Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Sogndal kommune frå 01.10.2019 til 04.10.2019. Vi undersøkte om kommunen sikrar at unge som treng det får forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav. Vi har lagt vekt på brukarmedverknad, samarbeid og koordinering av tenester. Tilsynet er retta mot kommunens tenester til unge til og med 24 år, som har eller har hatt barnevernstiltak og som har eller kan ha behov for sosiale tenester frå Nav.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal, Leikanger, Balestrand og Luster, med Sogndal kommune som vertskommune. Vi har ved dette tilsynet utarbeidd ein rapport for Sogn barnevern, med delrapportar for Nav Sogndal, Nav Leikanger og Nav Balestrand.

Vi har ved tilsynet med Sogn barnevern ikkje avdekt lovbrot i barnevernstenestas behandling av saker som gjeld ettervern.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen ved si styring og leiing sikrar ungdomens medverknad i saker som gjeld barnevern og sosiale tenester frå Nav, samarbeid mellom barnevernet og Nav i kommunen eller i andre kommunar der det er nødvendig, og koordinering av dei tenestene som vert ytt, slik at ungdom som treng det, får forsvarleg ettervern frå barneverntenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legg til rette for og følgjer opp at ungdommane får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester, ved at barneverntenesta og Nav:

  • innhentar informasjon om ungdomens heilskaplege situasjon og moglege behov for tenester
  • legg til rette for og gjennomfører kontinuerleg samarbeid mellom kommunale einingar som yter barneverntenester og sosiale tenester, og andre kommunar
  • koordinerer tenestene ungdomen mottar frå kommunale einingar
  • tilbyr og yter individuelt tilpassa og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester i overgangen til vaksenlivet
  • legg til rette for og følgjer opp at brukarmedverknad blir ivaretatt ved alle tema som skal undersøkast

Fylkesmannens tilsyn er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at Fylkesmannen har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og leiar arbeidet med barnevern og sosiale tenester i Nav og oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Ungdomane sine meiningar om, og erfaringar med, tenestetilbodet i kommunen, er viktig informasjon for oss som tilsynsorgan, både med tanke på kvaliteten på tenestene og korleis kommunen praktiserer brukarmedverknad. Vi har derfor hatt samtalar med eit utval ungdomar i samband med dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Barnevernlova regulerer den delen av kommunens arbeid som er tema i dette tilsynet. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld så langt det ikkje i barnevernlova er eigne reglar om saksbehandlinga. Fylkesmannen fører tilsyn med heimel i barnevernlova § 2-3 b.

Rett til tiltak og tenester

Barnevernlova
Barnevernlova gjeld i utgangspunktet for barn under 18 år, jf. barnevernlova § 1-3 første ledd, men lova opnar for at barn som treng hjelp frå barnevernet, kan få hjelp til dei har fylt 23 år, jf. barnevernlova § 1-3 andre ledd. Barn og ungdom har rett til tiltak etter barnevernlova når vilkåra er oppfylte, jf. § 1-5.

Barnets beste
Prinsippet om barnets beste er nedfelt i barnevernlova § 4-1, der det går fram at barnets beste skal vere avgjerande ved val av tiltak etter barnevernlova. Prinsippet er òg nedfelt i Grunnlova § 104 andre ledd og FNs barnekonvensjon artikkel 3, som er gjort til norsk rett ved menneskerettslova § 3.

Det er nær samanheng mellom prinsippet om barnets beste og barnets rett til å bli høyrt og medverke. I barnevernlova er barnets rett til å medverke nedfelt i § 1-6 om brukarmedverknad, § 1-7 om barnevernets plikt til å samarbeide med barn og foreldre, § 6-3 om barns rettar under saksbehandlinga og § 6-3 a om krav til grunngjevinga.

Krav om forsvarlege tiltak og tenester
Barnevernlova § 1-4 slår fast at kommunen pliktar å syte for at tiltak og tenester er forsvarlege. Tenestene må vere av tilfredsstillande kvalitet, og kommunen må yte tenestene til rett tid og i rett omfang. Kva som vert rekna som forsvarleg tenester og tiltak, kan endre seg over tid.

Forsvarlegkravet inneber òg krav til leiing, organisering og styring. Det er nær samanheng mellom forsvarlegkravet og kravet om internkontroll, jf. barnevernlova § 2-3 tredje ledd. Forsvarlegkravet vert tolka i samanheng med dei andre lovkrava som gjeld for tenestene.

Kommunen kan innafor lova organisere verksemda og tenestene ut frå lokale føresetnader og behov, så lenge tenester og tiltak er forsvarlege.

Krav om samarbeid og koordinering av tenester
Barneverntenesta pliktar å samarbeide med andre einingar og sektorar. Samarbeid og koordinering av tenester er avgjerande for at ungdom i målgruppa skal få eit forsvarleg tenestetilbod. Kommunens generelle plikt til å samarbeide er presisert i barnevernlova § 3-2. Plikta til å samarbeide på individnivå følgjer av reglane om tiltak og tenester, som til dømes i reglane om individuell plan i barnevernlova § 3-2 a.

Teieplikta er i utgangspunktet til hinder for at dei tilsette i tenestene kan vidareformidle opplysningar om ein ungdom. Reglane som regulerer samarbeid gjev ikkje heimel til å fråvike reglane om teieplikt i barnevernlova § 6-7, jf. forvaltningslova § 13 til § 13 e. Tenestene kan derfor berre utveksle informasjon i enkeltsaker etter samtykke frå den saka gjeld.

Krav til dokumentasjon
Etter forvaltningslova § 11 d skal den som tek i mot munnlege opplysningar av betydning for saka, så langt det er mogleg, skrive dei ned. Forvaltningslova §§ 17 og 18 slår fast at den som er part har rett til innsyn i saksopplysningar og dokument. Barneverntenesta skal dokumentere sentrale og relevante opplysningar om ungdomen. Det skal være synleg kva tenestene har gjort for den enkelte og kvifor det er gjort. Dokumentasjonsplikta har nær samanheng med kravet til forsvarlege tenester og tiltak og plikta til internkontroll.

Krav til enkeltvedtak
Avgjerder om tiltak og tenester etter barnevernlova er rekna som enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. barnevernlova § 6-1 andre ledd.

I barnevernlova § 1-3 er det presisert at opphøyr av tiltak etter fylte 18 år og avslag på søknad om tiltak etter fylte 18 år, er rekna som enkeltvedtak, og at også slike vedtak skal vere grunngjevne ut frå omsynet til barnets beste.

Styring og leiing
Krav til leiing, organisering og styring er viktige element i kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. Kommunens plikt til å ha internkontroll, følgjer av barnevernlova § 2-1 andre ledd, med forskrift om internkontroll etter barnevernlova.

Internkontrollplikta inneber at kommunen gjennom systematiske tiltak skal sikre at aktiviteten i tenestene vert planlagt, organisert, utført og vedlikehalden i samsvar med gjeldande lovkrav. Styringssystemet skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten til verksemda, og aktivitetane og risikoforholda i verksemda, og styringssystemet skal ha det omfanget som er nødvendig for å sikre etterleving av lovkrava.

Det følgjer av barnevernlova § 2-1 sjuande ledd at kommunen skal syte for at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvaret for å gje nødvendig opplæring ved behov.

Dei tilsette som jobbar med ungdom må ha kunnskap om dei særlege utfordringane ungdom som har eller har hatt tenester etter barnevernlova kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre tenester som det vil være naturleg å samarbeide med ved bistand og oppfølging av unge.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Sogndal kommune har om lag 7800 innbyggjarar, og i skuleåret har kommunen om lag 2500 studentar og skuleelevar i tillegg til dette. Under rådmannen er det fem kommunalsjefar. Barnevernstenesta høyrer under kommunalsjefen for oppvekst, medan Nav høyrer under kommunalsjefen for velferd.

Kommunen er på tidspunktet for tilsynet i ein prosess prega av omstilling, sidan kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand skal bli ein kommune frå 01.01.2020.

Under barnevernleiaren er det ein nestleiar som òg er fagleiar, pluss ein fagleiar økonomi og ein merkantil konsulent. Under nestleiar/fagleiar er det to team og to tiltakskonsulentar. I kvart team er det ein teamkoordinator og tre-fire saksbehandlarar. Saksbehandlarane er generalistar og følgjer opp sine barn/ungdomar/familiar, slik at alle saksbehandlarane kan ha ettervernssaker.

Informasjon om ettervern i god tid før ungdomen fyller 18 år
Barnevernstenesta har skriftleg rutine der det står at ungdomen i siste oppfølgingsbesøk eller ved siste evaluering av tiltaksplanen det året han/ho fyller 16 år, skal få informasjon om retten til å halde fram med tiltak etter fylte 18 år. Ved intervju har vi fått vite at ungdom får informasjon om ettervern og vi ser dette i mappene. Teamleiarane har kontroll med at ungdomane får informasjon om ettervern i god tid før dei fyller 18 år.

Forsvarleg utgreiing av ungdomens situasjon med tanke på ettervern
I den skriftlege rutinen står det at barnevernstenesta når ungdomen er 17 år skal vurdere ungdomens situasjon og behov. Barnevernstenesta skal presentere si vurdering for ungdomen, og ungdomen og barnevernstenesta skal saman vurdere og planleggje innhaldet i ettervernet. Barnevernstenesta skal gje ungdomen nok informasjon til at han/ho sjølv kan ta avgjerd. Det er ungdomens val om han/ho vil ha ettervern. Vi har ved intervju fått vite at det er slik tenesta gjer det, og vi ser det i mappene.

Forsvarleg, individuell og konkret vurdering av om ungdomen treng ettervern
I den skriftleg rutinen står det at barnevernstenesta sin saksbehandlar skal utarbeide vedtak om ettervern så snart ungdomen og barnevernet er blitt samde om etterverntiltaka, at det skal skje før ungdomen fyller 18 år, og at grunnlaget og målsetjinga for tiltak må kome tydeleg fram. Vi har ved intervju fått vite at det er slik tenesta gjer det, og vi ser det i mappene. Faglege vurderingar av ungdomens situasjon og behov kjem av og til berre indirekte fram, og det er ikkje i dokumentasjonen alltid synlege individuelle og konkrete vurderingar av situasjon og behov opp mot heimelen for vedtaket.

Plan for ettervern
I den skriftlege prosedyren står det at barnevernstenesta skal utarbeide tiltaksplan så snart ungdomen og barnevernstenesta har blitt samde om ettervernstiltaka. Tiltaksplanen skal ha tydelege mål, og ungdomen må godkjenne planen. Planen skal innehalde dato for evaluering, med tidspunkt og stad. Vi har ved intervju fått vite at det er slik tenesta gjer det, og vi ser det i mappene. Det går fram av tiltaksplanane at dei er utarbeidde i samarbeid med ungdomen.

Evaluering av ettervernet
Kravet om tiltaksplan er slått fast i den skriftlege rutinen. Planen skal ha tydelege mål og planen skal innehalde dato for evaluering, med tidspunkt og stad. Planen skal evaluerast jamleg, minst ein gong per kvartal. Evalueringa skal førast inn i «evaluering» under «planar» i Familia. Vi har ved intervju fått vite at det er slik saksbehandlarane gjer det, og vi ser det i mappene. Det er synlege vurderingar ved evalueringane, og det går fram av dokumentasjonen at ungdomen har uttalt seg om korleis tiltaka fungerer.

Avslutting av ettervernet
Avslutting av ettervern er omtala i den skriftlege rutinen. Ved avslutting av ettervern skal kontaktpersonen dokumentere ungdomens syn på dette i Familia og utforme eit avsluttingsvedtak, i samsvar med rutinen for «avslutting av saker». I rutinen for avslutting av saker, er det vist vidare til rutinen for vedtak, der det står at alle vedtak skal ha ei god barnevernfagleg vurdering, som er heimla i lovkrav, forskrifter og rettleiarar, og mal for vedtak der det står at det skal gå fram at barnets beste skal vere vurdert. Ved avslutting av ettervern, skal ungdomen og barnevernets saksbehandlar saman vurdere om det er behov for å kontakte andre instansar.

I dei avsluttingsvedtaka vi såg på, kom barnets beste-vurderingane berre indirekte fram. Ungdomanes synspunkt er godt nok dokumentert. Barnevernstenesta opplyser til vanleg i avsluttingsvedtaket om at ungdomen kan ta kontakt igjen om han/ho ombestemmer seg. Vi såg eit par døme på at det verken stod i vedtaket eller var dokumentert andre stader. Vi legg til grunn at det i desse to sakene kan vere gjeve informasjon munnleg. I perioden 2018-2019 har barnevernstenesta ikkje hatt nokon ungdomar som har hatt ettervern heilt til dei fylte 23 år. Vi har derfor ikkje sett døme på avsluttingsvedtak der ettervernet er avslutta fordi ungdomen fyller 23 år.

Oppfølging av unge som takkar nei til ettervern
I den skriftlege rutinen går det fram at der ein ungdom takkar nei til ettervern, skal kontaktpersonen dokumentere dette i Familia og utforme avslutningsvedtak. Fagleiar skal etter eitt år sikre at ungdomen vert kontakta med spørsmål om han/ho likevel ønskjer ettervern. Vi har ved intervju fått vite at det er slik tenesta gjer det, og vi ser det i mappene. Teamleiarane har kontroll med dette. Vi har sett berre eitt døme på at barnevernstenesta har prøvd å få til ein avtale med ungdomen om kontakt det første året etter at ungdomen har takka nei til tiltak, og kva avtale som er gjort om dette.

Samarbeid mellom barnevernstenesta og Nav
Kommunen har ulike samarbeidsforum som gjev tenestene tilbod om kontakt med kvarandre. I Sogndal har dei BTI (betre tverrfagleg innsats) der både barnevernstenesta og Nav er med, saman med andre instansar.

Retningslinjene frå Bufdir og AV-dir for samarbeid mellom Nav og barnevernstenesta er kjende i tenestene, men kommunen har ikkje klare rutinar for samarbeid mellom barneverntenesta og Nav. Det var på tidspunktet for tilsynet kontakt mellom fungerande barnevernleiar og Nav-leiar om å få på plass ein samarbeidsavtale mellom dei to tenestene. Dei to tenesteleiarane har identifisert konkrete problemstillingar som dei meiner det er behov for å avklare, og dei har planlagt eit møte om dette 05.11.2019.

I barnevernets skriftlege rutine for ettervern, går det fram at der det er vurdert at det er andre tenester som har ansvar knytt til ungdomen, skal barnevernstenesta starte overgangsprosessen i god tid før ungdomen fyller 18 år. Vidare at dei skal vurdere om det er behov for søknad til koordinerande eining, avklare saman med ungdomen om det er behov for samarbeid med andre instansar, innhente samtykke frå ungdomen, og opprette kontakt og setje i gang samarbeid etter avtale. Dersom både Nav og barnevernstenesta yter tiltak i same periode, bør det vere samarbeid. Ved avslutting av ettervern skal ungdomen og kontaktpersonen vurdere behov for å kople på andre instansar.

Barnevernstenesta har òg ein skriftleg rutine for samarbeidet med Nav i saker som gjeld ungdomar over 18 år. I denne rutinen står det mellom anna at barnevernstenesta og Nav, dersom det er føremålstenleg og ungdomen samtykker, skal samarbeide om tilrettelegging av tiltak for ungdomar etter fylte 18 år. Dersom både barnevernstenesta og Nav yter tenester til ungdomen, skal det vere samarbeidsmøte mellom ungdomen, Nav og barnevernstenesta. Dersom ungdomen har ein eigen støtteperson/tiltak engasjert av barnevernstenesta, kan dei avtale at støttepersonen/tiltaket følgjer opp kontakten med Nav. Vi har ved mappegjennomgangen sett døme på at ungdomen har fått denne typen støtte i kontakten med Nav (dette gjaldt ikkje Nav Sogndal, men Nav i ein annan kommune).

Det er samarbeid mellom barnevernstenesta og Nav om enkeltsaker, men vi har ikkje høyrt om eller sett døme på at Nav og barnevernstenesta samarbeider om å koordinere tenestetilbod. Det er anten berre ei av tenestene som yter hjelp til ungdomen, eller tenestene jobbar parallelt utan at vi kan sjå spor av samarbeid og koordinering.

Kommunen har koordinerande eining for barn og unge, og skriftlege rutinar for individuell plan (IP). Barnevernleiar er med i koordinerande eining, saman med barnefysioterapeut, leiande helsesøster, leiar for Sogn PPT, tenesteleiar barnehage og representant frå skuleleiarane. Nav er ikkje med i koordinerande eining for barn/unge. Vi har ikkje sett saker der det er brukt IP eller anna verktøy for å koordinere tenester frå Nav og barnevernet.

Vi har ikkje sett døme på at barnevernstenesta har gjort barnefaglege vurderingar av om det er til beste for ungdomen at økonomisk stønad vert ytt av Nav, men vi har sett døme på at barnevernstenesta har bedt ungdomen søkje økonomisk stønad hjå Nav, og eventuelt kome tilbake om han/ho ikkje får stønad hjå Nav.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Spørsmålet ved dette tilsynet er om kommunen sikrar at unge som treng det får eit forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta, med vekt på brukarmedverknad, samarbeid og koordinering av tenester.

Vi har ved dette tilsynet høyrt og sett at barnevernstenesta sikrar ungdomane informasjon om ettervern, og at ungdomane får medverke både ved utforming av ettervernet og ved evaluering av ettervernstiltaka. Vi har fått vite at det ikkje er nokon avtale om samarbeid mellom Sogn barnevern og Nav Sogndal på systemnivå, men at det er kontakt mellom tenesteleiarane om å få på plass ein slik avtale. Vidare har vi høyrt og sett at barnevernstenesta har samarbeid med Nav i enkeltsaker, og at barnevernstenesta har hjelpt ungdomar i kontakten med Nav. Vi har ved dette tilsynet ikkje avdekt lovbrot i Sogn barneverns behandling av saker som gjeld ettervern.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Turid Måseide
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 08.07.2019.

Før tilsynet hadde vi samtalar med seks ungdomar om deira erfaringar med Sogn barnevern.

Tilsynet med Sogn barnevern vart innleia med eit kort informasjonsmøte 01.10.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 04.10.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Overordna organisasjonskart for Sogndal kommune
  • Overordna organisasjonskart oppvekst
  • Organisasjonskart barnevern
  • Liste over tilsette i barnevernet
  • Stillingsomtale tenesteleiar barnevern
  • Leiaravtale 2019 for Hadle Blikra
  • Stillingsomtale fagleiar barnevern
  • Stillingsomtale teamkoordinator barnevern
  • Stillingsomtale barnevernkonsulent
  • Stillingsomtale miljøarbeidar
  • Stillingsomtale tiltakskonsulent
  • Stillingsomtale fagleiar økonomi
  • Stillingsomtale merkantil konsulent
  • Verksemdplan 2019 Sogn barnevern
  • Skjema saksoppfølging tiltakssaker
  • Skjema saksoppfølging omsorgssaker
  • Mal for tiltaksplan ved ettervern
  • Mal for referat frå oppfølgingsbesøk
  • Rutine ettervern barnevern
  • Rutine for ettervern, samarbeid med Nav
  • Rutine for avslutting av sak
  • Rutine for vedtak
  • Mal for vedtak
  • Rutine for koordinerande eining for barn og unge
  • Rutine for individuell plan
  • Rutine for koordinator – oppnemning, oppgåver osb.
  • Rutine for generell prosedyre for risikovurdering
  • Rutine for ettervern, skjema for kontakt etter eit år
  • Samtykkeerklæring for ungdom
  • Politirådsavtale
  • Modell for organisering av ungdomsteam

Vi gjekk gjennom 20 mapper i barnevernstenesta.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • Rådgjevar, Inga Henjum Halsnes, Fylkesmannen i Vestland, revisor,
  • Seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iversen, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Turid Måseide, Fylkesmannen i Vestland, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Barneverntjenestens tilbud om ettervern og samhandling med sosiale tjenester i Nav

Søk etter tilsynsrapporter

Søk