Rapport etter tilsyn med Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer om økonomisk stønad i Tysnes kommune 2023
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
Vi gjennomførte tilsyn med Tysnes kommune 17. og 18. april 2023. Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer om økonomisk stønad.
Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.
Kommunen hadde ikkje merknader til rapporten.
Med helsing
Øystein Breirem Jacobsen
seksjonssjef
Linda Kråkenes
seniorrådgjevar
1. Tilsynets tema og omfang
I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen oppfyller desse krava:
- Ved søknad om økonomisk stønad må Nav-kontoret kartleggje barnas behov godt nok
- Ved behandling av søknader om økonomisk stønad til familiar, må Nav-kontorets vurderingar og avgjerder vere forsvarlege
- Nav-kontoret må følgje opp familiar som tek i mot økonomisk stønad, ved behov
Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at vi har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller dei aktuelle lovkrava.
Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet, er viktig informasjon for tilsynet. Vi har derfor som ledd i tilsynet, kontakta ti personar som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Tysnes. Vi avtalte og gjennomførte samtale med fem av dei.
Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn for 2022-23. Det at tilsynet er landsomfattande, betyr at alle statsforvaltarane gjennomfører tilsyn med same tema, og innanfor den fastsette perioden. Formålet med det landsomfattande tilsynet er å skape nasjonal merksemd om området, avdekke svikt og bidra til forbetring. Helsetilsynets rettleiar for tilsynet er publisert på Helsetilsynets nettsider. Tilsynsrapportane frå alle statsforvaltarane og Helsetilsynets oppsummeringsrapportar, vert også publiserte der.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunen oppfyller plikter som følgjer av sosialtenestelova, sjå sosialtenestelova § 9. Tilsynet omfattar også den delen av kommunens internkontroll som skal sikre at kommunen oppfyller dei pliktene som følgjer av sosialtenestelova kapittel 4.
Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med gjeldande lovkrav. Her gjer vi kort greie for dei lovkrava som vart lagt til grunn i dette tilsynet.
Krav til kartlegging
Nav-kontoret skal kartleggje familiens situasjon. Kartlegginga skal omfatte behova til kvart enkelt familiemedlem. Målet med kartlegginga er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i familiar med sosiale problem. Nav-kontoret skal kartleggje familiens behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.
Kommunen pliktar å opplyse saka godt nok før vedtaket vert gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19, saman med § 1, er styrande for kva opplysningar som er nødvendige for å ta avgjerder om økonomisk stønad.
Det kjem ikkje alltid tydeleg fram i ein søknad kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga er å avdekkje behov for stønad og om familien treng anna oppfølging for å oppnå formålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at dei kan søkje om stønad til utgifter utover det som vert dekt av rettleiande livsopphaldssatsar, husleige og straum.
Kva som skal kartleggjast, vil avhenge av familiesituasjonen og familiens hjelpebehov. Nav kan innhente opplysningar munnleg eller skriftleg. Dei opplysningane Nav får munnleg, skal dei skrive ned, jf. forvaltningslova § 11 d.
Ved søknad frå ein person som søkjer om økonomisk stønad for første gang, vil det til vanleg vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løpande søknader, er det viktig med jamlege samtalar med brukaren for å sikre at opplysningane vert oppdaterte, og at eventuelt nye behov vert avdekte.
Nav-kontoret må leggje til rette for brukarmedverknad i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg vere utforma i samarbeid med brukaren. Det er viktig at Nav-kontoret som ledd i kartlegginga innhentar informasjon om kva barna treng. Dette skjer til vanleg i samtale med foreldra, men Nav-kontoret kan også på andre måtar få informasjon om kva barna treng.
Nav-kontoret må avtale med familien om dei skal ha kartleggingssamtalane på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.
Ved språkutfordringar er det viktig at Nav-kontoret bruker tolk, slik at brukaren forstår informasjonen frå Nav og får høve til å skildre situasjonen sin på ein måte Nav kan forstå. Manglande bruk av tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar, slik at kartlegginga ikkje vert god nok.
Krav til vurdering og avgjerd
Når Nav-kontoret har kartlagt familiens situasjon godt nok, skal dei vurdere hjelpebehovet og ta stilling til om søkjaren skal få økonomisk stønad, og eventuelt kor mykje. Dersom Nav-kontoret ikkje har kartlagt godt nok, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når dei skal vurdere søknaden og ta avgjerd.
Nav-kontorets vurderingar skal vere konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Det må gå fram at dei har teke omsyn til kvart enkelt barns behov. Nav-kontoret må synleggjere korleis barnets beste er vurdert ut frå familiens situasjon og behov, og det må gå fram korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn i vurderingane.
I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal Nav-kontoret leggje til grunn dei faktiske inntektene og utgiftene som familien har. Frå 01.09.2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd skal haldast utanfor ved vurdering av søknad om stønad til familiar.
Ved vurderinga av hjelpebehovet, skal Nav-kontoret leggje til grunn familiens utgifter til forsvarleg livsopphald. Det går ikkje direkte fram i lova kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen og kravet om forsvarleg livsopphald gjev rettleiing om stønadsnivået.
Statlege og kommunale satsar gjeld berre som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav-kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der det blant anna vert teke omsyn til kvart enkelt barn.
Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal dei vurdere om dei bør gje stønad etter sosialtenestelova § 19. Dei må da vurdere konkret om søkjaren treng stønad for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon. Nav-kontoret kan på denne måten fange opp og dekkje ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje vert dekt gjennom sosialtenestelova § 18.
Det må vere logisk samanheng mellom vurderingane og avgjerda.
Krav til oppfølging
Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Målet er at familien på sikt skal klare seg sjølv, og oppfølginga skal støtte opp under dette.
Kommunane har stor grad av handlefridom med omsyn korleis oppfølging av familiar skal skje. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing som skal bidra til at søkjaren skal klare seg i kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.
Nav-kontoret skal gjennom motivasjons- og endringsarbeid gjere det lettare for familien å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Dette inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje i alle saker er gjennomført samtalar.
Nav-kontora skal ivareta oppfølgingsplikta si ved at dei gjer vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak, har betydning for heile prosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Nav kan anten gjere eige vedtak etter § 17, eller vedtak etter § 17 saman med vedtak om økonomisk stønad.
Oppfølgingsansvaret etter sosialtenestelova omfattar ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvaret for etter sosialtenestelova. Det omfattar ikkje tenester og oppgåver som ligg til andre instansar. På den andre sida vil det ofte vere slik at Nav-kontoret må samarbeide med andre tenester for at oppfølginga skal vere forsvarleg.
Krav til styring og leiing
Krava som gjeld leiing, organisering og styring understrekar kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikt i tenesteytinga kan få store konsekvensar for dei som bruker tenestene.
Kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholda i verksemda.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer med tanke på det som er temaet ved dette tilsynet.
Tysnes kommune hadde 2910 innbyggjarar i 2022 (tal SSB 4. kvartal 2022). Kommunesenteret ligg i Uggdal. I tettstaden Våge ligg symjehall, fleirbrukssenter, skule med mellomtrinn og ungdomsskule, og butikkar. Våge er det viktigaste trafikknutepunktet på øya. BUA der ein kan låne utstyr, er tilknytt rådhuset i Uggdal. Tysnes kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats).
Nav Tysnes er ei eining under helse og omsorg. Nav-leiar er kommunalt tilsett og rapporterer til kommunalsjef helse og omsorg. Nav-kontoret har i tillegg til minimumsløysinga, ansvaret for flyktningtenesta og for rustiltak etter helse- og omsorgstenestelova. Fire av dei sju tilsette ved Nav-kontoret har oppgåver knytt til behandling av søknadar om økonomisk stønad. Ein av dei tilsette har ansvar for arbeidet med flyktningar frå Ukraina. Kommunen busette 20 flyktningar i 2022.
Fram til 1. mars 2023 brukte Nav Tysnes fagsystemet Acos. Frå 1. mars bruker dei Velferd, og tok samstundes i bruk Digisos. I arbeidet med søknadar om økonomisk sosialhjelp brukar dei også Gosys, Modia, Arena og Ekstranett, som er Husbanken sitt system for bustønad. Når dei jobbar med flyktningar og introduksjonsprogrammet bruker dei Visma flyktning.
Nav kontoret har utarbeida «Rutinar etter sosialtenestelova» som inkluderer rutine for kartlegging av brukaren sine barn og barneperspektivsamtalen. Dei har skjema for å kartlegge barns behov, og sjekkliste for godkjenning av vedtak. I eigenrapporteringa skriv kommunen at dei hadde eigen fagdag i 2022 der dei innførte fleire faste forbetringstiltak: klårt språk i all skriftleg kommunikasjon med brukar, ny mal for vedtak og samtalereferat, barneperspektivet i Nav, kollegarettleiing og revidering av rutinar. Rutinane er lagt på Teams, på kommunalt filområde og i papirform i perm på kontoret. Rutinar for sakshandsaming skal sikre at alle relevante opplysingar i arbeidet vert dokumentert slik at desse lett kan finnast.
Kommunen skriv i eigenrapporteringa at kvalitetssikringssystem med internkontrollruinar syter for at rutinar og prosedyrar vert gjennomgått og revidert jamleg. Årshjul med fagdagar og fagmøte sikrar felles forståing av desse. Avviksskjema finn dei tilsette i kommunen sitt kvalitetssystem Compilo.
I kvalitetssikringssystemet for Tysnes kommune – sosialavdelinga, går det fram at Nav-leiar har gjennomgang av vedtak, registrerer avvik og følgjer opp. I rutinane går det også fram kva som vil bli lagt særleg vekt på ved stikkprøver. I stikkprøvene skal leiinga ha merksemd på kartlegging knytt til brukar sitt mål, kontakten med brukar og at innhald i samtalar går fram av vedtak og journalnotat, behov for samarbeid og koordinering med andre, at brukar si stemme skal vise i saka og at brukar skal kunne kjenne seg att i dokumentasjonen.
Det kjem fram i rutinane at barns behov skal bli tilstrekkeleg kartlagt, vurdert og følgt opp, og kontoret skal alltid ta særleg omsyn til barnas behov. Barnets beste skal vere ei rettesnor i arbeidet. Rettleiar skal evne å sjå, vurdere og ta omsyn til barnas situasjon i sakshandsaming og rettleiing. Nav Tysnes skal ha eit særleg fokus på førebygging og inkludering av barn og unge, og dei skal motarbeide barnefattigdom. Det går også fram at dei har det dei kallar «barneperspektivsamtalen», der formålet er «å få brukar til å reflektera over eigen situasjon og korleis det påverkar barn/familie, og om det er noko med barn/familie som påverkar brukar sin veg mot arbeid/aktivitet». Kontoret har hatt stor merksemd på barneperspektivet i 2022.
Fagansvarleg godkjenner alle vedtak for å sikre ein mest mogleg lik praksis. Kontoret har ei ordning for godkjenning av vedtak når fagansvarleg ikkje er til stades.
Kvar morgon har Nav-kontoret møte der dei fordeler og drøfter søknadar om sosialhjelp. Kvar måndag er det fagmøte der saker etter lov om sosiale tenester blir drøfta.
Kommunen opplyser i eigenrapporteringa at kommunalsjef har faste statussamtaler med Nav-leiar ein gong i månaden. Status i Nav er eit sentralt tema. Nav-leiar deltek på einingsleiarmøte saman med kommunalsjef og dei andre einingsleiarane innan helse og sosial kvar 6. veke. Nav-leiar deltek i rådmannen sitt utvida leiarmøte kvar 6. veke.
Kommunen gjennomførte i 2022 ein eigenvurdering av sosiale tenester i Nav til unge mellom 17 og 25 år i regi av Statsforvaltaren. Dei avdekte ikkje lovbrot eller forbetringspunkt, men opplevde eigenvurderinga som nyttig i eige kvalitetsarbeid.
Kartlegging
Vi har gjennom brukarsamtaler, intervju med tilsette og gjennomgang av saksdokument, fått vite at Nav-kontoret gjennomfører kartleggingssamtalar, og at barnas behov inngår som tema i desse samtalane.
Rettleiarane har ansvar for kartlegginga og samtalane med søkjaren. Samtalane kan vere på kontoret, på telefon eller ved heimebesøk. Vi fekk høyre at dei helst vil snakke med folk ansikt til ansikt. Vi fekk vite at Nav kjenner dei fleste brukarane, og sjeldan får nye brukarar. I intervju kom det fram at dei ofte hjelper brukarane med å skrive første søknad om sosialhjelp. Ofte har dei oppfølging av familiane allereie knytt opp mot arbeid eller helse. Dei tek då ein telefon for å høyre om det er noko ekstra denne månaden. Dersom brukar er forhaldsvis ny, spør dei alltid om dei har nok mat, om dei har utgifter til medisin, fritid, klede, og om barna det dei treng. Dei tek utgangspunkt i kartleggingsskjema og kartlegg kvart barn for å finne ut av det enkelte barns behov. Kartlegginga skjer alltid på kontoret, i fall dei brukar kartleggingsskjemaet.
Vi fekk høyre at dei tilsette er opptatt av at bustaden til barnefamiliar skal vere eigna for barn, dei skal kunne gjere lekser der og ta med vener heim. Vi fekk også høyre at dei er merksame på det som skjer i lokalsamfunnet, og ut frå dette kan dei undersøkje om familien har utgifter til det som skjer, til dømes til reise til fotballcup.
Dei tilsette vi snakka med, opplever at brukarane liker å snakka om barna sine. Dei tilsette er opptekne av å tryggja foreldra på kvifor dei vil snakke om barna. Dei snakkar med foreldra om korleis dei har det heime, i barnehagen eller på skulen, kva dei liker å gjere, fritidsaktivitetar, vener, og om barna har spesielle behov. I høve flyktningane er dei opptekne av å kartleggje kva aktivitetar dei hadde i heimlandet. Dei tilsette tek også opp med brukaren korleis det å ha dårleg råd eller sjukdom påverkar familien og barna. Dei snakkar om kva brukaren sjølv tenkjer om sin eigen og familiens situasjon, og dei snakkar om korleis dei skal kunne kome vidare.
Kartlegging og samtalar vert journalført i Velferd, eventuelt Velferd Flyktning eller Modia.
Vi fekk vite at dei har få nødhjelpssøknader frå barnefamiliar. Når dei får slike søknader snakkar dei med søkjaren om kva som har skjedd, når dei får inntekt neste gong og kva som er behovet her og no.
Saksbehandlarane avgjer sjølv om det er behov for tolk i samtalane.
Det dei tilsette seier om innhaldet i kartlegginga, stemmer med det nokre av brukarane har fortalt oss om kontakten med Nav-kontoret. Vi har sett journalnotat og kartleggingsskjema som bekreftar det vi har lest i rutinane og det vi har høyrt skildra i intervju. Vi har sett fleire døme på samtalar med foreldra om barna, korleis til dømes sjukdom påverkar barna og familien, og kartlegging av barns eigne utfordringar.
Vurdering og avgjerd
Nav-kontoret har sidan lovendringa 01.09.22, halde barnetrygda utanfor berekninga ved utmåling av stønaden.
I rutinane går det fram at dei skal gjere ei økonomisk vurdering i kvar sak. I saksutgreiinga i vedtaket skal dei gjere ei vurdering av om det er sosiale eller helsemessige forhold som kan vere avgjerande for saka, barneperspektivet skal alltid vere synleg i saka, i tillegg til brukar sitt mål og planlagde/pågåande aktivitetar mot målet, for trekke fram noko. I rutinane står det at «kva utgifter som er naudsynte, for å sikre den einskilde eit forsvarleg livsopphald, vil variere ut frå personlege forhold».
Vi fekk opplyst i intervju at Nav-kontoret brukar Rundskriv 35-00 aktivt fordi det gir ei god skildring av kva som skal/kan inngå i livsopphaldet, kva Nav må hugse på og kva den enkelte søkjar kan trenge for å kome vidare. Dei fortel at §§ 18 og 19 i lova gir mange mogelegheiter for å hjelpe brukarane.
Ved fastsetting av livsopphaldet, tek kontoret utgangspunkt i rettleiande satsar. Det står tydeleg i rutinane at dei i alle saker, uavhengig av satsane, alltid skal gjere ei konkret og individuell vurdering, etter grundig kartlegging av brukars livssituasjon. I intervju kom det fram at dei sjekkar med brukar om satsen er nok. Dei spør om brukaren har nok pengar til alle måltid, korleis det ligg an med pengar til klede og oppvarming, og om nokon skal feire bursdag. Dei spør også korleis dei har klart seg med pengar siste månaden.
Vi fekk vite at dei på bakgrunn av opplysningane som kjem fram i kartlegginga, vurderer om dei skal yte stønad tilsvarande satsen eller leggje til for noko. Dersom det har kome fram opplysningar om behov utover det satsen er meint å dekkje, vert det lagt til for dette. Det vert til dømes ytt ekstra stønad til helseutgifter, transport, klede eller utstyr til barna. Dei kan gjere dette gjennom å auke satsen eller gjere eige vedtak.
I vedtaka såg vi at dei snakkar med brukarene om kva barna og dei sjølve treng. Vi såg at opplysningar frå kartlegginga vert brukt i vurderingane av kva som er familiens og barnas behov. Vi såg fleire døme på at dei har innvilga hjelp til skulesekk, klede, mobiltelefon, buss, ferje og internett av omsyn til barnas behov. I eitt vedtak står det: «Internett inngår vanligvis i den statlige livsoppholdssatsen, men Nav Tysnes vurderer at barnefamilier med skolebarn kan få dette lagt utenom den veiledende satsen. Dette fordi det i dagens samfunn foregår mye av planlegging og kommunikasjon ved bruk av internett. Vi ser det også normalt at barna bruker internett til å se på tv og spille, og for at barn med lav økonomi skal få delta eller oppleve det samme som andre barn, vurderer vi at det er grunnlag til å gi dette i tillegg til den veiledende satsen». I eit anna vedtak går det fram at Nav i dialog med brukar har kartlagt at brukar ikkje har ekstra utgifter til livsopphaldet denne månaden, og at dei på den bakgrunnen innvilga livsopphald etter statleg sats.
I intervju fekk vi vite at dei også i saker som hastar vurderer kor stort hjelpebehovet er. Vi har sett døme på at dei har snakka med brukar om kva som er behovet, og gitt stønad i samsvar med dette.
Ved avslag etter § 18, vurderer kontoret alltid om dei skal yte stønad etter § 19. Vi har ikkje sett mange vedtak der det er gjeve avslag etter § 18. I mappegjennomgangen har vi sett døme på at det er vurdert kvifor økonomisk stønad ikkje vil hjelpe brukaren til å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon.
I intervju fekk vi høyre at dei har ein praksis med å ringje brukar før dei gjer avslag, seier kva vurderingar dei har gjort og spør brukar om hen har informasjon som kan påverka vurderinga.
Oppfølging
Nav kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtale, og/eller samarbeid med andre tenester. Dei har alltid ei plan for at brukar skal kome seg vidare og klare seg sjølv. Brukar vert følgt opp knytt til arbeid eller utdanning. Dei vert også følgt opp knytt til disponering av pengar og budsjett, motivasjonssamtalar og samtalar om foreldrerolla.
Vi fekk høyre at flyktningane kan få hjelp med å kome i kontakt med andre instansar. Dei fortalde at dei aktivt spør brukar om dei vil ha hjelp frå dei, eller om dei vil ha hjelp frå andre. Vi såg fleire døme på samarbeid med barnevern og PPT, eller at brukar er vist vidare til helsesøster eller teneste for psykisk helse. Vi såg også døme på at brukar takka nei til vidare hjelp.
Vi såg ikkje døme på vedtak etter § 17.
Vi såg spor av oppfølging i alle sakene vi hadde til gjennomgang.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.
Kartlegging
På bakgrunn av det som har kome fram i brukarsamtalane, i intervju og ved gjennomgang av saksdokument, legg vi til grunn at Nav-kontoret legg til rette for og gjennomfører kartleggingssamtalar, der barnas behov inngår som tema. Nav-kontoret innhentar opplysningar om barna munnleg og skriftleg, og saksmappene inneheld opplysningar om barna.
Vi legg også til grunn at Nav er tett på familiar som treng hjelp over tid, og har løypande dialog med dei om kva dei treng. Det er vår vurdering av Nav-kontoret kartlegg behovet for hjelp her og no, og behovet for vidare oppfølging, forbyggjande arbeid og samarbeid med andre instansar. Dei har merksemd på at folk skal kome seg vidare og har eit ønskje om at folk skal klare seg sjølv.
Vurdering og avgjerd
Nav-kontoret har sidan lovendringa 01.09.22 halde barnetrygda utanfor berekninga ved utmåling av stønaden.
Ved utmåling av stønad tek kontoret utgangspunkt i rettleiande satsar og justerer for individuelle forhold. Dette krev at Nav i kartlegginga fangar opp individuelle forhold som krev stønad utover rettleiande sats, og at dei gjev nødvendig tillegg for dette,. Med utgangspunkt i det vi har sett og høyrt, legg vi til grunn at kontoret tek omsyn til det som har kome fram om barns behov og at dei har vekta barns behov opp mot andre omsyn. Nav Tysnes har synleggjort dei konkrete individuelle vurderingane i vedtaka. Vi legg derfor til grunn at avgjerdene heng saman med vurderingane.
Dersom kontoret ikkje gjev stønad etter § 18, gjer dei konkrete, individuelle vurderingar etter § 19. Vi blei også fortalt at dei ringjer bruker før avslag, for å undersøkje om brukar har informasjon som kan påverke vedtaket.
Oppfølging
Vi har høyrt og sett at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtale og/eller samarbeid med andre tenester. Det var tilbod om oppfølging i alle dei sakene vi såg på i samband med tilsynet.
5. Statsforvaltarens konklusjon
Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 05.01.2023.
Før tilsynet, hadde vi telefonsamtale med fem personar i målgruppa for tilsynet, om brukarens erfaring med Nav Tysnes sitt arbeid.
Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss dei to tilsynsdagane. Vi gjekk gjennom dokumentasjon knytt til søknader, vedtak og oppfølging i om lag 12 klientsaker, til saman om lag 34 vedtak.
I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på sluttmøtet ved tilsynsbesøket:
Ikke publisert her
Desse deltok frå Statsforvaltaren:
- seniorrådgjevar Elisabeth Lund-Iversen, revisor
- rådgjevar Kjerstin Holm Carlsen, revisor
- seniorrådgjevar Linda Kråkenes, revisjonsleiar
Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet
2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester
Søk etter tilsynsrapporter