Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Stryn kommune frå 08.10.2019 til 09.10.2019. Vi undersøkte om kommunens helse- og omsorgstenester til personar over 65 år som bur i eigen eigd eller leigd bustad vert utført i samsvar med krava i helselovgjevinga.

Tema for tilsynet var kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring og heimesjukepleietenester til personar over 65 år som har vedtak om hjelp til å administrere legemiddel.

Tilsynet er eitt av Fylkesmannen i Vestland sine planlagde tilsyn dette året.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet.  Tilsynet er difor avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi har undersøkt om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at personar over 65 år som bur i eigen eigd eller leigd bustad får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tilsynet vart avgrensa til to tema: kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring og heimesjukepleietenester til personar over 65 år med vedtak om hjelp til å administrere legemiddel.

Under tema kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring undersøkte vi om kommunen sikrar:

  • identifisering av ernæringsmessig risiko og av underernæring
  • oppfølging av tenestemottakarar for å førebyggje og behandle underernæring

Under tema kommunens tiltak til personar over 65 år som får hjelp til administrasjon av legemiddel undersøkte vi om kommunen sikrar:

  • oppdatert oversikt over tenestemottakars legemiddelbruk
  • samarbeid med og informasjon til fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruk (samstemming av legemiddellister)

Tilsynet var avgrensa til kommunens heimetenester (heimesjukepleie, praktisk bistand og matombringing til tenestemottakarar med ernæringsrisiko/ ernæringsproblem). Verksemda til fastlegane eller spesialisthelsetenesta, gjennomføringa av ernæringsbehandling, enkeltgrupper sine spesielle ernæringsbehov, etiske spørsmål kring ernæring, krav til samtykke eller bruk av tvang var ikkje omfatta av tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgsteneste, etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Grunnleggande behov
Kvalitetsforskrifta skal bidra til å sikre at dei som får helse- og omsorgstenester frå kommunen får dekka sine grunnleggande behov. Grunnleggande behov er i forskrifta mellom anna fysiologiske behov som tilstrekkeleg ernæring (mat og drikke), variert helsefremmande kosthald, rimeleg valfridom når det gjeld mat, tilpassa hjelp ved måltid og nok tid og ro til å ete. Kommunen skal ha skriftlege prosedyrar for å sikre at tenestemottakarane får dei tenestene dei har behov for og krav på, jf. kvalitetsforskrifta § 3.

Helsedirektoratet har utarbeidd nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring. Retningslinjene angir kva som til vanleg er å rekne som fagleg god praksis og er heilt sentrale ved vurdering av kva som vil vere forsvarlege tenester, jf. kravet om forsvarleg verksemd og systematisk arbeid for kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 4-2.

Etter retningslinjene skal kommunen sikre at alle tenestemottakarar vert kartlagde for ernæringsmessig risiko ved oppstart av teneste/vedtak om tildeling av heimesjukepleie og deretter jamleg kvar månad, eller etter eit anna individuelt opplegg som er fagleg grunngjeve. Kartlegginga skal gjennomførast på ein systematisk måte, gjerne ved bruk av eigna kartleggingsverktøy. Resultat frå kartlegginga skal vurderast av kvalifisert helsepersonell.

Tenestemottakar sin ernæringsstatus skal identifiserast. Dei som er identifiserte til å vere i ernæringsmessig risiko eller er underernærte skal følgjast opp med relevante og individuelt tilpassa tiltak. Kommunen må fange opp endringar i behov hjå tenestemottakarane. Avgjerder om vidare utgreiing, iverksetting og oppfølging av individuelle og målretta tiltak skal utførast av kvalifisert helsepersonell.

Samarbeid og samhandling
Kommunen skal legge til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar der dette er nødvendig for å kunne tilby forsvarlege tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4.

Dette betyr mellom anna at kommunen må sikre at tenestemottakarar som kun får praktisk bistand vert fanga opp dersom dei er i ernæringsmessig risiko eller er underernærte.

Kommunen må ha rutinar som sikrar samarbeid og kommunikasjon mellom heimesjukepleien og personell som yter praktisk bistand. Rutinar må vere kjende og verte brukt av dei tilsette.

Det kan vere ulike medisinske årsaker til at tenestemottakarar har ernæringsmessig risiko eller er underernærte. Kroniske sjukdommar og/eller legemiddelbruk kan føre til nedsett matlyst og kvalme, som igjen kan føre til at ein ikkje får i seg tilstrekkeleg ernæring. Kommunen må sikre at heimebuande tenestemottakarar får nødvendig undersøking og behandling hjå fastlegen.

Legemiddelhandtering
Verksemdleiar etter legemiddelhandteringsforskrifta skal sørge for at legemiddelhandteringa vert utført forsvarleg. Dersom verksemdleiar sjølv ikkje er lege eller farmasøyt, skal det peikast ut ein fagleg rådgjevar med slik utdanning, jf. § 3 i forskrifta. Verksemdleiar skal sørge for internkontoll, mellom anna utarbeide og oppdatere skriftlege prosedyrar for legemiddelhandteringa, gje skriftlege avgjerder om kva kompetanse tilsette som skal utføre oppgåver innan legemiddelhandtering skal ha og sørge for at helsepersonell får nødvendig opplæring og kompetanseutvikling i legemiddelhandtering. Verksemdleiar skal sørge for rutinar for å melde og følgje opp feil og uønska hendingar knytt til legemiddelhandteringa. Verksemdleiar har også ansvar for jamleg risikovurdering av legemiddelhandteringa og for systematisk gjennomgang av verksemdas rutinar og praksis.

Forsvarleg legemiddelhandtering og oppfølging av tenestemottakarar er ofte avhengig av samarbeid mellom heimesjukepleie og fastlege. Både sjukepleiar i heimetenesta og fastlege har behov for samarbeid for å ivareta sine oppgåver. Kommunen har ansvaret for å bidra til at tenestemottakar får nødvendig legetilsyn og plikt til å sikre fastlegen informasjon om pasientens bruk av legemiddel som er rekvirert av andre enn pasientens fastlege.

Ei oppdatert og samstemt liste over legemiddel i bruk skal alltid følge pasienten ved skifte av omsorgsnivå, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 5.

Dokumentasjon og journalføring
Kommunen skal sørge for forsvarlege journal- og informasjonssystem, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-10. Alle tilsette som gjev helsehjelp har plikt til å føre pasientjournal, jf. helsepersonellova § 39. Journalen skal innehalde relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. I pasientjournalforskrifta §§ 4 - 8 er det nærare konkretisert kva opplysningar som skal journalførast. Journalen skal førast løpande, og gje ei oppdatert oversikt over observasjonar, vurderingar, avgjerder og tiltak.

Systematisk styring og kvalitetsforbetring

Helse- og omsorgstenestene skal vere forsvarlege, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er kommunens ansvar å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i innhald og omfang.

For å oppfylle dette kravet må kommunen organisere og legge til rette slik at helsepersonell kan utøve verksemda si forsvarleg. Det inneber mellom anna å sørge for tilstrekkeleg bemanning og sikre at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse, og gje dei nødvendig opplæring.

Helse- og omsorgstenestelova § 4-2 pålegg kommunen å drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette systematiske arbeidet skal inngå som del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 5. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleiken. Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet. Det vil seie korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgstenestelovgjevinga. Styringssystemet, jf. pliktene i forskrifta §§ 6 til 9 skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfanget som er nødvendig.

Basert på krava ovanfor, må mellom anna dette kunne ventast av ei forsvarleg heimeteneste:

  • leiinga sørgjer for at fordeling av ansvar, oppgåver og mynde er avklart, og at tilsette i heimetenesta har nødvendig fagleg kompetanse
  • leiinga sørgjer for innarbeidde rutinar for førebygging og behandling av underernæring og legemiddelhandtering
  • kommunen følgjer med på at rutinar fungerer og blir følgde, og gjer nødvendige korrigerande tiltak når det blir meldt om feil, manglar eller uønskte hendingar
  • leiinga har oversikt over område i verksemda der det er risiko for svikt, behov for kvalitetsforbetring eller mangel på etterleving av lovkrav, handsaming av avvik og at det vert arbeid systematisk med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Helse- og sosialetaten i Stryn kommune har kommunalsjef  som ansvarleg leiar. Nestleiar helse- og sosial er organisert i stab til kommunalsjef og er kommunalsjefens stedfortreder. Nestleiar har ikkje direkte personalansvar, men har mellom anna ansvar for økonomi og fagleg rådgjeving til pleie- og omsorgstenestene. Etaten har fem einingar der heimesjukepleie og heimetenester er lagt til Eining for pleie og omsorgstenester område Stryn og Eining for pleie og omsorgstenester område Vikane. Einingane vert leia av kvar sine einingsleiarar med ansvar for økonomi, personell og tenesteyting. Dei assisterande einingsleiarane fungerer som avdelingsleiarar med ansvar for den daglege tenesteytinga og har fullmaktene til einingsleiar i einingsleiar sitt fråvær. Det er utarbeidd stillingsomtaler og funksjonsskildringar for stillingane.

Kommunen brukar elektronisk styringssystem Compilo og elektronisk journal Visma Profil. Det vert nytta elektronisk meldingsutveksling med helseføretak og fastlegar. Legemiddel vert administrert med multidose. Det vert også nytta dosett ved behov. Kommunen har tilbod om- og det vert gjort vedtak om tildeling av matombringing. Kommunen har opplæringsplan for nytilsette som mellom anna inneheld opplæring om legemiddelhandtering, opplæring i ernæringsarbeid og bruk av MNA-kartleggingsskjema. 

Stryn kommune har delavtale med Helse Førde HF om mellom anna tilvising til- og innlegging i sjukehus og utskriving frå sjukehus. Kommunen har også delavtale med helseføretaket om felles ordning for avvik og avvikshandsaming innan samhandling. Innbyggjarane i Stryn kommune har Helse Førde Nordfjord sjukehus som sitt lokalsjukehus.

Identifisering av ernæringsmessig risiko og underernæring
Kommunen har utarbeidd skriftleg prosedyre for ernæringsvurdering der føremålet er å kartlegge om brukarar har risiko for underernæring. Prosedyren er oppretta 10.12.2012 med siste revisjon 23.08.2019. Den viser til nasjonale retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring.

Det går fram av prosedyren at alle personar som er innskrivne i heimesjukepleien skal ha tilbod om vurdering av ernæringsmessig risiko ved innlegging/vedtak og deretter månadleg (vekt) eller oftare dersom situasjonen tilseier det. Kartlegginga skal utførast ved bruk av MNA-kartleggingsskjema. Kartlegginga skal dokumenterast på MNA-skjema i Profil. MNA-skjema skal brukast og fyllast ut seinare ved behov eller endringar. Avdelingsleiar er ansvarleg for at oppgåvene vert delegert og rutinen følgd.

I følgje verksemdas funksjonsskildring for primærkontaktar har primærkontakt ansvar for å gje tilbod om ernæringskartlegging, følgje opp dette og dokumentere etter fastlagde rutinar.

Dei tilsette kjende til prosedyren og MNA-skjema. Det vart opplyst at alle tilsette i heimetenesta har ansvar for å kartlegge brukarane med hjelp av MNA-skjema. Resultat frå kartlegginga skal dokumenterast i MNA-skjema i Profil. Vektkontroll skal førast under «Målingar». Det vart også opplyst at dei tilsette er i gang med å dokumentere i det elektroniske MNA-skjema i Profil, men at det ikkje er lagt inn MNA-skjema på alle brukarar i journalen. Resultat frå kartlegginga vert då dokumentert under «Ivareta eigen helsetilstand: Ernæring». Skjema (papir) vert lagra i eigen perm.

Kartlegging med bruk av MNA-skjema vert unntaksvis utført i kartleggingsbesøk ved søknad om tenester. Ved slike kartleggingsbesøk nyttar avdelingsleiar eige skjema som også inneheld Iplos-opplysningar. MNA-kartlegginga vert utført av andre tilsette etter dette kartleggingsbesøket. 

Dei intervjua opplyste at dei utfører månadlege vektkontrollar, eller etter individuelle behov for brukarar som ikkje er i risiko. Vekta vert dokumentert under «Målingar» i journal. Det vert ikkje utført kartlegging eller vektkontroll på brukarar som ikkje ønskjer eller har samtykka til dette. Tidspunkt for ny vektkontroll vert ført på «hugselapp» i Profil, eller på arbeidslista.

Dei tilsette har tilbod om internundervisning i form av e-læring og «tysdagsundervisning». Ernæring er tema i e-opplæringa. Avdelingsleiar set opp plan for ønska e-læring. Det har også vore gjeve opplæring i bruk av MNA-skjema og gjennomgang av rutine i personalmøte. Område Vikane har delteke i læringsnettverk i Pasienttryggleiksprogrammet, og har hatt internundervisning om ernæring som del av nettverksarbeidet.

Det vart opplyst at verksemda har system for å melde avvik i Compilo. Det har ikkje vore praksis å melde avvik som handlar om ernæring.

Leiarane har risikovurdert verksemdas ernæringsarbeid 15.07.2019. Dei tilsette har tilgang til resultatet av risikovurderinga i Compilo.

Journalgjennomgangen viste at det i 37 av 42 journalar var dokumentert opplysningar om ein eller fleire vektkontrollar. MNA-skjema var fylt ut i 17 av 42 journalar. I journalar der det ikkje var lagt inn opplysningar i MNA-skjema, var resultat av kartlegginga ført under tiltak «Ivareta eigen helsetilstand: ernæring». Opplysningar om kartlegging av- og ernæringsstatus var registrert under Iplosdata i 25 av 42 journalar. Dato for registreringa var ikkje oppdatert i alle journalane.  

Fylkesmannen sende spørjeskjema til 34 tenestemottakarar i målgruppa i forkant av tilsynet. Av dei 16 som svara, var det 13 som hadde fått målt vekta si.

Oppfølging av tenestemottakarar for å førebyggje og behandle underernæring
I følgje kommunens skriftlege rutine skal personar som ikkje er i risiko følgjast opp med vektkontroll ein gong per månad. Personar i risiko eller underernærte skal følgjast opp med egna og individuelle næringstiltak. Oftare vektkontroll skal vurderast. Igangsette tiltak skal evaluerast og endrast dersom nødvendig. Lege skal informerast om resultata frå vurderingane. Utført undersøking skal dokumenterast i pasientjournal under «Ivareta eiga helse: Ernæring». Underliggande årsaker skal kartleggast og dokumenterast. Alle med trong for oppfølging skal ha ernæringsplan i journal. Planen skal skrivast under «Ivareta eigen helsetilstand: Ernæring».

Det vart opplyst at brukarar som ønskjer det, får vektkontroll ein gong kvar månad eller etter individuell vurdering. Ved vektkontrollane vert det nytta eiga vekt eller avdelingas vekt. Resultat frå målingane vert ført under «Målingar» i journal. Påminning om ny vektkontroll vert ført på «Hugselapp» i Profil.

Dei tilsette rapporterer om sine observasjonar til ansvarleg sjukepleiar/avdelingsleiar. Observasjonar og aktuelle tiltak for tenestemottakarar som er kartlagt til å vere i risiko eller er underernærte vert drøfta i personalgruppa. I samarbeid med pasient og eventuelt pårørande, tek personalet i fellesskap stilling til kva tiltak som skal igangsettast. Omsorgssentra sitt kjøkkenpersonale og fastlege vert kontakta ved behov.

Det vart også opplyst at opplysningar om tenestemottakars problemstillingar og tiltak vert dokumentert i journal under Tiltaksplan «Ivareta eigen helsetilstand: Ernæring». Det vert ikkje utarbeidd ernæringsplan på eige skjema. Heimetenesta får hjelp av kjøkkenpersonalet ved behov for utrekning av energibehov eller energiinntak. Evaluering av tiltaka vert utført fortløpande, og rapportering om gjennomførte tiltak vert dokumentert fortløpande i journalen.

For tenestemottakarar som ønskjer hjelp til matombringing vert det skrive vedtak om hjelp til ernæring, til dømes middagsombringing /full kost. 

Journalgjennomgangen stadfesta opplysningane. Journalgjennomgangen viste at tiltak og vidare oppfølging vert ført under tiltaksbeskrivelse og/eller rapport. Journalgjennomgangen viste få spor av evaluering av tiltaka. Journalgjennomgangen synte spor av at pasientens ernæringssituasjon var teke opp med fastlege.

Dei ansvarlege for den daglege oppfølginga opplyste at det ikkje vert skrive ernæringsplan på eige skjema, med at ernæringsplanen vert ført under tiltaksplan i Profil i samsvar med eigne rutinar. Dei er kjende med at igangsette tiltak ikkje vert jamleg og systematisk evaluerte, og at det ikkje vert skrive avvik som handlar om ernæring eller ernæringssituasjonen til brukarane. Leiinga har risikovurdert heimetenestas ernæringspraksis og kome til at det er låg risiko for svikt i ernæringsarbeidet.

Oppdatert oversikt over tenestemottakars legemiddelbruk
I følgje Retningslinjer for bruk av elektroniske meldingar i Stryn kommune vert legemiddel administrert etter sjukehusets medisinkort (epikrise) hjå pasientar som er utskrivne frå sjukehus. Dersom brukar ikkje har multidose, gjer ein endringar i medisinkortet og sender dette til fastlege for godkjenning/signatur.

Kommunen har skriftlege retningslinjer for legemiddelhandtering. I følgje Endringar av legemiddel i multidose skal heimebaserte tenester snarast gje melding til fastlegen dersom dei får kjennskap til endringar i legemiddelbehandlinga. Dette skal skje ved kopi av resept eller epikrise, eller dei skal legge medisinen inn på medisinkortet i Profil og sende e-melding til fastlegen.

Det vart opplyst at dei fleste av brukarane har multidose. Det vert også nytta dosett ved behov. Ved endringar som gjeld multidose oppdaterer sjukepleiar medisinkort i journal og sender deretter kopi av legemiddelkort til fastlege med spørsmål om legen kan sende oppdatert medisinliste til multidoseapotek. Når sjukepleiar endrar / oppdaterer medisinlista, vert det utført dobbelkontroll av anna sjukepleiar.

Ved endringar i legemiddelbehandlinga som gjeld legemiddel som ikkje skal i multidose og som er ordinert av andre enn fastlege, til dømes antibiotikakur, oppdaterer og kontrollerer sjukepleiar medisinkort i journal på same måte. Det vert ikkje alltid sendt kopi av oppdatert medisinkort til fastlege etter oppdateringa. Dette vert forklart med at fastlege også får kopi av epikrise frå sjukehus eller legevakt. Ved mistanke om feil i sjukehusets legemiddelliste tek sjukepleiar telefonisk kontakt med sjukehus for avklaring.

Journalgjennomgangen viste at pasientane hadde medisinkort med dobbelsignatur av sjukepleiar.

Journalgjennomgangen viste at når sjukehuset endra legemiddelbehandlinga var det sendt e-melding med legemiddelopplysninger/kopi av medisinkort til fastlege med spørsmål om legen kunne sende ny legemiddelliste til multidoseapotek. Journalgjennomgangen viste spor av e-meldingar som inneheld kopi av medisinkort/ legemiddelopplysningar etter utskriving frå sjukehus for legemiddel som skulle administrerast på andre måtar.

Journalgjennomgangen og synfaringa på medisinrommet viste at det vert gjennomført dobbelkontroll ved endringar i medisinkortet i Profil.

Kommunens samarbeid med og informasjon til fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruk (samstemming av legemiddellister)
I følgje Delavtale mellom Helse Førde HF og Stryn kommune om tilvising og innlegging i sjukehus skal det nyttast elektroniske meldingar der innleggingsrapporten skal innehalde korrekt medisinliste som er samordna med fastlegens medisinliste.

I følgje kommunens retningslinjer for bruk av elektroniske meldingar skal legemiddelmelding sendast frå heimetenesta til lege to gonger per år når brukaren ikkje har multidose, og straks når informasjon om endring av medisinering er motteke frå andre enn fastlege, til dømes sjukehus, legevakt, spesialist, andre og det ikkje framgår at legen har fått kopi. 

Kommunen har Avtale med sjukehusapoteka Vest om farmasøytiske tenester som mellom anna omfattar levering av legemiddelgjennomgangar for 75 pasientar i året i samarbeid med fastlege og sjukepleiar, to internrevisjonar i året, deltaking i tverrfaglege møte og undervisning.  

Det vart opplyst og journalgjennomgangen viste at det vart sendt informasjon med opplysninger om legemiddelbehandlinga i e-melding til sjukehus når pasientane vart innlagt i sjukehus.

Det vart opplyst og journalgjennomgangen viste at det fortløpande vert nytta elektronisk meldingsutveksling med fastlegane med spørsmål og informasjon om legemiddelbehandlinga til pasientane. Avdelingsleiar/sjukepleiar har jamlege møte med fastlegane med gjennomgang av mellom anna pasientanes legemiddelbruk. Det vart opplyst og journalgjennomgangen viste at det vart gjennomført legemiddelgjennomgangar med farmasøyt, fastlege og sjukepleiar.

Det vart opplyst at oppdaga avvik som gjeld legemiddelhandteringa vert meldt i avviksystemet i Compilo. Avvik vert følgt opp av næraste leiar. Nokre gonger vart avvika gjennomgått og drøfta i gruppemøte/avdelingsmøte.

Det vart opplyst og dokumentert at leiinga har gjennomført kartlegging og risikovurdering av legemiddelhandteringa for å sikre god og rett legemiddelhandtering. Informasjonsflyten ved skifte av omsorgsnivå var vurdert med låg risiko for svikt.  

Rapport frå farmasøytisk tilsyn synte at det var gjennomført internrevisjon av legemiddel-handteringa i heimetenesta sone Stryn og sone Vikane 2018 og 2019.

I Fylkesmannens kartlegging i forkant av tilsynet vart 37 tenestemottakarar i målgruppa spurde og vi fekk 16 svar. Alle som svara fekk hjelp til å administrere legemiddel. Alle var delvis- eller svært nøgde med hjelpa dei fekk.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgstenestelovgjevinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Leiinga i kommunen har eit overordna ansvar for styringssystemet og for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgjevinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt.

Stryn kommune v/ kommunalsjef styrer heimetenesta i linje gjennom einingsleiarar og assisterande einingsleiarar /avdelingsleiarar. Tilsette som yter praktisk bistand/heimehjelp har same leiar som dei som yter heimesjukepleie.

Kommunens tiltak for å førebygge og behandle underernæring
Kommunen har teke utgangspunkt i nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring i eigen prosedyre. Dei tilsette kjenner prosedyren, og praksis er i samsvar med eigen prosedyre. Det vert nytta anerkjent kartleggingsverktøy, og brukarar som er kartlagt til å vere i risiko eller er underernærte vert følgt opp med individuelle tiltak. Resultat frå kartlegging, opplysningar om behov, planlagde tiltak og den fortløpande gjennomføringa av tiltak vert dokumentert i journal. Verksemda har ulike ordningar for internopplæring og undervisning. Tilsette som yter praktisk bistand har tilbod om opplæring om ernæring. 

Vår vurdering er at det er rom for forbetring når det gjeld dokumentasjon av mål for behandlinga, vurderingar som ligg til grunn for tiltaka og systematisk evaluering av tiltaka (ernæringsplan). Leiinga følgjer med på og har oversikt over forbetringsområda. Vi vurderer difor at verksemdas styring er tilstrekkeleg for å sikre at tenestemottakarar som er i risiko eller er underernærte vert fanga opp og identifiserte og at behovet for hjelp og oppfølging vert ivareteke på ein forsvarleg måte.

Kommunens tiltak for å sikre oppdatert oversikt over brukaranes legemiddelbruk og samarbeid med fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruken
Kommunen har skriftlege retningslinjer som skal sikre fortløpande oppdatering av legemiddellister i pasientjournalen, og informasjon til- og samhandling med fastlegane og spesialisthelsetenesta om pasientanes legemiddelbruk. Fylkesmannen vurderer at arbeidet vert utført i samsvar med kommunens retningslinjer og av helsepersonell med nødvendig kompetanse. Vi meiner likevel at legemiddelhandteringa er sårbar når det vert gjort endringar i- og nytta legemiddellister som ikkje alltid er godkjent av fastlege. Fastlegen er ansvarleg for pasientanes legemiddelbehandling. Bruk av legemiddellister og legemiddel som ikkje er godkjent av fastlege gjev auka risiko for at pasienten kan få feil legemiddelbehandling.

Tiltak som multidose, sjukepleiars dobbelkontroll, godt samarbeid med- og låg terskel for å kontakte fastlege via e-meldingar, fysiske møte med fastlegane med samstemming av legemiddellistene og jamlege legemiddelgjennomgangar reduserer denne risikoen. Bruk av avviksmeldingar i styringa, jamlege risikovurderingar og gjennomgangar av retningslinjene og farmasøytisk tilsyn/internrevisjon gjer at vi vurderer at kommunes styring er tilstrekkeleg for å sikre forsvarleg oppdatering og samstemming av legemiddellistene.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er difor avslutta.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Eli Wangen
seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 24.06.2018.

Opplysningar vi hadde bedd om vart motteke 27.06.2019, 19.07.2019 og 09.09.2019. Program vart sendt til kommunen 10.09.2019. Korrigert program vart sendt ut 18.09.2019.

I forkant av tilsynsbesøket vart det gjennomført ei brukarkartlegging. Vi sende ut eit enkelt spørjeskjema til 37 tenestemottakarar i målgruppa for tilsynet. 16 tenestemottakarar svara på kartlegginga.

Under tilsynsbesøket 08.10.2019 var vi på synfaring på heimetenesta område Stryn sitt medisinrom. Vi såg mellom anna gjennom permar med brukarane sine medisinlister for multidose og dosettar. 

Tilsynet vart gjennomført ved Stryn omsorgssenter, og innleia med eit kort informasjonsmøte 08.10.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 09.10.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Oversikt over tenestemottakarar i målgruppa for tilsynet
  • Kopi av vedtak med saksutgreiing for 20 tenestemottakarar i målgruppa for tilsynet
  • Organisasjonskart for Stryn kommune
  • Oversikt over tilsette, stillingsstorleik og kompetanse
  • Årsrapport helse og sosial 2017
  • Vedlegg til årsrapport 2017
  • Årsrapport 2017 interkommunale helsetenester
  • Årsrapport 2018 frå avdeling for farmasøytisk rådgjeving
  • Stillingsomtaler: einingsleiar pleie og omsorgstenester område Vikane og Stryn, assisterande einingsleiar pleie og omsorgsstenester område Vikane og Stryn, avdelingsleiar i pleie og omsorgstenester, nestleiar helse og sosial,
  • Funksjonsbeskrivelse; offentleg godkjend sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedhjelpar,
  • Funksjon for tildelingsnemnd – søknad om teneste og tiltak frå pleie og omsorg
  • Avtale mellom Stryn kommune og Sjukehusapoteka Vest, Farmasøytiske tenester, legemiddelrevisjon og rådgjeving
  • Årsplan frå avdeling for farmasøytinsk rådgjeving
  • Rapport frå farmasøytisk tilsyn 14.05.2018 heimesjukepleien område Stryn, og 11.07.2019 heimesjukepleien område Vikane
  • Delavtale mellom Stryn kommune og Helse Førde HF. Tilvising og innlegging i sjukehus Utskriving frå sjukehus
  • Rutine for samhandling utskrivingsklare pasientar
  • Flytskjema E-melding mellom KAD, kommune og legevakt og sjukehus og kommune
  • Retningslinjer for elektroniske meldingar i Stryn kommune
  • Oppdatert kompetanseplan for helse- og sosialsektoren 2012 - 2016
  • Pleiersonell – Opplæringsplan med sjekklister
  • Kartlegging av brukarbehov med kartleggingsskjema
  • Rutinehandbok Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester
  • Metodebruk for Visma Profil
  • Opplæring i Visma Profil
  • Prosedyrar: Tildeling av matombringing, Iplos- registering, Grunnleggande behov – kvalitetsikring for brukarar av heimebaserte tenester
  • Prosedyrar: Pleie- og omsorg - Legemiddelhandtering
  • Kartlegging og risikovurdering av legemiddelhandteringa, 15.07.2019
  • Prosedyre: Ernæringsvurdering
  • Kartlegging og risikovurdering: Ernæringspraksis ved verksemda 15.07.2019
  • Prosedyre: Pasientjournalføring,
  • Prosedyre: Primærkontaktar sitt ansvar
  • Prosedyre: Avviksmelding
  • Rapport felles ordning for avvik og avikshandtering innan samhandling Helse Førde HF og kommunane i Sogn og Fjordane
  • Rutinar for felles ordning for avvik og avikshandtering innan samhandling Helse Førde HF og kommunane i Sogn og Fjordane
  • Oversikt over melde avvik heimebaserte tenester område Vikane og område Stryn 2018
  • Oversikt over tilsette som har gjennomført e-læring med tema underernæring 2019
  • Oversikt over e-læringskurs alle tilsette skal ta (grunnpakke) innan november 2019 på Veilederen.no

Vi har gjort stikkprøvar i 42 journalar.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • fylkeslege, Jacob Andersen, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Anne Marte Sæle, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Anne Eli Wangen , Fylkesmannen i Vestland, revisjonsleiar