenesta har gjort nødvendige og forsvarlege barnevernfaglege og juridiske vurdering og konkludert undersøkinga i tråd med desse.
For å kunne fastslå at konklusjonen og vurderinga er i tråd med situasjonen må det gjerast etter ei vurdering av kva som er barnets beste. Kriteria for å gjera denne vurderinga bør vera tydeleg og kunne finnast igjen i dokumentasjonen og vurderingane til kommunen. Eitt sentralt moment for å kunna gjera ei forsvarleg barnets beste vurdering er å høyra barnet. Det må ha høg prioritert. Som nemnt ovanfor meiner vi at barnets medverknaden i fleire av sakene. Dette får betydning for korleis tenesta vurderer barnet sitt beste. Dette kan igjen får betydning for konklusjonen i undersøkinga.
Organisering, styring og leiing i tenesta
Fylkesmannen vurderer at organiseringa til barnevernsamarbeidet er oversiktleg, og at ansvars- og rapporteringslinjene mellom barnevernleiar og rådmann er tydelege. Rutinar for samarbeid med dei andre kommunane vurderast òg godt tatt vare på.
Rutinane for undersøkinga er lagt opp til at planlegging, gjennomføring og avslutning av barnevernundersøkingane sikrar kontroll og styring frå leier. Fylkesmannen avdekker likevel at det i nokre saker ikkje har vore tilstrekkeleg kontroll på at arbeidet har vært utført på ein forsvarleg måte. Det er manglar i dokumentasjonen av vurderinga i fleire saker. I 10 av 20 saker er det ikkje fatta vedtak i samsvar med regelverk når undersøkinga avsluttast. I nokre saker meiner vi at barnet ikkje har vorte gitt høve til å medverke tilstrekkeleg i si eiga sak.
5. Konklusjonen fylkesmannen
I arbeidet sitt med undersøkingar sikrar ikkje Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark at barna i alle sakene blir gitte reell medverknad som sikrar eit tilstrekkeleg grunnlag for å gjera den beste vurderinga av kva som er barnets beste.
Dette er eit brot på barnevernslova §§ 1-4, 1-6 og 4-1og jf. barnekonvensjonen artikkel 3 og 12.
I arbeidet sitt med undersøkingar sikrar ikkje Barnevernsamarbeid i Vest-Telemark nødvendig dokumentasjon av barnevernfaglege vurderingar. Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark har ikkje eit tilstrekkeleg system og kontroll for å fanga opp svikten.
Dette er eit brot på forvaltningslova 11d, jf. barnevernlova § 1-4 og 2-1 andre ledd og internkontrollforskriften § 4 bokstav f og g.
6. Oppfølging av lovbrot
Fylkesmannen er kjent med at Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark umiddelbart etter tilsynet sette i verk tiltak for å rette lovbrota. Fylkesmannen ber likevel om at det blir utarbeidd ei samla oversikt med ein detaljert plan for korleis lovbrotet vil blir retta og følgt opp i tenesta.
Planen skal som minimum innehalda følgjande:
- tiltak som allerede er sett i verk og tiltak som skal setjast i verk for å rette lovbrota
- tidspunkt og ansvar for gjennomføring av tiltaka
- korleis leiinga vil sikra at tiltak blir følgde opp og gjennomført
- tidspunkt for evaluering av om tiltaka har hatt ønskt effekt
Planen må forankrast i kommuneleiinga. Vi ber om at planen blir send oss innan 10. desember 2020. På bakgrunn av innsend plan vil Fylkesmannen vurderer korleis vi eventuelt skal følgja opp tilsynet vidare.
Med hilsen
Kari Evensen
direktør i Oppvekstavdelingen
Gunn Helen Vårvik
fagsjef
Dokumentet er elektronisk godkjent
Kopi til:
Seljord kommune Brøløsvegen 13 A 3840 SELJORD
Vinje kommune Vinjevegen 192 3890 VINJE
Nissedal kommune Treungvegen 398 3855 TREUNGEN
Fyresdal kommune Klokkarhamaren 6 3870 FYRESDAL
Tokke kommune Storvegen 60 3880 DALEN
Kviteseid kommune Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet
2020–2021 Undersøkelser i barnevernet
Søk etter tilsynsrapporter