Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen i Vestland gjennomførte tilsyn med Havnatunet omsorgssenter, 09., 10. og 14.09.2020. Vi undersøkte om kommunen sørger for at helsehjelp gitt med tvang blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at pasientane får trygge og gode tenester.

Tilsynet blei gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn, initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannens konklusjon:

Det blei ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstema.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2020 er retta mot kommunens praktisering av tvungen somatisk helsehjelp.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse får nødvendig helsehjelp og at helsehjelpa så langt som råd, blir gitt utan bruk av tvang.

Undersøkingane har vore retta mot kommunens heimetenester i Havnatunet og gjeld følgande område:

  1. om pasientars motstand mot helsehjelp blir fanga opp
  2. om motstand frå pasientar blir følgd opp med tillitsskapande tiltak
  3. om pasientars samtykkekompetanse blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal bli gjennomført med tvang
  4. om tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden

Fylkesmannen har gjennomført tilsynet som systemrevisjon. Det inneber at vi har undersøkt korleis kommunen styrer og leiar helsetenestas og helsepersonellets praktisering av tvungen somatisk helsehjelp og om dei aktuelle lovkrava blir oppfylt. Møte og intervju blei gjennomført digitalt grunna Covid 19, medan journalgjennomgangen blei gjort i kommunen.

Fylkesmannen legg vekt på brukarmedverknad, og vi har derfor hatt telefonsamtale med fire pårørande til pasientar ved Havnatunet. Vi har også hatt samtale med ein fastlege for å få informasjon om samarbeid og informasjonsutveksling innanfor tilsynsområda.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4 andre ledd. For dette tilsynet er det undersøkt om kommunen oppfyller krav i:

  • Pasient- og brukarrettslova (pbrl.)
  • Helse- og omsorgstenestelova (hol.)
  • Helsepersonellova (hpl.)
  • Forvaltningslova (fvl.)
  • Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om fastlegeordning i kommunane

Kommunens plikt til systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Kommunen har ei generell plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at tenestas omfang og innhald er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må bli sett i samanheng med internkontrollplikta etter helsetilsynslova § 5.

Dei må vidare bli sett i samanheng med ansvaret for å tilby og yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, og med plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, jf. hol. §§ 4-1 og 4-2.

Innhaldet i styringskrava er nærare regulert i forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Internkontroll blir omtalt i forskrifta som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetar, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestene, jf. forskrifta §§ 6-9. Styringssystemet skal være tilpassa kommunens størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfang som er nødvendig, jf.forskrifta § 5. Tilsvarande gjeld for i kva grad kommunen skal dokumentere styringsaktivitetane.

I dette tilsynet har vi hatt merksemd på følgande styringskrav:

Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, jf. § 6d
Det inngår i plikta til å planlegge og også ha oversikt over område der det er risiko for svikt. Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velje styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.

Kommunen har klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde jf. §§ 6a og 7a
Kommunen skal ha ei klar organisering av helsetenestene og organiseringa skal være kjend for dei tilsette. Uklår organisering og fordeling av ansvar og oppgåver mellom ulike tenester og mellom helsepersonell er ei hyppig årsak til svikt i tenestene. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell som yter helsehjelp til same pasient, men med ulik kompetanse. Det er då heilt vesentleg å ha ei klår fordeling av ansvar, oppgåver og mynde for å redusere svikt.

Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver,, jf. §§ 6f og 7b
For å kunne organisere helsetenesta og fordele ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta treng og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunne etterleve krava i pbrl. kapittel 4A og for å kunne yte helsehjelpa på ein fagleg forsvarleg og god måte. Tiltak for å sikre kompetanse skal være tilpassa den einskilde sitt ansvar og oppgåver.

Kommunen legg til rette for felles praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d
Tvungen helsehjelp er eit område der det er behov for samarbeid, rutinar og informasjonsutveksling for å sikre forsvarleg og lik praksis. Samarbeid og informasjonsutveksling mellom helsepersonell som yter helsehjelp til pasienten, og samarbeid mellom desse og den som er ansvarleg for helsehjelpa, er vidare ein føresetnad for å sikre føreseielegheit og kontinuitet i hjelpetilbodet til pasienten. Samarbeid og informasjonsutveksling er vidare nødvendig for at helsepersonell har tilstrekkeleg med informasjon til å gjere forsvarlege helsefaglege vurderingar. Kommunen skal ha vurdert kva faglege og administrative rutinar, instruksar og avtaler som er nødvendige for å sikre lik praksis, samarbeid og informasjonsveksling på området tvungen helsehjelp. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i pasientanes journal, slik at opplysningar som er viktige for helsehjelpa er tilgjengeleg for dei som har tenestleg behov for det, og at dei enkelt kan finne opplysningane.

Følge med på at iverksette tiltak blir følgd i praksis, har effekt og eventuelt korrigerast, jf. §§ 6g, 7e og §§ 8 og 9
Kommunen har ansvar for at iverksette aktivitetar blir gjennomført som planlagt og for å følge med på om dei er hensiktsmessige og fungerer etter sin hensikt. Kommunens kontroll kan til dømes skje gjennom intern rapportering, ved å ha oversikt over meldingar om svikt og mogelege forbetringsområde frå tilsette, oversikt over klager frå pasientar og pårørande og ved å bruke resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.

Kommunen skal ha utpeikt kven som skal være overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den/dei som er utpeikt til å ha denne funksjonen, skal få kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er gjort i kommunen, og får gjennom vedtaka dermed viktig informasjon om kommunes praktisering av tvungen helsehjelp. Det er forventa at kommunen nyttar denne informasjonen i sin kontroll av praksis. Dersom kommunen gjennom sin kontroll avdekker manglar, skal kommunen iverksette nødvendige forbetringstiltak.

Krava som blir stilt til helse- og omsorgstenesta

I lovgivinga er det stilt ei rekke krav til kommunens helse- og omsorgsteneste. Kommunen skal gjennom si styring og leiing sikre at desse krava blir oppfylt. Nedanfor er ei oversikt over krava som er undersøkt:

Nødvendige og forsvarlige helse- og omsorgstjenester

Pasientar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gi slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er helsehjelp i heimen, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c og §3-2a. Helsehjelpa som blir ytt skal være forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om forsvarleg verksemd er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet blir bestemt av kva som til ei kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Forsvarlegkravet set ikkje berre krav til den faglege kvaliteten, men også til at tenestene blir ytt i tide og har eit tilstrekkeleg omfang.

Det følger av hol. § 4-1 at forsvarlegkravet også omfattar at tenestetilbodet skal være verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må sjåast i samanheng med kommunens plikt etter hol. § 3-4 første ledd til å legge til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte være ansvarlege for, eller involvert i, prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordninga i kommunane § 8 er det presisert at kommunens samarbeidsplikt i hol. § 3-4 også omfattar å legge til rette for samarbeid med fastlegen, og eit slikt samarbeid må nødvendigvis omfatte situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som kommunens helse- og omsorgsteneste skal gjennomføre.

Føresetnader og krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A

For at pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A skal kunne gjelde er det enkelte føresetnader som må være oppfylte. Helsehjelpa må være somatisk, pasienten må vere over 16 år, mangle samtykkekompetanse og motsette seg helsehjelpa. Der føresetnadane er oppfylte, er det ei rekke vilkår som må være oppfylt før helsehjelpa kan gjennomførast med tvang, og det er stilt særskilte krav til saksbehandlinga.

Samtykkevurderingar
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekte helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdere om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte være den same som skal gjere dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4 A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytte tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at pasientens samtykkekompetanse blir vurdert på ein forsvarleg måte.

Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan vise motstand mot helsehjelp på ulike måtar. Helsehjelp som blir gjennomført sjølv om pasienten gjer motstand, er tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikkje gjer motstand mot helsehjelpa, gir pbrl.§4‑6 helsepersonell heimel til å ta avgjerd om kva helsehjelp pasienten skal ha.

Tillitsskapande tiltak
Tillitsskapande tiltak er tiltak som blir satt i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår om at tillitsskapande tiltak er forsøkt før helsehjelpa blir gjennomført med tvang, med mindre det er openbert formålslaust å prøve slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.

Helsefaglege vurderingar
Ansvarleg for helsehjelpa skal gjere helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylte. Disse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, noko som inneber at det omhandlar helsehjelp som pasienten har rett på helsehjelpa etter pbrl. § 2-1 a andre ledd og om å ikkje gi helsehjelpa kan føre til vesentleg helseskade. Vidare skal vurderingane omfatte om det planlagde tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa og at tvungen helsehjelp etter ei heilskapeleg vurdering står fram som den klart beste løysinga for pasienten.

Dersom tiltaket er vurdert som eit alvorleg inngrep for pasienten, som til dømes tiltak som inneber inngrep i kroppen, bruk av reseptbelagde legemiddel, tvungen innlegging og tilbakehald på sjukeheim, skal ansvarleg for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt det er mogeleg skal helsepersonell innhente informasjon frå pasientens næraste pårørande om kva pasienten ville ha ønskt, før avgjerda om tvungen helsehjelp blir tatt, jf. § 4A-5 fjerde ledd.

Evaluering av tvungen helsehjelp
Helsepersonell skal etter § 4A-4 fjerde ledd evaluere den tvungne helsehjelpa fortløpande og avbryte tvangen straks vilkåra ikkje lenger er oppfylte. Dei skal i evalueringa legge vekt på om helsehjelpa viser seg å ha ønska verknad, eller ha uventa negative verknader.

Dokumentasjon
Helsepersonell skal føre journal i tråd med krava som blir stilt til journalens innhald, jf. hpl. § 39. Formålet med kravet om å føre pasientjournal, er mellom anna å sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og ivareta pasienttryggleiken. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet er å sjå på som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal helsepersonell, etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8, dokumentere i pasientens journal.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Fitjar kommune har om lag 3200 innbyggarar. Heimetenesta er organisert under etatssjefen.

Organisering av tenestene
Havnahuset består av 10 små leilegheiter. I tillegg disponerer heimebaserte tenester 11 store leilegheiter i bygget. Dei resterande vert disponert av habiliteringstenesta.

Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og kommunen yter tenester i heimen på same vilkår som til andre heimebuande brukarar.

Det er tilsett ein einingsleiar som har ansvar for heimetenestene i Havnahuset, heimetenester til andre heimebuande brukarar og Fitjar bu- og behandlingssenter. Det er tilsett ein avdelingsleiar som har ansvar for tenestene i Havnahuset. Dei fleste tilsette har relevant fagutdanning. Kommunen har utarbeida stillingsomtalar. Kvar pasient har primærkontakt.

Det er tre fastlegar i kommunen som følger opp sine listepasientar.

Dei tilsette ved Havnahuset har Kardex-møte kvar 14. dag der dei går gjennom alle pasientane og tek opp utfordringar knytt til einskilde pasientar. Tilsette på vakt har dagleg rapport der aktuell informasjon om pasientar blir utveksla. Kommunikasjon med fastlegane skjer gjennom e-link, og om det hastar over telefon. I helger og på kveldstid blir legevakta på Stord kontakta om pasientane treng legetenester. Pårørande får informasjon i pårørandemøte, når dei tilsette treff dei pårørande hos pasienten og på telefon.

Styring
Før tilsynet fekk vi tilsendt ei skildring av organiseringa av heimetenestene i kommunen og ei skildring av praksis for området 4A. Vi fekk skriftlege rutinar for området 4A og vurdering av samtykkekompetanse. I intervju kjem det fram at fleire av dei tilsette ikkje er kjende med at det finst skriftlege rutinar på området, men dei er likevel kjende med tematikken og har ein felles praksis på 4A-området som er i samsvar med dei skriftlege rutinane.

I intervju fekk vi opplyst at einingsleiar følger med på kva som skjer på området 4A ved å lese rapporten kvar dag og følge med på kva som blir dokumentert i journal. Ho har dagleg samtaler med avdelingsleiar og begge deltek i inntaksmøte ein gong i veka. Kommunen sine helse- og omsorgstenester vert skildra som ein tett organisasjon med små og oversiktlege tilhøve, der dei kjenner pasientane godt, og har mykje dialog. Det er fysisk nærleik mellom dei ulike tenestestadene og pasientane er ofte kjende for heimetenesta før dei får bustad på Havnahuset.

Etatssjefen har faste møte med einingsleiar om lag ein gong i månaden, og er overordna fagleg ansvarleg for vedtak etter kapittel 4A.

Det kjem fram at leiinga i kommunen ikkje systematisk følger med på kvar det kan vere risiko for at helsehjelpa på området 4A kan svikte. Dei har likevel reflektert over at god tilgang på plassar på høgare omsorgsnivå, kan vere ein årsak til at dei ikkje har hatt fleire vedtak etter kap. 4A frå heimetenesta i kommunen. Leiinga er klar over at opplæring omkring området 4A kan bli betre, og dei er klar over at alle tilsette ikkje har fått gjennomført e-læringskurs om 4A.

Det har vore planlagd internundervisning for dei tilsette der 4A skulle være tema, men dette let seg ikkje gjennomføre grunna smittevernomsyn. I staden har dei tilsette blitt oppmoda til å ta eit e-læringskurs om kap. 4A, og leiinga har lagt til rette for at dei tilsette skal ta kurset i arbeidstida. Alle tilsette har ikkje teke kurset og einingsleiar har oversikt over dette. Kapittel 4A har jamleg vore tema på Kardex-møte. Nytilsette må gå gjennom ei sjekkliste ved opplæring, og 4A er ein del av denne lista.

Kommunen har eit avvikssystem (Compilo) som er kjend for dei tilsette. Der kan dei melde avvik utan at avviket blir knytt til einskilde pasientar. Dette er til dømes avvik som gjeld medisinering og når tilsette vert utsett for vald frå pasientar. Melde avvik i Compilo blir følgt opp av einingsleiar og drøfta med avdelingsleiar. Dei tilsette får tilbakemelding på Kardex-møte av avdelingsleiar om kva som blir gjort. Avvik er også tema på dei faste møta mellom einingsleiar og etatssjefen.

Når helsepersonell yter helsehjelp med tvang, blir dette dokumentert under fana «Tvang» i Gerica. Einingsleiar og avdelingsleiar følgjer med på denne dokumentasjonen, og vurderer om dei skal gjere tvangsvedtak når tvangsbruk blir dokumentert fleire gonger på ein pasient.

Motstand
I intervjua fekk vi vite at helsepersonell er kjende med at dei har ansvar for å avdekke motstand mot helsehjelp. Dei er også kjende med at motstand kan bli uttrykt forskjellig, og dette reflekterer dei rundt mellom anna i rapport og på Kardex-møte. I intervjua kom det fram at det er tilnærma lik oppfatning av kva som blir tolka som motstand og kva helsepersonellet meiner er tvang. Dei tilsette visste at det ikkje var anledning til å halde pasientar tilbake i omsorgsbustaden. I journalen var det dokumentert at når pasientar gav uttrykk for at dei ville heim, blei det lagt til rette for at dei kunne det. Det er også klart for dei tilsette at dei skal melde observasjonar om motstand til sjukepleiar, som igjen veit når dei skal melde vidare til lege. Motstand mot helsehjelp blir dokumentert i pasientjournalen, noko vi fann fleire døme på ved journalgjennomgang.

Samtykke til helsehjelp
Det er utarbeidd skriftlege rutinar for vurdering av samtykkekompetanse ved omsorgssenteret. Dei tilsette kjenner til at det er sjukepleiar i samråd med fastlege som skal gjere vurdering av samtykkekompetanse. Det kjem fram i intervju at vurdering av samtykkekompetanse blir gjort når pasientar motset seg helsehjelp og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram, og at samtykkekompetansevurderinga blir knytt opp mot den aktuelle helsehjelpa. I journal var det nokre spor av at samtykkekompetanse var vurdert ved motstand mot helsehjelp.

Tillitskapande tiltak
Dei tilsette opplyste i intervju at dei er kjende med at dei alltid skal prøve med tillitsskapande tiltak før det eventuelt blir nytta tvang. Dei tilsette utvekslar opplysningar om kva tillitsskapande tiltak dei kan nytte og som fungerer ved rapport og i Kardex-møte. Det kjem fram at dei reflekterer omkring kvar grensa går mellom lirking, overtaling og tvang, og er opptekne av frivilligheit og medverknad frå pasientane. Det blir skrive referat frå Kardex-møta i ei bok og dei tillitsskapande tiltaka blir dokumentert i journalsystemet Gerica. Vi fann fleire gode døme på individualiserte planar for tillitsskapande tiltak ved journalgjennomgangen.

Helsefaglege vurderingar
Fleire helsepersonell kjende til vilkåra for at helsehjelp kan bli gitt med tvang, og det var klart for dei kven som hadde ansvar for å gjere dei helsefaglege vurderingane, kva vurderingar dei einskilde yrkesgruppene kunne gjere, og kven som kunne gjere vedtak etter 4A.

4A-vedtak
Havnahuset har ikkje sendt oss kopi av vedtak etter kapittel 4A i 2020, men det kjem fram i intervju og journal at dei har gjort eit vedtak som dei vil sende kopi av. I utprøvingsperioden har tvangsbruken blitt jamleg evaluert med mellom anna vurdering av effekten av tvangsbruken og eventuelle uventa negative følgjer av tvangsbruken.

JournalgjennomgangJournalgjennomgangen viste at det var dokumentert motstand mot helsehjelp hos 5 av 15 pasientar. Fleire av desse var samtykkekompetente og motstand vart derfor ikkje følgd opp. Hos pasientar med
kognitiv svikt var motstand følgd opp med tillitsskapande tiltak. Vi fann få spor av samtykkekompetansevurderingar. Det var ikkje alltid dokumentert om helsehjelpa vart ytt når pasienten ikkje ville ha hjelpa, eller dei helsefaglege vurderingane kring dette.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk styring og leiing for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga har eit overordna ansvar for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette.

Formålet med 4A om å gi forsvarleg helsehjelp og førebygge og redusere bruk av tvang stiller krav til at helsepersonell kjenner reglane og kva dei betyr i praksis.

Undersøkingane våre viser at sjølv om dei tilsette ikkje er kjende med dei skriftlege prosedyrane, kjenner dei regelverket 4A. Det er gjennomgåande at alle veit korleis praksis skal vere og kva ansvar dei har for å avdekke eventuell motstand og kva ansvar dei har når motstand blir avdekka. Slik praksis blir skildra, er dette i samsvar med dei skriftlege rutinane. Det er ikkje krav til skriftlege prosedyrar på området, men når kommunen har utarbeidd desse, meiner vi at leiinga må gjere dei kjende for dei tilsette. Då kan tilsette finne prosedyren om dei er i tvil om reglane og fange opp endringar.

Leiinga har lagt til rette for arenaer der regelverk og refleksjonar om oppfølging av enkeltpasientar er tema. Dei tilsette har fått oppmoding om å gjennomført mellom anna e-læringskurs og har lagt til rette for at kurset kan gjennomførast i arbeidstida. Ikkje alle har gjort dette. Leiinga har sjølv påpeikt at det kan vere nødvendig med tiltak for å få meir systematisk opplæring og har planar for dette. Pasientjournalsystemet er utforma slik at det er enkelt for dei tilsette å få oversikt over eventuell tvangsbruk. Einingsleiar og avdelingsleiar er tett på helsepersonellet og følgjer systematisk med både på korleis helsehjelpa blir gjennomført, mellom anna ved å halde seg oppdatert ved å lese rapportar og delta i direkte pasientretta oppgåver. Det er definert kven som har ansvar for å evaluere og korrigere rutinar og prosedyrar. Avvikssystemet blir brukt til styring av tenestene. Det er etablert ein praksis for samarbeid med lege og pårørande om 4A.

Vi meiner at leiinga har sørga for at det er rammer ved Havnatunet som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart helsepersonell korleis helsehjelpa blir utført, og at det er ein eins praksis. Det er med dette lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Konklusjon:

Det blei ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstema.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Beate Tollefsen
Seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

  • varsel om tilsynet ved Havnahuset vart sendt 24.02.2020 og var planlagt gjennomført i april 2020. På grunn av Covid 19 blei tilsynet utsett til 09., 10.09. og 14.09.2020
  • om lag ei veke før tilsynet hadde vi telefonsamtale med pårørande til fire pasientar ved Havnatunet og ein fastlege
  • startmøte med verksemda blei gjennomført digitalt 09.09.2020
  • intervju blei gjennomført digitalt 09. og 10.09.2020
  • journalgjennomgang blei gjort på Havnatunet 10.10.2020
  • oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde digitalt 14.09.2020

Vi fekk dokument tilsendt før tilsynet og andre dokument blei overlevert under tilsynet. Desse dokumenta blei gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Skildring av heimebaserte tenester, praksis og rutinar ved Havnatunet
  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tilsette
  • Stillingsomtaler:
    • einingsleiar
    • avdelingsleiar innesona
    • avdelingsleiar utesona
    • sjukepleiar
    • helsefagarbeidar
    • avdelingsassistent/pleiemedarbeidar
  • Sjekkliste for opplæring:
    • sjukepleiar
    • fagarbeidarar
    • ufaglærte i pleie
  • Vurdering av samtykkekompetanse før bruk av tvang i daglig samhandling
  • Innhenting og dokumentering av samtykkekompetanse
  • Avgjørelse om manglende samtykkekompetanse i forhold til nødvendig helsehjelp
  • Vedtak om somatisk helsehjelp til pasient uten samtykkekompetanse som motsetter seg helsehjelpen
  • Kopi av to avvik
  • Oversikt over opplæring
  • Rapport e-læring
    • tillitsskapande tiltak
    • helsehjelp og bruk av tvang
    • samtykke til helsehjelp
    • selvbestemmelsesretten
    • avvikshåndtering
  • Døme på prosedyre for pasient
  • Hefte om kompetanse
  • Tenestestandardar for Helse- og omsorgstjenesten, versjon 2019

Det blei gjennomgått 15 journalar. Journalar til pasientar med kognitiv svikt/byrjande kognitiv svikt blei prioritert.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og frammøtte på oppsummerande møte ved tilsynet:

Ikkje publisert her

Ti personar blei intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • ass. fylkeslege, Ingunn Watsend Erichsen, Vestland, revisor
  • rådgjevar, Katarina Parteka Aarsnes, Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Beate Tollefsen Vestland, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020–2021 Tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk