Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med barnevernstenesta i Bjørnafjorden kommune, og i samband med tilsynet besøkte vi barnevernstenesta den 08.02.2023 og frå 14.02.2023 til 16.02.2023. Vi undersøkte om barnevernstenesta sørger for at oppfølging av barn i fosterheim blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn får trygge oppvekstforhold, og nødvendig hjelp og oppfølging. Tilsynet er gjennomført som del av landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Konklusjon

Tilsynet har avdekka vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Vidare er det stor variasjon om -, og korleis informasjon frå barn blir vurdert og følgt opp.

Dette utgjer samla sett ein stor risiko for at barn ikkje får oppfølging og hjelp i tråd med sine behov. Dette er brot på barnevernslova § 8-3, første og fjerde ledd (bvl. 1992 § 4-16), § 1-4 (bvl. 1992 §1-6), § 1-3 (bvl 1992 § 4-1), § 1-7 (bvl. 1992 §1-4), § 12-4 og § 15- 2 fjerde ledd (bvl. 1992 § 2-1 andre ledd), jamfør kommunelova § 25-1.

Vi sendte utkast til rapport til kommunen den 07.03.2023. Vi fekk tilbakemelding frå kommunen den 14.03.2023. Kommunen sine kommentarar er innarbeida i rapporten. Dette er den endelege rapporten frå tilsynet. Den vil bli sendt til Statens helsetilsyn og publiserast på deira nettsider.

For oppfølging av lovbrot viser vi til kapittel 6 i rapporten.

1.     Tilsynets tema og omfang

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Tilsynet omfattar undersøking og vurdering av om:

  • Barneverntenesta legg til rette for og gir barnet moglegheit til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert
  • Barneverntenesta planlegg oppfølginga av barnet
  • Barneverntenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endring eller ytterlegare tiltak
  • Barneverntenesta si oppfølging av fosterheimen er heilskapleg og tilpassa den enkelte fosterfamilie
  • Barneverntenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging
  • Barneverntenesta gjer ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og konkluderer på om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak
  • Kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det betyr at Statsforvaltaren har ført tilsyn med om kommunen utfører, styrer og leiar arbeidet slik at dei oppfyller aktuelle lov- og forskriftskrav.

Statsforvaltaren skal ikkje overprøve enkeltsaker, men sjå om tenesta systematisk følger opp barn i fosterheim i tråd med regelverket. Krava i tilsynet er utforma som overordna krav knytt til arbeidsprosessar i barneverntenesta, og gjenspeilar det viktigaste som må skje i tenesta for at oppfølginga av barnet skal vere av god og forsvarleg kvalitet.

Det er omsorgskommunen sitt ansvar for oppfølging og kontroll av situasjonen til det enkelte barn i fosterheim som har vore gjenstand for dette tilsynet, jamfør barnevernslova § 9-6 første ledd og forskrift om fosterheim § 1. Tilsynet har omfatta barneverntenesta si oppfølging av barn som bur i kommunal fosterheim som følgje av omsorgsovertaking og der plasseringa har skjedd ved tvang, jf. barnevernslova § 5-1. Dette betyr at fosterheimar i barnets familie eller nære nettverk eller ein ordinær fosterheim som er rekruttert på generelt grunnlag. Barnevernstenesta sitt ansvar for å følgje opp biologiske foreldre har ikkje vore del av dette tilsynet.

Barn og fosterforeldre sine meiningar om og erfaringar med barneverntenesta sitt arbeid, er viktig informasjon for å vurdere både kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval fosterforeldre og barn har derfor blitt intervjua i dette tilsynet.

2.     Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Tilsyn er kontroll med om tenesta sin praksis er i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernsteneste etter barnevernlova § 17-3 første ledd. Under blir det gitt ein skildring av lovkrava som ligg til grunn for tilsynet.

Overordna rettslege føringar

Lovgrunnlaget for tilsynet er lov om barnevernstenester av 18. juni 2021. Vi gjer merksam på at sidan store delar av oppfølgingsarbeidet er gjort etter lov om barneverntenester av 17. juni 1992, vil vi ta omsyn til dette og vurdere arbeidet som er gjort tilbake i tid med utgangspunkt i lova frå 1992 med tilhøyrande forskrifter. For dette tilsynet vil det materielle innhaldet i normeringa for oppfølging av barn i fosterheim, i det vesentlege vere det same etter gamal og ny lov.

Barn sin rett til omsorg og beskyttelse kjem fram både av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 19. Barnet sitt behov for omsorg og beskyttelse er også understreka av EMD i fleire saker, og er anerkjent som eit legitimt inngrepsformål ved inngrep i retten til familieliv etter EMK artikkel. Dersom myndigheitene overtek omsorga for eit barn, må dei likevel sette inn tiltak for å leggje til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre så snart det med rimelegheit lar seg gjere, jf. Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 nr. 2. I barnevernslova går barns rett til omsorg og rett til familieliv fram av § 1-5.

Prinsippet om barnets beste går fram av barnekonvensjonen artikkel 3, Grunnlova § 104 og barnevernslova (bvl)§ 1-3 (bvl.1992 § 4-1), og er eit grunnleggande prinsipp for alle handlingar og avgjersler som omhandlar barn. Det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barn, og i vurderingar skal det bli lagt vekt på å gje barn stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet om barnet sitt beste er ei rettesnor for saksbehandling i saker som påverkar barn, og vurderinga av barnets beste heng saman med barnets rett til medverknad.

Barnet sin rett til medverknad og rett til å bli høyrd følger av både Grunnlova § 104, FNs barnekonvensjon artikkel 12 og bvl § 1-4 (bvl. 1992 § 1-6). Barn har rett, men ingen plikt til å medverke. Retten gjeld i heile prosessen og i alle forhold som omhandlar barnet, ikkje berre ved rettsleg eller administrativ avgjerd. Barnet sine synspunkt skal alltid bli vurdert opp mot anna informasjon i saka. Forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld for alle delar av barneverntenesta sitt arbeid.

Kravet om forsvarlege tenester i bvl § 1-7 (bvl. 1992 § 1-4) betyr at tenester må halde tilfredsstillande kvalitet og bli gitt til rett tid i tråd med barns behov.

Barneverntenesta har plikt til å føre journal, jf. bvl § 12-4. Journalen skal innehalde alle vesentlege opplysningar og barnevernsfaglege vurderingar som tenesta legger til grunn for sitt arbeid, sine avgjerder og vedtak. Barnevernstjenesta har plikt til å dokumentere korleis barnet har fått medverke i saka og korleis barnets meining er vurdert, jf. forskrift om barns rett til å medverke i barnevernet. Forvaltningslova gjeld for barnevernets saksbehandling med dei særreglar som er fastsett i bvl § 12-1. Dette betyr til dømes at grunngjeving av vedtak gjeld for saksbehandlinga (jf. fvl. § 25). I bvl § 12-5 (bvl. 1992 § 6-3a) er det også inntatt eit særskilt krav til at det skal gå fram korleis barnets meining er vurdert i saka (fvl. §§ 24 og 25).

Barnevernstenesta sin plikt til å følgje opp barn i fosterheim

Barnevernstenesta sin plikt til å følgje opp barn og foreldre etter vedtak om omsorgsovertaking, er regulert i barnevernslova § 8-3 (bvl.1992 § 4-15 og § 4-16). Barnevernstenesta skal følgje med på korleis barnet utviklar seg, og om det får forsvarleg omsorg. Barnevernstenesta skal på ein systematisk og regelmessig måte vurdere barnets behov. Det betyr å planleggje oppfølginga, innhente informasjon og følgje opp barnet og fosterheimen. Vidare betyr det å nytte informasjonen i saka til å vurdere, konkludere og setje i verk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelp det har behov for. Barnet har rett til å medverke i alle deler av arbeidet. Barnevernstenesta må derfor sørge for å ha tilstrekkeleg kunnskap om korleis barnet har det i fosterheimen. Det betyr at barnevernstenesta må ha kontakt med barnet, fosterheimen og andre instansar. Ein del av ansvaret inneber også arbeidet med gjenforeining, samt å legge til rette for samvær med søsken og andre nærståande der omsynet til barnet ikkje taler imot dette.

I forskrift om fosterheim § 7 går det fram kva som ligg til barnevernstenesta sine plikter til kontroll og oppfølging av barn i fosterheimen. Barnevernstenesta sin oppfølging skal vere heilskapleg og tilpassa den einskilde fosterfamilie jf. Forskrift om fosterheim § 7 andre ledd. Oppfølgingsansvaret inkluderer nødvendig råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og gjelder så lenge barnet bur i fosterheimen. Barnevernstenesta må sørge for at vurderingar av oppfølgingsbehov i fosterheimen, inkluderer fosterforeldra sine biologiske barn.

Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig, men minst fire ganger i året jf. fosterheimsforskrifta § 7 tredje ledd. For barn som har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan barneverntenesta etter ein konkret vurdering redusere talet på besøk til minimum to ganger i året.

Rettleiing, oppfølging og kontroll av det enkelte barn sin situasjon, er viktig for at barnevernstenesta skal vite at barnet får den omsorga det har behov for, og om vilkåra for omsorgsovertakinga fortsatt er til stades. Barnevernstenesta har ansvar for å jamleg vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i barnets omsorgssituasjon.

Barnevernstenesta skal lage plan for barnets omsorgssituasjon, og plan for oppfølging av barnet og foreldra, jamfør bvl § 8-3 fjerde ledd (bvl. 1992 § 4-15 tredje ledd). Barnevernstenesta skal òg ha ein fosterheimsavtale, jamfør forskrift om fosterheim § 6. Det skal vere plan for samvær mellom barn og biologiske foreldre etter bvl §§ 7-1 og 7-2 (bvl.1992 § 4-19 første og andre ledd), og individuell plan for barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, jf. bvl § 15-9 (bvl.1992 § 3-2 a).

Det er eit krav at barnevernstenesta arbeider planmessig og systematisk, og kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid skal bidra til dette.

Internkontroll

Det er nær samanheng mellom styring av tenestene og at tenestene er forsvarlege. Kommuneleiinga skal gjennom sin internkontroll følgje med på og understøtte arbeidsprosessane i barnevernstenesta.

Internkontrollen skal bidra til at oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Internkontrollen skal vere systematisk, og den må ha eit omfang og innhald som er tilpassa barneverntenesta sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. Kommunen skal skaffe seg oversikt over, og følgje med på, områder der det er fare for svikt i tenesta og der tenestene ikkje følgjer lov- og forskriftskrav, jamfør kommunelova § 25-1 jf. bvl § 15-2 fjerde ledd (bvl. 1992 § 2-1)

På barnevernsområdet må ein sjå krava til internkontroll i samanheng med reglane i barnevernslova som skildrar vesentlege moment som er av betydning for kva som er forsvarleg. Etter bvl § 15-2 andre ledd (bvl. 1992 § 2-1 sjuande ledd) skal kommunen sørge for at dei tilsette i barneverntenesta får nødvendig opplæring og rettleiing. Ansvaret inneberer blant anna at tilsette må bli følgt opp og få nødvendig støtte i arbeidet.

3.     Framstilling av faktagrunnlaget

Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune har om lag 25.000 innbyggjararar etter samanslåing av kommunane Os og Fusa 01.01.2020.

Pr. 2021 utgjorde 24,1% av befolkninga i kommunen barn, noko som er om lag 4 % høgare enn gjennomsnittet for landet. Av barnebefolkninga er det 0,8% som bur utanfor heimen etter vedtak frå barneverntenesta. Landsgjennomsnittet er 1,0%. Under tilsynet fekk vi informasjon om at barneverntenesta i Bjørnafjorden har omsorg for 16 barn som bur i kommunale fosterheimar etter vedtak om omsorgsovertaking i barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda).

Kommunedirektøren er øvste administrative leiar. Den 01.01.2022 etablerte kommunen Familiens hus som er organisert under kommunalsjef for oppvekst. Familiens hus består av avdelingane Forebyggande helsetenester, Eining for barn, unge og familiar og barneverntenesta.

Vi får under tilsynet vite at kommunen sitt avvikssystem ikkje er i bruk for å fange opp avvik i det faglege arbeidet i barnevernstenesta. Avvikssystemet er heller ikkje kjent for dei tilsette på tilsynstidspunktet. Leiinga i barnevernstenesta er avhengig av å fange opp avvik i det faglege arbeidet ved å gjennomføre stikkprøvekontrollar, eigenkontrollar, i møte med tilsette gjennom rettleiing, avdelingsmøter, fagmøte og rapportering til barnevernsleiar. Det er planlagt fleire forbetringstiltak, men desse er på tidspunktet for tilsynet ikkje sett i verk.

Barneverntenesta i Bjørnafjorden starta med brukarmeldingar i 2019. Tilbakemeldingane har blitt lite nytta i kommunens forbetringsarbeid. Årsaka til dette er at innretninga ikkje har vore digital, men utfylling av skjema med penn og papir. Dette er no endra slik at tilbakemeldingar frå tenestemottakarar er elektronisk. Det blei gjennomført brukarundersøking i 2020, og det er planlagt å gjennomføre ny brukarundersøking i 2023.

Det blei sist gjennomført ein risiko og sårbarheitsanalyse i 2021. Det kom blant anna fram at det var ein sårbarheit knytt til dokumentasjon av arbeidet.

Barneverntenesta er saman med Sunnhordland Interkommunale barnevernteneste i eit utviklingsprosjekt om barn i fosterheim. Målsettinga er å lage gode rutinar for oppfølginga, og at barn som bur i fosterheim skal få eit heilskapleg tilbod gjennom å styrke samarbeidet mellom fosterforeldre, biologiske foreldre og barneverntenesta. Prosjektet skal gjennom samarbeid utvikle og iverksette rutinar for oppfølging, rettleiing og kompetanseheving. Prosjektet starta i 2021 og har fått namnet «Til fosterbarnets beste – saman om å styrkje fosterheim og biologisk heim». Prosjektet er forankra i det kommunale læringsnettverket på fosterheimsområdet som er koordinert av Statsforvaltaren i Vestland. Kommunen har på tidspunktet for tilsynet særleg merksemd på å implementere dei nye rutinane og arbeidsmåtane frå prosjektet.

Barnevernstenesta sin organisering

Organisering og møtestruktur

Barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune er organisert under Familiens hus som er ein av tre avdelingar underlagt kommunalsjef for oppvekst. Barnevernleiar begynte i stillinga i august 2022. Ho har personalansvar, økonomiansvar, vedtaksmynde og ansvar for den faglege kvaliteten på arbeidet i barneverntenesta. Barnevernleiar rapporterer og får leiarstøtte og rettleiing frå leiar for Familiens hus.

Barneverntenesta er organisert med barnevernleiar, tre avdelingsleiarar og kontaktpersonar. To avdelingar arbeider med undersøking og tiltak, og avdeling omsorg som har ansvar for oppfølging av barn som bur utanfor heimen. Avdeling omsorg har ansvar for både barn som bur utanfor heimen som hjelpetiltak og barn kommunen har omsorga for som bur i fosterheim eller på institusjon. Fleire av kontaktpersonane i omsorgsteamet begynte i august 2022. Nokon av desse har jobba med undersøkingar og tiltak i tenesta tidlegare, andre er nye i tenesta.

I tillegg er det tre personar fordelt på to stillingsheimlar som jobbar med merkantile oppgåver. Rekruttering og oppfølging av tilsynsførarar ligg til merkantiloppgåvene i barnevernstenesta.

På bakgrunn av informasjon til kommuneleiinga om stor arbeidsbelasting i tenesta, fekk barneverntenesta i 2022 tilført tre nye stillingar. To av stillingane er knytt til avdeling omsorg. I følgje kommunen sin eigenrapportering har barneverntenesta totalt 24,2 årsverk fordelt på 26 tilsette. Avdeling omsorg har eigen avdelingsleiar og 5,2 årsverk fordelt på sju tilsette inkludert avdelingsleiar. Det er utarbeida funksjonsskildring for stillingane einingsleiar, avdelingsleiar og kontaktperson. Kommunen har organisert rettleiarteam i Familiens hus som arbeider på mandat frå barneverntenesta i enkeltsaker.

Kommunen har avtale om barnevernsvakt frå Bergen kommune.

Møtestruktur og rettleiing

Leiar for barneverntenesta har faste møte med leiar for Familiens hus kvar veke. I møta rapporterer barnevernsleiar om situasjonen i barnevernstenesta, både knytt til det faglege arbeidet og personalsituasjonen. Leiar for familiens hus har ansvar for å vidareformidle informasjon om situasjonen i barnevernstenesta i møte med kommunalsjef for oppvekst kvar veke. Ein gong i månaden rapporterer barnevernsleiar skriftleg til leiar for familiens hus på status i barnevernstenesta. Kvar månad er det òg felles møter mellom leiar for barneverntenesta, leiar for Familiens hus og kommunalsjef for oppvekst. Leiar for Familiens hus deltek på interne leiarmøte i barneverntenesta ein gong pr månad. Kommunedirektør har to årlege møte med alle einingsleiarar der han får statusoppdatering frå tenestestadane. Vi får vite at målet med møta er at alle i kommuneleiinga som har ansvar for barnevernstenesta, får vesentleg informasjon om arbeidet og situasjonen i tenesta. I intervju får vi stadfesta at leiinga er orientert om situasjonen i barnevernstenesta, og kva som er sårbare område knytt til oppfølging av barn i fosterheim. Kvart år skal det utarbeidast ei tilstandsrapport for barneverntenesta til den administrative og politiske leiinga. Sist tilstandsrapport er frå 2021.

Kvar veke er det leiarmøte for dei tre avdelingsleiarane og barnevernleiar. Tema i desse møta er knytt til leiaroppgåver som gjennomgang av nøkkeltal, personalsituasjon, utfordringar i arbeidet, og utvikling og implementering av nye rutinar. Kvar andre veke har barnevernleiar individuelle møter med avdelingsleiarar. Avdelingane har avdelingsmøte kvar veke. Barnevernleiar deltek på avdelingsmøta til dei ulike avdelingane kvar tredje veke. Avdelingsleiar har grupperettleiing med sin avdeling annakvar veke, og individuell rettleiing med kontaktpersonar annakvar veke.

Kvar torsdag er det satt av tid til beslutningsmøter. I møta deltek barnevernsleiar i drøftinga. Sakene i beslutningsmøter er saker med stor kompleksitet, saker der berre leiar har mynde til å ta avgjerder, saker om økonomi, som til dømes endring av fosterheimsavtaler, og saker som gjeld tvang etter barnevernslova. Det er bestemt at det skal gå fram av barns journal / saksmappe kva som er drøfta i møta. Leiar, avdelingsleiar og kontaktperson for saka er til stades i møtet. Det er som regel avdelingsleiar som melder inn saker til beslutningsmøter i samarbeid med kontaktperson.

I avdeling omsorg får kontaktpersonar individuell rettleiing av avdelingsleiar kvar 14. dag. Nytilsette får rettleiing oftare. Rettleiinga tek utgangspunkt i kontaktpersonane sine behov for å drøfte og avklare saker. I tillegg har avdelingsleiar ei liste med oversikt over alle sakane til kvar kontaktperson, og etterspør informasjon om saker der det er lenge sidan den aktuelle saka har vore drøfta.

Kvar 14 dag er det grupperettleiing. Den siste tida har grupperettleiinga blitt nytta til å gjennomgå felles rutinar for oppfølging av fosterheimar og forventningar til arbeidet. Det er lagt opp til drøftingar kring kva for malar og rutinar frå fosterheimsprosjektet med Sunnhordland Interkommunale barnevernteneste som skal nyttast i arbeidet. Målet er å i større grad harmonisere praksis for oppfølgingsarbeidet i tenesta.

Rapportering

I rapportering for andre halvår 2022 går det fram at barneverntenesta har oppfølging av 51 barn i fosterheim. I samband med tilsynet fekk vi opplyst at 16 av desse barna bur i kommunale fosterheimar og at det er kommunen som har omsorgsansvaret for barna. I halvårsrapporteringa kjem det fram at det er 19,2 stillingsheimlar totalt i barneverntenesta. På tidspunkt for tilsynet oppgjer barneverntenesta at det er 24,2 stillingsheimlar i barneverntenesta.

Oppfølging av barn i fosterheim

På tidspunktet for tilsynet hadde kommunen omsorgsansvaret for 16 barn i kommunale fosterheimar. Vi har gått igjennom 11 av 16 saksmapper. Ved val av saker har vi lagt vekt på å gjennomgå saksmapper til barn med ulik alder, variasjon i kor lenge barnevernstenesta har hatt omsorg for barna, barn med ulik kulturell bakgrunn, saksmapper til barn som bur i fosterheim hos familie og nettverk, og barn som bur i kommunale fosterheimar.

Vi har intervjua tilsette som arbeider i avdeling omsorg, leiarar i tenesta og kommuneleiinga. I forkant av tilsynet hadde vi òg samtalar med fosterforeldre og barn i fosterheim. Som del av tilsynet har barnevernstenesta i forkant av at vi kom på besøk gjennomført eigenrapportering etter mal frå Statens Helsetilsyn. Leiar for barneverntenesta har òg gjennomført stikkprøver i barns saksmapper i forkant av vårt tilsynsbesøk.

Tenesta si eigenrapportering

I tenesta si eigenrapportering går det fram at leiinga har god oversikt over risikoområder i arbeidet med barn i fosterheim. Vidare går det fram at det er manglar i dokumentasjon av oppfølgingsarbeidet, både knytt til kva som blir dokumentert og vurderingar. Eigenrapporteringa viser òg at det er risiko for at alle barn ikkje får medverke i tråd med lovkrav. Dette gjeld særleg i saker med små barn og i saker der barn ikkje ønskjer å snakke med tilsette i barnevernstenesta.

Vidare går det fram av eigenvurderinga at det er ein risiko for at det ikkje blir gjort systematiske vurderingar og justeringar knytt til samvær med foreldre og sysken, og i saker om tilbakeføring. I eigenvurderinga går det fram at tilsette gjennomfører oppfølgingsbesøk i fosterheimane i tråd med lovkrav, men at tenesta har behov for å etablere felles rutinar for oppfølgingsarbeidet, og korleis dette skal dokumenterast. Praksis for oppfølging av barn i fosterheim må bli meir harmonisert.

Tenesta har saman med Sunhordland Interkommunale barnevernteneste vore med i prosjekt knytt til å utvikle gode rutinar og kvalitetsforbetring av fosterheimsarbeidet. Bjørnafjorden barneverntenesta er på tidspunktet for tilsynet i gong med å innarbeide fleire av rutinane i eigen praksis.

I intervju med barnevernsleiar fekk vi vite at stikkprøvekontrollen ho hadde gjennomført i forkant av tilsynet underbygde at det ikkje var felles praksis i tenesta for oppfølgingsarbeidet. Døme på dette er at det er ulikt korleis informasjon blir registrert i barnets journal / saksmappe, kva som blir dokumentert, og at det var uønskt variasjon i korleis oppfølgingsbesøka blir planlagt, gjennomført og følgt opp. Vi fekk vite at barnevernsleiar meinte at stikkprøvekontroll på noverande tidspunkt var tidkrevjande og lite eigna til å få oversikt over oppfølginga av barn i fosterheim. Det var sett i verk tiltak for å endre på dette ved å sørge for felles rutinar, malar og faste oppfølgingspunkt ved rettleiing og oppfølging av kontaktpersonar og avdelingsleiarar i tenesta. Vi fekk vite at barnevernsleiar hadde laga ei liste med faste punkt som blei etterspurd i hennar oppfølging av avdelingsleiarane, og at ho hadde bedt avdelingsleiarane om å følgje opp faste punkt i rettleiinga av kontaktpersonar. Det er òg innført rutine for at barnevernsleiar laga notat etter rettleiing med avdelingsleiarane, og at avdelingsleiarane lagar notat frå sin saksrettleiing med kontaktpersonane.

Notat frå dette skal ligge i barnas journal / saksmappe.

Rutinar og praksis for arbeidet

Under tilsynet fekk vi bekrefta av både tilsette og leiinga at det ikkje var etablert ein felles praksis for oppfølgingsarbeidet som var kjent for alle i omsorgsteamet, men at det var sett i verk arbeid med å etablere felles rutinar og praksis. Døme på dette var at rutinar frå fosterheimsprosjektet med Sunhordland Interkommunale barnevernsteneste skulle blir gjort kjent for alle tilsette, og det var bestemt at avdelingsleiar skulle skrive notat frå rettleiinga med kontaktpersonar inn i barnets journal / saksmappe. Målet med å skrive slikt notat er å dokumentere status i arbeidet og kva for vurderingar som er gjort i oppfølginga av kvart barn. I vår gjennomgang av saksmapper fant vi nokre døme på at det var laga notat frå rettleiingane, men informasjonen i notata var knytt til konkrete avgjerder om mindre tema, og gav ikkje innsikt i bakgrunnen for justeringar / avgjerder i arbeidet.

I intervju fekk vi vite at rettleiing frå avdelingsleiar tek utgangspunkt i kontaktpersonens ønskjer om oppfølging. Avdelingsleiar har i tillegg ei liste der det blir etterspurd informasjon om andre barn, og spørsmål knytt til nøkkeltal, registreringar og gjennomføring av besøk. Vi fekk vite at avdelingsleiar i rettleiinga i liten grad styrte innhaldet i oppfølgingsarbeidet, ut over det kontaktpersonen ønskjer å drøfte og avklare. I arbeidet med å etablerer felles rutinar og praksis fekk vi bekrefta av alle at dette var under arbeid. Vi fekk òg vite at barnevernsleiar, når felles praksis var etablert, ville gjennomføre årlege stikkprøvar i barnas saksmapper.

Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt med fosterheimen

Gjennomgang av saksmapper viser at det blir gjennomført oppfølgingsbesøk i tråd med lovkrav i dei fleste sakene. Vi ser òg at oppfølginga blir justert i nokon saker. Døme på dette er saker der det er oppfølging av barnet og fosterheimen annakvar månad på grunn av barnets situasjon og / eller situasjonen i fosterheimen. Vi ser at det i nokon saker blir gjort justeringar i oppfølgingsarbeidet eller sett inn tiltak i saker der barn har store omsorgsbehov og fosterforeldra er slitne. Vi ser òg at det i ei sak er gjort vurderingar knytt til om det er barnets beste å få avlastning utafor fosterheimen, eller om det må settast inn andre tiltak. Vår gjennomgang av saksmapper viser at det i nokon saker går fram at oppfølginga blir vurdert og justert, medan det i andre saker ikkje er dokumentert at dette blir gjort.

I alle sakene var det laga plan med dato for oppfølgingsbesøk, men planane viste som regel ikkje innhaldet / tema for besøka, ut over at det er ein oppfølging av barnets situasjon i fosterheimen. I nokon saker kjem det fram informasjon om at kontaktpersonen skal følgje opp samvær med biologiske foreldre, eller fosterheimen sitt behov for avlastning, men i dei fleste sakene går det ikkje fram av planen om det er forhold som skal følgjast opp frå førre besøk, eller om det er andre konkrete tema som skal bli følgt opp. I fleire saker ser vi at det mellom oppfølgingsbesøka er ny informasjon i saka frå både politi, skule eller andre. Dette var alvorleg informasjon om rus, kriminalitet eller andre vanskar hos barn som vi ikkje kan sjå at blir følgt opp.

Referat frå oppfølgingsbesøka blir dokumentert, men det er stor variasjon i kva som blir dokumentert. Nokon referat er utfyllande, medan andre er lister med stikkord. Vi fant få døme på at det går fram vurderingar etter oppfølgingsbesøka som er knytt til konkret informasjon frå barnet / fosterheimen. Referat frå oppfølgingsbesøka blir ikkje sendt ut, men blir lagra i barnets journal. Det går derfor ikkje fram av referata om innhaldet speglar oppfølgingsbesøket slik fosterheimen og barnet opplevde det, eller om det er usemje om kva som blei snakka om og bestemt.

Ut frå vår gjennomgang av saksmapper, blir telefonkontakt med barn og fosterheimar dokumentert.

Vi ser at det i fleire saker er mykje kontakt med fosterheimen og biologiske foreldre utanom oppfølgingsbesøk. Dette er saker der omsorgsovertakinga skal til ny vurdering i barneverns og helsenemnda eller tingretten, og i saker som gjeld endring av samvær. I fleire saker ser vi at det er eit omfattande arbeid som blir gjort i samband med dette, både knytt til kontakt med biologisk familie, med barna og fosterheimen.

Det er oppretta eigen journalpost i alle saker der slutninga frå fylkesnemnda kjem fram. I saker der kommunen har hatt omsorga for barn over mange år, ligg ikkje vedtaket frå fylkesnemnda i barnets elektroniske journal / saksmappe, men i kommunens fjernarkiv. I vår gjennomgang fant vi i desse sakene ikkje dokument som oppsummerte dei faglege føringane frå fylkesnemnda sitt vedtak, ut over sjølve slutninga. Det betyr at dokument med vesentleg informasjon og vurderingar av barns behov ikkje er tilgjengeleg i barnets elektroniske journal / saksmappe som er arbeidsverktøyet til kontaktpersonane.

Alle barna hadde omsorgsplan, men planane var tidvis gamle og fleire var ikkje endra sjølv om barnet hadde flytta til ny fosterheim. Fleire planar var heller ikkje justert sjølv om journalen / saksmappa viste endringar i barnets situasjon og behov. Alle sakene hadde plan for samvær, og i fleire saker var det laga andre planer for deler av oppfølginga. I nokre få saker var det utarbeida individuell plan for barnet. Vi fant få planar som ga god oversikt over den samla oppfølginga barn får. Planane vi fant var delplanar eller overordna planar som var lite eigna til å få oversikt eller bruke til å følgje med på barns utvikling.

Vurderingar og justeringar av oppfølgingsarbeidet ut frå barns utvikling og behov

I saksmappene til dei yngste barna, er dokumentasjonen gjennomgåande betre dokumentert enn i saker som gjeld eldre barn. I saksmappene til nokon av dei yngste barna blei informasjon om oppfølginga grundig dokumentert, og det gjekk klart fram kva barnevernstenesta hadde vurdert og teke stilling til. Døme på dette var vurderingar om flytting opp mot barnets kulturelle bakgrunn, vurderingar knytt til tilbakeføring, og konkrete vurderingar av samvær med søsken. Til tross for at oppfølging av mindre barn gjennomgåande var betre dokumentert, fant vi fleire døme på at vesentleg informasjon ikkje blei teke stilling til også i desse sakene. Døme på dette var informasjon om at barn var urolege og verkar stressa, samstundes som det blei lagt opp til omfattande samvær med foreldre kvar for seg, samvær med søsken og andre familiemedlemmar og barnet gjekk i barnehage. Vi kan ikkje finne dokumentasjon på at det har blitt gjort vurderingar av om samvær og aktivitetar samla sett var til barnets beste, eller om den uro barnet viste kunne bli knytt til at det var lite ro kring barnet.

I saker som gjeld eldre barn, er det mange saker der bekymringsfull informasjon ikkje blir følgt opp og vurdert. Konkrete døme på dette er informasjon om høgt skulefråvær, mistankar om rusmisbruk, negativ utvikling, og kontakt med negative miljø. I vår gjennomgang av saksmapper ser vi få døme på korleis slik alvorleg informasjon blir følgt opp, og det går ikkje fram om det er sett i verk nødvendige tiltak for å førebyggje vidare negativ utvikling.

Vår gjennomgang viser òg at barnevernstenesta kan ha høg terskel for å sette inn og endre tiltak i saker der ungdommar bur i fosterheim hos familie og nettverk. Døme på dette er saker der det over tid kjem fram alvorleg informasjon om at barnet har negativ utvikling og bekymringsull åtferd og der fosterheimar som avviser barneverntenesta sin uro for barnet. I gjennomgang av barnets journal / saksmappe kan vi ikkje sjå at det er dokumentert vurderingar av om fosterheimen klarer oppgåva med å ivareta barnet, det går ikkje fram barnevernsfaglege vurderingar knytt til barnets utvikling og behov for hjelp. Det går heller ikkje fram av dokumentasjonen i saka om det er sett i verk nødvendige tiltak for barnet og tilpassa oppfølging av fosterheimen.

I nesten alle sakene vi har gått igjennom er det mangelfull informasjon om kven som bur i fosterheimen. I fleire saker går det til dømes ikkje klart fram om fosterforeldre har eigne barn, eller om det bur andre barn i fosterheimen. Det kan også komme fram informasjon om at fosterforeldre er skilde, utan at vi klarte å få oversikt over om barnevernstenesta har følgt dette opp, eller om det påverkar omsorga barnet får.

Samtalar med biologiske foreldre blir i hovudsak dokumentert og følgt opp. Vi ser av vår gjennomgang at det i halvparten av sakene blir gjort konkrete vurderingar om kontakt og gjennomføring av samvær med barn. I om lag halvparten av sakene ser vi at det òg blir gjort vurderingar knytt til samvær med besteforeldre og / eller søsken.

Oppfølging av informasjon frå tilsynsførar og anna informasjon

Barna har tilsynsførar, og vi ser at rapportar frå tilsynsbesøk blir registrert som mottatt i barnets journal. Det er bestemt at kontaktpersonane skal dokumentere at rapporten frå tilsyn er lest, og det skal gå fram om det er kommentarar til innhaldet i tilsynsførar sin rapport. Vi ser at det er stor variasjon i innhaldet og kvaliteten på rapportane frå tilsynsbesøka. I fleire saker er det følgjefeil som ikkje blir fanga opp, og rapport frå tilsynsførar har ikkje relevant informasjon om barnet eller fosterheimen. I andre rapportar kjem det fram mykje informasjon, og det blir gjort vurderingar av barnets situasjon i fosterheimen. Vi kan likevel ikkje sjå om, eller på kva måte, mangelfulle rapportar blir følgt opp, eller korleis informasjon frå rapportar med mykje informasjon blir følgt opp.

I nokon saker er det hyppig skifte av tilsynsførarar. Mappegjennomgangen viser at tilsynsførarrapportane inneheld lite ny informasjon om barnet, ut over at tilsynsførar jobbar med å etablere ein relasjon til barnet. I saker der det er hyppige skifter av tilsynsførarar og kontaktpersonar, viser dokumentasjonen i saka at det manglar kontinuitet og oppdatert informasjon om barnet. Med nokre få unntak går det ikkje fram av vår mappegjennomgang eller i intervju med tilsette om det er kontakt og utveksling av vesentleg informasjon mellom tilsynsførar og barnevernstenesta.

Gjennomgangen av saksmapper viser at barnevernstenesta etablerer kontakt med andre instansar når barnet har behov for oppfølging frå andre tenester. Vår gjennomgang viser likevel at halvparten av sakene har mangelfull informasjon om kva samarbeidet gjeld. I nokon saker kjem det fram informasjon om diagnosar eller utgreiingar, men det går ikkje fram om eller korleis informasjonen er følgt opp. I nokon saker går det til dømes fram at barnet er vurdert hos BUP, men det går ikkje fram kva som var utgangspunktet for utgreiinga, eller kva som var resultatet av denne. Det kan òg vere vanskeleg å sjå om informasjon om barn frå andre instansar er oppdatert, eller viser til informasjon tilbake i tid. Det går heller ikkje klart fram av barnets saksmappe om samarbeidet er pågåande eller avslutta, og eventuelt kva for betydning informasjonen har for barneverntenesta sin oppfølging av barnet.

Medverknad

I vår gjennomgang av saksmapper og i intervju, går det fram at barnevernstenesta har kontakt med barna og at barn blir snakka med under oppfølgingsbesøka. Det går fram av notat frå oppfølgingsbesøk at fosterheimen har gitt barn informasjon om barnevernstenesta sitt besøka. Det går ikkje fram av vår mappegjennomgang eller intervju av tilsette om barn veit kva barneverntenesta vil snakke med dei om, og om dei får vite korleis informasjonen dei gir blir brukt. Det går heller ikkje fram om barn får tilbakemelding frå barneverntenesta når dei har spørsmål eller treng å få avklaringar. I samtaler med fosterheimar og barn i samband med tilsynet, får vi vite at både barn og fosterheimane i stor grad er nøgd med oppfølginga, men vi får òg informasjon om at barn opplever å få lite informasjon frå barnevernstenesta. Døme på dette er barn som trur dei skal tilbakeførast til foreldre, og ventar på informasjon om tidspunkt for dette. Barnet hadde ikkje fått vite at det var bestemt at tilbakeføring likevel ikkje var aktuelt. Det tok lang tid før barnet fekk informasjon om at hen skulle bli buande i fosterheimen.

I intervju og i nokon saksmapper får vi vite at barn får informasjon om rett til tillitsperson og tilbod om dette. Vår gjennomgang av saksmapper viser at barnevernstenesta under pandemien gjennomførte fleire oppfølgingsbesøk på teams / videomøte.

Oppfølging og avtaler med fosterheimen

Vi kunne ikkje finne dokumentasjon på om det var systematisk gjennomgang av fosterheimsavtalene. I intervju fekk vi vite at dette blei gjort, og i nokon saker såg vi at det blei gjort endringar. Døme på dette er endringar i frikjøp av fosterforeldre. Vi fekk vite at det var planlagt nye rutinar for gjennomgang av fosterheimsavtalene for å sikre kvaliteten på arbeidet. Gjennomgang av fosterheimsavtalar skal med nye rutinar ikkje vere del av oppfølgingsbesøka i fosterheimen, men bli gjort i separate møter med barnevernstenesta.

I samtalar med fosterheimar kjem det fram at fleire ønskjer å få tilsendt referat frå oppfølgingsbesøk.

4.     Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Oppfølging av barn i fosterheim

Internkontroll og tenestas eigenrapportering

På tidspunktet for tilsynet hadde kommuneleiinga gjennom sin internkontroll fanga opp fleire sårbare områder knytt til oppfølging av barn i fosterheim. Under tilsynet fekk vi vite at det var planlagt fleire tiltak for å rette opp i dette. I tenestas eigenrapportering går det også fram fleire risikoområder som samsvarer med funna frå tilsynet.

Vi er samde med leiinga i at arbeidet på fleire område ikkje er i tråd med lovkrav, og at det er stor risiko for at oppfølgingsarbeidet ikkje blir dokumentert godt nok. Manglande planlegging og systematikk i arbeidet er ein risiko for at barn ikkje får tiltak og oppfølging i tråd med sine behov.

Vi er òg samde i at det er ein risiko for at barn ikkje får medverke i tråd med sin alder og utvikling. Svikt i barns rett til å medverke kom òg klart fram i vår dokumentgjennongang, og i våre samtalar med barn og fosterforeldre. Vår gjennomgang viser likevel at det blir gjort konkrete vurderingar av samvær med søsken, og vi ser fleire døme på at samvær med biologiske foreldre blir justert i tråd med barnets utvikling og behov.

Oppsummert betyr dette at Bjørnafjorden kommune har oversikt over områder der det er fare for svikt i tenesta, men det er ikkje sett i verk tilstrekkelege tiltak for å førebygge at svikt skjer. Dette er brot på kommunelova § 25-1 tredje ledd, jf. bvl § 15-2 fjerde ledd.

Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt

Tilsynet har avdekka at det manglar systematikk i oppfølgingsarbeidet. I vår vurdering har vi lagt vekt på at det ikkje er etablert felles rutinar for arbeidet slik at kontaktpersonane er kjent med kva rutinar som gjeld. Det er ikkje klart for alle kva for krav som ligg til arbeidet med å planlegge, justere, dokumentere og vurdere oppfølgingsarbeidet. Vi meiner at tenesta sin praksis ikkje er harmonisert, og at dette gjer at det er for stor variasjon i korleis oppfølginga blir gjort, og at ansvar for innhaldet og kvaliteten i oppfølginga blir opp til kontaktpersonane.

Vidare legg vi vekt på at det ikkje blir dokumentert stoppunkt, evalueringar eller oppsummeringar i saka, noko som betyr at det er vanskeleg å få oversikt over barnets situasjon og behov ved å lese i barnets journal / saksmappe. Med unntak av tre saksmapper manglar det dokumentasjon på stoppunkt i sakene, og dokumentasjonen i dei fleste saker er uoversiktleg. Vi meiner det er for stor variasjon i kva for informasjon som blir følgt opp, og kva som er bestemt. Sjølv om det er laga notat med vurderingar i nokon saker, er det berre i nokre få saker at det går fram kva som er vurdert og grunnlaget for dette. Vi meiner manglande systematikk og felles praksis utgjer ein stor risiko for at barnevernstenesta ikkje identifiserer relevante forhold i oppfølginga av barn. Sjølv om mykje informasjon om barn og familiar kan vere kjent for den enkelte kontaktperson, meiner vi at denne kunnskapen i varierande grad er tilgjengeleg for leiinga i barnevernstenesta / kommunen som har omsorgsansvaret for barna.

Det betyr at leiinga i barnevernstenesta ikkje sørger for at oppfølging av barn i fosterheim er planmessig og systematisk, og ikkje sikrar at kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid er i tråd med regelverket. Dette er brot på bvl § § 1-7, 8-3 og 12-4, og kommunelova § 25-1 tredje ledd, jf. bvl § 15-2 fjerde ledd.

Vurderingar og justeringar av oppfølgingsarbeidet ut frå barns utvikling og behov

Når vesentlege opplysningar ikkje er dokumentert i barnets saksmappe/ journal, kan ikkje tenesta ta stilling til og vurdere barnets utvikling og behov er i tråd med lovkrav. Vi ser at dette gjeld for meir en halvparten av sakene vi har gått igjennom. Når vedtaket frå fylkesnemnda ikkje ligg i barnets elektroniske journal, og det ikkje går fram kva som var nemnda sin vurdering på tidspunktet for omsorgsovertakinga, meiner vi det er stor risiko for at tenesta ikkje har god nok oversikt over barnets utvikling i fosterheimen.

Når det ikkje går fram faste tidspunkt for evaluering, justering og oppdatering av informasjonen i barnets journal /saksmappe, meiner vi barnevernstenesta ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere barnets utvikling. Sjølv om tenesta i nokon saker dokumenterer drøfting av saker i barnets journal, går det ikkje fram tilstrekkeleg informasjon til at notatet godt nok oppsummar barnets situasjon og utvikling. På tidpunktet for tilsynet meiner vi at tiltaket med å dokumentere vurderingar frå rettleiing, saksdrøft og beslutningsmøter, ikkje er tilstrekkeleg for å få oversikt over status i barnets situasjon.

Vi meiner tilsynet har vist at leiinga gjennom sin kontroll ikkje i tilstrekkeleg grad fangar opp om -, eller korleis alvorleg informasjon om barn blir følgt opp systematisk. Vi har i vår vurdering lagt vekt på at det stor variasjon om alvorleg informasjon blir følgt opp og fører til justering av arbeidet. Vi har òg lagt vekt på at det er mange rutinar for oppfølging av barn i fosterheim, men at det er uklart for tilsette kva for rutinar som gjeld og som er styrande for utføring av oppgåvene.

Det betyr at barnevernstenesta på tidspunktet for tilsynet ikkje har ein systematisk praksis for å sikre at vesentleg informasjon om barn i fosterheim blir følgt opp forsvarleg.

Det betyr at leiinga i barnevernstenesta ikkje sørger for at oppfølging av barn i fosterheim er planmessig og systematisk, og ikkje sikrar at kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid er i tråd med regelverket. Dette er brot på bvl § § 1-7, 8-3 og 12-4, og kommunelova § 25-1 tredje ledd, jf. bvl § 15-2 fjerde ledd.

Medverknad

Tilsynet har vist at Bjørnafjorden barnevernteneste legg til rette for å snakke med barn når dei er på besøk i fosterheimen. Det går likevel ikkje klart fram av sakens dokument korleis barnet er budd på kva barneverntenesta ønskjer å snakke med dei om, eller om det er informasjon frå tidlegare besøk som skal bli følgt opp. Når barn ikkje får informasjon om kva barnevernstenesta vil snakke med dei om i forkant av tilsynsbesøk, og tenesta ikkje sørger for at barnet veit korleis informasjon frå dei blir brukt og følgt opp, risikerer barnevernstenesta at barn ikkje fortel om forhold som er viktig for dei og som kan vere av stor betydning for saka. Manglande planlegging av samtalar med barn kan òg føre til at barnevernstenesta sin kontaktperson ikkje er godt nok budd på barnesamtalen, og av den grunn ikkje fangar opp viktig informasjon frå barn. Vidare meiner vi barnevernstenesta i oppfølgingsarbeidet ikkje nyttar informasjon frå barn som kjem fram i tilsynsførar sine rapportar eller frå samarbeidsinstansar systematisk. Dette fører til at vesentleg informasjon frå barn ikkje blir følgt opp og vurdert som del av den samla informasjonen i saka. Denne praksisen er ikkje i tråd med barns ubetinga rett til å bli høyrt og tenesta sin plikt til å vise korleis informasjon frå barn er vurdert opp mot anna informasjon i saka.

Det betyr at barnevernstenesta sin praksis ikkje er i tråd med bvl §§ 1-3, 1-4 og 1-7 og 12-4.

5.     Statsforvaltarens konklusjon

Tilsynet har avdekka vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Vidare er det stor variasjon om -, og korleis informasjon frå barn blir vurdert og følgt opp.

Dette utgjer samla sett ein stor risiko for at barn ikkje får oppfølging og hjelp i tråd med sine behov. Dette er brot på barnevernslova § 8-3, første og fjerde ledd (bvl. 1992 § 4-16), § 1-4 (bvl. 1992 §1-6), § 1-3 (bvl 1992 § 4-1), § 1-7 (bvl. 1992 §1-4), § 12-4 og § 15- 2 fjerde ledd (bvl. 1992 § 2-1 andre ledd), jamfør kommunelova § 25-1.

Endeleg rapport blir sendt Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no.

6.     Oppfølging av lovbrot

Vi ber om kommunen utarbeide ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrotet, og sende den til Statsforvaltaren innan 17.04.2023. Planen bør innehalde følgande:

  • Konkrete målformuleringer for kva som skal forbetrast
  • Tiltak som skal gjennomførast for å skape forbetring
  • Fristar for iverksetting og evaluering av om tiltaka har hatt effekt som planlagt
  • Skildring av korleis leiinga vil følge med på å kontrollere at tiltaka blir satt i verk og gjennomført
  • Skildring av korleis leiinga vil følge med på å kontrollere at tiltaka har effekt

Kort tid etter at planen er mottatt, vil Statsforvaltaren ta kontakt med kommunen for å gje tilbakemelding på plan for retting av lovbrot og planlegge for vidare dialog.

Statsforvaltaren skal følgje opp tenesta til praksis er i tråd med lovkrav. For å undersøke om tiltaka har ført endring av praksis, vil kommunen på eit seinare tidspunkt bli bedt om å utføre ein eigenkontroll.

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonssjef

Vibeke Herskedal
seniorrådgjevar

 

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart sendt 21.12.2022.

Førebuande møte med verksemda vart gjennomført 24.01.2023.

Tilsynet vart gjennomført ved barnevernstenesta i Bjørnafjorden. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 16.02.2023.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

Dokumenter motteke 22.08.2022

  • Liste over barn som bur i kommunale fosterheimar
  • Oversikt tilsette i Bjørnafjorden barnevernsteneste august 2022
  • Organisasjonskart Oppvekst av 01.01.2022
  • Organisasjonskart barnevernstenesta
  • Ansvarsmynde og delegering – Bjørnafjorden barnevernsteneste
  • Kontaktperson
  • Avdelingsleiar
  • Leiar barnevernstenesta
  • Beslutningsmøter
  • Funksjonsbeskriving for einingsleiar barnevernstenesta
  • Funksjonsbeskriving kontaktperson barnevernstenesta
  • Funksjonsbeskriving for avdelingsleiar undersøking barnevernstenesta
  • Tilstandsrapport Bjørnafjorden barnevernstenesta 2021
  • Rutine for oppfølging av foreldre til barn som bur utanfor heimen
  • Rutine for oppfølging av fosterheim
  • Rutine for godkjenning av fosterheim
  • Sjekkliste plasseringsprosess – arbeidsoppgaver
  • Kartleggingssamtale med foreldre til barn som bur utanfor heimen
  • Mandat rettleiing i fosterheimen
  • Oppfølgingssamtale med foreldre til barn som bur utanfor heimen
  • Plan for oppfølging av foreldre etter flytting av barn
  • Sjekkliste – arbeid med oppfølging av foreldre etter flytting av barn
  • Referat frå oppfølgingsbesøk i fosterheim
  • Flytskjema knytt til rutine; Oppfølging av foreldre til barn som bur utanfor heimen
  • Oss i barnevernstenesta – ofte stilte spørsmål om Familie, internkontroll, beslutningar og anna – for tilsette i barnevernstenesta
  • Kvalitet og utviklingsplan 2022 – Bjørnafjorden barnevernsteneste
  • Møter, Bjørnafjorden barnevernsteneste
  • Oversikt tilsette - deltaking på ulike kurs
  • Plan for fagleg opplæring for tilsette I Bjørnafjorden barnevernsteneste 2021/2022
  • Oversikt over barnevernstenesta sine faste møter med ulike kommunar og tenester som dei samarbeider med
  • Plan for intern rettleiingsgruppe for nytilsette i Bjørnafjorden barnevernsteneste
  • Oversikt over e-læringskurs – som alle i barnevernstenesta skal gjennomgå
  • Plasserte barn/barn under omsorg – Power Point om regelverk
  • Risikovurdering av 09.12.2021 – sikkerheit, vald, truslar og uheldige belastningar i barnevernstenesta
  • Risikovurdering av 17.05.2021
  • Mal – stikkprøve fosterheimsarbeid, hjelpetiltak utenfor heimen og frivillig plasserte barn
  • Mal – oppfølging av fosterbarn
  • Sjekkliste – stikkprøvekontroll fosterheimsarbeid, hjelpetiltak utenfor heimen og frivillig plasserte barn
  • Rutine for oppfølging av foreldre til barn som bur utanfor heimen
  • Mal – vurdering av eigna/mogeleg fosterheim i slekt og nettverk
  • Mal – Oppfølgingsplan
  • Mal – samværsplan
  • Mal – vurdering og godkjenning av tilsynsførar
  • Oversikt utviklingsarbeid – datert 28.03.2022
  • Mal - Avtale mellom foreldre, kommune og fosterforeldre ved plassering av barn/ungdom etter barnevernloven § 4-4, 6. ledd
  • Mal Bufetat – ny direkteplassering i fosterhjem
  • Mal – førebels og endelig omsorgsplan
  • Mal Bufetat – melding om avsluttet plassering i fosterhjem
  • Mal - Gjennomgang av rapport frå tilsynsførar i fosterheim
  • Mal – godkjenning av fosterheim – innhenting av opplysningar, krav om oppfostringsbidrag, melding om vedtak, manglande tilsynsrapport.
  • Mal – BLD - fosterhjemsavtalen
  • Mal – samværsavtale, tilsynsførar i fosterheimen, melding om flytting til ny fosterheim, oppseiing av fosterheimsavtale, pass til fosterbarn, samtykke til fortsatt tiltak etter fylt 18 år, samtykke til reduksjon tilsyn i fosterheimen frå 4 til 2 ganger pr. år, samtykke til samarbeid – informasjonsflyt til ungdom over 15 år, redusert tilsyn
  • Rutine for framhald av fosterheim etter fylte 18 år
  • Årshjul – Bjørnafjorden barnevernsteneste
  • Mal – RVTS – hjelpeark samtaler med barn
  • Skildring og evaluering av kurstilbodet «samtalar med born» - eit tiltak for å auke kunnskapen og handlingskompetanse om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge i Os kommune – datert 18.10.2019
  • Mal – melding om avsluttet plassering i fosterhjem
  • Mal – dokumentasjon av samtale med ungdom på ettervern
  • Mal – dokumentasjon av samtalar med barn i barnevernstenesta
  • Skjema for eigenrapportering og dokumentinnhenting av 22.08.2022

Dokumenter motteke 17.01.2023

  • Rutine for barns medverknad
  • Oversikt over tilsette i Bjørnafjorden barnevernsteneste, februar 2023
  • Liste over barn som barnevernstenesta har omsorga for og som bur i kommunale fosterheimar
  • Rutine datert 22.10.2022 for oppfølgingssamtalar med avdelingsleiarar
  • Rutine – månadsrapportering til Einingsleiar Familiens hus
  • Rutine – for oppfølging av einingsleiarane i Familiens hus knytt til internkontroll
  • Skjema for eigenrapportering og dokumentinnhenting av 17.01.2023
  • Mal – plan for samvær
  • Mal – til foreldre som skal ha samvær med barn i fosterheim eller institusjon
  • Mal – til fosterforeldre som skal følgje barn til samvær med foreldre
  • Utkast til plan for opplæring 2023
  • Strategidokument

Tilsynet har gjennomgått 11 saksmapper til barn som barnevernstenesta følger opp/har følgt opp i fosterheim dei to siste åra. Det er gjennomgått dokumentasjon for 2 år tilbake i tid, i tillegg til relevante grunnlagsdokument.

Vi har snakka med barn og fosterforeldre i samband med tilsynet.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

seniorrådgjevar, Anne Vibeke Barkved, Statsforvaltaren i Vestland, revisor

seniorrådgjevar, Bård Tyldum, Statsforvaltaren i Vestland, revisor

seniorrådgjevar, Eva Ekblom, Statsforvaltaren i Vestland, revisor

seniorrådgjevar, Vibeke Herskedal, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattanede tilsynet

2022–23 Barneverntjenestens ansvar for oppfølging av barn plassert i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk