Bergen kommune tilsyn med Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad 2023
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
Rapport etter tilsyn 1.-2. februar 2023
Vi gjennomførte tilsyn med Bergen kommune 1.-2. februar 2023. Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad.
Statsforvaltarens konklusjon
Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.
Med helsing
Øystein B. Jacobsen
seksjonssjef
Turid Måseide
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent
1. Tilsynets tema og omfang
I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen oppfyller desse krava:
- Ved søknad om økonomisk stønad må Nav-kontoret kartleggje barnas behov godt nok.
- Ved behandling av søknader om økonomisk stønad til familiar, må Nav-kontorets vurderingar og avgjerder vere forsvarlege.
- Nav-kontoret må følgje opp familiar som tek i mot økonomisk stønad, ved behov.
Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at vi har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller dei aktuelle lovkrava.
Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet, er viktig informasjon for tilsynet. Vi har som ledd i tilsynet snakka med sju personar som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Bergen vest.
Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn for 2022-23. Det at tilsynet er landsomfattande, betyr at alle statsforvaltarane gjennomfører tilsyn med same tema, og innanfor den fastsette perioden. Formålet med det landsomfattande tilsynet er å skape nasjonal merksemd om området, avdekke svikt og bidra til forbetring. Helsetilsynets rettleiar for tilsynet er publisert på Helsetilsynets nettsider. Tilsynsrapportane frå alle statsforvaltarane og Helsetilsynets oppsummeringsrapportar, vert også publiserte der.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunen oppfyller plikter som følgjer av sosialtenestelova, sjå sosialtenestelova § 9. Tilsynet omfattar også den delen av kommunens internkontroll som skal sikre at kommunen oppfyller dei pliktene som følgjer av sosialtenestelova kapittel 4.
Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med gjeldande lovkrav. Her gjer vi kort greie for dei lovkrava som vart lagt til grunn i dette tilsynet.
Krav til kartlegging
Nav-kontoret skal kartleggje familiens situasjon. Kartlegginga skal omfatte behova til kvart enkelt familiemedlem. Målet med kartlegginga er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i familiar med sosiale problem. Nav-kontoret skal kartleggje familiens behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.
Kommunen pliktar å opplyse saka godt nok før vedtaket blir gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19, saman med § 1, er styrande for kva opplysningar som er nødvendige for å ta avgjerder om økonomisk stønad.
Det kjem ikkje alltid tydeleg fram i ein søknad kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga er å avdekkje behov for stønad og om familien treng anna oppfølging for å oppnå formålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at dei kan søkje om stønad til utgifter utover det som vert dekt av rettleiande livsopphaldssatsar, husleige og straum.
Kva som skal kartleggjast, vil avhenge av familiesituasjonen og familiens hjelpebehov. Nav kan innhente opplysningar munnleg eller skriftleg. Dei opplysningane Nav får munnleg, skal dei skrive ned, jf. forvaltningslova 11 d.
Ved søknad frå ein person som søkjer om økonomisk stønad for første gang, vil det til vanleg vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løpande søknader, er det viktig med jamlege samtalar med brukaren for å sikre at opplysningane vert oppdaterte, og at eventuelt nye behov vert avdekte.
Nav-kontoret må leggje til rette for brukarmedverknad i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg vere utforma i samarbeid med brukaren. Det er viktig at Nav-kontoret som ledd i kartlegginga innhentar informasjon om kva barna treng. Dette skjer til vanleg i samtale med foreldra, men Nav-kontoret kan også på andre måtar få informasjon om kva barna treng.
Nav-kontoret må avtale med familien om dei skal ha kartleggingssamtalane på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.
Ved språkutfordringar er det viktig at Nav-kontoret bruker tolk, slik at brukaren forstår informasjonen frå Nav og får høve til å skildre situasjonen sin på ein måte Nav kan forstå. Manglande bruk av tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar, slik at kartlegginga ikkje vert god nok.
Krav til vurdering og avgjerd
Når Nav-kontoret har kartlagt familiens situasjon godt nok, skal dei vurdere hjelpebehovet og ta stilling til om søkjaren skal få økonomisk stønad, og eventuelt kor mykje. Dersom Nav-kontoret ikkje har kartlagt godt nok, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når dei skal vurdere søknaden og ta avgjerd.
Nav-kontorets vurderingar skal vere konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Det må gå fram at dei har teke omsyn til kvart enkelt barns behov. Nav-kontoret må synleggjere korleis barnets beste er vurdert ut frå familiens situasjon og behov, og det må gå fram korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn i vurderingane.
I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal Nav-kontoret leggje til grunn dei faktiske inntektene og utgiftene som familien har. Frå 01.09.2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd skal haldast utanfor ved vurdering av søknad om stønad til familiar.
Ved vurderinga av hjelpebehovet, skal Nav-kontoret leggje til grunn familiens utgifter til forsvarleg livsopphald. Det går ikkje direkte fram i lova kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen og kravet om forsvarleg livsopphald gjev rettleiing om stønadsnivået.
Statlege og kommunale satsar gjeld berre som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav-kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der dei blant anna tek omsyn til kvart enkelt barn.
Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal dei vurdere om dei bør gje stønad etter sosialtenestelova § 19. Dei må da vurdere konkret om søkjaren treng stønad for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon. Nav-kontoret kan på denne måten fange opp og dekkje ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje vert dekt gjennom sosialtenestelova § 18.
Det må vere logisk samanheng mellom vurderingane og avgjerda.
Krav til oppfølging
Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Målet er at familien på sikt skal klare seg sjølv, og oppfølginga skal støtte opp under dette.
Kommunane har stor grad av handlefridom med omsyn korleis oppfølging av familiar skal skje. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing som skal bidra til at søkjaren skal klare seg i kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.
Nav-kontoret skal gjennom motivasjons- og endringsarbeid gjere det lettare for familien å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Dette inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje i alle saker er vert gjennomført samtalar.
Nav-kontora skal ivareta oppfølgingsplikta si ved at dei gjer vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak, har betydning for heile prosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Nav kan anten gjere eige vedtak etter § 17, eller vedtak etter § 17 saman med vedtak om økonomisk stønad.
Oppfølgingsansvaret etter sosialtenestelova omfattar ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvar for etter sosialtenestelova. Det omfattar ikkje tenester og oppgåver som ligg til andre instansar. På den andre sida vil det ofte vere slik at Nav-kontoret må samarbeide med andre tenester for at oppfølginga skal vere forsvarleg.
Krav til styring og leiing
Krava som gjeld leiing, organisering og styring understrekar kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikt i tenesteytinga kan få store konsekvensar for dei som bruker tenestene.
Kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholda i verksemda.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer med tanke på det som er temaet ved dette tilsynet.
I Bergen kommune høyrer dei sosiale tenestene i Nav under etat for sosiale tenester, som vert leia av etatsdirektøren. Nav Bergen vest er eitt av byens fem Nav-kontor. Kontoret dekkjer bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg, som per 1. januar 2022 hadde om lag 70 750 innbyggjarar. Nav-kontoret held til i Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord.
Nav Bergen vest er organisert i seks avdelingar; avdeling for fellesfunksjonar, avdeling for mottak- og avklaring, arbeid- og kvalifisering 1 – ungdomsavdeling, arbeid- og kvalifisering 2, helse- og rehabilitering 1, og helse- og rehabilitering 2. Avdelingane er organisert med avdelingsleiarar, fagkoordinatorar, og rettleiarar/saksbehandlarar.
Avdeling for mottak- og avklaring er den avdelinga som har dei fleste saker som gjeld barnefamiliar. I denne avdelinga er det ti tilsette. Alle behandlar søknader og følgjer opp barnefamiliar som har fått vedtak om økonomisk stønad.
Krava til saksbehandling og oppfølging er dei same, uansett kva avdeling som har ei sak til behandling. Dei skriftlege prosedyrane ligg i eit digitalt arkiv, med dato for kor lenge dei skal gjelde. Systemet varslar når prosedyren skal reviderast. Nokre prosedyrar er felles for heile Bergen kommune, men dei har òg prosedyrar som berre gjeld for Nav Bergen vest.
Avdelingane har avdelingsmøte og saksmøte kvar veke, og dei har månadlege praksismøte på tvers av avdelingane, mellom anna for å sikre lik praksis.
Kontoret har også eit kvalitetsutval på tvers av avdelingane. Kvalitetsutvalet jobbar med kvalitets- og forbetringsarbeid i tenesta. Hovudoppgåva til kvalitetsutvalet er å være pådrivar i arbeidet for å sikre trygge, gode og like tenester, og bidra til at systematisk kvalitets- og forbetringsarbeid er ei naturleg del av leiing og fagleg arbeid ved kontoret. Leiaren for kvalitetsutvalet og leiargruppa har møte kvar månad. Nav Bergen vest har ein representant i kvalitetsutvalet til etat for sosiale tenester.
Nav Bergen Vest har frå oktober 2022 to barneansvarlege. Dette er ein ny funksjon, og rolla som barneansvarleg var på tilsynstidspunktet ikkje ferdig definert, men dei skal mellom anna ha merksemd på barn som pårørande.
Kontoret bruker fagsystema Socio, Gosys, Arena, Modia, A-inntekt og Ekstranett (Husbanken). Alle tilsette har tilgang til desse systema.
Kartlegging
Kartlegginga startar med ein gong det har kome inn ein søknad. Det er saksbehandlarens ansvar å kartleggje. I nye saker skal dei sjekke om søkjaren har barn, og ta stilling til om det er noko det hastar å avklare. Dei tek utgangspunkt i opplysningane i søknaden. Dei leitar fram det dei har av opplysningar frå tidlegare, før dei innhentar supplerande opplysningar. Dei skal berre be om dokumentasjon som er nødvendig. Dette kan dei gjere munnleg eller skriftleg. Brev om tilleggsdokumentasjon skal vere enkle, slik at det er lett for brukaren å forstå kva han/ho må gjere.
Kontoret er opptekne av barns levekår, og skal ha barneperspektivet med i arbeidet sitt. Barnefamiliar skal bli tekne i mot på ein god måte og dei skal få god oppfølging. Ved søknad frå ein familie, skal dei ha samtale, og barnas situasjon skal vere tema i samtalane. Formålet med samtalane er å sikre at familien har det dei treng, og at barna får det dei treng.
Det vert prioritert å sikre økonomien, noko som av og til fører til at det vert gjort vedtak om økonomisk stønad på bakgrunn av kjent informasjon, før vidare kartlegging og eventuelt meir hjelp.
Vi har gjennom brukarsamtalar, intervju med tilsette og mappegjennomgang fått vite at Nav-kontoret gjennomfører kartleggingssamtalar, og at barnas behov inngår som tema i desse samtalane. Dei snakkar om barn, økonomi og sosiale forhold. Dei kartlegg til dømes kor mange barn det er i familien, barnas alder, tal soverom, buforholda elles, om barna går i barnehage, om det er behov for leksehjelp, familiens nettverk, fritidsaktivitetar og kva barna elles gjer på fritida. Dei undersøkjer også om andre instansar er inne. Dersom det kjem opp vanskelege ting, kan saksbehandlar ta tak i dette og tilby vidare samtalar om dette.
Vi har fått vite at samtalane også vert brukt til å orientere om kva brukaren kan ha rett til etter sosialtenestelova eller andre ordningar. Saksbehandlarane informerer om at det er mogleg å få ekstra sosialhjelp dersom barna har særlege behov. Dei gjev til dømes ekstra til reiseutgifter, barnehage/SFO og tannregulering. Dei er opptekne av fritidsaktivitetar og utstyr til det. Dei informerer om at Nav kan dekkje fritidsaktivitetar med opp til 3000 kr i året. Alle får aktivitetskort. Dette er ikkje noko dei må søkje om. Aktivitetskortet gjev gratis inngang til kino, akvariet, svømmehall og Brannkamp, ein gong for kvar av aktivitetane.
Det er til vanleg ein av saksbehandlarane som har samtale med søkjaren. Samtalane skal i utgangspunktet vere på Nav-kontoret, men ein del samtalar vert gjennomførte per telefon. Dette skuldast dels at Nav i ein periode har hatt for få samtalerom. Dei vil snart få fleire samtalerom. Heimebesøk er ikkje vanleg, men vert brukt av og til. Det er rettleiarane/saksbehandlarane som gjennomfører heimebesøk etter avtale med brukarane.
Informasjon om barna som er innhenta munnleg, vert journalført. Kontoret har eit eige barnekartleggingsskjema som vert fylt ut under samtalen, eller det vert skrive journalnotat. Dersom brukaren har fleire barn, vert det innhenta opplysningar om situasjonen for kvart av barna.
Kommunen gjennomfører eigenkontroll av vedtak retta mot barnefamiliar, kvar sjette månad. Eigenkontrollen viste per september 2022 at kartleggingsskjemaet vert brukt i nesten alle saker. Vi såg det same ved vår gjennomgang av saker.
Når dei bruker barnekartleggingsskjemaet, viser dei brukaren kva dei skriv i skjemaet. Kartleggingsskjemaet endar i avtale om kva som skal skje vidare. Ved gjennomgang av dokumenta, såg vi døme på at dette feltet var brukt til informasjon om vidare behandling av søknaden, til dømes om dokumentasjon brukaren skulle leggje fram.
I intervju med tilsette har vi fått vite at nokre brukarar vegrar seg for at Nav skal kartleggje så grundig. Ikkje alle ønskjer å seie noko om barna sine. Dei opplever av og til at dei må trygge brukaren med tanke på at sosialtenesta ikkje er barnevern.
Saksbehandlarane som utfører kartlegginga, får kollegarettleiing og rettleiing frå avdelingsleiaren. Kartlegging er også tema i avdelingsmøtet og personalmøtet. Det er inga rutinemessig kvalitetssikring av arbeidet med kartlegginga, men avdelingsleiaren kan ved godkjenning av vedtak sjekke om det er kartlagt godt nok. Det er ikkje tid til å sjekke alle saker like nøye.
Leiinga formidlar at dei skal bruke tolk ved behov. Det er saksbehandlarane som bestiller tolk.
Dei bruker mykje tolk, særleg i samband med kartlegging, og det er ofte telefontolk. Dei opplever at det kan vere lang ventetid på tolk, inntil tre veker.
I brukarsamtalane fekk vi svært varierande informasjon om kontakten med Nav, om dei hadde hatt samtalar, og kva som var tema i samtalane med Nav. Nokre sa at Nav spurte om barna og barnas situasjon, om dei hadde det dei trengte til barna, og at dei òg spurte om familiens behov utover det søknaden gjaldt. Nokre hadde ikkje opplevd at Nav spurte om barna i det heile. Andre sa at dei opplevde at dei måtte ta opp ting sjølv, og at Nav ikkje høyrde etter, ikkje oppfatta eller ikkje tok omsyn til den informasjonen dei fekk om barna og barnas situasjon. Vi fekk informasjon om at det kunne vere stor forskjell frå saksbehandlarar til saksbehandlar, både i kva dei tek opp, kva dei informerer om, kva dokumentasjon dei ber om, og kva dei bestemmer. Brukaren forstår ikkje kvifor det varierer. Ikkje alle visste kva dei kunne klage på. Vi høyrde nokon seie at når du ikkje kjenner rettane dine, må du berre stole på at det Nav har gjort er rett.
Vurdering og avgjerd
Saksbehandlaren skriv utkast til vedtak, som det til vanleg er avdelingsleiaren eller fagkoordinatoren som godkjenner. Den som godkjenner sjekkar at saka er godt nok opplyst og at dei har svara ut alt det er søkt om.
Ved utmåling av stønad tek Nav utgangspunkt i kommunens rettleiande satsar og justerer for individuelle forhold. Leiinga formidlar tydeleg at dei skal gjere vurderingar, ikkje bruke satsane blindt. Fagsystema er ikkje til hinder for individuelle vurderingar. Dei har saksmøte kvar veke, der dei diskuterer saker. Dei har låg terskel for å snakke med kvarandre. Alt dei gjer skal være sporbart.
Vi har sett døme på at Nav i kartlegginga fangar opp individuelle forhold som krev stønad utover rettleiande satsar, og at det vert gjeve nødvendig tillegg for dette. Nav gjev ekstra der dei vurderer at det er behov for det, til dømes til klede, fritidsaktivitetar og utstyr, gåver og konfirmasjon. Familiar kan òg få meir til husleige eller transport, der det er nødvendig av omsyn til barna.
Kva satsane er meint å dekkje og korleis dei skal få fram dei individuelle vurderingane, er eit gjentakande tema i avdelingsmøtet. Vedtaket skal skrivast slik at brukaren kan forstå kva Nav har tenkt. Det skal vise den økonomiske utrekninga. Dei er opptekne av at dei kan bli flinkare til å skrive vurderingane inn i vedtaka, ikkje berre skrive at vurderinga er gjort. Både leiinga og dei tilsette sa at dette er noko dei jobbar med å forbetre. Dei meinte òg dei hadde blitt betre på dette den siste tida. Dei vurderer at dette er ei praksisendring som vil ta litt tid.
Ved dokumentgjennomgangen såg vi at det var vist til samtalen med brukaren i nokre få vedtak. Dette var dei nyaste vedtaka. Utover dette ser vi ikkje spor av at det har vore dialog med brukaren om stønadssummen, med tanke på om det er sannsynleg at den vil dekkje familiens behov i vedtaksperioden.
Nav Bergen vest følgjer Bergen kommunes retningslinjer for reduksjon for «stordriftsfordelar». Retningslinjene er utarbeidde av byrådsavdelinga, basert på bystyrets vedtak, og dei er formidla til Nav-kontora via etaten. Ny rettleiande sats for Bergen kommune, etter berekningsmåten for stordriftsfordel, er vesentleg høgare enn tidlegare, for alle familiar med fem barn eller meir enn fem barn. Den nye rettleiande satsen er også høgare for alle einslege med fire barn. Utrekning for dei ulike kombinasjonane er lagt inn i Socio. Nav skal bruke den utrekninga som er mest gunstig for brukaren.
Vi har sett saker som gjeld brukarar med meir enn tre barn, men ingen døme på at det er redusert for stordriftsfordel. Nav Bergen vest held barnetrygda utanfor berekninga. Det betyr at dei ikkje tek barnetrygda med i inntektsgrunnlaget, og dei har slutta å skrive noko om kva dei ventar at barnetrygda skal nyttast til.
Dersom det ikkje vert gjeve stønad etter § 18, ser vi at det vert vurdert om det skal ytast stønad etter § 19. Vi har sett døme på avslag som er heimla i både § 18 og § 19. Det er i vurderinga som gjeld § 19 lagt til grunn at søkjaren har pengar til å dekkje den aktuelle kostnaden sjølv.
Oppfølging
Det er saksbehandlarens ansvar å følgje opp familien etter vedtak. Dei tenkjer i utgangspunktet at alle som treng langsiktig sosialhjelp har eit oppfølgingsbehov. Det går fram av journalen kva oppfølgingsbehovet brukaren har og korleis oppfølginga skjer.
Alle saksbehandlarane kan gi enklare økonomisk rettleiing. Når det blir meir omfattande behov viser dei vidare til juristen som er gjeldsrådgjevar. Dei gjer vedtak dersom det er behov for det. Alle saksbehandlarane kan gjere § 17-vedtak. Det er mest vanleg å gjere vedtak om økonomisk rådgjeving eller hjelp til å finne bustad.
Dei kartlegg behovet for hjelp frå andre instansar, og hjelper til med å kople på andre instansar. Dei deltek av og til i ansvarsgrupper.
Ved gjennomgang av sakene såg vi ikkje oppfølging i alle sakene, men i vel halvparten av sakene såg vi spor av sosialfagleg oppfølging i form av råd og rettleiing, eller at brukaren hadde fått tilbod om det. Elles var om lag ein tredel av brukarane i introduksjonsprogram, og nokre var i arbeidsretta oppfølging. I 15 % av sakene såg vi ikkje spor av oppfølging.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.
Kartlegging
Vi har gjennom brukarsamtalar, intervju med tilsette og dokumentgjennomgang, fått informasjon om at Nav-kontoret legg til rette for og gjennomfører kartleggingssamtalar der barnas behov inngår som tema. Sjølv om nokre brukarar har fortalt oss at dei ikkje har opplevd dette, legg vi til grunn at det er dette som er kontorets praksis.
Nav-kontoret innhentar opplysningar om barna munnleg og skriftleg, når dei ikkje allereie har opplysningane, og opplysningane vert nedteikna i barnekartleggingsskjemaet eller journalnotat. Vi vil på bakgrunn av det som har kome fram i brukarsamtalane, understreke at det er viktig at den som har dialogen med brukaren lyttar og prøver å fange opp det brukaren meiner er viktig, og at det som vert formidla munnleg, vert skrive ned. Det å vise brukaren kva de har skrive ned, slik vi har høyrt vert gjort, kan bidra til å sikre at Nav får med det som er viktig for brukaren. Der det ikkje vert gjort på denne måten, bør det sikrast på andre måtar.
Vurdering og avgjerd
Nav-kontoret held barnetrygda utanfor berekninga. Vi legg til grunn at Nav-kontoret gjer individuelle vurderingar basert på kartlegginga, der dei tek omsyn til behovet til kvart enkelt barn. Dei gjer barnas behov synlege ved at opplysningar om barna vert tekne inn og brukt i vurderingane der det er relevant.
Ved utmåling av stønad tek Nav-kontoret utgangspunkt i rettleiande satsar og justerer for individuelle forhold. Dette krev at Nav i kartlegginga fangar opp individuelle forhold som krev stønad utover rettleiande satsar, og at dei gjev nødvendig tillegg for dette. Med utgangspunkt i det vi har høyrt og sett, legg vi til grunn at kontoret tek omsyn til det som har kome fram om barnas behov.
På bakgrunn av informasjon frå intervju og gjennomgang av saker, legg vi til grunn at Nav gjer
konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga.
Leiinga er kjende med at vurderingane ikkje har vore godt nok dokumenterte, og følgjer dette opp.
I dei nyaste vedtaka vi såg på, var det referert til dialogen med brukaren om familiens behov for stønad, på ein måte som synleggjer at det er gjort konkrete, individuelle vurderingar. Vi forstår at det kan ta noko tid før praksisen er endra slik at dei konkrete vurderingane alltid går fram, men vi legg til grunn at det vert jobba med dette og at leiinga følgjer dette opp. Vi har derfor ikkje slått fast lovbrot knytt til kravet om konkrete, individuelle vurderingar.
Når det gjeld individuelle vurderingar ved reduksjon for stordriftsfordel, viser vi til brev 18.06.2019 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til Fylkesmannen i Vestland, sjå vedlegg.
Oppfølging
Vi har ved dette tilsynet høyrt og sett at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtalar og/eller samarbeid med andre tenester. Vi har sett at det i nesten alle sakene er ei eller anna form for oppfølging.
I rettleiaren til dette tilsynet står det at det er nok at Nav anten tilbyr samtalar, samarbeider med andre tenester eller gjer vedtak med heimel i sosialtenestelova § 17. Vidare at dersom vi ikkje finn spor av dette i over 50% av saksmappene, skal vi leggje til grunn at det ikkje vert tilbydd oppfølging. Vi har ved dette tilsynet funne spor av oppfølging i meir enn 50% av sakene og har ikkje merknader knytt til dette.
5. Statsforvaltarens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 20. desember 2022.
Før tilsynet, hadde vi telefonsamtale med sju personar i målgruppa for tilsynet, om deira erfaring med Nav Bergen vests arbeid.
Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss dei to tilsynsdagane. Vi gjekk gjennom dokumentasjon knytt til søknader, vedtak og oppfølging i om lag 30 klientsaker.
I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på sluttmøtet ved tilsynsbesøket:
Ikkje publisert her.
Desse deltok frå Statsforvaltaren:
- Seniorrådgjevar Elisabeth Lund-Iversen, revisor
- Seniorrådgjevar Linda Kråkenes, revisor
- Rådgjevar Kjerstin Carlsen, revisor
- Seniorrådgjevar Turid Måseide, revisjonsleiar
Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet
2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester
Søk etter tilsynsrapporter