Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen i Vestland gjennomførte tilsyn med Eide omsorgssenter 13. og 14.10.2020. Vi undersøkte om kommunen sørger for at helsehjelp gitt med tvang til pasientar utan samtykkekompetanse, vert utført i samsvar med aktuelle lovkrav, slik at pasientane får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn, initiert av Statens helsetilsyn.

Vi gjer merksam på at Fylkesmannen frå 01.01.2021 endra namn til Statsforvaltaren i Vestland og vidare i dokumentet vert derfor dette namnet brukt. Adressa vår er den same som tidlegare.

Konklusjon:

Ullensvang kommune sikrar ikkje at det ved Eide omsorgssenter vert gjort samtykkekompetansevurdering eller helsefagleg vurdering av pasientar som viser motstand mot å vere i omsorgsbustaden, herunder vurdering av om pasienten må flytte til institusjon for å bli halden tilbake med tvang der.

Dette er brot på:

Pasient- og brukarrettslova § 4A-2, 4A-3, 4A-5, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta §§ 6-9.

Ullensvang kommune hadde ikkje merknader til førebels rapport.

Vi ber om at de sender oss ein plan for korleis de vil rette opp lovbrotet, innan 16.04.2021. Det går fram av rapportens kapittel 6 kva denne planen skal innehalde.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2020 er retta mot kommunens praktisering av tvungen somatisk helsehjelp.

Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse får nødvendig helsehjelp og at helsehjelpa så langt som råd, vert gitt utan bruk av tvang.

Undersøkingane har vore retta mot kommunens heimetenester i Eide omsorgssenter og gjeld følgande område:

  1. om pasientars motstand mot helsehjelp vert fanga opp
  2. om motstand frå pasientar vert følgd opp med tillitsskapande tiltak
  3. om pasientars samtykkekompetanse vert vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal verte gjennomført med tvang
  4. om tvungen helsehjelp vert fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden

Statsforvaltaren har gjennomført tilsynet som systemrevisjon. Det inneber at vi har undersøkt korleis kommunen styrer og leiar helsetenestas og helsepersonellets praktisering av tvungen somatisk helsehjelp og om praksis er i samsvar med lova. 

Vi legg vekt på brukarmedverknad, og har derfor hatt telefonsamtale med fire pårørande til pasientar ved Eide omsorgssenter.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4 andre ledd. For dette tilsynet er det undersøkt om kommunen oppfyller krav i:

  • pasient- og brukarrettslova (pbrl.)
  • helse- og omsorgstenestelova (hol.)
  • helsepersonellova (hpl.)
  • forvaltningslova (fvl.)
  • forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
  • forskrift om pasientjournal
  • forskrift om fastlegeordning i kommunane

Kommunens plikt til systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Kommunen har ei generell plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at tenestas omfang og innhald er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må bli sett i samanheng med internkontrollplikta etter helsetilsynslova § 5, med ansvaret for å tilby og yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, og med plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, jf. hol. §§ 4-1 og 4-2.

Innhaldet i styringskrava er nærare regulert i forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Internkontroll vert omtalt i forskrifta som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetar, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestene, jf. forskrifta §§ 6-9. Styringssystemet skal vere tilpassa kommunens størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfang som er nødvendig, jf. forskrifta § 5. Tilsvarande gjeld for i kva grad kommunen skal dokumentere styringsaktivitetane.

I dette tilsynet har vi hatt merksemd på følgande styringskrav:

Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, jf. § 6d

Det inngår i plikta til å planlegge og også ha oversikt over område der det er risiko for svikt. Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velje styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.

Kommunen har klår fordeling av ansvar, oppgåver og mynde jf. §§ 6a og 7a

Kommunen skal ha ei klår organisering av helsetenestene og organiseringa skal være kjend for dei tilsette. Uklår organisering og fordeling av ansvar og oppgåver mellom ulike tenester og mellom helsepersonell, er ein hyppig årsak til svikt i tenestene. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell med ulik kompetanse som yter helsehjelp til same pasient. Det er då heilt vesentleg å ha ei klår fordeling av ansvar, oppgåver og mynde for å redusere risiko for svikt.

Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver, §§ 6f og 7b

For å kunne organisere helsetenesta og fordele ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta har behov for og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunne etterleve krava i pbrl. kapittel 4A og for å kunne yte helsehjelpa på ein  forsvarleg og god måte. Tiltak for å sikre kompetanse skal vere tilpassa den einskilde sitt ansvar og oppgåver.

Kommunen legg til rette for felles praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d

Tvungen helsehjelp er eit område der det er behov for samarbeid, rutinar og informasjonsutveksling for å sikre forsvarleg og lik praksis. Samarbeid og informasjonsutveksling mellom helsepersonell som yter helsehjelp til pasienten, og samarbeid mellom desse og den som er ansvarleg for helsehjelpa, er vidare ein føresetnad for å sikre føreseielegheit og kontinuitet i hjelpetilbodet til pasienten. Samarbeid og informasjonsutveksling er vidare nødvendig for at helsepersonell skal ha tilstrekkeleg informasjon til å gjere forsvarlege helsefaglege vurderingar. Kommunen skal ha vurdert kva faglege og administrative rutinar, instruksar og avtaler som er nødvendige for å sikre lik praksis, samarbeid og informasjonsutveksling på området tvungen helsehjelp. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i pasientjournalar, slik at opplysningar som er viktige for helsehjelpa er lett tilgjengeleg for dei som har tenestleg behov for opplysningane.

Følge med på at iverksette tiltak vert følgd i praksis, har effekt og eventuelt vert korrigert, jf. §§ 6g, 7e og sect; 8 og 9

Kommunen har ansvar for at iverksette tiltak vert gjennomført som planlagt og for å følge med på om dei fungerer etter sin hensikt. Kommunens kontroll kan til dømes skje gjennom intern rapportering, ved å ha oversikt over meldingar frå tilsette om svikt og mogelege forbetringsområde, ved å ha oversikt over klager frå pasientar og pårørande og ved å bruke resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.

Kommunen skal ha utpeikt kven som skal være overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den/dei som er utpeikt til å ha denne funksjonen, skal få kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er gjort i kommunen, og får gjennom vedtaka dermed viktig informasjon om kommunens praktisering av tvungen helsehjelp. Det er forventa at kommunen nyttar denne informasjonen i sin kontroll av praksis. Dersom kontrollen avdekker manglar, skal kommunen iverksette nødvendige forbetringstiltak. 

Krava som vert stilt til helse- og omsorgstenestene

I lovgivinga er det stilt ei rekke krav til kommunens helse- og omsorgstenester. Kommunen skal gjennom styring og leiing sikre at desse krava vert oppfylte. Nedanfor er ei oversikt over krava:

Nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester

Pasientar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gi slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er helsehjelp i heimen, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c og § 3-2a. Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om forsvarleg verksemd er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet vert bestemt av kva som til ei kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Forsvarlegkravet inneber fagleg kvalitet, at tenestene vert ytt i tide og at tenestene har eit tilstrekkeleg omfang.

Det følger av hol. § 4-1 at forsvarlegkravet også omfattar at tenestetilbodet skal vere verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må sjåast i samanheng med kommunens plikt etter hol. § 3-4 første ledd til å legge til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte vere ansvarlege for, eller involvert i prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordninga i kommunane § 8, er det presisert at kommunens samarbeidsplikt i hol. § 3-4 også omfattar og legge til rette for samarbeid med fastlegen. Dette samarbeidet må nødvendigvis omfatte situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som kommunens helse- og omsorgsteneste skal gjennomføre.

Føresetnader og krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A

For at pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A skal kunne gjelde, er det enkelte føresetnader som må vere til stades. Helsehjelpa må være somatisk, pasienten må vere over 16 år, mangle samtykkekompetanse og motsette seg helsehjelpa. Der føresetnadane er til stades, er det ei rekke vilkår som må være oppfylte før helsehjelpa kan gjennomførast med tvang, og det er stilt særskilte krav til saksbehandlinga.

Samtykkevurderingar

Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekte helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdere om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte vere den same som skal gjere dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4 A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytte tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at pasientens samtykkekompetanse vert vurdert på ein forsvarleg måte.

Motstand mot helsehjelp

Pasientar kan vise motstand mot helsehjelp på ulike måtar. Helsehjelp som vert gjennomført sjølv om pasienten gjer motstand, er tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikkje gjer motstand mot helsehjelpa, gir pbrl. § 4‑6 helsepersonell heimel til å avgjere kva helsehjelp pasienten skal ha.

Tillitsskapande tiltak

Tillitsskapande tiltak er tiltak som vert sett i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår at tillitsskapande tiltak er forsøkt før helsehjelpa vert gjennomført med tvang, med mindre det er openbart formålslaust å prøve slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.

Helsefaglege vurderingar

Ansvarleg for helsehjelpa skal gjere helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylte. Desse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, at det er helsehjelp som pasienten har rett på etter pbrl. § 2-1 a andre ledd og at det kan føre til vesentleg helseskade om ikkje helsehjelpa blir gitt. Vidare skal helsepersonell vurdere om det planlagde tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa og at tvungen helsehjelp etter ei heilskapleg vurdering, står fram som den klårt beste løysinga for pasienten.

Dersom tvangen er vurdert som eit alvorleg inngrep for pasienten, som til dømes inngrep i kroppen, bruk av reseptpliktige legemiddel eller tvungen innlegging og tilbakehald på institusjon, skal ansvarleg for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt som råd er skal helsepersonell innhente informasjon frå pasientens næraste pårørande om kva pasienten ville ha ønskt, før avgjerda om tvungen helsehjelp blir tatt, jf. § 4A-5 fjerde ledd.

Evaluering av tvungen helsehjelp

Helsepersonell skal etter § 4A-4 fjerde ledd evaluere den tvungne helsehjelpa fortløpande og avbryte tvangen straks vilkåra ikkje lenger er oppfylte. Det skal i evalueringa leggast vekt på om helsehjelpa har hatt ønska verknad, eventuelt uventa negative følgjer.

Dokumentasjon

Helsepersonell skal føre journal i tråd med krava som blir stilt til journalens innhald, jf. hpl. § 39. Formålet er mellom anna å sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og ivareta pasienttryggleiken. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet, er å sjå på som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal helsepersonell, etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8, dokumentere i pasientens journal.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert haldne.

Ullensvang kommune har om lag 11.000 innbyggarar. Kommunen vart slått saman med kommunane Odda og Jondal frå 1. januar 2020.

Organisering av tenestene

Eide omsorgssenter, som ligg i  Odda sentrum, er ein omsorgsbustad der det vert ytt heildøgns pleie- og omsorg for pasientar med ulik grad av demens. Pasientane er fordelte på fire grupper, A, B, C og D med åtte pasientar på kvar. Gruppene er fordelt på to etasjar. 

Organisasjonskartet viser at styringslina er frå rådmann til kommunalsjef for helse- og omsorg og vidare til verksemdleiar og avdelingsleiar ved Eide omsorgssenter.

Kommunalsjefen har leiarmøte kvar fjortande dag, og har plan for jamleg besøk på alle einingane han har ansvar for. Han har løpande dialog med verksemdsleiar.

Verksemdleiar har ansvar for heimetenestene som blir ytt på Eide omsorgssenter og på Odda sjukeheim. Han var nyleg tilsett i stillinga på tidspunktet for tilsynet. Ein avdelingsleiar har ansvar for dei fire gruppene ved omsorgssenteret, og det er gruppeleiar på kvar gruppe. Det er tilsett fagleiar ved omsorgssenteret.

Dei tilsette jobbar i 12-timarsturnus, og det er alltid sjukepleiar på vakt. Personalet rullerer vanlegvis mellom avdelingane, men dette har vore justert etter Covid-19.

Det er tilsett tilsynslege ved omsorgssenteret som vert nytta av alle pasientane der. Ho er til stades ein dag i veka og tilgjengeleg på telefon utanom dette. Utanfor arbeidstid vert legevakt kontakta. Tilsynslegen samarbeider etter behov med pasientane sin fastlege og gjer nødvendige avklåringar. Tilsynslegen er gjort kjent med rutinane for 4A og kva som er hennar oppgåve. Ho deltek alltid når det vert gjort 4A – vedtak.

Styring

Før tilsynet fekk vi tilsendt ei skildring av organiseringa av omsorgstenestene, årshjul for 2020/2021, rutinar og evaluering for individuell tiltaksplan, rutinar/tiltak før bruk av tvang og oversikt over fag- og kompetanseutvikling ved Eide omsorgssenter.

I intervju fekk vi opplyst at avdelingsleiar har ansvar for den daglege drifta og det faglege ansvaret. Ho har faste møte med verksemdleiar der avdelingsleiar ved Odda sjukeheim også deltek.

Gruppeleiarane har ansvar for å kalle inn til møte med sine grupper. På desse møta deltek sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Tema kan vere problemstillingar rundt enkeltpasientar og evaluering av tiltaksplanar.

Fagsjukepleiar utarbeider tiltaksplanar for pasientane og skal halde oversikt. Ho er ansvarleg for utarbeiding av prosedyrar og for å informere og implementere desse i organisasjonen saman med avdelingsleiar. Rutinane vert gjort kjent for dei tilsette på møte eller i e-post, og er i ein perm som dei tilsette opplyser at dei kjenner til.

Gruppeleiarane, fagsjukepleiar og avdelingsleiar har faste møte der mellom anna administrative forhold, tiltaksplanar og helsetilstanden til pasientane er tema. Avdelingsleiar les regelmessig i pasientjournalane og deltek i morgonrapporten. Vanlegvis er det jamlege avdelingsmøte, men det har ikkje vore gjennomført slike møte sidan mars på grunn av Covid-19. På dei månadlege sjukepleiarmøta kan problemstillingar kring enkeltpasientar vere tema. Morgonrapporten er ein arena der det i tillegg til rapport om pasientar, er faglege diskusjonar.

Kommunen har eit avvikssystem. Avvik er av og til tema på møta med verksemdleiar og på gruppemøta. Vi fekk utdelt kopi av 36 melde avvik. Dei fleste omhandla legemiddel. To avvik gjaldt bruk av tvang.

Dersom pasientar gjer motstand mot helsehjelp, vert det ført som avvik i pasientjournalsystemet Profil. Motstand, bruk av tillitsskapande tiltak og eventuell bruk av tvang vert dokumentert under eigen tvangsfane. Ved gjentekne avvik skal helsepersonellet vurdere å gjere tvangsvedtak etter pbrl. kap. 4A. I intervjua fekk vi vite av dei tilsette at dette er kjent og praktisert, og vi fann det dokumentert ved gjennomgang av journalar.

Pårørande fyller ut brukaropplysningar på eige skjema. Dei tilsette tek kontakt med pårørande etter behov.

Dei tilsette opplyste i intervju at dei har fått opplæring om 4A, mellom anna i internundervisning. Nytilsette får tre opplæringsdagar der mellom anna 4A er tema. Leiinga har laga eit årshjul for opplæring. Tvang er eit tema her. Fleire tilsette har deltatt på fagdag om tvang. Det var kjend for dei tilsette kva som er vilkåra for å nytte tvang, kven som skulle gjere vurderingar, og kven som kunne gjere vedtak. Det vart opplyst på intervju at vedtak alltid vert gjort i samarbeid mellom fleire helsepersonell, og at tilsynslegen har ansvar for vurdering av tvungen innlegging på sjukeheim. 

I dokumentasjonen vi har mottatt, er det opplyst at kommunalsjef helse- og omsorg er overordna fagleg ansvarleg for 4A – vedtak. I intervjua kom det fram at dette ikkje var kjent for alle. 

Vi fekk opplyst på intervju at mykje av merksemda har sidan mars 2020, vore retta mot Covid-19 og tiltak for å hindre smitte.

Kommunen har ikkje gjort systematisk risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) i samband med tvang og 4A, men i intervju trekk leiinga fram låste dører og tilbakehald som område der det kan svikte.

Motstand

I intervju fekk vi vite at dei tilsette er kjende med at dei har ansvar for å avdekke motstand. Dei er også kjende med at motstand kan verte uttrykt forskjellig. Motstand er tema mellom anna på rapport og i diskusjonar mellom helsepersonell. I intervju kom det fram at dei tilsette er opptatt av å bruke minst mogeleg tvang og at det er ei tilnærma lik oppfatning av kva som er motstand og tvang. Ved usikkerheit om pasienten yter motstand eller ikkje, reflekterer helsepersonell rundt dette.

Dei tilsette veit at det ikkje er anledning til å halde tilbake pasientar med tvang i omsorgsbustaden. I intervju fekk vi vite at fleire pasientar gir uttrykk for at dei vil heim, ofte fleire gonger i veka. Det vert då nytta tillitsskapande tiltak som å gå tur eller å ringe pårørande for at dei eventuelt ta med pasienten ut. Praksis er at helsefagarbeidarar melder observasjonar om motstand til sjukepleiar, som igjen tek dette opp med legen.

Vi fant fleire døme på at motstand var dokumentert i pasientjournalen og i tiltaksplan. Helsepersonell samarbeider med kvarandre og med pårørande for å finne årsaker til motstand og for å kunne følge opp motstand på ein god måte.

Samtykke til helsehjelp

Dei tilsette er kjende med at det er sjukepleiar i samråd fagsjukepleiar, avdelingsleiar og tilsynslege som kan vurdere samtykkekompetansen til bebuarane. Desse vurderingane vert gjort på bakgrunn av observasjonar frå helsefagarbeidarar- og anna helsepersonell. Ansvarleg helsepersonell vurderer samtykkekompetansen til bebuarane opp mot den aktuelle helsehjelpa når tillitsskapande tiltak ikkje har ført fram. Vi ser i journalar at dette er gjort for pasientar som har tvangsvedtak etter pbrl. kapittel 4A om til dømes stell og pleie. Vi kan ikkje sjå at dei same vurderingane er gjort for  pasientar som gir uttrykk for at dei vil heim. Dei tilsette opplyste i intervju at dei av og til vurderer samtykkekompetansen for denne pasientgruppa utan at vurderingane blir dokumentert i journalen. 

Tillitsskapande tiltak

Dei tilsette opplyste i intervju at dei er kjende med at dei alltid skal forsøke med tillitsskapande tiltak før det eventuelt vert nytta tvang. På morgonrapportane vert det utveksla erfaringar og opplysningar om kva tillitsskapande tiltak som fungerer hos dei enkelte pasientane. Desse opplysningane vert seinare dokumentert i tiltaksplanar i pasientjournalen. Helsepersonell prøver på denne måten å sikre at tiltaka vert utført på ein systematisk og lik måte. Tiltaka vert evaluert i gruppemøte og på rapport. Vi har høyrt under intervju og lest i journalar at tillitsskapande tiltak ikkje alltid har hatt effekt hos pasientar som motset seg å vere på omsorgssenteret, og at dette inneber at desse pasientane har vortne haldne tilbake på omsorgssenteret utan lovleg vedtak om tvang.  

Helsefaglege vurderingar

I intervju fekk vi opplyst at dei tilsette kjende til vilkåra for at helsehjelp kan bli gitt med tvang. Det var også klårt for dei tilsette kven som hadde ansvar for å gjere dei helsefaglege vurderingane, og kven som kunne gjere vedtak etter 4A. Vedtak vert alltid gjort i samarbeid mellom fleire helsepersonell. Det var også kjent at det var tilsynslegen som var ansvarleg for vurdering av tvungen innlegging i sjukeheim. Vi fann i journalen at dei helsefaglege vurderingane var dokumentert der helsehjelpa var gitt med tvang.

Ved gjennomgangen av journalane fann vi fleire døme på at pasientar har gitt uttrykk for at dei vil heim, og at tillitsskapande tiltak ikkje har ført fram. Vi kan ikkje sjå i journalane at det er vurdert om helsehjelpa bør bli gitt med tvang til desse pasientane

Evaluering av tvungen helsehjelp

Eide omsorgssenter har fram til tilsynet gjort fem vedtak etter kapittel 4A i 2020. Under tvangsfana i pasientjournalen Profil vert det dokumentert om det er nytta tvang. Vi får opplyst i intervjua at tvangsvedtaka vert evaluert undervegs og minimum to gonger kvart år. Dersom vilkåra for tvang etter pasient- og brukarrettslova kap. 4A ikkje lenger er oppfylte, vert vedtaka oppheva. Praksis er at avdelingsleiar avgjer om tvangsvedtak skal opphevast og informerer områdeleiar, som igjen informerer Statsforvaltaren om dette.

Journalgjennomgang

Vi gjekk gjennom 15 journalar frå dei siste seks månadene. I 9 av dei 15 journalane var det dokumentert at pasientar har gjort motstand mot helsehjelp. Av desse 9, var det i 3 journalar dokumentert at pasientar fleire gonger hadde gitt uttrykk for at dei ville reise heim.

Her var ikkje samtykkekompetansen vurdert, og det var ikkje gjort helsefaglege vurdering av om helsehjelpa burde bli gitt med tvang. Det var dokumentert bruk av tillitsskapande tiltak i dei fleste journalane der pasientar hadde gjort motstand mot helsehjelp. Vi fann dokumentert samtykkekompetansevurdering i 4 av 15 journalar, dette var journalar der pasientane hadde vedtak etter kap. 4A. For dei 4 pasientane som hadde vedtak etter kap. 4A, var det gjennomført evaluering av vedtaka.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk styring og leiing for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga har eit overordna ansvar for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette.

Formålet med kapittel 4A i pasient- og brukarrettslova er å gi forsvarleg helsehjelp, redusere bruk av tvang og hindre ulovleg tvang. Dette stiller krav til helsepersonell om å kjenne reglane og kva dei betyr i praksis.

Leiinga følgjer med på praksis og har lagt til rette for arenaer der regelverk og refleksjonar om oppfølging av enkeltpasientar er tema. Dei tilsette får opplæring om regelverket, men leiinga har påpeikt at det kan vere nødvendig med tiltak for å få meir systematisk opplæring.

Pasientjournalsystemet er utforma slik at det er enkelt for dei tilsette å få oversikt over eventuell tvangsbruk. Avdelingsleiar er tett på helsepersonellet og følgjer med på korleis helsehjelpa vert gjennomført, mellom anna ved å halde seg oppdatert ved å lese i journalar og delta på rapportar.  Det er definert kven som har ansvar for å evaluere og korrigere rutinar og prosedyrar. Avvikssystemet vert brukt til styring av tenestene. Det er etablert ein praksis for samarbeid med lege og pårørande om 4A.

Våre funn viser at dei tilsette kjenner til regelverket 4A og har ein kjent og innarbeidd praksis. Dei  identifiserer motstand, og veit kva dei skal gjere når motstand er avdekka. Vi ser likevel at leiinga ikkje har lagt til rette for ein praksis som gjer at dette også vert gjort når pasientar viser motstand mot å vere på omsorgssenteret.

Vår vurdering er at leiinga har sørga for at det er rammer ved Eide omsorgssenter som gjer at det er eins praksis, og ikkje vilkårleg korleis helsehjelpa blir utført. Likevel famnar desse rammene ikkje om pasientar som viser motstand mot å vere i omsorgsbustaden og vil reise heim. Vi ser i journalane at fleire pasientar over tid har motsett seg å vere på omsorgssenteret, og at bruk av tillitsskapande tiltak ikkje har hatt effekt. Vi kan ikkje sjå at leiinga har sikra at det vert gjort  samtykkekompetansevurdering og helsefagleg vurdering av om helsehjelpa skal gis med tvang for desse pasientane. Dette til tross for at leiinga og dei tilsette veit at det ikkje er anledning til å halde pasientar tilbake med tvang på eit omsorgssenter.

Vi meiner at konsekvensen av at leiing ikkje har utarbeidd eit system som sikrar at desse vurderingane vert gjort, kan vere at pasientar med samtykkekompetanse vert haldne tilbake i omsorgsbustaden sjølv om dei ikkje vil det, eller at pasientar som ikkje har samtykkekompetanse og motset seg helsehjelpa, vert haldne tilbake i omsorgssenteret utan heimel i lov.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Konklusjon:

Ullensvang kommune sikrar ikkje at det ved Eide omsorgssenter vert gjort samtykkekompetansevurdering eller helsefagleg vurdering av pasientar som viser motstand mot å vere i omsorgsbustaden, herunder vurdering av om pasienten må flytte til institusjon for å bli halden tilbake med tvang der.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi forventar kommunen skal gjere for å rette opp lovbrotet.

Vi ber om at Ullensvang kommune gjer ei vurdering av kva som har medverka til lovbrotet. De treng ikkje sende denne vurderinga til oss.

Deretter ber vi om at de sender oss følgjande:

  • ein plan med konkrete tiltak for kva de vil gjere for å rette opp lovbrotet og på kva måte
  • tidspunkt for iverksetting av tiltaka
  • oversikt over kven som er ansvarleg for gjennomføringa
  • korleis og kva tid de vil undersøke om dei iverksette tiltaka har fungert over tid

Frist for tilbakemelding til oss er 16.04.2021

Med helsing

Sjur Lehmann
ass. fylkeslege

Beate Tollefsen
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

  • varsel om tilsynet ved Eide omsorgssenter vart sendt 27.08.2020
  • vi hadde telefonsamtale med pårørande til fire pasientar ved omsorgssenteret omlag ei veke før tilsynet
  • startmøte med verksemda vart gjennomført 13.10.2020
  • intervju vart gjennomført 13. og 14.10.2020
  • journalgjennomgang vart gjort 14.10.2020
  • oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 14.10.2020

Vi fekk dokument tilsendt før tilsynet og andre dokument vart overlevert under tilsynet. Desse dokumenta vart gjennomgått og vurderte som relevante:

  • Referat fra møte med TV, verneombud og gruppeleder, 02.09.20 og 24.09.20
  • Referat fra sykepleier og vernepleiermøte fredag 03.04, 08.06. og 18.09.2020
  • Referat fra gruppemøte 1. etg. 10.02.2020
  • Tiltaksplan for en pasient
  • Gjennomgang av 36 avvik
  • Beredskap – prosedyrer
  • HMS – Eide omsorgssenter (med mellom anna rutine for Risikovurdering og primærkontakt sine oppgåver)
  • Sjekkliste nyansatt ufaglært ved Eide Omsorgssenter
  • Sjekkliste nyansatt med Helsefagutdanning ved Eide Omsorgssenter
  • Sjekkliste nyansatt Sykepleier/vernepleier ved Eide Omsorgssenter
  • Personopplysninger Min Livshistorie
  • Dagplan for Leiarmøte Odda sjukeheim og Eide omsorgssenter
  • Fag/tema årshjul Eide omsorgssenter 2020/2021
  • Rutiner og evaluering for individuell tiltaksplan
  • Rutiner/tiltak før bruk av tvang

Det vart gjennomgått 15 journalar. Journalar til pasientar med kognitiv svikt/byrjande kognitiv svikt var prioritert.

Ikkje publisert her

11 personar blei intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

  • ass. fylkeslege, Ingunn Watsend Erichsen, Statsforvaltaren i Vestland, revisor  
  • rådgjevar, Mariken Wedervang (berre 13.10.), Statsforvaltaren i Vestland, revisor  
  • seniorrådgjevar, Beate Tollefsen, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar  

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020–2021 Tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk