Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse, Tolo Omsorg, Kvam herad 2021
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot. Kontakt etaten som har utført tilsynet for status på avviket.
Statsforvaltaren i Vestland gjennomførte tilsyn med Tolo Omsorg, Kvam herad, 19., 20., 25. og 27. mai 2021. Vi undersøkte om kommunen sørger for at helsehjelp gitt med tvang blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav, slik at pasientane får trygge og gode tenester.
Tilsynet blei gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn, initiert av Statens helsetilsyn.
Konklusjon:
Kvam herad har ikkje eit system som sikrar at det blir gjort vurdering av samtykkekompetanse og vurdering av om helsehjelp skal bli gjennomført med tvang hos pasientar som viser motstand mot helsehjelp ved Tolo Omsorg.
Dette er brot på:
Pasient- og brukarrettslova § 4A-2, 4A-3, 4A-5, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta §§ 6-9.
I brev av 31.08.2021, går det fram at Kvam herad ikkje hadde merknader til faktagrunnlaget i førebels rapport.
Vi ber om at de sender oss ein plan for korleis de vil rette opp lovbrotet, innan 06.10.2021. Det går fram av rapportens kapittel 6, kva denne planen skal innehalde.
1. Tilsynets tema og omfang
I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
Det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2020/2021 er retta mot kommunens praktisering av tvungen somatisk helsehjelp.
Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse får nødvendig helsehjelp, og at helsehjelpa så langt som råd blir gitt utan bruk av tvang.
Undersøkingane har vore retta mot kommunen sine heimetenester i Tolo Omsorg og gjeld følgande område:
- om pasientar sin motstand mot helsehjelp blir fanga opp
- om motstand frå pasientar blir følgd opp med tillitsskapande tiltak
- om pasientars samtykkekompetanse blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal bli gjennomført med tvang
- om tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden
Statsforvaltaren har gjennomført tilsynet som systemrevisjon. Det inneber at vi har undersøkt korleis kommunen styrer og leiar helsetenesta og helsepersonellet sin praktisering av tvungen somatisk helsehjelp, og om dei aktuelle lovkrava blir oppfylt. Møte og intervju blei gjennomført digitalt grunna Covid-19, medan journalgjennomgangen blei gjort i kommunen.
Statsforvaltaren legg vekt på brukarmedverknad, og vi har derfor hatt telefonsamtale med fire pårørande til pasientar ved Tolo Omsorg. Vi har også hatt samtale med to fastlegar for å få informasjon om samarbeid og informasjonsutveksling innanfor tilsynsområda.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4 andre ledd. For dette tilsynet er det undersøkt om kommunen oppfyller krav i:
- Pasient- og brukarrettslova (pbrl.)
- Helse- og omsorgstenestelova (hol.)
- Helsepersonellova (hpl.)
- Forvaltningslova (fvl.)
- Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
- Forskrift om pasientjournal
- Forskrift om fastlegeordning i kommunane
Kommunens plikt til systematisk leiing og kvalitetsforbetring
Kommunen har ei generell plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at tenestas omfang og innhald er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må bli sett i samanheng med internkontrollplikta etter helsetilsynslova § 5. Dei må vidare bli sett i samanheng med ansvaret for å tilby og yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, og med plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, jf. hol. §§ 4-1 og 4-2.
Innhaldet i styringskrava er nærare regulert i forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Internkontroll blir omtalt i forskrifta som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetar, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestene, jf. forskrifta §§ 6-9. Styringssystemet skal være tilpassa kommunens størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfang som er nødvendig, jf. forskrifta § 5. Tilsvarande gjeld for i kva grad kommunen skal dokumentere styringsaktivitetane.
I dette tilsynet har vi hatt merksemd på følgande styringskrav:
Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, jf. § 6d
Det inngår i plikta til å planlegge og også ha oversikt over område der det er risiko for svikt. Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velje styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.
Kommunen har klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde jf. §§ 6a og 7a
Kommunen skal ha ei klar organisering av helsetenestene og organiseringa skal være kjend for dei tilsette. Uklår organisering og fordeling av ansvar og oppgåver mellom ulike tenester og mellom helsepersonell er ei hyppig årsak til svikt i tenestene. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell som yter helsehjelp til same pasient, men med ulik kompetanse. Det er då heilt vesentleg å ha ei klår fordeling av ansvar, oppgåver og mynde for å redusere svikt.
Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver, jf. §§ 6f og 7b
For å kunne organisere helsetenesta og fordele ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta treng og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunne etterleve krava i pbrl. kapittel 4A og for å kunne yte helsehjelpa på ein fagleg forsvarleg og god måte.
Tiltak for å sikre kompetanse skal være tilpassa den einskilde sitt ansvar og oppgåver.
Kommunen legg til rette for felles praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d
Tvungen helsehjelp er eit område der det er behov for samarbeid, rutinar og informasjonsutveksling for å sikre forsvarleg og lik praksis.
Samarbeid og informasjonsutveksling mellom helsepersonell som yter helsehjelp til pasienten, og samarbeid mellom desse og den som er ansvarleg for helsehjelpa, er vidare ein føresetnad for å sikre at hjelpetilbodet til pasienten er føreseieleg og har kontinuitet. Samarbeid og informasjonsutveksling er vidare nødvendig for at helsepersonell har tilstrekkeleg med informasjon til å gjere forsvarlege helsefaglege vurderingar. Kommunen skal ha vurdert kva faglege og administrative rutinar, instruksar og avtaler som er nødvendige for å sikre lik praksis, samarbeid og informasjonsveksling på området tvungen helsehjelp. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i pasientanes journal, slik at opplysningar som er viktige for helsehjelpa er tilgjengeleg for dei som har tenestleg behov for det, og at dei enkelt kan finne opplysningane.
Følge med på at iverksette tiltak blir følgd i praksis, har effekt og eventuelt korrigerast, jf. §§ 6g, 7e og §§ 8 og 9
Kommunen har ansvar for at iverksette aktivitetar blir gjennomført som planlagt og for å følge med på om dei er hensiktsmessige og fungerer etter sin hensikt. Kommunens kontroll kan til dømes skje gjennom intern rapportering, ved å ha oversikt over meldingar om svikt og mogelege forbetringsområde frå tilsette, oversikt over klager frå pasientar og pårørande og ved å bruke resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.
Kommunen skal ha utpeikt kven som skal være overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den/dei som er utpeikt til å ha denne funksjonen, skal få kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er gjort i kommunen, og får gjennom vedtaka dermed viktig informasjon om kommunes praktisering av tvungen helsehjelp. Det er forventa at kommunen nyttar denne informasjonen i sin kontroll av praksis. Dersom kommunen gjennom sin kontroll avdekker manglar, skal kommunen iverksette nødvendige forbetringstiltak.
Krava som blir stilt til helse- og omsorgstenesta
I lovgivinga er det stilt ei rekke krav til kommunens helse- og omsorgsteneste. Kommunen skal gjennom si styring og leiing sikre at desse krava blir oppfylt. Nedanfor er ei oversikt over dei krava som er undersøkt:
Nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester
Pasientar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gi slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er helsehjelp i heimen, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c og § 3-2a. Helsehjelpa som blir ytt skal være forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om forsvarleg verksemd er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet blir bestemt av kva som til ei kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Forsvarlegkravet set ikkje berre krav til den faglege kvaliteten, men også til at tenestene blir ytt i tide og har eit tilstrekkeleg omfang.
Det følger av hol. § 4-1 at forsvarlegkravet også omfattar at tenestetilbodet skal være verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må sjåast i samanheng med kommunens plikt etter hol. § 3-4 første ledd til å legge til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte vere ansvarlege for, eller involvert i, prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordninga i kommunane § 8, er det presisert at kommunens samarbeidsplikt i hol. § 3-4 også omfattar å legge til rette for samarbeid med fastlegen, og eit slikt samarbeid må nødvendigvis omfatte situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som kommunens helse- og omsorgsteneste skal gjennomføre.
Føresetnader og krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A
For at pasient- og brukarrettslova kapittel 4A skal kunne gjelde, er det enkelte føresetnader som må vere oppfylte. Helsehjelpa må være somatisk, pasienten må vere over 16 år, mangle samtykkekompetanse og motsette seg helsehjelpa. Der føresetnadane er oppfylte, er det ei rekke vilkår som må være oppfylt før helsehjelpa kan gjennomførast med tvang, og det er stilt særskilte krav til saksbehandlinga.
Samtykkevurderingar
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekte helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdere om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte vere den same som skal gjere dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytte tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at pasientens samtykkekompetanse blir vurdert på ein forsvarleg måte.
Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan vise motstand mot helsehjelp på ulike måtar. Helsehjelp som blir gjennomført sjølv om pasienten gjer motstand, er tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikkje gjer motstand mot helsehjelpa, gir pbrl. § 4-6 helsepersonell heimel til å ta avgjerd om kva helsehjelp pasienten skal ha.
Tillitsskapande tiltak
Tillitsskapande tiltak er tiltak som blir satt i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår om at tillitsskapande tiltak er forsøkt før helsehjelpa blir gjennomført med tvang, med mindre det er openbert formålslaust å prøve slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.
Helsefaglege vurderingar
Ansvarleg for helsehjelpa skal gjere helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylte. Desse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, noko som inneber at det omhandlar helsehjelp som pasienten har rett på helsehjelpa etter pbrl. § 2-1 a andre ledd og om å ikkje gi helsehjelpa kan føre til vesentleg helseskade. Vidare skal vurderingane omfatte om det planlagde tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa og at tvungen helsehjelp etter ei heilskapleg vurdering står fram som den klart beste løysinga for pasienten.
Dersom tiltaket er vurdert som eit alvorleg inngrep for pasienten, som til dømes tiltak som inneber inngrep i kroppen, bruk av reseptpliktige legemiddel, tvungen innlegging og tilbakehald på sjukeheim, skal ansvarleg for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt det er mogeleg skal helsepersonell innhente informasjon frå pasientens næraste pårørande om kva pasienten ville ha ønskt, før avgjerda om tvungen helsehjelp blir tatt, jf. § 4A-5 fjerde ledd.
Evaluering av tvungen helsehjelp
Helsepersonell skal etter § 4A-4 fjerde ledd evaluere den tvungne helsehjelpa fortløpande og avbryte tvangen straks vilkåra ikkje lenger er oppfylte. Dei skal i evalueringa legge vekt på om helsehjelpa viser seg å ha ønska verknad, eller ha uventa negative verknader.
Dokumentasjon
Helsepersonell skal føre journal i tråd med krava som blir stilt til journalens innhald, jf. hpl. § 39. Formålet med kravet om å føre pasientjournal, er blant annet å sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og ivareta pasienttryggleiken. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet er å sjå på som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal helsepersonell, etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8, dokumentere i pasientens journal.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.
Kvam herad har om lag 8500 innbyggarar. Heimetenesta er organisert under etatsjef for helse- og omsorg.
Organisering av tenestene
Tolo Omsorg har 32 omsorgsbustader fordelt på to hus med heildøgns bemanning. Vi har fått opplyst at dei fleste bebuarane har kognitiv svikt i ein eller annan form. Helsepersonellet er tilsett i heimetenesta, men er fast på Tolo Omsorg. Når det ikkje er sjukepleiar på Tolo Omsorg, kan dei tilsette kontakte sjukepleiar som jobbar i ute heimetenesta etter behov. Kvar pasient har primær- og sekundærkontakt. Bebuarane blir følgd opp av fastlegen sin. Kommunikasjon mellom fastlegane og helsepersonell forgår på e-link eller på telefon. Fastlegen kan komme på sjukebesøk. Når fastlegane ikkje er tilgjengeleg, kan helsepersonell kontakte legevakta.
Tolo Omsorg er organisert under heildøgns tenester i institusjon og omsorgsbustad. Gruppeleiar for Tolo Omsorg rapporterer til leiar for heildøgns tenester i institusjon og omsorgsbustad, som igjen rapporterer til helse- og omsorgssjef. Nattevaktene er organisert under ein eigen annan leiar.
Det er ikkje utarbeidd stillingsomtalar for dei tilsette, men dette er under arbeid.
Før tilsynet fekk vi tilsendt oversikt over organiseringa av heimetenestene i kommunen, og den skriftlege prosedyren for området 4A.
Styring
I intervju fekk vi opplyst at gruppeleiar følgjer med på kva som skjer på området 4A ved å vere med på morgonrapporten og følgje med på kva som blir dokumentert i journal. Ho er nær i avdelinga og deltek i stell. Gruppeleiar har møte med leiar for heildøgns tenester i institusjon og omsorgsbustad kvar 3. veke. Tema på desse møta er mellom anna fag og avvik. I det siste har dei arbeidd med ein kompetansepakke med e-læring for dei tilsette. Helse- og omsorgssjef har møte med leiar for heildøgns tenester i institusjon og omsorgsbustad kvar 14. dag. Tema på møta er fag, økonomi og personell.
Det kjem fram at leiinga i kommunen ikkje systematisk følger med på kvar det kan vere risiko for svikt i heimetenesta på 4A-området, men både gruppeleiar og leiar for heildøgns tenester i institusjon og omsorgsbustad peikar på manglande opplæring og kjennskap til lovverket blant dei tilsette som eit område med risiko for svikt når det gjeld kapittel 4A. Helse- og omsorgssjef peikar på at stadig fleire bebuarar med demenssjukdom bur i omsorgsbustad, og at det kan vere utfordrande å sikre dei forsvarlege tenester, mellom anna med tanke på bruk av tvang og om bebuarane er på rett omsorgsnivå.
Dei tilsette har nyleg blitt oppmoda til å ta eit e-læringskurs gjennom KS Læring om kap. 4A på fritida. Leiinga har oversikt over kven som har teke kurset. Nytilsette må gå gjennom ei sjekkliste ved opplæring. Tvang og kap. 4A er ikkje ein del av denne sjekklista. Kommunen har nyleg utarbeidd skriftlege prosedyre for området 4A. Denne har enno ikkje blitt godkjend, og har heller ikkje blitt gjort kjend blant dei tilsette.
Det kjem fram i intervju at kommunen ikkje har eit system for utarbeiding og revidering av prosedyrar, men leiar for heildøgers tenester i institusjon og omsorgsbustad og kommunelege har vore involvert i skrivinga av prosedyre for kap. 4A. Leiar vil sørge for implementering av den nye prosedyren ved å formidle den til gruppeleiarane, som skal ta den vidare ut i organisasjonen. Det vert halde personalmøte der nye rutinar blir implementert. Av og til blir det halde internundervisning om spesifikke emne.
Gruppeleiar har oversikt over kven som har delteke på internundervisning. Regelverket i 4A har nyleg vore tema på slik undervisning ved Tolo Omsorg i samband med førebuing til tilsynet. 4A har nyleg blitt teke inn i årshjulet til kommunen som eit fast tema for internundervisning.
Kommunen har opplyst at kommuneoverlegen er overordna fagleg ansvarleg på området 4A.
Kommunen har eit avvikssystem i kvalitetssystemet Compilo som er kjend for dei tilsette. Melde avvik blir løyst på lågast mogleg nivå og følgd opp av gruppeleiar, men kan og gå vidare opp i systemet. Dei tilsette får tilbakemelding på rapporten eller individuelt om korleis avvika vert følgt opp. Dei tilsette gav i intervju uttrykk for at dei var usikre kva som var å rekne som uønska hendingar på området 4A og som skulle meldast som avvik. Det var ikkje meldt slike avvik siste året.
Samtykkevurderingar
Det kom fram i intervju at dei tilsette er usikre på omgrepet samtykkekompetanse og kven som kan og skal vurdere samtykkekompetanse etter kommunen sine rutinar. Fleire tilsette meiner at dei pårørande skal takast med i vurderinga av samtykkekompetanse. Helsepersonellet er usikre på når samtykkekompetansen skal vurderast, og kjenner ikkje til at vurdering av samtykkekompetanse skal bli gjort når pasientar motset seg helsehjelp og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram, og at samtykkekompetansevurderinga skal vere knytt opp mot den aktuelle helsehjelpa.
Motstand mot helsehjelp
I intervjua fekk vi vite at helsepersonell er kjende med at dei har ansvar for å avdekke motstand mot helsehjelp. Dei er også kjende med at motstand kan bli uttrykt forskjellig, og dette reflekterer dei rundt mellom anna i rapport og i samtalar i lunsjpausen. Dei er usikre på kvifor det er viktig å avdekke motstand. I intervjua kom det fram at det er noko ulik oppfatning av kva som blir tolka som motstand, og kva helsepersonellet meiner er tvang. Det kom fram at dei tilsette veit at dei ikkje kan halde pasientar tilbake i omsorgsbustad.
Tillitsskapande tiltak
Dei tilsette opplyste i intervju at dei er kjende med at dei alltid skal prøve med tillitsskapande tiltak før det eventuelt blir nytta tvang. Dei utvekslar opplysningar under rapporten om kva tillitsskapande tiltak dei kan nytte og som fungerer. Det kjem fram at dei er opptekne av frivilligheit og medverknad frå pasientane.
Dei tilsette innhentar informasjon frå dei pårørande om aktuelle tillitsskapande tiltak dei kan prøver ut ved innkomstsamtale og undervegs. Det kom ikkje fram at tillitsskapande tiltak blir evaluert på ein systematisk måte.
Helsefaglege vurderingar
Svært få helsepersonell kjenner til vilkåra for at helsehjelp kan bli gitt med tvang, og det er ikkje klart for dei kven som har ansvar for å gjere helsefaglege vurderingar, kva vurderingar dei einskilde yrkesgruppene kan gjere, og kven som kan gjere vedtak etter 4A. I intervju blei det gitt døme på at pasientar kan ha fått utsett nødvendig helsehjelp fordi helsepersonell vegra seg for å bruke tvang, eller at nødvendig helsehjelp til slutt blei gitt med tvang utan at det var gjort vedtak om dette. Det var kjent for dei tilsette at fastlegen og ein inntakskomité skal gjere vurderingar av om pasientar skal flyttast til eit høgre omsorgsnivå.
4A-vedtak
Tolo Omsorg har ikkje sendt oss kopi av vedtak etter kapittel 4A det siste året. Det kjem fram i intervju at slike vedtak ikkje har vore gjort der det siste året.
Dokumentasjon
Journalgjennomgangen vår viste at det var dokumentert motstand mot helsehjelp hos fleire pasientar, men det var ikkje alltid dokumentert kva som skjedde vidare, om det blei gitt helsehjelp med tvang eller ikkje. Det var nokre døme på at helsehjelpa blei utsett. Ofte blei motstand følgd opp med tillitsskapande tiltak. Med unntak av ein pasient, fann vi ikkje spor av om det var gjort samtykkekompetansevurderingar opp mot den aktuelle helsehjelpa. Vi fann at det var laga tillitsskapande planar for fleire av pasientane. Vi fann nokre døme på helsefaglege vurderingar. Det mangla vurderingar av om det skulle gjerast tvangsvedtak for pasientar som gjentekne gonger viste motstand mot til dømes stell og dusj. Vi fann fleire døme på pasientar som gjentekne gonger hadde ramla, utan at vi fann dokumentasjon som viste om det var gjort helsefagleg vurdering av om helsehjelp som til dømes bruk av sengehest eller belte i stol burde bli gitt med tvang.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.
Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk styring og leiing for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga har eit overordna ansvar for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette.
Formålet med 4A om å gi forsvarleg helsehjelp og førebygge og redusere bruk av tvang stiller krav til at helsepersonell kjenner reglane og kva dei betyr i praksis.
Kommunen peikar på manglande opplæring i og kjennskap til lovverket som eit område med risiko for svikt på området 4A. Kommunen har utarbeidd ein skriftleg prosedyre for fordeling av ansvar, oppgåver og mynde knytt til området 4A, men denne er ikkje endeleg godkjend og er ikkje gjort kjent blant dei tilsette. Det er heller ikkje etablert ein eins praksis blant dei tilsette på området, og fleire tilsette var ikkje kjende med det einskilde helsepersonell si rolle, oppgåver, ansvar og mynde i samband med regelverket i kap. 4A.
Tolo Omsorg har i samband med tilsynet hatt internundervisning om kapittel 4A der ein del av dei tilsette deltok. Dei tilsette har nyleg blitt oppmoda til å ta eit e-læringskurs om tvang og kap. 4A, men det er mange som ikkje har teke dette endå.
Vi meiner likevel at dette ikkje er tilstrekkeleg til å seie at kommunen har sikra at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver på området 4A.
Det er ikkje definert kven som har ansvar for å evaluere og korrigere rutinar og prosedyrar. Avvikssystemet blir brukt til styring av tenestene, men dei tilsette er ikkje kjende med kva som er å rekne som eit avvik på området 4A. Det er ikkje etablert ein praksis for samarbeid med lege om kap. 4A.
Dei tilsette er kjende med at dei har ansvar for å avdekke motstand, men det kjem fram at det er noko ulik oppfatning blant dei tilsette kva som er å rekne som motstand og tvang. Dei tilsette er usikre på omgrepet samtykkekompetanse, på kven som skal vurdere denne og kva tid vurdering av samtykkekompetanse skal gjerast. Dei tilsette kjende til at det skal nyttast tillitsskapande tiltak ved motstand, og har stor merksemd retta mot dette. Dei tillitsskapande tiltaka blir dokumentert i tiltaksplanar, men blir ikkje evaluert på ein systematisk måte. Dei tilsette er ikkje kjede med vilkåra for at helsehjelp kan bli gitt med tvang, og er usikre på kven som kan gjere helsefaglege vurderingar og fatte vedtak etter kap. 4A. I intervju og ved journalgjennomgang fann vi døme på at pasientar kan ha fått utsett nødvendig helsehjelp fordi helsepersonell vegra seg for å bruke tvang, eller at nødvendig helsehjelp til slutt blei gitt med tvang utan at det var gjort vedtak om det.
Vi meiner at leiinga ikkje har sørga for at det er rammer ved Tolo Omsorg som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart einskild helsepersonell korleis helsehjelpa blir utført. Manglande opplæring i rutinar og kjennskap til og forståing av lovverket i kap. 4A hos dei tilsette gjer at det ikkje er ein eins praksis på området. Dette utgjer ein risiko for at pasientar ikkje får nødvendig helsehjelp fordi helsepersonell vegrar seg for å bruke tvang, eller at helsehjelp kan blitt gitt med tvang utan at det er gjort vedtak om det.
Sjølv om det nyleg er lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig helsehjelp utan unødig bruk av tvang gjennom at det er utarbeidd ein skriftleg prosedyre for området 4A og sett i gang med e-læringskurs og internundervisning, har kommunen ein veg å gå når det gjeld systematisk opplæring og implementering av regelverket i 4A blant nytilsette og tilsette.
5. Statsforvaltarens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Konklusjon:
Kvam herad har ikkje eit system som sikrar at det blir gjort vurdering av samtykkekompetanse og vurdering av om helsehjelpa skal bli gjennomført med tvang hos pasientar som viser motstand mot helsehjelp ved Tolo Omsorg.
6. Oppfølging av lovbrot
I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi forventar kommunen skal gjere for å rette opp lovbrotet. Vi ber om at Kvam herad gjer ei vurdering av kva som har medverka til lovbrotet. De treng ikkje sende denne vurderinga til oss.
Deretter ber vi om at de sender oss følgjande:
- Ein plan med konkrete tiltak for kva de vil gjere for å rette opp lovbrotet og på kva måte
- Tidspunkt for iverksetting av tiltaka
- Oversikt over kven som er ansvarleg for gjennomføringa
- Korleis og når de vil undersøke om dei iverksette tiltaka har fungert over
Frist for tilbakemelding til oss er 30.10.2021.
Med helsing
Linda Svori
seksjonssjef
Beate Tollefsen
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Vi fekk dokument tilsendt før tilsynet og andre dokument blei overlevert under tilsynet. Desse dokumenta blei gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:
- Organisasjonskart Kvam herad
- Organisasjonskart helse og omsorg
- Liste over tilsette i Tolo omsorg, stillingstittel og stillingsprosent
- Overordna fagleg ansvarleg for 4A-vedtak
- Opplæring og kompetanseplanar tenester heildøgns omsorg 2021
- Årshjul tenester heildøgns omsorg 2021
- Oversikt over gjennomført opplæring i Tolo omsorg i pbrl. 4A
- Prosedyre kap. 4A
- «Velkommen til Tolo Omsorg»
- «Livsarket mitt»
- Velkomstbrosjyre - opplæring for nytilsette
- Innkomstsamtale på Tolo Omsorg
- Hugseliste når ny brukar flyttar inn
- Gjennomgang av arbeidsrutinar for nytt personale utan utdanning/erfaring frå pleie- og omsorgstenesta
- Sjekkliste med signaturar - for nytilsette
- Lysark frå personalmøte Tolo Omsorg 26.05.2021
- Referat frå personalmøte 28.04.2021, 24.02.2021 og 20.01.2021
- Leiarmøte heildøgns omsorg 31.01.2021
- Referat frå møte 12.01.2021, 02.02.2021, 23.02.2021, 16.03.2021, 13.04.2021, 30.04.2021 og 04.05.2021,
Det blei gjennomgått 17 pasientjournalar. Journalar til pasientar med kognitiv svikt/byrjande kognitiv svikt blei prioritert.
I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og frammøtte ved oppsummerande møte ved tilsynet:
Ikkje publisert her
Desse deltok frå Statsforvaltaren:
- fylkeslege, Ingunn Watsend Erichsen, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
- rådgjevar, Katarina Aarsnes, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
- seniorrådgjevar, Beate Tollefsen, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2020–2021 Tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstjenester
Søk etter tilsynsrapporter