Rapport frå tilsyn med Høyanger sjukeheim 2019
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Høyanger kommune Høyanger sjukeheim 13. og 14.11.2019. Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse, som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.
Dette er eitt av tilsyna Fylkesmannen i Vestland gjennomførte i 2019.
Fylkesmannens konklusjon:
Det vart ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstemaet.
Tilsynet er avslutta.
1. Tilsynets tema og omfang
I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.
Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A gir heimel til å kunne gi nødvendig somatisk helsehjelp med tvang til pasientar som ikkje forstår konsekvensane av å motsette seg helsehjelpa. Nødvendig helsehjelp gitt med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, kan vere store for pasienten. Det kan føre til at det vert utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp.
Vi har spesielt undersøkt om:
- pasientens motstand mot helsehjelp vert fanga opp
- pasientens samtykkekompetanse vert vurdert
- tillitsskapande tiltak vert forsøkt før nødvendig helsehjelp vert gitt med tvang
- helsefaglege vurderingar vert gjort før den aktuelle helsehjelpa kan bli gitt med tvang
Tilsynet var avgrensa til å gjelde pasientar i sjukeheim.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4.
Tilsyn inneber at Fylkesmannen kontrollerer om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Nedanfor er ei oversikt over lovgrunnlag og krava som vart lagt til grunn i tilsynet:
- Lov om pasient- og brukerrettigheter
- Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
- Pasientjournalloven
- Forskrift om pasientjournal
- Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Systematisk styring og kvalitetsforbetring
Etter helse- og omsorgstenestelova § 4-2 skal kommunen drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette skal inngå som ein del av styringssystemet,
jf. helsetilsynslova § 5. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleiken. Krava i forskrifta §§ 6 til 9 er minimumskrav.
Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet og for korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krava i helse- og omsorgslovgjevinga.
Kravet til omfang og innhald i styringssystemet og kravet til dokumentasjon, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha nødvendig omfang. Den skriftlege dokumentasjonen skal bidra til at praksis er i samsvar med føringar som er gitt og at lovpålagte krav vert oppfylte. Ved særleg risikofylte oppgåver og oppgåver som sjeldan vert utførte er det større krav til skriftlege rutinar. Rutinane skal vere oppdaterte og kjende for helsepersonellet i verksemda.
Krav til dokumentasjon
Journalen ein reiskap for helsepersonellet for å sikre at pasienten får forsvarleg helsehjelp. Journalen skal også gi tilsynsmyndigheiter og andre instansar mogelegheit for å etterprøve helsehjelpa som er gitt. Helsepersonell skal dokumentere nødvendige og relevante opplysningar, jf. pasientjournalforskrifta § 4.
Nødvendig helsehjelp
Pasientar har rett til nødvendige helsetenester frå kommunen, jf. pasient- og brukarrettslova § 2-1a andre ledd. Kommunen har plikt til å gi nødvendig helsehjelp, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c.
Forsvarleg helsehjelp
Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er leiinga i kommunen sitt ansvar å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i sitt innhald og omfang. For å oppfylle kravet til forsvarleg teneste må, kommunen organisere og legge til rette for at helsepersonell kan utøve helsehjelpa på ein forsvarleg måte. Det inneber mellom anna å sørge for tilstrekkeleg bemanning, at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og at dei har fått tilstrekkeleg opplæring. Det skal også vere tilrettelagt for samarbeid med anna relevant helsepersonell.
Samtykke til helsehjelp
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukarrettslova
§ 4 -1. Dersom pasienten er vurdert til å vere samtykkekompetent, må helsepersonell respektere pasientens avgjerd om å ikkje ta imot helsehjelpa. Helsepersonell må i slike tilfelle forsikre seg om at pasienten har fått tilstrekkeleg informasjon om kva konsekvensar det kan få å takke nei.
Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse og ikkje gjer motstand, vil det vere pasient- og brukarrettslova kapittel 4-6 som gir heimel for å yte helsehjelpa.
Det er først når pasienten ikkje har samtykkekompetanse og gjer motstand mot helsehjelpa at helsepersonell må vurdere om vilkåra for å kunne gi helsehjelp med tvang med heimel i 4A, er oppfylt.
For å kunne gi nødvendig helsehjelp med tvang må helsepersonell gjere ei forsvarleg vurdering av pasientens samtykkekompetanse opp mot den konkrete helsehjelpa. Krava er gitt i pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det er helsepersonellet som yter helsehjelpa som skal avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Den som er ansvarleg for helsehjelpa skal eventuelt gjere vedtak om tvang etter kapittel 4A.
Leiinga i kommunen skal sørge for at tilsette får nødvendig opplæring om vurdering av samtykkekompetanse. Det skal vere avklart og kjent kven som har mynde til å avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Sjå nærare omtale om dette i Helsedirektoratets rundskriv IS-8/2015 og kommentar til pasient- og brukarrettslova § 4-3.
Helsepersonell skal legge fram avgjerda om manglande samtykkekompetanse for pasienten og pårørande, jf. pasient- og brukarrettslova § 4-3, fjerde ledd. Dersom pasienten ikkje har pårørande, skal anna kvalifisert helsepersonell bli førelagt avgjerda. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse og vurderingar og observasjonar som ligg til grunn for denne, skal gå fram av pasientjournalen.
Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan uttrykke motstand ulikt. Motstand kan kome til uttrykk både munnleg og fysisk, til dømes ved blikk, fysisk utagering, tilbaketrekking eller ved å snu seg vekk. Det vert stilt krav til helsepersonell for å kunne tolke eventuell motstand hos pasienten. Leiinga skal sørge for at helsepersonell får opplæring i å avdekke motstand, og gjere dei kjent med rutinane for korleis dei skal følgje opp motstand. Oppfølging av motstand handlar mellom anna om å vurdere behovet for helsehjelp, om at motstanden vert rapportert til leiar og om samarbeid med til dømes pårørande og sjukeheimslege. Helsepersonell skal dokumentere motstand og oppfølginga av denne i pasientjournalen.
Tillitsskapande tiltak
Sjølv om pasienten set seg imot helsehjelpa og helsepersonell vurderer at pasienten ikkje har samtykkekompetanse, skal tillitsskapande tiltak vere prøvd før helsehjelpa kan bli gitt med tvang, med mindre dette er openbert formålslaust, jf. pasient- og brukarrettslova § 4A-3. Formålet med tillitsskapande tiltak er å førebygge og redusere bruk av tvang. Leiinga må sørge for at helsepersonell har høve til å bli godt kjent med pasienten, har tid til å kartlegge årsakene til motstanden og til å prøve ut forskjellige tillitsskapande tiltak. Helsepersonell skal ha fått opplæring i kva tillitsskapande tiltak inneber. Verksemda skal ha rutinar for arbeidet med tillitsskapande tiltak. Tillitsskapande tiltak som er prøvd og effekten av desse skal gå fram av pasientjournalen.
Helsefaglege vurderingar
Etter pasient- og brukarrettslova 4A-3 kan helsepersonell berre gi helsehjelp med tvang dersom manglande helsehjelp kan føre til vesentleg helseskade hos pasienten. Helsepersonellet må gjere ei vurdering av kva konsekvensar det kan få for pasienten dersom helsehjelpa ikkje vert gjennomført. Det er også eit krav om at helsehjelpa må vere nødvendig for å unngå vesentleg helseskade og at dei negative verknadane av tvangstiltaket får for pasienten vert vega opp mot dei positive verknadane av helsehjelpa.
Når alle vurderingane ovanfor er gjort skal helsepersonell gjere ei heilskapleg vurdering av om helsehjelpa klårt er det beste for pasienten. I denne vurderinga må pasientens grad av motstand kome fram, og om det er grunn til å tru at pasienten kan få tilbake samtykkekompetansen i nær framtid. Når pasienten gjer motstand mot helsehjelp, ligg terskelen for å gi helsehjelpa mot pasientens vilje høgt. Helsepersonell må dokumentere vurderingar og konklusjonar i pasientjournalen slik at dei er tilgjengelege og kan verte etterprøvd.
4A – vedtak
Dersom pasienten openbart ikkje kan samtykke og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram eller er openbart formålslause, må følgjande vilkår vere oppfylt før helsehjelpa kan bli gitt med tvang:
- å unnlate å gi helsehjelp kan gi vesentleg helseskade
- helsehjelpa er nødvendig
- tvangen står i forhold til behovet for helsehjelp
- ei heilskapleg vurdering av at helsehjelpa er den klårt beste løysinga for pasienten
Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å gjere vurderingane og kven som kan gjere vedtak om tvungen helsehjelp etter 4A. Ved tvang som inneber eit alvorleg inngrep for pasienten skal helsepersonell gjere vedtak i samråd med anna kvalifisert helsepersonell.
Det er leiar for dei enkelte einingane sitt ansvar å sørge for at tilsette får opplæring og nødvendig kjennskap til regelverket og kva dette betyr for praksis i den daglege kontakten med pasientane. Leiinga skal sørge for at det er utarbeidd rutinar og skal følgje med på at dei vert etterlevd i praksis. Einingsleiar skal også legge til rette for samarbeid mellom legar, leiarar og anna helsepersonell og for rapportering og dokumentasjon.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert haldne.
Høyanger kommune har om lag 4078 innbyggjarar. På Høyanger omsorgssenter er det legekontor, omsorgsbustader og sjukeheim.
Organisering av tenestene
Sjukeheimen består av skjerma eining med 8 plassar, korttidsavdeling med 8 plassar og langtidsavdeling som er delt inn i tre bugrupper med 8 pasientar på kvar gruppe. Tilsynet vart gjennomført på langtidsavdelinga.
Styringslinja går frå kommunalsjef helse- omsorg til institusjonsleiar på sjukeheimen. Det er ein koordinerande sjukepleiar på gruppe 2 og ein på gruppene 3 og 4. Kvar pasient har to primærkontaktar.
Kommunalsjef helse- og omsorg har vore kort tid i stillinga. Ho har leiarmøte kvar 14. dag med einingsleiarane, men har førebels ikkje faste møte med einingsleiar på sjukeheimen utover dette. Vi fekk opplyst at heile kommunen er i ein omstillingsprosess og skal lage nye strukturar.
Institusjonsleiar er ansvarleg for økonomi, personal og har det faglege ansvaret. Det overordna faglege ansvaret for 4A-vedtak er overført frå sjukeheimslegen til institusjonsleiar.
Sjukeheimen har 40% legeressurs. Sjukeheimslegen er til stades på sjukeheimen ein gong i veka, men kan bli kontakta etter avtale utover dette. Han har vore tilsett i kort tid. Turnuslegen er til stades tre dagar kvar veke og rapporterer til og diskuterer aktuelle problemstillingar med sjukeheimslegen. Høyanger legekontor er i same bygg som sjukeheimen.
Kommuneoverlegen gjer 4A – vedtaka i samarbeid med helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.
Styring
Kommunalsjef helse- og omsorg har utarbeidd skriftlege retningsliner for området 4A. I retningslinene er motstand, samtykkekompetansevurdering, tillitsskapande tiltak og helsefagleg vurdering skildra. Retningslinene er tilgjengeleg for dei tilsette i datasystemet Compilo. I intervju får vi opplyst at dei tilsette veit om retningslinene og kvar dei kan finne dei, men det er tilfeldig om dei tilsette og leiar får opplyst om det er utarbeidd nye rutinar og eventuelle endringar av eksisterande rutinar.
Institusjonsleiar har oppmoda tilsette til å gjennomføre e-læringskurs om tvang. Det vert sendt påminning på e-post eller på sms til dei som ikkje har gjennomført. Ho har oversikt over kven som har gjennomført opplæring. Nytilsette får opplæringsdagar ilag med fast helsepersonell. Tvang er ikkje ført på sjekklista for kva dei skal gjennomgå. Det er tilfeldig om tvang er tema på opplæringsdagane.
Det er utarbeidd skriftleg prosedyre for legetilsyn ved sjukeheimen. Sjukeheimslegen har ikkje fått opplæring i 4A og i sjukeheimens retningsliner for praktisering av regelverket, men kjenner til innhaldet i 4A. Vi fekk opplyst at det er kommuneoverlegen som har ansvar for opplæring av sjukeheimslegen.
Institusjonsleiar har faste månadlege møte med dei koordinerande sjukepleiarane. Her vert aktuelle problemstillingar frå dei enkelte gruppene drøfta. Avvik kan også vere tema. For å følgje med på korleis helsehjelpa vert gitt, les einingsleiar i pasientjournalane og deltek i rapportar i avdelingane.
I personalmøte er avvik, forhold som gjeld personalet og eventuelle nye rutinar tema. Det vert gitt tilbakemelding på melde avvik.
Det er opplyst i intervju at koordinerande sjukepleiar skal vere den raude tråden i bugruppene. Det inneber kontakt og oppfølging av pasient og pårørande. Det ligg også eit ansvar for å følgje opp etter legevisitt og følgje med på at pasientane får ei fagleg forsvarleg helseteneste. Helsefagarbeidarar og assistentar tek opp aktuelle faglege problemstillingar med koordinerande sjukepleiar. Vanskelege problemstillingar, som også kan gjelde spørsmål om bruk av tvang, vert også diskutert med einingsleiar.
Det lagt opp til at helsepersonell etter behov skal diskutere aktuelle problemstillingar hos pasientar i refleksjonsmøte, i rapportar og ved uformelle møte.
Det kjem fram at leiinga ved Høyanger sjukeheim ikkje systematisk følgjer med på kvar det kan vere risiko for at helsehjelpa på området 4A kan svikte, men institusjonsleiar har gjort refleksjonar om kvar det kan vere risiko. Det vart avdekka at dokumentasjonen kunne verte betre. Som ein konsekvens av dette er det innført at journalnotat for kvar pasient vert vist på tv - skjerm under rapporten. Dette har gjort dei tilsette meir medvitne på kva dei dokumenterer og korleis.
Kommunen har eit avvikssystem. Dei tilsette gir i intervju uttrykk for at de er usikre på kva som er å rekne som avvik på området 4A. Det blir gitt tilbakemelding frå leiar på e-post og på personalmøte når avvik er meldt.
Motstand
I intervjua fekk vi vite at helsepersonell er kjende med kvifor det er viktig å identifisere motstand mot helsehjelp, at dei har ansvar for å avdekke eventuell motstand og at motstand kan bli uttrykt forskjellig. Det er tilnærma lik oppfatning blant dei tilsette kva som vert tolka som motstand og kva helsepersonell meiner er tvang. Det er også klart at dei skal melde observasjonar om motstand til sjukepleiar og lege som igjen vurderer om det er grunnlag for å følgje opp motstanden i tråd med 4A. Dei tilsette gir uttrykk for at dei ønskjer å nytte minst mogeleg tvang. Pasientar som gir uttrykk for at dei vil ut, får gå tur. Det vert ikkje gitt medisinar med tvang
Samtykke til helsehjelp
Det er sjukepleiar og lege som i samarbeid vurderer pasientens samtykkekompetanse. Anna helsepersonell observerer pasienten og formidlar observasjonane vidare. Vi får opplyst i intervju at det ikkje alltid vert vurdert samtykkekompetanse hos pasientar som gjer motstand mot helsehjelp.
Tillitsskapande tiltak
Det er kjent for dei tilsette at dei alltid skal prøve tillitsskapande tiltak før det eventuelt vert nytta tvang. Utveksling av erfaringar vert gjort på rapportar og det vert journalført kva tillitsskapande tiltak som når fram. Dei fleste pasientane i avdelinga kjem frå rehabiliteringsopphald eller frå omsorgsbustad. Nye pasientar får tilbod om innkomstsamtale ilag med pårørande. Dette bidreg til at helsepersonellet får kjennskap til pasientane slik at tillitsskapande tiltak kan verte målretta.
Helsefaglege vurderingar
Det er kjent for dei tilsette at helsefaglege vurderingar vert gjort i samarbeid mellom sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Etter behov vert sjukheimslegen konsultert. Sjukeheimslegen vurderer pasientar som er i grenseland mellom somatikk og psykiatri.
Oppsummering av funn etter journalgjennomgang
Vi gjekk gjennom 24 journalar for siste halvåret før tilsynet frå fløyene der tilsynet blei gjennomført. Ingen av pasientane hadde 4A-vedtak. Vi fann at ni av dei 24 pasientane hadde kognitiv svikt. Det var dokumentert motstand mot helsehjelpa hos ni av dei 24 pasientane. For dei ni pasientane som gjorde motstand, fann vi ikkje at samtykkekompetansevurdering var dokumentert hos nokon. I sju av dei ni journalane der pasienten hadde gjort motstand mot helsehjelp, var det dokumentert forsøk på tillitsskapande tiltak for å unngå å gi helsehjelpa med tvang. Det var dokumentert helsefagleg vurdering av om helsehjelpa skulle bli gitt med tvang hos ein av dei ni pasientane som gjorde motstand.
I forkant av tilsynet vart det sendt brev til pasientar og pårørande med tilbod om å komme med innspel innanfor tilsynstema til Fylkesmannen. Vi fekk tilbakemeldingar frå to pårørande.
Revisjonsleiar fekk omvisning ved sjukeheimen.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.
Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk leiing og styring for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga i kommunen har eit overordna ansvar for styringssystemet og for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er egna til å ivareta dette.
Formålet med 4A om å gi nødvendig somatisk helsehjelp og førebygge og redusere bruk av unødig tvang stiller store krav til at helsepersonellet kjenner reglane som gjeld og kva desse betyr i praksis.
Leiinga har sørga for at dei tilsette har fått opplæring og har lagt til rette for at dei tilsette kan reflektere rundt situasjonen til enkeltpasientar. Leiinga følgjer også med på om dei tilsette har tilnærma lik praksis overfor pasientane. Dette kom til uttrykk i intervju der dei tilsette skildra praksis. Dei tilsette gav uttrykk for at dei veit kva oppgåver kvar enkelt har når pasientar gjer motstand mot helsehjelp, og det er klårt kven som kan gjere vedtak etter 4A. Vi meiner at pasientar som gjer motstand mot helsehjelp vert følgd opp i tråd med krava i regelverket.
Kommunen har eit avvikssystem, men når dei tilsette er usikre på kva som er å rekne som avvik på området 4A, kan dette føre til at leiinga ikkje får informasjon om manglar ved praksis gjennom meldingar i dei etablerte avvikssystema. Her er det rom for forbetring. Meir systematisk opplæring av tilsette og tydlegare system for implementering av og korrigering av skriftlege prosedyrar er også forbetringsområde.
Vi meiner at ved dei rammene leiinga ved Høyanger sjukeheim har lagt, har dei sørga for at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart helsepersonell korleis helsehjelpa vert utført. Det er dermed lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, jf. pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.
5. Fylkesmannens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Fylkesmannens konklusjon:
Det var ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstemaet.
Tilsynet er avslutta.
Med helsing
Helga Arianson
fylkeslege
Beate Tollefsen
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 09.09.2019. Tilsynet vart gjennomført 13. og 14.11.2019 på Høyanger sjukeheim .
Fylkesmannen innleia tilsynet med eit informasjonsmøte 13.11.2019. Funn som vart gjort under tilsynet vart presentert på oppsummeringsmøtet 14.11.2019.
Vi har gått gjennom dokument vi fekk tilsendt på førehand og fekk utdelt under tilsynet.
Følgjande dokument vart gjennomgått og relevante for tilsynet:
Oversikt over tilsette
- Stillingsomtale:
- hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar institusjon
- offentleg godkjent sjukepleiar
- tilsynslege i sjukeheim
- Funksjonsbeskriving:
- koordinerande sjukepleiar Høyanger sjukeheim
- kommuneoverlege
- kommunalsjef for helse- og omsorg
- institusjonsleiar Høyanger sjukeheim
- Administrativt organisasjonskart pr. 10.09.2019
- Kartleggingsskjema for LMG ved Høyanger sjukeheim
- Oversikt over avvik frå 2019
- Retningslinjer i Høyanger kommune for helsehjelp til person utan samtykkekompetanse som motsetter seg helsehjelpa. Pasient og brukarrettighetsloven § 4A
- Prosedyre for utlevering av pasientens private medisiner til pårørende ved dødsfall
- Gerica – rapportering og journalføring
- Krav om innsyn i pasientjournal
- Tildeling av primærkontakt
- Rutine for privatkontakt
- Retningslinje og rutine for legesenter ved bruk av tvang og makt i pasientsituasjonar
- Legetilsyn ved sjukeheimane
- Legetilsyn ved Høyanger sjukeheim
- Informasjon/opplysningsskjema for pårørande
- Mal 4A-vedtaksskjema
- Erklæring om samtykke - aldersdemens
- Prosedyre samtykke til helsehjelp
- Sjekkliste nytilsett/vikar ved sjukeheimen
- Velkommen som vår kollega på Høyanger/Kyrkjebø sjukeheim
- Velkommen til bugruppe 2
- Ressurskartlegging
- Habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinator
- Brosjyre Høyanger sjukeheim
- Bakgrunnsopplysningar
- Møteplan
- Samarbeidsmøter
- Tenesteerklæring
- Korleis ivaretek Høyanger kommune arbeidet med kvalitetsforbedring
- Avvik og avvikshandtering
- Avvik generell informasjon
- Definisjon avvik
- Avvikshandtering – alvorsgrad
- Prosedyre for registrering, varsling og korleis melde ulykke/skade på tilsette- personskade/yrkesskade. Avvik med høg alvorsgrad
- Avvikshandling/koordinerande tiltak
- Diverse undervisningsmateriell
I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:
Ikkje publisert her
Desse deltok frå Fylkesmannen:
ass. fylkeslege, Ingunn Watsend Erichsen, Fylkesmannen i Vestland, revisor
rådgjevar, Mariken Wedervang, Fylkesmannen i Vestland, revisor
seniorrådgjevar, Beate Tollefsen, Fylkesmannen i Vestland , revisjonsleiar