Hopp til hovedinnhold

Vi gjennomførte tilsyn med Samnanger kommune 9. og 10. november 2022. Tema for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad.

Statsforvaltarens konklusjon

Ved dette tilsynet vart det avdekt lovbrot knytt til kartlegging, vurdering og oppfølging. Vi kan ikkje sjå at Nav-kontoret kartlegg barnas behov godt nok, at Nav-kontorets vurderingar og avgjerder er forsvarlege, eller at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtaler, samarbeid med andre tenester og/eller ved å gjere vedtak om opplysning råd, og rettleiing.  Vi viser her til krava i sosialtenestelova §§ 17, 18, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

Kommunens styring sikrar ikkje at Nav gjennomfører forsvarleg kartlegging, utøver forsvarleg skjøn og tilbyr oppfølging i saker som gjeld økonomisk stønad til barnefamiliar. Styringa sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste med tanke på familiens behov, at utmåling av stønaden byggjer på konkrete individuelle vurderingar av familiens behov, eller at familiar med behov for oppfølging får det.

Manglande dokumentasjon av familiens situasjon og behov på søknadstidspunktet, gjer at kommunens leiing ikkje kan vite sikkert om søkjaren har fått nødvendig økonomisk stønad og oppfølging frå Nav. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at barnefamiliar ikkje får den hjelpa dei har rett til etter sosialtenestelova, og kommunens styring sikrar såleis ikkje at barnefamiliar med låg inntekt får den hjelpa dei treng.

Samnanger kommune hadde ingen kommentar eller motsegner til faktagrunnlaget. Frist for kommentarar var 08.02.2023.

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonsleiar

Linda Kråkenes
seniorrådgjevar

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen oppfyller desse krava:

  • Ved søknad om økonomisk stønad må Nav-kontoret kartleggje barnas behov godt nok.
  • Ved behandling av søknader om økonomisk stønad til familiar, må Nav-kontorets vurderingar og avgjerder vere forsvarlege.
  • Nav-kontoret må følgje opp familiar som tek i mot økonomisk stønad, ved behov.

Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at vi har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet, er viktig informasjon for tilsynet. 

Vi har derfor som ledd i tilsynet, kontakta ni personar som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Samnanger. Vi avtalte og gjennomførte samtale med tre av dei.

Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn for 2022-23. Det at tilsynet er landsomfattande, betyr at alle statsforvaltarane gjennomfører tilsyn med same tema, og innanfor den fastsette perioden. Formålet med det landsomfattande tilsynet er å skape nasjonal merksemd om området, avdekke svikt og bidra til forbetring. Helsetilsynets veileder for tilsynet er publisert på Helsetilsynets nettsider. Tilsynsrapportane frå alle statsforvaltarane og Helsetilsynets oppsummeringsrapportar, vert også publiserte der.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunen oppfyller plikter som følgjer av sosialtenestelova, sjå sosialtenestelova § 9. Tilsynet omfattar også den delen av kommunens internkontroll som skal sikre at kommunen oppfyller dei pliktene som følgjer av sosialtenestelova kapittel 4.

Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med gjeldande lovkrav. Her gjer vi kort greie for dei lovkrava som vart lagt til grunn i dette tilsynet.

Krav til kartlegging

Nav-kontoret skal kartleggje familiens situasjon. Kartlegginga skal omfatte behova til kvart enkelt familiemedlem. Målet med kartlegginga er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i familiar med sosiale problem. Nav-kontoret skal kartleggje familiens behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.

Kommunen pliktar å opplyse saka godt nok før vedtaket blir gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19, saman med § 1, er styrande for kva opplysningar som er nødvendige for å ta avgjerder om økonomisk stønad.

Det kjem ikkje alltid tydeleg fram i ein søknad kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga er å avdekkje behov for stønad og om familien treng anna oppfølging for å oppnå formålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at dei kan søkje om stønad til utgifter utover det som vert dekt av rettleiande livsopphaldssatsar, husleige og straum.

Kva som skal kartleggjast, vil avhenge av familiesituasjonen og familiens hjelpebehov. Nav kan innhente opplysningar munnleg eller skriftleg. Dei opplysningane Nav får munnleg, skal dei skrive ned, jf. forvaltningslova 11 d.

Ved søknad frå ein person som søkjer om økonomisk stønad for første gang, vil det til vanleg vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løpande søknader, er det viktig med jamlege samtalar med brukaren for å sikre at opplysningane vert oppdaterte, og at eventuelt nye behov vert avdekte.

Nav-kontoret må leggje til rette for brukarmedverknad i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg vere utforma i samarbeid med brukaren. Det er viktig at Nav-kontoret som ledd i kartlegginga innhentar informasjon om kva barna treng. Dette skjer til vanleg i samtale med foreldra, men Nav-kontoret kan også på andre måtar få informasjon om kva barna treng.

Nav-kontoret må avtale med familien om dei skal ha kartleggingssamtalane på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.

Ved språkutfordringar er det viktig at Nav-kontoret bruker tolk, slik at brukaren forstår informasjonen frå Nav og får høve til å skildre situasjonen sin på ein måte Nav kan forstå. Manglande bruk av tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar, slik at kartlegginga ikkje vert god nok.

Krav til vurdering og avgjerd

Når Nav-kontoret har kartlagt familiens situasjon godt nok, skal Nav-kontoret vurdere hjelpebehovet og ta stilling til om søkjaren skal få økonomisk stønad, og eventuelt kor mykje. Dersom Nav-kontoret ikkje har kartlagt godt nok, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når dei skal vurdere søknaden og ta avgjerd.

Nav-kontorets vurderingar skal vere konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Det må gå fram at dei har teke omsyn til kvart enkelt barns behov. Nav-kontoret må synleggjere korleis barnets beste er vurdert ut frå familiens situasjon og behov, og det må gå fram korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn i vurderingane.

I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal Nav-kontoret leggje til grunn dei faktiske inntektene og utgiftene som familien har. Frå 01.09.2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd skal haldast utanfor ved vurdering av søknad om stønad til familiar.

Ved vurderinga av hjelpebehovet, skal Nav-kontoret leggje til grunn familiens utgifter til forsvarleg livsopphald. Det går ikkje direkte fram i lova kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen og kravet om forsvarleg livsopphald gjev rettleiing om stønadsnivået.

Statlege og kommunale satsar gjeld berre som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav-kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der det blant anna vert teke omsyn til kvart enkelt barn.

Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal dei vurdere om dei bør gje stønad etter sosialtenestelova § 19. Dei må da vurdere konkret om søkjaren treng stønad for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon. Nav-kontoret kan på denne måten fange opp og dekkje ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje vert dekt gjennom sosialtenestelova § 18. 

Det må vere logisk samanheng mellom vurderingane og avgjerda.

Krav til oppfølging

Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Målet er at familien på sikt skal klare seg sjølv, og oppfølginga skal støtte opp under dette.

Kommunane har stor grad av handlefridom med omsyn korleis oppfølging av familiar skal skje. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing som skal bidra til at søkjaren skal klare seg i kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.

Nav-kontoret skal gjennom motivasjons- og endringsarbeid gjere det lettare for familien å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Dette inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje i alle saker er gjennomført samtalar.

Nav-kontora skal ivareta oppfølgingsplikta si ved at dei gjer vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak, har betydning for heile prosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Nav kan anten gjere eige vedtak etter § 17, eller vedtak etter § 17 saman med vedtak om økonomisk stønad.

Oppfølgingsansvaret etter sosialtenestelova omfattar ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvaret for etter sosialtenestelova. Det omfattar ikkje tenester og oppgåver som ligg til andre instansar. På den andre sida vil det ofte vere slik at Nav-kontoret må samarbeide med andre tenester for at oppfølginga skal vere forsvarleg.

Krav til styring og leiing

Krava som gjeld leiing, organisering og styring understrekar kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikt i tenesteytinga kan få store konsekvensar for dei som bruker tenestene.

Kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholda i verksemda.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer med tanke på det som er temaet ved dette tilsynet.

Samnanger kommune har 2.506  innbyggjarar (SSB 3. kvartal 2022).

Nav Samnanger høyrer til eining for livsmeistring i lag med PPT og barneverntenesta under sektor helse og omsorg.  Nav-leiar er avdelingsleiar for dei kommunale sosiale tenestene i 20 prosent stilling. Flyktningtenesta ligg også til Nav-kontoret. Det er fire tilsette ved kontoret, i tillegg til Nav-leiar, som frå 8. august 2022 inkluderer ein flyktningkonsulent. Kontoret har ein stabil arbeidsstokk som har jobba der lenge, og som har god kjennskap til brukarane. Ein av dei tilsette har hovudansvaret for sakshandbehandlinga etter sosialtenestelova. To andre tilsette har fått opplæring til å handtere Socio, som er fagprogrammet de brukar, ved fråvær. All dokumentasjon som gjeld arbeidet med dei sosiale tenestene ligg i Socio.

Politikarane er opptatt av å hjelpe barn som lever i fattigdom. Kommunen har vedteke å bruke dei statlege rettleiande retningslinene for økonomisk sosialhjelp. Kommunen har hatt prosjektet «Vegen vidare» i Nav-kontoret, som no er etablert i drift og heiter «Finn vegen vidare». Formålet er tettare oppfølging og raskare avklaring av den enkelte brukar, og å redusere ytingar i størrelse og tid.

Kartlegging

I intervju opplyste kommunen at praksis med å gjennomføre brukarsamtalar på kontoret har endra seg etter innføring av Digisos, koronasituasjonen og busetting av flyktningar. Før kommunen starta med busetting av flyktningar, kalla dei søkjarar av økonomisk stønad inn til samtale for å bli kjende, og dei skreiv journalnotat frå samtalane. I dag journalfører dei berre spesielle samtalar der det går fram kva ein er einige om og kva som skal skje vidare. Nav brukar no telefonsamtalar med brukarane i mykje større grad, men ønskjer helst å ha fysiske samtalar. Heimebesøk er lite brukt. For brukarar som treng hjelp over tid, gjer Nav ei vurdering om dei skal ha telefonsamtale eller samtale på kontoret.

Det som kjem fram i søknaden er utgangpunktet for samtalen, til dømes det søkjaren skriv om behov for pengar til livsopphald, husleige, straum, fritidsutgifter og andre utgifter med barna. Det kan også komme fram andre behov, som til dømes behov for klede, og da spør Nav kva klede barna treng og kor mykje det kostar. Nav er opptekne av situasjonen til barna, og meiner dei har god oversikt over barna til dei brukarane som ofte er innom kontoret. Dei er også opptekne av at barna skal ha ein stabil busituasjon. 

Vi fekk opplyst at tidlegare så kom brukarar som treng oppfølging over tid ofte innom kontoret og leverte søknader. Nav snakka med desse brukarane der og då. I dag er det mest samtalar på telefon, eller Nav gjer vedtak utan at det har vore samtalar. For brukarar dei kjenner godt kartlegg dei ikkje situasjonen kvar gong.

Når hovudsaksbehandlar ikkje er på jobb og dei andre skal behandle søknader, byggjer dei tilsette på tidlegare vedtak og informasjon i saka. Dei kontaktar brukar på telefon ved behov for avklaringar.

Kontoret er opptekne av å sjå heilskapen og å hjelpe brukarane til andre ordningar i velferdssystemet, som til dømes å sikre at brukarane får redusert barnehagebetaling. I rutinar for økonomisk stønad går det fram at det er viktig å kartleggje aktivitet, arbeid, utdanning, familie og nettverk, helse, bustad og andre forhold som kan ha innverknad på søkjar sin situasjon. 

Kontoret innførte sommaren 2022 eit kartleggingsskjema, som er utvikla av Nav region Midthordaland. Dette er eit felles kartleggingsverktøy for dei fleste økonomiske ytingar i Nav. Saksbehandlarane opplever at skjemaet kan vere til støtte i arbeidet, og at det kan bidra til at kartlegginga vert meir systematisk, nokon brukar det som støtteverktøy.

Behandling av søknader frå flyktningar skjer ofte i samarbeid med flyktningkonsulenten. Når det er behov for tolk i brukarsamtalar, brukar kontoret det.

I brukarsamtalane har vi fått vite at nokon av brukarane opplever å ha fått den hjelpa dei har søkt om, inkludert dekning av barnas behov. Nokon sa at Nav ikkje spør om kva hjelp dei treng i samband med barna, dei må sjølv ta initiativ til å fortelje kva hjelp dei treng. Alle brukarane vi snakka med stadfesta at barns behov har vore tema i samtalar.

Kontoret gjer ei grundig kartlegging av brukaren sin økonomi. Dette kjem fram i den økonomiske oversikta i vedtaka. Det går også fram at Nav kartlegg tal barn i familien, alder på barna, samvær og busituasjon, men utover dette har vi ikkje sett døme på at andre forhold kjem fram i vedtaka eller andre saksdokument. 

Vurdering og avgjerd

Dersom søkar har barn, blir saka alltid diskutert med avdelingsleiar før vedtak blir fatta.  Nav er opptatt av å sikre at det blir gitt ekstra stønad ved behov, til dømes i samband med jul og konfirmasjonar. Det hender at saker av prinsipiell karakter blir drøfta i kontormøte for å sikre likebehandling. Nav-leiar godkjenner vedtaka.

Vi fekk opplyst at grunngjevinga og grunnlaget for vurderingane skal stå i vedtaka. Samstundes fekk vi vite at barns behov ikkje kjem godt nok fram i det skriftlege.

Ved utmåling av stønad, held kontoret barnetrygda utanfor berekninga. Det gjorde dei også før lovendringa 1. september 2022.  Dei reduserer ikkje stønaden til store familiar grunna stordriftsfordelar.

Ved fastsetting av livsopphaldet, går det fram av  rutinar om økonomisk stønad, at det skal gjerast ei konkret og individuell vurdering, og at satsen skal vere rettleiande. I intervju fekk vi opplyst at dei meiner dei ikkje er gode nok på å gjere individuelle vurderingar. Dei brukar rettleiande satsar utan at det blir gjort ei konkret og individuell vurdering, og dei kan leggje til grunn det som har vore gjort i tidlegare vedtak utan nærare kartlegging eller vurdering. 

I mappegjennomgangen såg vi at Nav har gjort grundige økonomiske utrekningar, men vi kunne ikkje sjå dei individuelle vurderingane som gjeld bruk av satsen, verken i vedtaka eller andre stader i dokumentasjonen. I grunngjevinga står det ofte at «søknaden er vurdert ut i frå den individuelle situasjonen til søkjer».  Vi har og sett døme på at fordi satsen er ein viss sum for familien, så får familien denne summen til livsopphald. Vi har også sett døme på at Nav har gitt ekstra stønad på grunn av utgifter til internett, helse og tannbehandling.

Vi har ikkje sett mange vedtak der det er gitt avslag etter § 18. Vi har sett døme på at stønad til utgifter klede gjeld er gjeve etter § 19, og grunngjeve i barns behov.

Oppfølging

Nav-leiar seier dei har gode rutinar for oppfølging av brukarar og at dei kjenner brukarane sine godt. Medarbeidaren som er knytt til tiltaket «Finn vegen vidare» jobbar med å hjelpe brukarar vidare til arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsprogram eller jobb, og har oppfølging av dei under 30 år. Han kartlegg årsaker til at brukaren ikkje kjem i jobb eller anna aktivitet. Då kan forhold om barna komme opp, og dei vurderer kva dei må gjere for å bidra til at foreldra kan komme i jobb. Det er eit tett samarbeid med den tilsette som behandlar søknadane om økonomisk stønad, og den som har ansvar for oppfølging av økonomien til brukaren.

Vi fekk vite at informasjon om oppfølging kan gå fram av vedtak eller journalnotat, men at mykje skjer munnleg. Vi har fått opplyst at tidlegare så journalførte dei oppfølgingsarbeidet i Socio, men at det no kan finnast dokumentasjon på sosialfagleg oppfølging i Modia.

Vi har ikkje sette døme på oppfølging i dei saksmappene vi såg på. Vi fekk ettersendt eit døme på oppfølging som var journalført i Modia. Kommunen har også sendt ei oppsummering som gjeld arbeidet med busetting av flyktningar frå Ukraina. Det går fram at dei ikkje har dokumentert arbeidet tilstrekkeleg. Kommunen skildrar korleis Nav har jobba med å busette familiane nær barnehage og skule. Dei har også etablert ein «språk-kafe», som er eit samlingspunkt for sosialt samvær og læring. Fagpersonar frå andre kommunale tenester kjem og gir informasjon. Fleire av flyktningane er innlemma i ulike lag og organisasjonar, og barna går i kulturskule.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kartlegging

På bakgrunn av det som har kome fram i brukarsamtalane, i intervju og ved mappegjennomgang, legg vi til grunn at Nav-kontoret er opptatt av barna og deira behov når foreldra søkjer økonomisk stønad, og at dei snakkar om behova til barna med utgangspunkt i opplysningar som kjem fram i søknadene. Manglande dokumentasjon av kartlegginga gjer det ikkje mogleg å sjå om Nav-kontoret kartlegg barnas behov godt nok. Det manglar dokumentasjon som viser kva informasjon som er forsøkt innhenta, til dømes kva Nav har spurt om og kva svar dei har fått. Det er på grunn av dette ikkje mogeleg å vurdere om dei gjer forsvarleg kartlegging, og dette er etter vår vurdering ikkje forsvarleg praksis. 

Vurdering og avgjerd

Vi ser at Nav-kontoret held barnetrygda utanfor ved utrekning av stønaden.

Vi har ikkje sett døme på at kontoret gjer individuelle vurderingar basert på kartlegging. Vi har sett døme på at dei har synleggjort barnas behov ved at opplysningar om barn er tekne inn og brukt i vurderingar, til dømes der dei har ytt stønad til klede etter § 19. Det er gjennomgåande at den rettleiande satsen er brukt utan at vi kan sjå i vedtaket eller annan dokumentasjon kva vurderingar Nav har gjort med tanke på individuelle behov. Med individuelle behov, meiner vi i denne samanhengen både heile familiens behov, søkjarens behov og barnas behov.

Det går ikkje fram av dokumentasjonen at det har vore dialog med søkjaren om stønadssummen før vedtak. Det er vårt inntrykk at Nav legg rettleiande satsar til grunn ved vedtaket, slik at søkjaren eventuelt må klage dersom han/ho er ueinig i at satsen er nok. Dette er etter vårt syn ikkje godt nok.

Slik vedtaka er skrivne, er det ikkje mogleg for søkjaren å fange opp om det er gjort feil i utmålinga av stønaden. Manglande dokumentasjon av vurderingane, fører til at det heller ikkje ved etterfølgande kontroll av arbeidet er mogleg å sjå at det er samanheng mellom vurderingane og vedtaket. Dette er det viktig at Nav-kontoret rettar opp i.

Når det gjeld likebehandling, vil vi understreke det som står i rundskriv 35 under punkt 4.18.2. Sidan økonomisk stønad etter sosialtenestelova er behovsbasert og vert ytt etter skjøn, handlar  likebehandling om kva opplysningar som er relevante ved skjønet, altså kva forhold Nav kan ta omsyn til ved fastsetting av stønaden.

Oppfølging

Vi legg til grunn at kontoret kjenner brukarane sine godt, at dei snakkar med dei og at det skjer oppfølging i tiltaket «Finn vegen vidare». Samtidig så finn vi ikkje dokumentasjon i saksmappene på at oppfølging skjer, med unnatak av eit døme henta frå Modia. Vi finn ikkje spor av samtalar, samarbeid med andre instansar eller vedtak etter § 17. I dette tilsynet er det eit krav om at det skal finnast spor av oppfølging i over 50 prosent av sakene dersom vi skal konkludere med at Nav tilbyr oppfølging. Når vi ikkje finn dette, skal vi legge til grunn at Nav ikkje tilbyr oppfølging, noko som ikkje er forsvarleg praksis.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Ved dette tilsynet vart det avdekt lovbrot knytt til kartlegging, vurdering og oppfølging. Vi kan ikkje sjå at Nav-kontoret kartlegg barnas behov godt nok, at Nav-kontorets vurderingar og avgjerder er forsvarlege, eller at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtaler, samarbeid med andre tenester og/eller ved å gjere vedtak om opplysning råd, og rettleiing.  Vi viser her til krava i sosialtenestelova §§ 17, 18, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

Kommunens styring sikrar ikkje at Nav gjennomfører forsvarleg kartlegging, utøver forsvarleg skjøn og tilbyr oppfølging i saker som gjeld økonomisk stønad til barnefamiliar. Styringa sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste med tanke på familiens behov, at utmåling av stønaden byggjer på konkrete individuelle vurderingar av familiens behov, eller at familiar med behov for oppfølging får det.

Manglande dokumentasjon av familiens situasjon og behov på søknadstidspunktet, gjer at kommunens leiing ikkje kan vite sikkert om søkjaren har fått nødvendig økonomisk stønad og oppfølging frå Nav. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at barnefamiliar ikkje får den hjelpa dei har rett til etter sosialtenestelova, og kommunens styring sikrar såleis ikkje at barnefamiliar med låg inntekt får den hjelpa dei treng.

6. Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva Statsforvaltaren forventar at kommunen skal gjere for å rette lovbrota.

Vi ber kommunen utarbeide ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrota, og sende den til Statsforvaltaren innan 17. mars 2023. Planen skal innehalde følgjande:

  • kva tiltak som skal gjennomførast
  • fristar for iverksetjing av tiltak og evaluering av om tiltaka har verka som planlagt
  • korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir sette i verk
  • korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka har verka som planlagt

Kort tid etter at planen er motteken, vil Statsforvaltaren ta kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt for dialogmøte. Kommunen sin plan vil vere tema for møtet. Vi planlegg også den vidare oppfølginga og dialogen.  

For å undersøke om tiltaka har resultert i forsvarleg praksis, vil kommunen bli beden om å utføre ein eigenkontroll. I eigenkontrollen skal kommunen gjennomgå saker ved å fylle ut eit skjema med spørsmål. Tidspunkt  for gjennomføring av eigenkontrollen avtalast i dialogmøte.

Statsforvaltaren kan i tillegg utføre ein stikkprøvekontroll dersom det er nødvendig.

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonsleiar

Linda Kråkenes
seniorrådgjevar

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 29.08.2022.

Før tilsynet, hadde vi telefonsamtale med tre personar i målgruppa for tilsynet, om brukarens erfaring med Nav Samnangers arbeid.

Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss dei to tilsynsdagane. Vi gjekk gjennom dokumentasjon knytt til søknader, vedtak og oppfølging i om lag 20 klientsaker, til saman 20 vedtak. 

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på sluttmøtet ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

  • seniorrådgjevar Elisabeth Lund-Iversen, revisor  
  • rådgjevar Kjerstin Carlsen, revisor  
  • seniorrådgjevar Linda Kråkenes, revisjonsleiar  

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk