Rapport frå tilsyn med barnevernstenesta i Alver kommunes oppfølging av barn i fosterheim 2023
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med barnevernstenesta i Alver kommune, og i samband med tilsynet besøkte vi barnevernstenesta den 13.04.2023 og frå 18.04.2023 til 21.04.2023. Vi undersøkte om barnevernstenesta sørger for at oppfølging av barn i fosterheim blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn får trygge oppvekstforhold, og nødvendig hjelp og oppfølging. Tilsynet er gjennomført som del av landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.
Konklusjon: Det er ikkje avdekka lovbrot under tilsynet.
Vi sendte utkast til rapport til kommunen den 28.04.2023. Vi fekk tilbakemelding frå kommunen den 11.05.2023. Kommentarane frå kommunen er innarbeidd i rapporten. Dette er den endelege rapporten frå tilsynet. Rapporten blir sendt til Statens helsetilsyn og blir publisert på deira nettside www.helsetilsynet.no
Tilsynet er med dette avslutta.
1. Tilsynets tema og omfang
Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Tilsynet omfattar undersøking og vurdering av om:
- Barnevernstenesta legg til rette for og gir barnet moglegheit til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert.
- Barnevernstenesta planlegg oppfølginga av
- Barnevernstenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endring eller ytterlegare tiltak.
- Barnevernstenesta si oppfølging av fosterheimen er heilskapleg og tilpassa den enkelte
- Barnevernstenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging.
- Barnevernstenesta gjer ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og konkluderer på om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak.
- Kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet.
Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det betyr at Statsforvaltaren har ført tilsyn med om kommunen utfører, styrer og leier arbeidet slik at dei oppfyller aktuelle lov- og forskriftskrav.
Statsforvaltaren skal ikkje overprøve enkeltsaker, men sjå om tenesta systematisk følgjer opp barn i fosterheim i tråd med regelverket. Krava i tilsynet er utforma som overordna krav knytt til arbeidsprosessar i barnevernstenesta, og gjenspeilar det viktigaste som må skje i tenesta for at oppfølginga av barnet skal vere av god og forsvarleg kvalitet.
Det er omsorgskommunens ansvar for oppfølging og kontroll av situasjonen til det enkelte barn i fosterheim som har vore gjenstand for dette tilsynet, jamfør barnevernslova § 9-6 første ledd og forskrift om fosterheim § 1. Tilsynet har omfatta barnevernstenesta si oppfølging av barn som bur i kommunal fosterheim som følgje av omsorgsovertaking og der plasseringa har skjedd ved tvang, jamfør barnevernslova § 5-1. Dette betyr fosterheimar i barnets familie eller nære nettverk eller ein ordinær fosterheim som er rekruttert på generelt grunnlag. Barnevernstenesta sitt ansvar for å følgje opp biologiske foreldre har ikkje vore del av dette tilsynet.
Barn og fosterforeldre sine meiningar om og erfaringar med barnevernstenesta sitt arbeid er viktig informasjon for å vurdere kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval fosterforeldre og barn har derfor blitt intervjua i samband med dette tilsynet.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Tilsyn er kontroll med om tenesta sin praksis er i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernsteneste etter barnevernslova § 17-3 første ledd. Under blir det gitt ei skildring av lovkrava som ligg til grunn for tilsynet.
Overordna rettslege føringar
Lovgrunnlaget for tilsynet er lov om barnevernstenester av 18. juni 2021. Vi gjer merksam på at sidan store delar av oppfølgingsarbeidet er gjort etter lov om barneverntenester av 17. juni 1992, vil vi ta omsyn til dette og vurdere arbeidet som er gjort tilbake i tid med utgangspunkt i lova frå 1992 med tilhøyrande forskrifter. For dette tilsynet vil det materielle innhaldet i normeringa for oppfølging av barn i fosterheim, i det vesentlege vere det same etter gamal og ny lov.
Barns rett til omsorg og beskyttelse går fram både av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 19. Barnet sitt behov for omsorg og beskyttelse er også understreka av EMD i fleire saker, og er anerkjent som eit legitimt inngrepsformål ved inngrep i retten til familieliv etter EMK artikkel. Dersom myndigheitene overtek omsorga for eit barn, må dei likevel sette inn tiltak for å leggje til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre så snart det med rimelegheit lar seg gjere, jamfør Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 nr. 2. I barnevernslova går barns rett til omsorg og rett til familieliv fram av § 1-5.
Prinsippet om barnets beste går fram av barnekonvensjonen artikkel 3, Grunnlova § 104 og barnevernslova § 1-3 (barnevernlova 1992 § 4-1), og er eit grunnleggande prinsipp for alle handlingar og avgjersler som omhandlar barn. Det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barn, og i vurderingar skal det bli lagt vekt på å gje barn stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet om barnets beste er ei rettesnor for saksbehandling i saker som påverkar barn, og vurderinga av barnets beste heng saman med barnets rett til medverknad.
Barnets rett til medverknad og rett til å bli høyrd går fram av både Grunnlova § 104, FNs barnekonvensjon artikkel 12 og barnevernslova § 1-4 (barnevernlova 1992 § 1-6). Barn har rett, men ingen plikt til å medverke. Retten gjeld i heile prosessen og i alle forhold som omhandlar barnet, ikkje berre ved rettsleg eller administrativ avgjerd. Barnets synspunkt skal alltid bli vurdert opp mot annan informasjon i saka. Forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld for alle delar av barneverntenesta sitt arbeid.
Kravet om forsvarlege tenester i barnevernslova § 1-7 (barnevernlova 1992 § 1-4) betyr at tenester må halde tilfredsstillande kvalitet og bli gitt til rett tid i tråd med barns behov.
Barneverntenesta har plikt til å føre journal, jamfør barnevernslova § 12-4. Journalen skal innehalde alle vesentlege opplysningar og barnevernsfaglege vurderingar som tenesta legger til grunn for sitt arbeid, sine avgjerder og vedtak. Barnevernstenesta har plikt til å dokumentere korleis barnet har fått medverke i saka og korleis barnets meining er vurdert, jamfør forskrift om barns rett til å medverke i barnevernet. Forvaltningslova gjeld for barnevernets saksbehandling med dei særreglar som er fastsett i barnevernslova § 12-1. Dette betyr til dømes at grunngjeving av vedtak gjeld for saksbehandlinga, jamfør forvaltningslova § 25.
I barnevernslova § 12-5 (barnevernlova 1992 § 6-3a) er det også inntatt eit særskilt krav til at det skal gå fram korleis barnets meining er vurdert i saka, jamfør forvaltningslova §§ 24 og 25.
Barnevernstenesta sin plikt til å følgje opp barn i fosterheim
Barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre etter vedtak om omsorgsovertaking, er regulert i barnevernslova § 8-3 (barnevernlova 1992 §§ 4-15 og 4-16). Barnevernstenesta skal følgje med på korleis barnet utviklar seg, og om det får forsvarleg omsorg. Barnevernstenesta skal på ein systematisk og regelmessig måte vurdere barnets behov. Det betyr å planleggje oppfølginga, innhente informasjon og følgje opp barnet og fosterheimen. Vidare betyr det å nytte informasjonen i saka til å vurdere, konkludere og setje i verk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelp det har behov for. Barnet har rett til å medverke i alle deler av arbeidet. Barnevernstenesta må derfor sørge for å ha tilstrekkeleg kunnskap om korleis barnet har det i fosterheimen. Det betyr at barnevernstenesta må ha kontakt med barnet, fosterheimen og andre instansar. Ein del av ansvaret inneber også arbeidet med gjenforeining, samt å legge til rette for samvær med søsken og andre nærståande der omsynet til barnet ikkje taler imot dette.
I forskrift om fosterheim § 7 går det fram kva som ligg til barnevernstenesta sine plikter til kontroll og oppfølging av barn i fosterheimen. Barnevernstenesta si oppfølging skal vere heilskapleg og tilpassa den einskilde fosterfamilie, jamfør fosterheimsforskrifta § 7 andre ledd. Oppfølgingsansvaret inkluderer nødvendig råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og gjelder så lenge barnet bur i fosterheimen. Barnevernstenesta må sørge for at vurderingar av oppfølgingsbehov i fosterheimen, inkluderer fosterforeldra sine biologiske barn.
Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig, men minst fire gonger i året, jamfør fosterheimsforskrifta § 7 tredje ledd. For barn som har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan barneverntenesta etter ein konkret vurdering redusere talet på besøk til minimum to gonger i året.
Rettleiing, oppfølging og kontroll av det enkelte barn sin situasjon, er viktig for at barnevernstenesta skal vite at barnet får den omsorga det har behov for, og om vilkåra for omsorgsovertakinga framleis er til stades. Barnevernstenesta har ansvar for å jamleg vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i barnets omsorgssituasjon.
Barnevernstenesta skal lage plan for barnets omsorgssituasjon, og plan for oppfølging av barnet og foreldra, jamfør barnevernslova § 8-3 fjerde ledd (barnevernlova 1992 § 4-15 tredje ledd). Tenesta skal òg ha ein fosterheimsavtale med fosterforeldra, jamfør forskrift om fosterheim § 6. Det skal vere plan for samvær mellom barn og biologiske foreldre etter barnevernslova §§ 7-1 og 7-2 (barnevernlov 1992 § 4-19 første og andre ledd), og individuell plan for barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, jamfør barnevernslova § 15-9 (barnevernlov 1992 § 3-2 a).
Det er eit krav at barnevernstenesta arbeider planmessig og systematisk, og kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid skal bidra til dette.
Internkontroll
Det er nær samanheng mellom styring av tenestene og at tenestene er forsvarlege. Kommuneleiinga skal gjennom sin internkontroll følgje med på og understøtte arbeidsprosessane i barnevernstenesta.
Internkontrollen skal bidra til at oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Internkontrollen skal vere systematisk, og den må ha eit omfang og innhald som er tilpassa barneverntenesta sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. Kommunen skal skaffe seg oversikt over, og følgje med på, områder der det er fare for svikt i tenesta og der tenestene ikkje følgjer lov- og forskriftskrav, jamfør kommunelova § 25-1, jamfør barnevernslova § 15-2 fjerde ledd (barnevernlova 1992 § 2-1).
På barnevernsområdet må ein sjå krava til internkontroll i samanheng med reglane i barnevernslova som skildrar vesentlege moment som er av betydning for kva som er forsvarleg. Etter barnevernslova § 15-2 andre ledd (barnevernlova 1992 § 2-1 sjuande ledd) skal kommunen sørge for at dei tilsette i barneverntenesta får nødvendig opplæring og rettleiing. Ansvaret inneberer blant anna at tilsette må bli følgt opp og få nødvendig støtte i arbeidet.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Alver kommune
Alver kommune har om lag 29 920 innbyggjarar etter samanslåing av kommunane Lindås, Meland og Radøy 01.01.2020, ifølgje SSB, statistikkbanken. Kommunane oppretta frå 01.01.2019 felles barnevernsteneste med noverande leiar som tenesteleiar barnevern (heretter barnevernsleiar).
Per 2023 var 23 % av befolkninga i Alver kommunen barn, noko som er om lag 3 % høgare enn gjennomsnittet for landet. I følgje Barnevern kommunemonitor bur 0,9 % av barnebefolkninga utanfor heimen etter vedtak frå barnevernstenesta. Landsgjennomsnittet er på 1 %. Under tilsynet fekk vi informasjon om at barnevernstenesta i Alver kommune har omsorgen for 30 barn som bur i kommunale fosterheimar etter vedtak om omsorgsovertaking i barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda).
Alver er vertskommune for barnevernstenesta for kommunane Austrheim og Fedje. Kommunen har akuttberedskap barnevern for Alver, Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden. Akuttberedskapen er organisert som vaktordning med telefonvakt med offentleg telefonnummer frå 01.03.2023.
Kommunedirektøren er øvste administrative leiar. Kommunen er organisert i fire sektorar med kvar sin kommunalsjef, der barnevernstenesta er lagt til sektor oppvekst. Kommunalsjef oppvekst har òg ansvar for helsestasjon- og jordmortenesta, PPT, barnehage og skule.
Kommunen har eit felles kvalitetssystem, der rutinar og prosedyrar for barnevernstenesta er lagt inn. Fagleiar jobbar med oppdatering av rutinar og malar til ny barnevernslov. Kvalitetssystemet er også kommunens avvikssystem.
Barnevernstenesta gjennomførte i november 2022 ei SWOT-analyse, som er ein metode for å identifisere og forstå kva som kan vere sterke og svake sider ved ei teneste. Analysen identifiserte mellom anna manglande flyt mellom avdelingane og at tids- og arbeidspress fører til at det er utfordrande å gjere prioriteringar og ha eit heilskapleg perspektiv i alle saker til ei kvar tid.
På oppdrag frå kontrollutvalet i kommunen gjennomfører KPMG våren 2023 ein forvaltningsrevisjon av barnevernstenesta. Eit av tema i revisjonen er samvær og tilbakeføring etter omsorgsovertaking. Rapporten frå forvaltningsrevisjonen var på tidspunktet for dette tilsynet ikkje ferdig.
Organiseringa av barnevernstenesta
Organisering
Barnevernstenesta er organisert med barnevernsleiar, stab og fire avdelingar med kvar sin avdelingsleiar. Avdelingane er inndelt i mottak og undersøking, tiltak, familierettleiing og fosterheim. Avdeling fosterheim har ansvar for oppfølging av barn over 18 år, og for barn som bur utanfor heimen. I stab inngår fagleiar, samarbeids- og nettverkskontakt, psykolog, kontorfaglege og tilsette med ansvar for registrering av tilsynsrapportar for barn i fosterheim.
I rapporteringa til Bufdir for 2. halvår 2022 går det fram at barnevernstenesta har 34,6 fagstillingar og 3 merkantile stillingar per 31.12.2022. Av årleg tilstandsrapport for 2022 går det fram at tenesta totalt har 42 årsverk fordelt på 49 tilsette. Avdeling fosterheim har 9,6 årsverk, fordelt på 10 tilsette og avdelingsleiar. Fleire av kontaktpersonane har arbeidd lenge i tenesta, og/eller har erfaring frå andre barnevernstenester. Dei tilsette har grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom, og fleire har relevant vidareutdanning.
Av tilstandsrapporten for 2022 går det fram at fosterheimsavdelinga har fått fleire oppgåver som til dømes kurs og rettleiing til fosterheimar, større merksemd på dokumentasjon og vurderingar knytt til mellom anna barnets psykiske helse og utvikling, samvær og gjenforeining.
Møtestruktur og rettleiing
Barnevernsleiar har mynde til å ta avgjerd i alle saker, og har overordna fagleg ansvar, personal- og økonomiansvar. Barnevernsleiaren har faste månadlege møte med kommunalsjefen for oppvekst. I møta rapporterer ho om situasjonen i tenesta med tanke på det faglege arbeidet, økonomistyring og personalsituasjonen. Kommunalsjefen har månadlege møter med kommunedirektøren i etterkant av møta med tenesteleiarane, der ho rapporterer på tenesteområda innanfor oppvekst. I våre intervju fekk vi stadfesta at leiinga var orientert om situasjonen i barnevernstenesta.
Barnevernsleiaren har faste månadsmøte med kvar av avdelingsleiarane og fagleiaren. I møta rapporterer avdelingsleiarane på situasjonen i avdelinga og eventuelle utfordringar. Kvar tredje veke er det leiarmøte med barnevernsleiaren, fagleiaren og avdelingsleiarane. Barnevernsleiaren har også kontakt med avdelingsleiarane i det daglege ved behov for avklaringar.
Kvar avdeling har avdelingsmøte annankvar veke, der dei tilsette får informasjon frå leiinga. Det blir skriven referat frå avdelingsmøta. Kvar andre veke har avdelinga fagmøte. Fagmøta blir nytta til å diskutere ulike tema knytt til oppfølginga av barn og foreldre, og til å utarbeide eller endre malar og rutinar.
Beslutningsmøte i tenesta blir gjennomført når saker blir meldt inn. Formålet med møta er å ha ei brei drøfting av saker, og ta avgjerder om til dømes tilbakeføring eller samvær. Barnevernsleiaren, avdelingsleiaren og kontaktpersonen i saka møter fast. Kommuneadvokat, psykolog, fagleiar og andre avdelingsleiarar møter ved behov. Det er barnevernsleiaren som leiar møta og som har mynde til å ta avgjerder, men avgjersle i sakene skal vere basert på vurderingar frå tilsette med ulik kompetanse.
I avdeling fosterheim får kontaktpersonane individuell saksrettleiing frå avdelingsleiaren annankvar veke. For nytilsette er det oppsett rettleiing kvar veke. Tema i rettleiinga er gjennomgang av alle sakene til kontaktpersonen, og drøfting av aktuelle problemstillingar. Utover dette er avdelingsleiaren tilgjengeleg for drøftingar og spørsmål i det daglege, noko som også blir stadfesta av dei tilsette vi snakka med på tilsynet. Dei tilsette får prosessrettleiing frå ein ekstern rettleiar kvar 6. veke, der dei tilsette i avdelinga er delt i to grupper. I tillegg har dei tilsette moglegheit for drøfting med kommuneadvokat og psykologen i tenesta ved behov.
Utviklingsprosjekt
Kommunen deltok frå 2019 til 2021 i utviklingsprosjektet «Sammen for å støtte barns utvikling i fosterhjemmet», saman med kommunane Askøy og Bergen, Bufetat og NORCE. Arbeidet rettar seg inn mot barn i fosterheim, foreldre og fosterforeldre, og det er utarbeidd malar, sjekklister og rutinar til hjelp for saksbehandlarar og rettleiarar. Til dømes mal for barnesamtale med barn i fosterheim, mal for samtale med øvrige barn i fosterheimen og mal for historien til barn i fosterheim.
Då utviklingsprosjektet vart avslutta, inngjekk Alver, Askøy og Bergen ein gevinstavtale for 2022- 2024. Barnevernsleiaren i Alver har leia prosjektet. Kommunane samarbeider om førsteårs rettleiingsgruppe for fosterheimar, kurskveldar for fosterforeldre, årleg fagleg treff for alle kommunale fosterheimar og eit nettverk for fosterheimsrettleiarane.
Som del av utviklingsprosjektet, tok kommunen frå 2021 i bruk eit spørjeskjema til foreldre, fosterforeldre, barn, kontaktpersonar og rettleiarar. Svarprosenten frå barn og fosterforeldre for 2021 er så låge at data ikkje kan brukast. Det er sendt ut nye skjema i 2022 og 2023.
Databehandlinga vert gjort i samarbeid med NORCE.
Oppfølging av barn i fosterheim
På tidspunktet for tilsynet hadde kommunen omsorgsansvar for 30 barn i kommunale fosterheimar. Vi har gått gjennom 12 av 30 saksmapper. Ved val av saker har vi lagt vekt på å gjennomgå saksmapper til barn med ulik alder, variasjon i kor lenge barnet har budd i fosterheim, barn som bur i fosterheim hos familie og nettverk eller i andre familiar, og barn som bur i kommunale fosterheimar.
Vi har intervjua tilsette som arbeider i avdeling fosterheim, psykologen i barneverntenesta, leiarar i tenesta og kommuneleiinga. I forkant av tilsynet hadde vi òg samtalar med fosterforeldre og barn i fosterheim. Som del av tilsynet har barnevernstenesta i forkant av tilsynet blitt bedt om å gjennomføre ei eigenrapportering av fem hovudkategoriar, med underordna deltema. Kategoriane er 1) Overordna styring, 2) Risikovurdering, avvik og handtering, 3) Ansvar, oppgåver og myndigheit, 4) Kompetanse og 5) Forsvarleg praksis. Eigenrapporteringa er ein del av det samla informasjonsgrunnlaget denne rapporten byggjer på.
Medverknad
Gjennom våre intervju har vi fått vite at tenesta har jamleg kontakt med og snakkar med barna, både på og mellom oppfølgingsbesøka. Dei tilsette fortel at barna får tilpassa informasjon i forkant av samtalar og oppfølgingsbesøk. Barnets synspunkt kjem fram i saksdokumenta, som i referat frå oppfølgingsbesøk, vedtak og andre dokument. Gjennom mappegjennomgangen såg vi at barna vart førebudd til samtalane, til dømes ved telefon eller SMS frå kontaktperson eller at fosterforeldra hadde snakka med barnet om kva barnevernet ville snakke med barnet om. For små barn brukte kontaktpersonen tid på å leike med barnet og snakke om korleis barnet hadde det i fosterheimen.
Kontaktpersonen tok også med i referatet observasjonar av relasjonen mellom barnet og fosterforeldra. Tema frå tidlegare oppfølgingsbesøk eller annan informasjon i saka, vart følgd opp i samtalane med barn. Vi såg også døme på at barn får tilbod om å ha med tillitsperson i samtale med barnevernstenesta.
Ved gjennomgang av saksmappene såg vi at kontaktpersonane avklarar med barn korleis samtalen kan gjennomførast på ein trygg måte, til dømes ved at fosterforeldre er i eit anna rom i huset eller at samtalen blir gjennomført på barnets rom med døra på gløtt. Barn og fosterforeldre stadfesta i samtale med oss at barna kjenner kontaktpersonen sin, og at barna får tilbod om å snakke med kontaktpersonen åleine. Vi såg også at kontaktpersonane så langt det er mogleg, avklarar om det er noko av informasjonen frå barnet som ikkje skal delast med andre.
For barn under 18 år har barnevernstenesta starta med å utarbeide «Barnets historie» i samarbeid med barnet, foreldre, fosterforeldre og andre personar i barnets liv. I vår mappegjennomgang såg vi døme på dette. Dokumentet er skrive til barnet og er ei skildring av barnets situasjon og utvikling frå fødsel og framover, kvifor barnet flytta i fosterheim og andre viktige hendingar i barnets liv. Foreldre som har delteke, har gitt tilbakemelding på at dei i dette arbeidet har blitt involvert på ein annan måte enn det dei har erfart i tidlegare møte med barnevernet.
Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt med fosterheimen
Det er oppretta eigen journalpost i alle saker der slutninga frå fylkesnemnda kjem fram. I vår gjennomgang fann vi vedtak(a) frå fylkesnemnda eller retten som dokument i barnets elektroniske mappe.
Under tilsynet har vi sett at det blir gjennomført minimum to eller fire oppfølgingsbesøk i året. I saker der talet på besøk var redusert til to gonger årleg kom det tydeleg fram, både i dokumentasjonen og gjennom intervju, at barnevernstenesta vurderte det til å vere i tråd med barnet og fosterfamiliens behov. I desse sakene gjekk det òg fram at det var kontakt med barnet og fosterheimen utover oppfølgingsbesøka. Mappegjennomgangen viste at kontaktpersonane brukar mal for rapport frå oppfølgingsbesøk, og at referatet frå oppfølgingsbesøka blir sendt til fosterheimane. Vi såg døme på at referat frå oppfølgingsbesøk ikkje var sendt til fosterforeldra, og der gjekk det fram grunngjeving for kvifor barnevernstenesta vurderte at det ikkje var til barnets beste å sende ut referatet på dåverande tidspunkt.
Vi har fått vite at planlegginga av oppfølgingsbesøk og kontakt med barn og fosterfamilie varierer frå sak til sak, og at fosterheimen sjølv er med på å seie noko om kva som fungerer for dei. Dette inneber at det i nokre saker er laga ein plan for oppfølgingsbesøk seks månadar fram, medan det i andre saker vart planlagt besøk kortare tid i forvegen.
Alle tilsette bekrefta gjennom intervju at det er ei tydeleg forventning frå leiinga at dei kvar tredje eller sjette månad rapporterer på gjennomførte oppfølgingsbesøk. Dersom kontaktpersonane av ulike grunnar ser at han eller ho ikkje får gjennomført besøket innan utgangen av mars, juni, september og desember, skal dei melde frå til avdelingsleiaren. Det vert då laga ein plan for korleis oppfølgingsbesøket skal gjennomførast til det beste for barnet og fosterfamilien, og i tråd med lovkrav.
Kontakt med barnet, fosterforeldre og andre er dokumentert i saksmappene. I fleire saker såg vi at det hadde vore mykje kontakt med barnet, fosterheimen og foreldra utanom oppfølgingsbesøka. Til dømes i saker der barnet har omfattande omsorgsbehov, og saker der omsorgsovertakinga eller samvær skal opp til ny vurdering i barneverns- og helsenemnda eller retten. Dette gjaldt også saker med ungdommar, eller saker der barnevernstenesta var usikre på om barnet får den omsorga dei treng i fosterheimen.
Det blir lagt til rette for samarbeid mellom barnet, foreldra, fosterforeldra og barnevernstenesta. Barnevernstenesta legg til rette for dette gjennom det dei kallar trepartssamarbeid rundt barnet: samarbeid mellom foreldre, fosterforeldre og tenesta. Dei har bestemt at alle fosterheimar skal få tilpassa rettleiing, og tilbyr rettleiing til alle foreldre. Foreldre og fosterforeldre har same rettleiar. Barnevernstenesta tilbyr òg samtalar til fosterforeldra sine biologiske barn. Fosterforeldre vi snakka med stadfesta at barnevernstenesta er oppteken av samarbeidet mellom dei vaksne rundt barnet, og at det er låg terskel for å ta kontakt og avtale andre måtar å gjennomføre til dømes samvær på eller tema i rettleiinga, slik at det skal bli best for barnet.
Vurdering og justering av oppfølgingsarbeidet ut frå barns utvikling og behov
Vi ser at tiltak til barn og fosterforeldre blir justert, og at det i saksmappene blir dokumentert kva vurderingar som ligg til grunn for eventuelle endringar. I saksmappene gjekk det fram at vurdering av styrkingstiltak var tema på oppfølgingsbesøk med fosterheimen. Rettleiinga til fosterforeldra vert justert når fosterheimen eller barnevernstenesta vurderer at fosterheimen treng tettare rettleiing for å forstå barnet og klare å stå i oppdraget. Dialogen mellom fosterforeldra, rettleiar og saksbehandlar går fram av dokumentasjonen i saka, saman med dei justeringane og vurderingane som er gjort. Det går også fram dersom fosterforeldra og saksbehandlar er ueinige, og kva barnevernstenesta har vurdert til å vere det beste for barnet. Døme på dette er justering av rettleiing for å sjå kva barnets åtferd er uttrykk for og korleis fosterforeldra kan møte barnet på ein sensitiv måte. Vanskelege tema som barn tek opp eller som kjem fram på anna måte, blir tatt opp i samtale med barn og andre saka gjeld. Vi såg også at dette blir følgt opp over tid.
Vi såg òg at tenesta i nokre saker vurderte behovet for å vere tettare på barnet og fosterheimen, og at dei då justerte tiltaka og oppfølginga, til dømes ved å gjennomføre fleire samtalar åleine med barnet og med fosterforeldra mellom oppfølgingsbesøka. Det gjekk fram av saksmappene kva informasjon som kom fram i samtalane med barnet og fosterforeldra, og dei vurderinga barnevernstenesta gjorde av behov for justeringar i tiltak, til dømes behov for avlastning eller annan støtte til fosterheimen. Vidare gjekk det fram av mappene at saksbehandlar hadde innhenta informasjon frå til dømes skule eller helsetenester, og sett inn tiltak i saker der barnet har store omsorgsbehov og fosterforeldra er slitne.
Barnevernstenesta gjer ei vurdering av samvær og gjenforeining minimum kvart år, noko som går fram gjennom intervju og i vår gjennomgang av saksmappene. I dokumentasjonen i sakene går det fram at barnevernstenesta har snakka med barnet, foreldra, fosterforeldra og andre. Vurderingane, kva barnevernstenesta har lagt vekt på og konklusjonane til barnevernstenesta går fram. Vi såg døme på at barnevernstenesta har endra samvær i tråd med desse vurderingane, til dømes at barnevernstenesta tok vekk tilsyn under samvær etter innspel frå foreldre, og at dei brukte fosterforeldre som tryggingsperson for barnet.
Ved gjennomgang av saksmapper såg vi at tilsynsrapportar blir registrert inn på barnet, og vi såg døme på at kontaktpersonen hadde tatt kontakt med tilsynsperson for utfyllande informasjon. Tilsynsrapportane vi har sett, varierer i kvalitet, og mange av dei gir lite informasjon om barnets utvikling. Det kjem ikkje fram at tilsynsføraren har undersøkt dei temaa som er lista opp i malen for tilsynsrapportane. Under våre intervju har vi fått vite at barnevernstenesta tek kontakt med tilsynsføraren eller fosterheimskommunen dersom dei har behov for utfyllande informasjon frå tilsynsførar. Kontaktpersonane unnlèt å ta kontakt dersom dei vurderer å ha oppdatert informasjon om barnet og fosterfamiliens situasjon.
Leiing og internkontroll
Vi fekk gjennom intervju vite at det var ei tydeleg forventing til dei tilsette om kva som ligg i oppfølgingsansvaret, korleis oppfølginga skal gjennomførast og fristar for når oppfølgingsbesøka seinast skal vere gjennomført. Samtidig fekk vi informasjon om at det er fleksibelt korleis oppfølginga vert gjennomført, for å legge til rette for at den blir til beste for barnet og fosterheimen. I intervju med tilsette kom det fram at det var tydeleg for dei kven som har ansvar for kva, og kven som har mynde til å ta avgjerder. Krava er formalisert i malar, sjekklister, rutinar og faste strukturar for opplæring, rettleiing og kvalitetssikring av arbeidet. Desse er i bruk og er kjent for dei tilsette.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
Vi meiner at Alver kommune sørger for at barnevernets arbeid med oppfølging av barn i fosterheim er i tråd med lovkrav. Tilsynet har vist at det er etablert eit styringssystem som er eigna til å fange opp sårbare område i oppfølginga. Vi legg i vår vurdering vekt på at det blir sett inn nødvendige tiltak i tenesta ved behov, og at det blir lagt til rette for å sette inn ekstra tiltak i enkeltsaker. Etter vår vurdering har kommunen ein systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet.
Kommunedirektør og kommunalsjef er orientert om situasjonen i tenesta gjennom faste møtepunkt og faste rapporteringar. Vi meiner òg at tilsynet har vist at det er klart for dei tilsette kva oppfølginga skal innehalde og korleis den skal gjennomførast, samtidig som det er tydeleg kven som har mynde til å ta avgjersler og at leiarar er tilgjengeleg når noko må avklarast utanom faste møter og rettleiing.
Kommunen har starta opp med brukartilbakemeldingar i samarbeid med andre kommunar og NORCE, noko som etter vårt syn kan gi viktig informasjon til tenesta om korleis oppfølginga blir gjennomført i praksis. Det at kommunen også har gjennomført analyse for å vurdere sårbarheiter og styrker i tenesta, bidreg til at kommunen sjølv kan ha kontroll med at praksisen i tenesta er i tråd med lovkrav.
Samla sett, meiner vi at Alver kommune har eit styringssystem som er eigna til å sikre at barn i fosterheim får oppfølging i tråd med lovkrav. Vi viser til kommunelova § 25-1, jamfør barnevernslova § 15-2 og barnevernslova § 1-7. Nedanfor gjer vi nærare greie for våre vurderingar av praksisen i tenesta opp mot lovkrava.
Medverknad
For at barn skal kunne medverke, må dei vite kva dei skal uttale seg om og få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon. Barn har rett til å medverke gjennom heile saka, og barnevernstenesta skal legge til rette for dette.
Gjennomgang av mapper og intervju med tilsette, barn og fosterforeldre viser at barnevernstenesta legg til rette for medverknad i oppfølginga av barn i fosterheim gjennom heile saka. Det går tydeleg fram av dokumenta at informasjon frå barn blir brukt i oppfølginga og som grunnlag for avgjerder.
Vi ser at barnevernstenesta vurderer på kva måte barn kan medverke, at barn får tilpassa informasjon, blir førebudd til samtalar og at dei blir snakka med om relevante tema. Det går fram av dokumentasjonen kva vurderingar barnevernstenesta gjer etter samtalen med barnet. Dette medfører etter vår vurdering at barns meining om eigen situasjon kjem tydeleg fram i saksmappa. Dokumentasjonen viser at barnets meining er tatt inn i vurderinga i forkant av justeringar av til dømes samvær eller tiltak i fosterheimen. Dette synleggjer at barnets mening blir brukt i barnevernstenestas vurdering av kva som er til barnets beste.
Det at barn blir førebudd til samtalen og at det blir gjort individuelle tilpassingar som til dømes kvar og når samtalen skal skje og kven som skal vere til stades, er etter vår vurdering eigna til å legge til rette for at barnet kan snakke trygt. Det at det blir lagt til rette for relasjonsbygging, ved at kontaktpersonen brukar tid til å bli kjent med små barn gjennom til dømes leik og observasjon av samspel mellom barn og fosterforeldre, bidreg etter vår vurdering til at også yngre barn får reell moglegheit til å medverke i eiga sak. Vi har også lagt vekt på at barnevernstenesta tilbyr barnet å snakke åleine. I nokre saker såg vi at kontaktpersonen gjennomførte fleire samtalar med barnet åleine mellom fosterheimsbesøka, og at kontaktpersonen følgde opp relevante tema på neste oppfølgingsbesøk. I vurderinga av om barn får medverke i tråd med lovkrav, er det òg viktig at barn veit korleis informasjon frå dei blir brukt og kven som får innsyn i opplysingane. Vi meiner at barnevernstenesta sørger for dette ved at dei i samtale med barnet avklarar kven som kan få informasjon om kva barnet har sagt, og korleis barnevernstenesta vil følgje det opp.
Det at barnevernstenesta skriv barnets historie, er etter vår meining med på å gje eit tydeleg bilete av kven barnet er. Ved at både barn, foreldre og fosterforeldre bidreg inn i utarbeidinga av barnets historie, kan det bidra til å opplyse saka og hjelpe dei rundt barnet til å halde merksemd på barnet og kva barnet treng. Dette gjer òg at barnet blir kjent med eiga historie, og kan bidra til samanheng og kontinuitet for barnet.
Etter vårt syn sikrar barnevernstenesta at barn får medverke i oppfølgingsarbeidet, og at medverkinga er dokumentert i tråd med lovkrav, jamfør § 1-4.
Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt
Tydelege forventingar til dei tilsette og felles rutinar, malar og sjekklister for korleis oppfølging av barn og fosterheim skal gjennomførast, bidreg etter vår vurdering til at barn og fosterheimar får oppfølging i tråd med lovkrav. Samtidig meiner vi at tenesta sin fleksibilitet i korleis oppfølginga blir gjennomført, bidreg til at oppfølginga av barnet og fosterheimen blir tilpassa deira behov og aktuelle situasjon. Døme på dette er at kontaktpersonen snakka med barnet på skulen før oppfølgingsbesøket i fosterheimen med felles samtale med barn og fosterforeldre.
Vi har lagt vekt på at oppfølginga av barn og fosterheimar vert gjennomført minimum fire eller to gonger i året. Samstundes har vi sett døme på at det blir gjennomført fleire oppfølgingsbesøk enn fire i året, eller at kontaktpersonen gjennomfører fleire samtalar utanom oppfølgingsbesøk, dersom det er behov for å følgje barn og fosterheim tettare i ein periode. Dette er etter vår vurdering eigna til at barnevernstenesta er godt orientert om barnets og fosterheimens behov og kan gjere vurderingar av behov for justering eller endring av tiltak. I referat frå oppfølgingsbesøka går det tydeleg fram kva som er gjennomgått i besøket og barnevernstenestas vurderingar av barnets behov eller behov for styrkingstiltak. Det går også tydeleg fram korleis informasjon om og frå barn er følgd opp frå eit besøk til eit anna, og vi ser at alvorleg informasjon blir snakka om, vurdert og følgt opp.
På bakgrunn av dette, vurderer vi at planlegginga av oppfølginga av barn i fosterheim er i tråd med barnevernslova §§ 1-4 og 8-3, fosterheimsforskrifta § 7 og forsvarlegkravet i barnevernslova § 1-7.
Vurderingar og justeringar av oppfølgingsarbeidet ut frå barnets utvikling og behov
Etter vår vurdering innhentar barnevernstenesta systematisk oppdatert informasjon frå relevante kjelder om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endringar eller ytterlegare tiltak. Dette bidreg til at tenesta har grunnlag for å kunne vurdere og ta avgjerder til beste for barnet og fosterheimen. Vi såg til dømes at barnevernstenesta brukar eksisterande nettverk til besøksheim for barnet og at dei avsluttar tilsyn under samvær etter tilbakemelding frå barnet, foreldre og fosterforeldre. Vi såg òg døme på at foreldre og fosterforeldre kan avtale samvær seg i mellom og at barnevernstenesta er orientert, der det er vurdert til å vere det beste for barnet. Slik legg barnevernstenesta til rette for at barnet får møte foreldra, sjølv om foreldra utrykker mistillit til barnevernstenesta.
Gjennom mappegjennomgang og intervju, har vi sett at tenesta tek med seg relevant informasjon i oppfølgingsarbeidet, gjer vurderingar og justerer tiltaka i tråd med det som blir vurdert som barnets beste. Døme på relevant informasjon er gjennomgang av tilsynsrapport, gjennomgang av referat frå førre oppfølgingsbesøk og referat frå ansvarsgruppemøte. Malane for referat etter oppfølgingsbesøk og samtalar med barn gir god støtte for dei tilsette i kva dei skal etterspørje av informasjon og sjekke ut, for å få tilstrekkeleg informasjon om barnet. Dette bidreg etter vår vurdering til at oppfølginga av barnet og fosterfamilien vert systematisk og tilpassa det enkelte barnet. Vi såg òg at styrkingstiltak blir vurdert under oppfølgingsbesøka, og at tiltak blir justert, som til dømes endring i innhald eller hyppigheit i rettleiinga til fosterforeldra, at barn ei tid bur utanfor fosterheimen eller at barnet blir tilmeldt PPT eller BUP for oppfølging. I arbeidet med å vurdere endring i samvær eller gjenforeining, legg vi vekt på at barnevernstenesta snakkar med barn, foreldre og fosterforeldre. Barnevernstenesta formidlar tydeleg kva dei vurderer er best for barnet, og tilpassar og gjer endringar i tråd med dette.
Samla sett, meiner vi at barnevernstenesta skaffar seg tilstrekkeleg informasjon, gjer forsvarlege vurderingar av barnets utvikling og omsorgssituasjon, og følgjer opp ved å justere eller sette i verk nødvendige tiltak til barnet og/eller fosterheimen. Oppfølginga er dermed i tråd med lovkrav i barnevernslova §§ 1-4 og 8-3, fosterheimsforskrifta § 7 og forsvarlegkravet i barnevernslova § 1-7.
5. Statsforvaltarens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet.
Med helsing
Øystein Breirem Jacobsen
seksjonsleiar
Gunn Randi Bjørnevoll
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
Varsel om tilsynet vart sendt 20.02.2023.
Førebuande møte vart gjennomført 28.03.2023 på Teams.
Tilsynet vart gjennomført ved besøk hos barnevernstenesta i Alver med mappegjennomgang den 13.04.2023 og intervju 18.–19.04.2023.
Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart gjennomført ved barnevernstenesta 21.04.2023.
Vi har fått tilsendt dokument frå kommunen. Følgjande dokument er gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:
Dokumenter mottatt 01.03.2023
- Organisasjonskart for Alver kommune
- Organisasjonskart for barnevernstenesta
- Administrativt delegeringsreglement for Alver kommune
- Internkontroll 2022-2023, inkludert risiko- og sårbarheitsanalyse
- Tilstandsrapport 2022
- Kompetanseplan 2021-2022
- Oversikt tilsette i Alver barnevernsteneste mars 2023
- Instruks: Fagleiar barnevern
- Prosedyre/rutine m/ vedlegg: Fordeling arbeidsoppgåver leiarar og kontorfaglege
- Instruks: Delegasjonsskriv avdelingsleiarar barnevern
- Instruks: Ansvar avdelingsleiar Alver barnevernteneste
- Stillingsinstruks heile tenesta
- Sjekkliste og oppfølgingsprogram for nytilsette
- Instruks: Arbeidsoppgåver fosterheimsavdelinga
- Rutine: Oppfølging etter plassering i fosterheim
- Sjekkliste plassering i fosterheim
- Mal for rapport etter tilsyn med barn i fosterheim
- Mal for rapport etter oppfølgingsbesøk i fosterheimen
- Prosedyre/rutine: Tilvising og mandat til rettleiingsavdelinga
- Prosedyre/rutine: Barnevern – Beslutningsmøter
- Prosedyre/rutine: Samarbeid mellom barnevernstenesta og kommuneadvokatkontoret
- Invitasjon til brukarundersøkingar fosterheim og fosterforeldre
- Mal for barnesamtale med barn i fosterheim
- Rutine for vurdering av samvær
- Sjekkliste for vurdering av samvær
- Rutine for tilbakeføring
- Mal for plan for fagleg vurdering av gjenforeining
- Sjekkliste for vurdering av gjenforeining
- Malar for biografisk arbeid barn og unge (barnets historie)
- Mal – kva skjer når eg vert 18 år
- Rettleiar for utarbeiding av nettverkskart
- Eigenvurderingsskjema for foreldre
- Sluttrapport frå utviklingsprosjektet «Saman om å støtte barns utvikling i fosterhjem», juni 2022
- Gevinstavtale 2022-2024 «Sammen om å støtte barns utvikling i fosterhjem». Avtale mellom kommunane Alver, Askøy og Bergen.
- Liste over barn og fosterheimar
Dokument mottatt 06.03.2023
- Liste over barn og fosterheimar med kontaktinformasjon
Dokument mottatt 23.03.2023
- E-post frå barnevernsleiar med svar på spørsmål
- Lysark med plan for forvaltningsrevisjon av barnevernstenesta våren 2022, gjennomført av KPMG
Dokument mottatt 18.04.2023
- Intern oversikt over barn plassert i fosterheim etter barnevernlova 5-1 og endring i samvær
Tilsynet har gjennomgått 12 saksmapper til barn som bur i fosterheim etter barnevernslova § 5-1. Det er gjennomgått dokumentasjon for to år tilbake i tid, i tillegg til relevante grunnlagsdokument.
Vi har intervjua eit utval barn og fosterforeldre.
Under følgjer ei oversikt over kven vi intervjua og kven som deltok på oppsummerande møte:
Ikkje publisert her.
Tilsynet vart gjennomført av:
- seniorrådgjevar, Eva Ekblom, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
- seniorrådgjevar, Vibeke Herskedal, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
- rådgjevar, Anna Vattekar Sandvoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
- seniorrådgjevar, Gunn Randi Bjørnevoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar
Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattanede tilsynet
2022–23 Barneverntjenestens ansvar for oppfølging av barn plassert i fosterhjem
Søk etter tilsynsrapporter