Hopp til hovedinnhold

Tilsynet vart gjennomført 10. Juni 2024 og er eit ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelselova §§ 5-7 og § 30. Me viser til formålet i folkehelselova § 1, som lyder:

«Formålet med denne lova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, under dette jamnar ut sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeidet skal fremja helsa til befolkninga, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebyggja psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.
Lova skal sikra at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsestyresmakter set i verk tiltak og samordnar verksemda si i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal leggja til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»

Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar vart velta ut for intervju for utfyllande informasjon.

Eventuelle innvendingar til faktagrunnlaget kan formidlast munnleg i eit digitalt møte med oss.

1.  Tema for og formål med tilsynet

Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§ 5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.

Gjennom tilsynet vil me få eit landsomfattande tilstandsbilete av om kommunane har oversikt over helsetilstand hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira, om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen og om det blir følgt opp med relevante tiltak.

Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet stør også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf. Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).

2.  Gjennomføring

Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Formålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga.

Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Me har også hatt møte med eit utval barn og unge og nokre andre samarbeidspartnarar, som fylkeskommunen. Av omsyn til anonymiteten til barna gir me ikkje att ytringane deira eksplisitt. Referat frå samtalane blir senda anonymt til Helsetilsynet saman med kopi av rapporten for oppsummering på landsbasis.

3.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Heimelen statsforvaltaren har til å føra tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelselova § 31. Det følgjer av føresegna at statsforvaltaren skal føra tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagt i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.

Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremja god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Me vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30

Folkehelseloven § 5 første og andre ledd lyder:

«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
  1. opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter § 20 og 25,
  2. kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
  3. kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»

Folkehelseloven § 6 lyder:

«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»

Folkehelseloven § 7 første ledd lyder:

«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»

Folkehelseloven §30 lyder:

«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»

4.  Skildring av kommunen sitt arbeide med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremja god psykisk helse hos barn og unge

Informasjonen i dette kapittelet er henta frå oversende dokument, svaret til kommunen på spørjeundersøkinga, og det som er vorte formidla i samtale med kommunen sitt ungdomsråd og i djupneintervju med tilsette i kommunen. Både kommunen og Statens helsetilsyn har tilgang på svara til kommunen frå spørjeundersøkinga og dei blir derfor ikkje gjengjevne her i heilskapen sin.

Statsforvaltaren fekk den 13.05.25 sendt over ei rekkje dokument til gjennomsyn (sjå vedlegg). Dokumentasjonen er nytta som kunnskapsgrunnlag for tilsynet og eit supplement til det som kom fram i intervjua.

Tilsynet hadde den 03.06.24 eit digitalt møte med sju ungdommar som frå ungdomsrådet. Dei gjekk i 7. – 9. trinnet på ungdomsskulane i Sauland, Hjartdal og Tuddal. Me fekk informasjon om korleis det var å vekse opp i Hjartdal og om kommunen sine tilbod til born og unge, og korleis dei unge fekk medverka i saker som gjeld deira kvardag.

Det vart gjennomført djupneintervju med sju tilsette i kommunen sine lokalar den 11.06.24. Intervjua vart gjennomført i to grupper. I den første gruppa deltok kommunedirektøren, kommunalsjef Oppvekst og kultur, kommunalsjef Helse og omsorg, og fagleiar Plan, byggjesak og miljø. I den andre gruppa deltok einingsleiar Helse, ein (interkommunalt tilsett) helsesjukepleiar, ein person som hadde rolla både som miljøarbeidar, koordinator for ungdomsrådet, folkehelsekoordinator, SLT-koordinator, barnekoordinator, og medlem av koordinerande eining for barn og unge. Same person underviste også litt i skulen (sjå kapittel 5). Kommuneoverlegen var også invitert til intervju, men var forhindra i å delta. Det same gjaldt ein anna miljøterapeut på skulen.

Relevant informasjon om kommunen

Hjartdal kommune er den tredje minste kommunen i Telemark fylke, og hadde per 1. kvartal i 2024 1636 innbyggjarar. Av desse var 354 i alderen 0 – 19 år. I perioden 2022-2023 tok Hjartdal kommune imot nær 80 flyktningar frå Ukrainia. Dette var i hovudsak familiar med barn eller einslege.

Hjartdal kommune er plassert i sentralitetsklasse 5 (SSBs sentralitetsindeks), og består av fjellbygdene Hjartdal og Tuddal, i tillegg til Sauland, som er administrasjonssentrumet.

Kommunen er Telemarks fjerde største hyttekommune med i underkant av 2500 fritidsbustader. Dette er ein auke på 33% frå 2010.

Kommunen blir leia av kommunedirektøren og er inndelt i tre verksemdsområde: Helse og omsorg, Samfunnsutvikling og Oppvekst og kultur. Hjartdal har tre barneskular; ein offentleg skule som ligg i Sauland og to private montessoriskular i Tuddal og Hjartdal. Det er ein ungdomsskule i kommunen, og den ligg i Sauland. Det er ikkje vidaregåande skule i kommunen. Det er ein barnehageeining med tre avdelingar; ein i kvar bygd (Tuddal, Hjartdal og Sauland).

Hjartdal kommune har etablert interkommunalt samarbeid med nabokommunar om enkelte tilbod og tenester som rettar seg mot barn og unge. Kommunen har ein kommunepsykolog i 30 % stilling som også jobbar i Tinn kommune. Kommunen har 100% helsesjukepleiar.

Helsestasjon for ungdom ligg i Notodden kommune, kor også dei unge må reisa om dei vil snakke med lege. Hjartdal kommune har óg etablert eit interkommunalt samarbeid med Notodden kommune om barneverntenester og sosiale tenester i NAV.

Frå 2017 har Hjartdal kommune jobba med BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) som er ein samhandlingsmodell for tidleg intervensjon og tverrfagleg samarbeid. Modellen synleggjer korleis planar, rutinar, møtearenaer og tiltak på ulike nivå skal sikre at barn og familiar som har behov for hjelp får hjelp til rett tid.

Frå 1. april 2024 har kommunen hatt eit tenestekontor kor det jobbast tverrsektorielt med tildeling av tenester.

Kommunen har vore med i Program for folkehelsearbeid («Rusfritt, robust og rettferdig») i regi av fylkeskommunen, og fekk 1 150 000 kroner i perioden 2018 – 2022 til etablering av ein sosial møteplass kombinert med ei lågterskel hjelpeteneste for ungdom i alderen 13-20 år. Prosjektet var linka saman med eit samarbeidsprosjektet med to andre kommunar som het «Ung Arena Telemark».

Organisering og forankring av folkehelsearbeidet

Under tilsynet vart det opplyst at kommuneoverlegen hadde hatt ansvaret for folkehelsearbeidet i kommunen tidlegare. Under pandemien ble det klart at dette var for mykje ansvar å ha i tillegg til andre oppgåver. I 2023 blei det oppretta ein kombinert stilling som folkehelsekoordinator og miljøterapeut. Folkehelsekoordinatoren er organisatorisk plassert i verksemdsområde Oppvekst og kultur, og har fleire andre roller og oppgåver overfor barn og unge i kommunen.

Det er ikkje oppretta ei eiga folkehelsegruppe, men folkehelsekoordinatoren stiller i fleire tverrfaglege grupper og arenaer, og deltek i oppvekstmøte og ungdomsrådet.

Folkehelsekoordinator har ansvaret for å orientere politisk nivå (kommunestyre) om ny og viktig informasjon, slik som til dømes nye tall frå UngData.

I Hjartdal kommune er det særleg to arbeidsgrupper som er ansvarlege for folkehelsearbeidet retta mot barn og unge. Dette er Arbeidsgruppe politiråd og Nærmiljøgruppa. Det er utarbeida ein handlingsplan for politirådet si arbeidsgruppe og eit eige mandat for Nærmiljøgruppa. Hjartdal kommune har vedteke at Arbeidsgruppe politiråd skal ha to undergrupper; ein arbeidsgruppe med fokus på førebyggjande arbeid for barn og unge, og ein med fokus på vald i nære relasjonar, rus og psykiatri.

Medlemmer i Arbeidsgruppe førebyggjande arbeid for barn og unge er kommunalsjef for Oppvekst og kultur, rektor ved Sauland skule, einingsleiar barnehage, skulehelsetenesta, barnevern, politikontakt og representantar frå Førebyggjande eining i politiet og NAV, i tillegg til kommuneoverlegen. Arbeidsgruppa sitt formål er mellom anna å forebygge kriminalitet, rusmisbruk, åtferdsproblematikk og psykiske problem blant unge. I Arbeidsgruppe vald i nære relasjonar, rus og psykisk helse deltar kommunalsjef for Helse og omsorg, kommunepsykologen, einingsleiar Helse, representant frå Førebyggjande eining i politiet og NAV. Gruppa sitt formål er å bidra til å førebygge og avdekke vald i nære relasjonar og rusrelaterte psykiske problem, samt få gjengangarar hos politiet og i NAV sitt system på “rett kjøl”.

I Nærmiljøgruppa sit rektor ved skulene, leiar for ungdomsklubben, miljøarbeidar ved skulen, politikontakten, skulehelsetenesta, leiar av Frivilligheitsentralen, utvalsleiar for levekår og kultur, kommunalsjef oppvekst. Nærmiljøgruppa skal sikra ei felles forståing for kva status er i ungdomsmiljøet og eventuelt setje inn førebyggande tiltak. Det overordna målet er å betra oppveksten til barn og ungdom gjennom å sikra at dei har tilgang til trygge, inkluderande skular og nærmiljø.

Det er óg etablert eit fast samarbeidsmøte med frivilligheita, idrettsråd og lag og organisasjonar for å koordinere fritidstilbod til barn og unge, utvikle gode inkluderande arenaer, og bidra til utvikling av ein god oppvekstkultur.

Oversikt over helsetilstand og påverkingsfaktorar

Hjartdal kommune har eit oversiktsdokument frå 2019. Kommunen valte å utarbeide oversikten som ein «Folkehelsemelding», og var ein revisjon av «Folkehelsemelding 2012». Dokumentet er utforma av kommuneoverlegen i samarbeid med ein einingsleiar/ psykiatrisk sjukepleiar og ein rådgjevar i kommunen. Folkehelsemeldinga gir oversikt over helsetilstanden til befolkninga i Hjartdal. Den beskriv ei rekkje positive og negative trekk ved utviklinga som kan skapa eller halda oppe sosiale eller helsemessige problem eller sosiale helseforskjellar. Opplysningane er henta frå kunnskapskjelder som UngData-undersøkinga (2018) og Folkehelseprofil frå FHI (Folkehelseinstituttet) med tal som gjeld Hjartdal kommune. Oversiktsdokumentet har få vurderingar av konsekvensar eller årsaksforhold.

Nokon stader blir det gitt skildringar av nokre trendar i samfunnet, til dømes når det gjeld utviklinga av psykiske lidingar (s. 6), men det kjem ikkje tydeleg fram om det er snakk om Hjartdal kommune, eller landet generelt.

Under djupneintervjua kom det fram at dokumentet frå 2019 ikkje hadde vore så mykje i bruk dei siste åra. Kommunen hadde no starta opp arbeidet med å revidere folkehelsemeldinga, og målet var å få sendt meldinga til politisk handsaming hausten 2024. Arbeidet blir leia av folkehelsekoordinatoren, og det er etablert ei lita arbeidsgruppe som har laga ein framdriftsplan. Det vart opplyst at arbeidsgruppa mellom anna har henta inn opplysningar frå ungdomsrådet, plan og bygningsetaten, tal frå UngData-undersøkinga 2024, politi, økonomi og barnevern i arbeidet med folkehelsemeldinga. Det blei også opplyst at kommune har vedteke å ta i bruk det digitale planverktøyet Framsikt ein gong i framtida, men dette var ikkje tidfesta.

I prosessen med å utarbeide det nye oversiktsdokumentet har det ikkje deltatt nokon med epidemilogisk kompetanse.

Sjølv om oversiktsdokumentet ikkje var mykje nytta eller kjend, så hadde ein stor del av dei vi intervjua rimeleg god innsikt i dei utfordringane som knyter seg til oppvekstmiljøet til barn og unge i Hjartdal kommune.

Særskilte utfordringar i oppvekstmiljøet til barn og unge i Hjartdal

Hjartdal kommune svarte i spørjeundersøkinga at dei tre viktigaste utfordringane dei hadde identifisert i oppvekstmiljøet til barn og unge var familiar med vedvarande låginntekt, sårbare familieforhold (aleineforsørgerar, skilsmisse, barnevernsplassering, mm) og tilgang til fritidsaktivitetar.

FHI sin oppvekstprofil (2024) for Hjartdal viser at delen av barn i familiar med vedvarande låginntekt ligg over gjennomsnittet for fylket, og langt høgare enn snittet for landet. Det same er tilfelle for delen av familiar som får sosialhjelp. Kommunen skil seg positivt ut når det gjeld barn og unge si psykiske helsetilstand. Folkehelseprofil frå FHI for 2024 viser at førekomsten av psykiske symptom/ lidingar blant unge i alderen 15 – 24 år er signifikant lågare for Hjartdal enn for landet som heilheit. Oppvekstprofilane syner at delen unge mellom 15 – 24 år som står utanfor arbeid og utdanning ikkje er noko høgare her enn det som er snittet for landet.

I samtale med ungdomsrådet vart inntrykket frå dei nemnde undersøkingane stadfesta. Dei formidla at dei trudde dei aller fleste born og unge hadde det bra i kommunen. Dei gav uttrykk for at det generelt var lite mobbing, og at det er eit tett og godt ungdomsmiljø kor dei fleste hadde nokon å vere saman med. Dei gav også uttrykk for at det eksisterte mange gode fritidstilbod for unge, og dei talte særleg positivt om ungdomsklubben i kommunen. Dei var og nøgde med at det hadde vorte etablert eit transporttilbod heim frå ungdomsklubben om kvelden.

Samanheng mellom oversiktsdokumentet og kommunen sine planar

Hjartdal kommune har som nemnt ikkje eit oppdatert oversiktsdokument. Dei har ei folkehelsemelding frå 2019. Det ble opplyst at dette dokumentet ikkje har blitt nytta i det daglege og det var for utdatert til å bruke som grunnlag for dei planane som skulle utarbeidast i 2023/2024. I arbeidet med Oppvekstplan og Førebyggjande plan har kommunen likevel nytta data som har vore styrande for val av innsatsområde.

Førebyggande plan for barn og unge i Hjartdal kommune 2024-2034 har sin bakgrunn i barnevernreforma/oppvekstreforma som trådde i kraft 01.01.2022 og skal bidra til å «sikre likeverdige, føreseielege og samordna tenester for sårbare barn, unge og deira familiar». Det går fram av planen at han også skal synleggjera korleis kommunen skal organisera det førebyggjande arbeidet i heile oppvekstsektoren, og hjelpe kommunen i arbeidet med å verte medvitne på dei utfordringane kommunen har, og kva dei må fokusere på i framtida når det gjeld førebygging og tidleg oppdaging av utsette barn og unge. Planen peiker på at Hjartdal kommune har fleire aktive kommuneplanar som har eit sterkt førebyggjande fokus, eller der førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein viktig del. Det blir her vist til Kommuneplanens samfunnsdel, Overordna oppvekstplan 2024-2034 og Den heilskaplege innsatstrappa. Planen seier at han tek utgangspunkt i kunnskap om korleis situasjonen er no, og kva dei viktigaste utfordringane er, men peikar ikkje her tilbake på kommunen sitt oversiktsdokument (folkehelsemelding).

Det står vidare i planen at ei føresetning for å lukkast i det førebyggjande arbeidet er å ha ein felles forståing av utfordringsbiletet i kommunen og kva tiltak som skal arbeidast med.

Kommunen skriv i planen at dei har innhenta datamateriale frå ulike kartleggingar og tilbakemeldingar som gir dei eit godt grunnlag for korleis dei skal organisere det førebyggande arbeidet. Data er henta frå UngData, IMDI, folkehelse og oppvekstprofil, samt Helsedirektoratet. Det kjem ikkje fram for den som leser kva for årstal dei valde dataene er henta frå. I planen blir det framheva at ein bør ha eit overordna blikk på talmaterialet, og understreka at ein må lytta til lokalkunnskap og vurdere omprioriteringar på bakgrunn av grad av alvor og behov. Planen seier likevel ikkje mykje om korleis dette skal gjennomførast i praksis.

Hjartdal kommune sin planstrategi for kommunestyreperioden 2020 – 2023 viser til at folkehelseplanen skal rullerast i 2021. I djupneintervjua blei det avdekt at det var sannsynleg at ein her meinte folkehelsemeldinga, da det ikkje eksisterte ein eigen folkehelseplan. I intervjua ble det avdekt at det eksisterte ei samanblanding av omgrep. Nokre gonger ble ordet «plan» nytta, og andre gonger ordet «melding». Under tilsynet blei det brukt litt tid på å oppretta felles forståing av skilnaden på ein folkehelseplan og ein folkehelseoversikt, og gjort tydeleg kva folkehelselova seier om kommunens oversiktsdokument.

Det vart opplyst under tilsynet at arbeidet med den nye planstrategien var forseinka, men at kommunen var i ein prosess på dette no. Det kom fram at folkehelsekoordinator hadde hatt eit møte med ein frå planavdelinga, men ikkje hadde delteke direkte i arbeidet med planstrategien.

Det går fram av kommuneplanens samfunnsdel 2017-2027 at han byggjer på folkehelseperspektivet, tidleg innsats, helsefremjande politikk, livskvalitet, MOT og berekraft. Samfunnsdelen peiker mellom anna på at kommunen skal ha god oversikt over helsetilstanden i kommunen, og at det skal arbeidast strukturert med førebygging av livsstilssjukdommar og helsefremjande val. Planen har tre satsingsområde, og under satsingsområde 1, Det gode vertskapet, går det mellom anna fram at det å delta i fellesskap er ein viktig faktor i all helsefremjande og førebyggjande arbeid blant ungdom, noko som betyr at ein bør ha fokus på den uorganiserte ungdomsgruppa og dei som er inaktive.

I djupneintervjua vart det opplyst at kommuneplanens samfunnsdel skulle rullerast i nær framtid. Då vil den nye folkehelsemeldinga kunne leggjast til grunn i arbeidet, noko dei meinte ville bli rett rekkefølgje. Det vart óg opplyst i tilsynet at den nye folkehelsemeldinga skulle nyttast i møter med einingsleiarar og tilsette, og bli bruka som grunnlag for arbeidet med å utforma nye tiltak.

Vedtekne mål, strategiar og tiltak som skal møte utfordringane

Ein stor del av kommunen sine mål, strategiar og tiltak som skal møte utfordringane kjem fram i kommunen sin Førebyggande plan for barn og unge i Hjartdal 2024 – 2034. Planen er overordna og langsiktig, og skal gje grunnlag og retning for satsingane til kommunen. Her kjem det fram mål for det førebyggjande arbeidet i Hjartdal og tiltak som skal møta hovudutfordringane. Hovudtiltaka er delt inn i desse hovudtema: Trygg tilknyting og eit trygt heimemiljø, Tilhøyrsle og deltaking, Autonomi, Sunne grensar, Ansvar og meistring, Inkludering, Økonomi og Fritid.

Kommuneplanen sin handlingsdel/ økonomiplan 2024-2027 peikar på fleire konkrete tiltak som skal møte dei utfordringane kommunen har identifisert i oppvekstmiljøet. Det blei i 2023 prioritera kompetanse og kapasitet til å samordne arbeidet med forebyggande tiltak. Hjartdal kommune har som nemnd ein stor del familiar med låg inntekt, og dette kan gjere det utfordrande for barna i slike familiar å delta i fritidsaktivitetar. I handlingsplanen står det at

«I 2024 vil vi arbeide for å ha nokre friplassar for låginntektsfamiliane slik at borna deira kan ha høve til å ta del i tilbodet». Store avstandar i kommunen gjer det ikkje like lett for alle barn og unge å kome seg til fritidsaktivitetar. Som eit kollektivt tilbod får unge gratis transport heim frå ungdomsklubben. Eit anna universelt tilbod er tilbod om to vekers gratis sommarskule.

Kommunen har også fritidskort som det kan søkjast om på ein enkel måte, gratisturar i vinterferien, Join-app og utlånssentral.

I Handlingsplanen går det fram at kommunen satsar på førebyggjande arbeid, og har dreie ressursar frå oppvekst til førebyggjande arbeid. Sauland skule tilsette ein miljøterapeut for tre år sidan. Nyleg har kommunen auka med ein 50% stilling til, som eit supplement til tilbodet om helsesjukepleiar på skulen. Miljøterapeuten held tak i fleire lovpålagte funksjonar som SLT (Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggande Tiltak), barnekoordinator- funksjonen, barne- og ungdomsarbeid og folkehelsearbeid. Tiltak som det jobbast med er mellom anna foreldrerettleiing, kartlegging av Hjartdal kommunes utfordringar, arbeid med å kartlegge behov for å styrke psykisk helsearbeid. Miljøterapeuten er i tett dialog med tenestene rundt barn og unge i samarbeid med det frivillige.

Arbeidsgruppene for barn og unge og vald i nære relasjonar, rus og psykiatri har felles overordna strategiar der det mellom anna står at dei skal samordna førebyggjande og behandlande tiltak på områda kriminalitet, rus og psykisk helse. Det er også tverrsektorielle møter ute på skolane der helsesjukepleiar deltar samen med barnevern, PPT og tilsette på skulen. Koordinerande eining følgjer opp elevar som treng ekstra tilrettelegging.

Kommunen skriv i sin førebyggande plan for barn og unge at det kan verte ei utfordring for kommunen å halde oppe mange av dei førebyggande tiltak som er sett i verk fordi dei er bygd og drifta med prosjektmidlar frå til dømes Helsedirektoratet, Statsforvaltaren og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Medverknad og involvering av barn og unge i slutningsprosesser

Førebyggande plan seier at Hjartdal kommune skal sikra at barn, unge og føresette skal få uttale seg om korleis dei opplever oppveksttilbodet i kommunen.

Ungdomsrådet, som vart etablert etter valet sist haust, har sju deltakarar. Dei hadde hatt tre møte i år, vert på besøk i kommunestyret, og hatt møte med ordføraren. Oppvekstplanen hadde vore gått igjennom på eit møte og dei fekk han og på høyring før han vart behandla i kommunestyret. Ungdomsrådet opplyste at dei ikkje hadde fått tilbakemeldingar på deira innspel, men dei legg til at planen akkurat er blitt vedteken, så det kunne være litt tidleg enda. Dei fortel og at dei hadde fått orientering om arealplanen, og vidare at kommunen hadde gjennomført ein FORMS-undersøking blant unge for å få deira synspunkt om utvikling av sentrum. Det blei opplyst at det hadde kome inn 25 ulike innspel frå ungdom til sentrumsplanen. Før låg ungdomsklubben nær bensinstasjonen. Barna sin medverknad førte til at den ble flytta til ein tryggare stad.

Ungdomsrådet opplyste at dei ikkje har vore involvert i arbeidet med folkehelsemeldinga, men at dei skulle bli ein part i revideringa.

Internkontroll og evaluering

Det kom fram i intervjua at kommunen manglar systematikken for evaluering, men små forhold gjer det enklare å halde god oversikt over tiltak. I oversending av dokument til tilsynet opplyser kommunen at utarbeiding av rutinar for internkontroll er ein del av det pågåande arbeidet med revidering av folkehelsemeldinga.

Hjartdal kommune evaluerer enkelte tiltak. Kommunen har oversend eit referat frå Arbeidsgruppe politiråd, og her går fram at dei har evaluert tiltaka sine i 2023.

I plan for førebyggande arbeid går det fram at «Oppvekstforum» skal sikre årlege vurderingar av det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge i Hjartdal kommune. Forumet skal utarbeide ein to-årleg handlingsplan med tiltak for å styrke og justere kursen for det førebyggande arbeidet i kommunen. Fyrste handlingsplan skal gjelde for 2024-2025. Kommunalsjefen for oppvekst og kultur har fått ansvaret for å leggje fram ein årleg rapport frå det førebyggande arbeidet i Hjartdal kommunen, samstundes med at barnevernet legg fram sin tilstandsrapport. Den førebyggande planen skal også evaluerast innan 01.12 kvart år, og det er kommunalsjefen for oppvekst og kultur som har ansvar for å invitere oppvekstforum til eit evalueringsmøte.

5.  Statsforvaltarens tilbakemelding og kommentar

Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danna eit grunnlag for betra samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.

Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidd kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.

Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument (sjå vedlegg) og intervju.

I tilsynet har statsforvaltaren undersøkt om kommunen;

  • har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
  • følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
  • set i verk nødvendige tiltak for å møta utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge
  • evalulerer sine tiltak

Statsforvaltarens vurdering

Statsforvaltaren vurderer at Hjartdal kommune har gitt det førebyggande arbeidet mot barn og unge høy prioritet, mellom anna vist gjennom sitt arbeid med BTI, Ung Arena og ulike økonomiske prioriteringar. Organiseringa av folkehelsearbeidet for barn og unge gjer det også tydeleg at kommunen ser på psykisk helse og rusmiddelforebygging i eit folkehelseperspektiv, og at folkehelsearbeidet er tverrsektorielt forankra.

Vi vurderer at Hjartdal kommune har sett i verk fleire gode, utbetrande tiltak for å møte dei hovudutfordringane kommunen har identifisert i oppvekstmiljøet til barn og unge. Formåla med tiltaka er å utjamne sosiale skilnader og fremja barn og unges tilhøyrsel og deltaking, noko som igjen kan bidra til å fremja den psykiske helsa til barn og unge.

Vi meiner at kommunen har rimeleg god oversikt over positive og negative faktorar som kan verke på den psykiske helsa til barn og unge. Likevel er det vår vurdering at dette ikkje er synleggjort i et oppdatert oversiktsdokument, slik loven krev. Vi finn heller ikkje at kommunen har etablera ein metodikk, eller tatt i bruk verktøy, som sikrar ein god systematikk for det løypande oversiktsarbeidet, slik at informasjonen blir samla på ein stad.

Dokumentet frå 2019 (Folkehelsemeldinga) innehelder få skildringar av dei ulike påverkingsfaktorane, og få vurderingar av årsakssamanhengar og konsekvensanalysar. Tilsynet har også vist at dokumentet er lite kjend blant kommunens leiing og tilsette.

Oversikten er i liten grad nytta som grunnlag for utforming av kommuneplanens samfunnsdel, planstrategi eller andre planar på barne- og ungefeltet.

Hjartdal er ein liten kommune når det kjem til folketal. Det kan vere ein stor fordel for det tverrsektorielle arbeidet at det er korte avstandar og dagleg dialog mellom dei ulike tenestene. Dette ser vi kan at til en viss grad kan kompensere for manglar i plan- og oversiktsarbeidet. Der nøkkelpersonar i kommunen innehar fleire ulike roller kan dette samstundes gjere kommunen meir sårbar, til dømes ved turn-over eller lengre fråvær.

Vår vurdering er at Hjartdal kommune har beskrive mange relevante tiltak og strategiar i fleire av sine plandokument, men at desse er i liten grad viser til oversiktsdokumentet. Kommunens samfunnsdel har ikkje direkte tilvisingar til oversiktsdokumentet, og heller ikkje kommunens Førebyggjande plan for barn og unge.

Tilsynets undersøkingar viser at kommunen gjennomfører evalueringar av enkelttiltak, men ikkje av det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet. Det er vedtatt at

«Oppvekstforum» skal evaluere det førebyggjande arbeidet mot barn og unge jamleg, men det kjem ikkje tydeleg fram kva denne evalueringa skal omhandle, eller korleis den skal gjennomførast.

Vi vurderer at kommunen har system som sørgjer for at barn og unge blir høyrd i saker med betydning for deira kvardagsliv. Vi støtter likevel kommunens vurdering om å involvere barn og unge i større grad i kommunens utviklingsarbeid.

Vi støtter også kommunens vurdering om at det er ein god rekkefølge å vente med å rullere kommuneplanens samfunnsdel til etter at nytt oversiktsdokument er klart. Slik kan kommunen få til ei god samanheng mellom samfunnsdelen, planstrategien/planprogram, og dei øvrige kommunale planane som skal rullerast. Vi meiner at denne samanhengen bør styrkast i Hjartdal.

Det er vår anbefaling at kommunen i arbeidet med sitt neste oversiktsdokument bør vurdere å hente inn fleire opplysningar frå andre kommunale aktørar, fagpersonar og kunnskapsmiljø. Arbeidet krev også epidemiologisk kompetanse.

I oversiktsdokumentet skal kommunen identifisera både utfordringar og ressursar kommunen har, i tillegg til å vurdera årsaksforhold og konsekvensar av dei for folkehelsa. Det er eit krav at dokumentet skal rullerast kvart fjerde år, og at det skal liggja til grunn for det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet. Oversiktsdokumentet skal danna grunnlag for avgjerder knytt til den langsiktige planlegginga, men og danna grunnlag for avgjerder og prioriteringar som blir tekne i det daglege arbeidet i kommunen.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtalar vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart sendt 23.04.2024. Tilsynsbesøket vart gjennomført i kommunens lokalar den 11.06.24. Ein del dokument var tilsende og gått gjennom på førehand, mens andre dokument vart tatt mot og gått gjennom i løpet av tilsynsbesøket. Desse dokumenta vart gått gjennom og vurderte som relevante for tilsynet:

Dokument som er gått gjennom og lagde til grunn i kap. 4

  • Kommuneplanens samfunnsdel
  • Kommuneplanens arealdel
  • Kommuneplanens planstrategi
  • Referat frå politiråd undergruppe barn og unge og vald i nære relasjonar datert 09.22
  • Referat Arbeidsgruppe Politiråd datert 11.2023
  • Referat Nærmiljøgruppe datert 04.2024
  • Mandat og organisering av nærmiljøgruppe
  • Arbeidsgruppe politiråd handlingsplan med årshjul 2023 – 2027 revidert april 2023
  • Plan for forebyggende arbeid i Hjartdal kommune 2024 – 2034
  • Folkehelsemelding 2019

I tabellen under gir vi ei oversikt over kven som vart intervjua.

Ikke publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita

  • Fagsjef Janne Wikheim Aas, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisjonsleder
  • Underdirektør Inger Tveit Espeland, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisor
  • Seniorrådgivar Merete Haugen , Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisor

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge

Søk etter tilsynsrapporter

Søk