Rapport frå tilsyn med Nav Bremangers behandling av søknader om økonomisk stønad etter sosialtenestelova, for personar med forsytaransvar for barn 2020
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot. Kontakt etaten som har utført tilsynet for status på avviket.
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Bremanger kommune, med tilsynsbesøk ved Nav Bremanger frå 26.02.2020 til 27.02.2020. Vi undersøkte om Bremanger kommune sikrar at Nav Bremangers vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuinga til tilsynet snakka vi med fem personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla ved Nav Bremanger.
Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Fylkesmannen.
Fylkesmannens konklusjon:
- Bremanger kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar
Dette er brot på:
Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.
Kommunens styringstiltak sikrar ikkje at det vert utøvd forsvarleg skjøn i saker som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Styringstiltaka sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak, og dei fangar ikkje opp at det manglar individuelle vurderingar.
Manglande dokumentasjon i sakene, gjer at kommunens leiing ikkje kan vite sikkert om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt søkjar til å kontrollere dette. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova. Kommunen sikrar såleis ikkje at barn i familiar med låg inntekt får det dei treng.
Vi ber om tilbakemelding om kommunens årsaksforklaring og plan for retting av lovbrotet innan 01.06.2020, sjå kapittel 6 om kva planen skal innehalde. Vi vil innan same frist ha tilbakemelding om leiinga si oppfølging og kontroll med om tiltaka verkar, vedlagt eit par anonymiserte vedtak som de har gjennomgått, sjå meir om dette i kapittel 6. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål til dette, eller treng lenger frist. Vi vil på bakgrunn av denne tilbakemeldinga vurdere om det er behov for vidare oppfølging frå vår side.
1. Tilsynets tema og omfang
I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
Temaet for tilsynet er om kommunen sikrar forsvarleg behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp til personar med forsytaransvar for barn. Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen gjennom styring og leiing sikrar at alle vedtak byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuing til tilsynet snakka vi med fem personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Bremanger.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med sosiale tjenester i Nav, etter sosialtenestelova § 9. Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.
Tenesta økonomisk stønad er regulert i sosialtenestelova kapittel 4. Sosialtenestelova inneheld òg saksbehandlingsreglar, og fastset at saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld der ikkje anna er bestemt. Ved dette tilsynet er krava i forvaltningslova § 17 om opplysning av saka og § 25 om innhaldet i grunngjevinga for vedtaket sentrale. I menneskerettslova § 2 punkt 4 er det fastsett at FNs barnekonvensjon gjeld som norsk lov. Barnekonvensjonens artikkel 3 om barnets beste inngår dermed i det rettslege grunnlaget ved dette tilsynet.
Retten til stønad til livsopphald er slått fast i sosialtenestelova § 18. Nav skal yte forsvarleg livsopphald etter individuell behovsprøving. Dersom Nav tildeler stønad etter ein bestemt sats, må det gå fram at det er vurdert individuelt, for den konkrete saka, at stønaden vil sikre søkjaren og søkjarens barn forsvarleg livsopphald. I særlege tilfelle kan Nav gje stønad etter sosialtenestelova § 19 for å fange opp ulike behov som ikkje vert dekt gjennom stønad etter
§ 18.
Det er eit sentralt prinsipp at Nav ved behandling av søknader om økonomisk stønad må vurdere konkret og individuelt om det er grunnlag for stønad, og eventuelt kor omfattande økonomisk stønad. Kartlegging og individuell vurdering av søkjarens behov dannar nødvendig grunnlag for avslag eller tildeling av stønad, og for utmåling av stønaden. Viss saka ikkje er godt nok opplyst, vil det vere stor risiko for at Navs vurdering av om vilkåra for å gje økonomisk stønad er oppfylt, og eventuelt utmålinga av stønaden, ikkje vert rett.
Det vil kunne variere noko etter søkjarens situasjon kva Nav skal ha med i kartlegginga. Nav skal alltid undersøkje om søkjaren har barn. Dersom søkjaren har barn, må Nav ved kartlegginga av søkjarens behov også kartleggje barnas behov og ta omsyn til barnas behov når dei vurderer om det er grunnlag for stønad. Nav må òg ta omsyn til barnas behov ved utmåling av stønaden. FNs barnekonvensjon artikkel 3 inneber at Nav ved behandling av søknader om stønad til livsopphald frå ein søkjar som har omsorg for barn, pliktar å vurdere omsynet til barnets beste. Ved behov skal Nav sikre barnet materiell hjelp og nødvendige støttetiltak, særleg med omsyn til mat, klede, fritidsaktivitetar og bustad..Det må gå fram i Navs saksutgreiing korleis kvart enkelt barns behov er vurdert, og kva faktiske opplysningar som er lagt til grunn ved vurderinga.
Ved fastsetting av stønad, kan kommunen ta utgangspunkt i statleg rettleiande satsar eller kommunale normer. Slike satsar og normer kan berre vere rettleiande. Det betyr at Nav uavhengig av satsar og normer må vurdere kvar søknad konkret og individuelt, og at Nav må fråvike den satsen eller norma som vert lagt til grunn som utgangspunkt for skjønet, dersom forholda i den familien saka gjeld tilseier det.
Kravet om forsvarleg teneste gjeld som eit overordna krav til tenesta, jf. sosialtenestelova § 4. Reglane i sosialtenestelova og forvaltningslova bidreg til å gje forsvarlegkravet innhald. Kvaliteten på tenestene må vere tilfredsstillande, og brukarane må få tenestene til rett tid og i tilstrekkeleg omfang.
Kommunen må gjennom organisering og styring av tenestene sikre at både tenester og tiltak er forsvarlege, jf. internkontrollplikta som er fastsett i sosialtenestelova § 5. Kravet om internkontroll er nærare regulert i forskrift (forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga).
Med internkontroll meiner vi systematiske tiltak som sikrar at kommunen etterlever gjeldande lov- og forskriftskrav for den aktuelle typen teneste, jf. internkontrollforskrifta § 3. Internkontrollen skal vere tilpassa verksemda, slik at kommunen til ei kvar tid sikrar nødvendig styring med tenestene.
Kommunens organisasjon, ansvarsplassering og oppgåvefordeling, vurdering av kompetansebehov og tilrettelegging for at dei tilsette kan utføre oppgåvene sine, oversikt over område med risiko for svikt og bruk av erfaringar frå tilsette og brukarar i forbetringsarbeidet, er viktige element i internkontrollen. Kommunen skal dokumentere internkontrollen i den grad det er nødvendig, jf. internkontrollforskrifta § 5.
Det følgjer av sosialtenestelova § 6 at kommunen skal sjå til at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen pliktar å gje dei tilsette nødvendig opplæring ved behov. Tilsette i Nav som jobbar med økonomisk stønad til barnefamiliar, må ha kunnskap om dei særlege utfordringane barn i slike familiar kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre instansar som det vil være naturleg å samarbeide med ved økonomisk stønad eller anna hjelp til barnefamiliar.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert etterlevde.
Bremanger kommune har ca. 3600 innbyggarar per fjerde kvartal 2019. Kommunens administrasjon er organisert i tre einingar. Dei tre kommunalsjefane er i rådmannens leiargruppe. Nav ligg under kommunalsjef for samfunn og utvikling.
Kommunalsjefen har møte med Nav-leiaren kvar månad, og Nav-leiaren rapporterer kvart tertial. Kommunalsjefen deltek i Navs kontormøte ein gong i måneden.
Nav-leiaren har delegert ansvar for dei kommunale oppgåvene i Nav. Dei kommunale oppgåvene i Nav omfattar mellom anna økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Nav-leiarens ansvar går elles fram av samarbeidsavtalen mellom Bremanger kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Vestland.
Det er sju tilsette ved Nav-kontoret, fordelt på fem stillingar. Kontoret er organisert i fem team, utan formelle teamleiarar. Ein tilsett kan tilhøyre fleire team. Saksbehandling av søknader om økonomisk stønad skjer i sosialteamet. Nav Bremanger har skriftlege rutinar for behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp, kartleggingsskjema for økonomisk sosialhjelp, rutinar for brukarmedverknad og retningslinjer for journalføring. Rutinane vert oppdaterte ved endring, og revidert årleg. Bremanger kommune har vedteke eigne satsar for økonomisk stønad til livsopphald, som vert justert årleg etter satsane i dei statlege rettleiande retningslinjene.
Kontoret har kontormøte for alle tilsette ein gong i veka. I kontormøtet vert det til dømes informert om endringar i regelverk og rutinar, slik at alle skal vere kjende med dette.
Dei tilsette som jobbar med økonomisk sosialhjelp har oversikt over kven som har sosialhjelp, og om dei har barn eller ikkje. Dei har sosialmøte kvar veke, der dei drøftar saker. Utkast til vedtak vert sjekka av den som godkjenner vedtaket. Det er til vanleg Nav-leiaren som godkjenner vedtak. Ved Nav-leiars fråvær, er det ein bestemt rådgjevar som godkjenner i staden for Nav-leiaren. Dei tilsette i Nav er opptekne av å gjere rett vedtak. Nav har til vanleg kort saksbehandlingstid i saker som gjeld økonomisk stønad.
Kartlegging ved søknad
Kontoret har skriftleg rutine for behandling av søknader om sosial stønad. Det går fram av denne rutinen at saksførebuinga omfattar å sikre at Nav har oppdaterte opplysningar om familieforhold, busituasjon, økonomi, inntekter og utgifter og «anna», og vurdere om det er særlege behov eller omsyn Nav må ta. Nav skal kalle alle nye søkjarar inn til samtale, og dei skal kalle inn til samtale ved endringar i søkjarens situasjon og ved byrjinga av kvart år. Dei har eit kartleggingsskjema, som søkjaren kan fylle ut sjølv før samtalen, eller ein saksbehandlar fyller ut på bakgrunn av opplysningar frå søkjaren. Kartleggingsskjemaet inneheld mange spørsmål om barn og om forhold som kan verke inn på barnas situasjon. Det er lagt opp til at søkjaren skal skrive under på skjemaet saman med saksbehandlaren sin. Vi har ved intervju fått vite at skjemaet ikkje alltid at vert brukt, men at det da vert skrive notat. Vi har ved mappegjennomgangen sett døme på skjema som er heilt eller delvis utfylte. Nokre av desse er fylt ut av søkjaren, andre av Navs saksbehandlar. Ved mappegjennomgangen fann vi ikkje kartleggingsskjema eller kartleggingsnotat i alle sakene. I tre av seks mapper var det dokumentasjon som viste kartlegging gjort i februar 2020. I to av seks mapper var det siste kartleggingsskjemaet eller kartleggingsnotatet frå februar 2018. I den sjette mappa fann vi ikkje slik dokumentasjon. Vi såg ikkje dokumentasjon som viste at Nav ved kvar søknad sjekka opplysningar om familieforhold, busituasjon, økonomi, inntekter og utgifter og «anna» med tanke på om dei var oppdaterte. Dokumentasjonen viser at Nav har opplysningar om søkjarens barn, men ikkje at Nav undersøkjer og held seg oppdatert om barnas situasjon.
Dei vurderingane som vedtaket byggjer på
Det står i den skriftlege rutinen at det skal gå fram i grunngjevinga for vedtaket kvifor det innvilga beløpet er gjeve, og kvifor dette er vurdert som tilstrekkeleg i denne saka. Alle vedtak skal skrivast slik at ein person som ikkje kjenner saka, kan forstå kvifor det er gjeve avslag eller kvifor det beløpet som er innvilga, er det rette beløpet. Ved intervju fekk vi vite at Nav tek utgangspunkt i satsane som er bestemt av kommunen, og at fagprogrammet deira automatisk reknar ut eit forslag til stønad, basert på opplysningar om søkjarens husstand, tal barn, inntekter og utgifter som er godkjende av Nav. Systemet reduserer automatisk med 50% av satsen frå det tredje barnet. Saksbehandlaren kan korrigere beløpet ved å leggje til godkjende tilleggsutgifter.
Ved mappegjennomgangen såg vi at vedtaka om stønad til livsopphald byggjer på ei utrekning som viser om søkjaren har disponible inntekter etter frådrag for livsopphald etter dei kommunale satsane, eventuelt òg frådrag for utgifter som er godkjende av Nav, til dømes husleige og straum. Utrekninga er avgjerande for om søkjaren vert vurdert å fylle kriteria for å få stønad. Der utrekninga viser at søkjaren ikkje har disponible inntekter til livsopphald, vert stønaden til vanleg eit beløp som tilsvarar underdekninga. Der utrekninga viser at søkjarens inntekter er over satsen, får søkjaren avslag. Søkjaren kan få beskjed om å kome tilbake viss han/ho treng noko anna.
Vi har sett eitt døme på at Nav på bakgrunn av opplysningar om at eit barn skulle begynne i barnehage, har vurdert at det er behov for ekstra klede, sko og utstyr. I den same saka har Nav konkret teke stilling til kva ekstra klede, sko og utstyr barnet treng, og kva det vil koste å skaffe dette, med utgangspunkt i prisar i ein vanleg klesbutikk og skobutikk
I dei andre sakene har vi ikkje sett tilsvarande konkrete, individuelle vurderingar. I dei fleste sakene har Nav berre vurdert det søkjaren konkret har søkt om, og beløpet er fastsett på bakgrunn av den dokumentasjonen søkjaren har lagt fram. Vi har sett døme på vedtak der satsen er redusert med 50% frå tredje barn, utan at det konkret er vist til kva innsparings-moglegheiter søkjaren har. Vi har ikkje sett døme på sosialfaglege vurderingar av søkjarens og barnas situasjon og behov, eller konkrete vurderingar av om satsane er nok til å dekkje søkjarens og barnas behov, verken i grunngjevinga for vedtak eller i underliggande dokument.
Krisehjelp (nødhjelp) vert ytt der søkjaren dokumenterer å vere heilt eller nesten heilt utan pengar til mat. Krisehjelp vert ytt etter bestemte satsar etter kor mange vaksne og barn det er i husstanden, og etter kor mange dagar krisehjelpa skal dekkje.
Leiinga si oppfølging og kontroll
Ved intervju har vi fått vite at Nav-leiaren er tett på saksbehandlinga. Nav-leiaren sjekkar vedtaka før godkjenning. I Nav-leiarens fråvær vert vedtak sjekka og godkjent av ein rådgjevar som ikkje tilhøyrer sosialteamet, men har erfaring med saksbehandling på dette området. Kontorets kontrollrutinar sikrar ikkje at det alltid er kontakt med foreldre/ omsorgspersonar om barnas behov som ledd i kartlegginga eller at Nav har oppdaterte opplysningar om barnas situasjon på søknadstidspunktet. Kontrollrutinane sikrar heller ikkje at Nav ved utmålinga av økonomisk stønad til livsopphald har vurdert at det fastsette beløpet er nok til å dekkje forsvarleg livsopphald, både for søkjaren og søkjarens barn. Det vert ikkje kontrollert at det går fram kvifor Nav meiner at det fastsette beløpet er stort nok.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.
Fylkesmannen har ved dette tilsynet undersøkt om Bremanger kommune sikrar at Nav-kontoret ved behandling av søknader om økonomisk stønad, skaffar seg nødvendig informasjon om søkjarens livssituasjon og behov, og om saksutgreiinga sikrar at også barnas situasjon og behov vert opplyst.
Ved tildeling av økonomisk stønad skal kommunen mellom anna ta omsyn til barnas behov for klede og utstyr til fritidsaktivitetar, skuleutstyr og trygge bustadforhold. Ved behandling av søknader om økonomisk stønad frå søkjarar som har forsytaransvar for barn, er det derfor viktig at kommunen utgreier familiens situasjon godt nok til at dei kan gjere konkrete, individuelle vurderingar av kva som skal til for å sikre barna ein verdig barndom.
Det er på bakgrunn av det som har kome fram ved tilsynet ikkje tydeleg for oss at Nav tek tilstrekkeleg ansvar for opplysninga av saka. Nav har dessutan mykje relevant informasjon som ikkje er dokumentert. Kontorrutinane sikrar såleis ikkje at alle relevante opplysningar vert dokumenterte. Nav Bremanger innhentar opplysningar om tal barn, alder på barna, barnetrygd, barnebidrag og utgifter til barnehage/SFO, men det går ikkje fram at Nav utover dette opplyser saka med tanke på barnas behov og kva kostnader som er nødvendige for å dekkje både søkjarens og barnas behov, ut frå den situasjonen dei er i. Det vert innhenta dokumentasjon som viser inntekter og utgifter, men vi har berre sett eitt døme på at behov utover det som er opplyst i søknaden vert fanga opp.
Vi har ikkje høyrt og ser ikkje dokumentert at Nav i alle saker som gjeld økonomisk sosialhjelp undersøkjer om dei kommunale satsane er nok til å dekkje den delen av familiens livsopphaldsutgifter som satsane er meint å dekkje. Nav Bremanger har ikkje dokumentasjon som viser at søkjarens behov er så godt opplyst at det er mogleg å vurdere søkjarens rett til økonomisk stønad. Det er derfor heller ikkje mogleg å kontrollere om søkjaren har fått nødvendig hjelp. Ved å ikkje dokumentere slik at det går fram kva informasjon Nav meiner er relevant for vedtaket, eller korleis Nav har brukt tilgjengeleg informasjon ved vurdering av behov og utmåling av stønad, ivaretek ikkje Nav søkjarens rettstryggleik i spørsmål som gjeld livsopphald eller andre utgifter han/ho treng hjelp med.
I dei sakene der det ikkje er gjort greie for konkrete individuelle vurderingar i vedtaket, har vi heller ikkje funne slike vurderingar i underlagsdokumentasjonen til vedtaket. Kommunens satsar for livsopphald vert lagt til grunn som ei norm, utan at det er undersøkt om satsen i den konkrete saka er nok til å dekkje det den er meint å dekkje. Ved å bruke satsar for økonomisk stønad slik Nav Bremanger gjer, vert det i realiteten lagt til grunn at alle søkjarane har dei same basiskostnadene, og at det berre er andre livsopphaldsutgifter, som kan variere frå søkjar til søkjar. Dette er ikkje forsvarleg bruk av rettleiande satsar. Reduksjonen i stønad frå og med det tredje barnet, utan at det konkret er vist til kva innsparingsmoglegheiter søkjaren har, er heller ikkje forsvarleg utmåling av stønad.
Når manglande kartlegging og manglande individuell vurdering ikkje vert fanga opp av kontorets kvalitetskontroll, kan vedtak bli godkjent utan at det er vurdert om disponibel inntekt, eventuelt med stønaden frå Nav, er nok til å dekkje både søkjarens og barnas behov.
Bremanger kommune vurderer sjølve at dei har relevant og tilstrekkeleg kompetanse på dette fagområdet, men kommunens styrings- og kontrollaktivitetar sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak, og at vedtaka byggjer på konkrete, individuelle vurderingar. Feil bruk av rettleiande satsar, fører til at det vert tilfeldig om søkjaren får dei tenestene han/ho har behov for og i nødvendig omfang.
Konsekvensen av at kommunen ikkje sikrar at Nav-kontoret innhentar tilstrekkeleg informasjon om, og gjer forsvarlege vurderingar av, behova til barn i familiar som søkjer om økonomisk stønad, er at det vert usikkert om barnas behov vert dekt. Kommunen sikrar såleis ikkje at barnas behov vert dekt.
Konklusjonen ved tilsynet er at kommunen ikkje etterlever lovkrava som skal sikre at vedtak om økonomisk stønad byggjer på forsvarleg saksutgreiing og konkrete, individuelle vurderingar.
5. Fylkesmannens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Fylkesmannens peikar på følgjande:
- Bremanger kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar.
Dette er brot på:
Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.
Kommunens styringstiltak sikrar ikkje at det vert utøvd forsvarleg skjøn i saker som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Styringstiltaka sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak, og dei fangar ikkje opp at det manglar individuelle vurderingar.
6. Oppfølging av påpeikt lovbrot
I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at verksemda skal gjere i prosessen med å rette påpeikte lovbrot, slik at tenesta ivaretek krava til kvalitet og rettstryggleik for tenestemottakarane.
Fylkesmannen ber Bremanger kommune vurdere kva forhold som har ført til det påpeikte lovbrotet, og på bakgrunn av dette lage ein plan for retting.
Planen må innehalde opplysningar om kva tiltak kommunen vil setje i verk for å rette lovbrotet. For kvart tiltak må det vere fastsett ein frist for gjennomføring av tiltaket, og bestemt kven som har ansvaret for at tiltaket vert gjennomført. Tiltaka må sikre at alle tilsette som jobbar med tildeling av økonomisk stønad har fått nødvendig informasjon om gjeldande lovkrav og korleis dei skal gjennomføre sine oppgåver for å sikre at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar av søkjarens behov. Kommunen må sikre at styrande dokument, skriftlege rutinar, sjekklister, malar osb., byggjer på rett lovforståing og bidreg til at praksis vert i samsvar med lovkrava. Kommunen må vurdere om dei tilsette har behov for opplæring, og eventuelt sikre at dei får det. Kommunen må også vurdere om det er behov for andre tiltak for å sikre at dei tilsette utfører oppgåvene sine i samsvar med gjeldande lovkrav.
Vi vil også ha tilbakemelding om leiinga si oppfølging og kontroll med om tiltaka verkar.
Kommunens kontroll med Navs saksbehandling må sikre at søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet i alle saker er godt nok opplyst til at Nav kan vurdere søkjarens behov for økonomisk stønad til livsopphald, jf. sosialtenestelova § 18, eller for å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon, jf. sosialtenestelova § 19. Vidare må kontrollen sikre at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet. Dersom det ved utmåling av stønad til livsopphald er brukt rettleiande satsar (statlege og/eller kommunale), må kontrollen sikre at Nav i den aktuelle saka har sjekka ut at det tildelte beløpet er nok til å dekkje søkjarens grunnleggande behov.
Som ledd i kommunens oppfølging ber vi dykk gå gjennom dei siste ti vedtaka som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, og melde tilbake til Fylkesmannen på desse spørsmåla:
- I kor mange av desse ti sakene meiner de at saka var godt nok opplyst på vedtakstidspunktet?
- I dei sakene de meiner var godt nok opplyst på vedtakstidspunktet, korleis ser de dette?
- Av dei sakene de vurderer som godt nok opplyste på vedtakstidspunktet, i kor mange av dei meiner de at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet?
- I dei sakene der de meiner at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet, jf. spørsmål 3, korleis ser de dette?
- I kor mange av dei sakene der de meiner at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet, jf. spørsmål 4, har de vurdert kva som er til barnets beste og teke omsyn til det ved utmålinga?
- I dei sakene der de ved utmålinga har vurdert kva som er til barnets beste og teke omsyn til det, jf. spørsmål 5, korleis ser de det?
- I kor mange av dei ti sakene er det ved utmåling av stønad til livsopphald brukt rettleiande satsar (statlege og/eller kommunale)?
- Av dei sakene der de ved utmåling av stønad til livsopphald har brukt rettleiande satsar eller normer, i kor mange av desse sakene har Nav vurdert konkret at søkjaren med det tildelte beløpet vil ha nok til å dekkje nødvendig livsopphald for seg og barna i vedtaksperioden?
- I dei sakene der Nav har vurdert konkret at søkjaren med det tildelte beløpet vil ha nok til å dekkje nødvendig livsopphald for seg og barna i vedtaksperioden, korleis ser de dette?
- På bakgrunn av det de har svara på spørsmåla over, korleis vurderer de resultatet av denne gjennomgangen, og korleis vil de følgje dette opp vidare? Det må gå fram om de har justert planen for retting etter denne gjennomgangen, og når de vil gjennomføre neste kontroll og evaluering.
Vi ber dykk anonymisere to av dei ti vedtaka og sende oss kopi av desse. Vi ønskjer opplyst korleis de har vurdert desse vedtaka ved gjennomgangen (spørsmåla 1, 2, 3, 4, 6 og 7).
Frist: 01.06.2020. Ta kontakt om de har spørsmål til dette eller treng meir tid.
Med helsing
Helga Arianson
Fylkeslege
Turid Måseide
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 18.12.2019.
Før tilsynsbesøket, hadde vi samtale med fem søkjarar om deira erfaring med Nav Bremangers behandling av søknader om økonomisk stønad.
Tilsynet vart gjennomført ved Nav Bremanger, og innleia med eit kort informasjonsmøte 26.02.2020. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 27.02.2020.
Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:
- Organisasjonskart for Bremanger kommune
- Organisasjonskart for Nav Bremanger
- Informasjon om delegasjonar
- Stillingsomtale for rådgjevar ved Nav Bremanger
- Samarbeidsavtale mellom kommunen og Nav fylke
- Oversikt over tilsette i Nav, der det går fram kven som jobbar med økonomisk sosialhjelp
- Informasjon om opplæringsplanar og vurdering av kompetansebehov hjå tilsette som arbeider med sosiale tenester ved Nav Bremanger
- Kompetanse- og rekrutteringsplan for Bremanger kommune
- Rutinebeskrivelse for behandling av søknader om sosialhjelp
- Kartleggingsskjema
- Retningslinjer for journalføring
- Satsar for økonomisk stønad til livsopphald i Bremanger kommune
- Informasjon om korleis du kan søkje sosialhjelp digitalt
- Rutine for brukarmedverknad
- Rutine for bruk av § 17 Opplysning, råd og rettleiing
- Rutine for tverrfagleg samarbeid
Vi gjekk gjennom seks saksmapper. Desse var utvalde etter følgjande kriterium:
- Vi bad om å tilsendt dei siste 20 vedtaka, med tilhøyrande søknader, frå personar med forsyteransvar for barn. Vi fekk til saman 22 vedtak for dei ti søkjarane. Vi valde å gå gjennom alle dei 22 vedtaka. Fem av dei 22 vedtaka er reine avslag. Vi har òg sett døme på delvis avslag.
Denne tabellen viser kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:
Ikkje publisert her
Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:
- seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iversen, Fylkesmannen i Vestland, revisor
- seniorrådgjevar, Linda Kråkenes, Fylkesmannen i Vestland, revisor
- seniorrådgjevar, Turid Måseide, Fylkesmannen i Vestland, revisor