Hopp til hovedinnhold

Vi gjennomførte tilsyn med Ullensvang kommune 29. og 30. mars 2023. Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer om økonomisk stønad.

Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.  

Kommunen har meldt tilbake på nokre faktiske feil i førebels rapport. Desse er retta i endeleg rapport.  

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonssjef

Linda Kråkenes
seniorrådgjevar

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen oppfyller desse krava:

  • Ved søknad om økonomisk stønad må Nav-kontoret kartleggje barnas behov godt nok
  • Ved behandling av søknader om økonomisk stønad til familiar, må Nav-kontorets vurderingar og avgjerder vere forsvarlege
  • Nav-kontoret må følgje opp familiar som tek i mot økonomisk stønad, ved behov

Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at vi har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet, er viktig informasjon for tilsynet.

Vi har derfor som ledd i tilsynet, kontakta ti personar som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Ullensvang. Vi avtalte og gjennomførte samtale med fem av dei.

Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn for 2022-23. Det at tilsynet er landsomfattande, betyr at alle statsforvaltarane gjennomfører tilsyn med same tema, og innanfor den fastsette perioden. Formålet med det landsomfattande tilsynet er å skape nasjonal merksemd om området, avdekke svikt og bidra til forbetring. Helsetilsynets rettleiar for tilsynet er publisert på Helsetilsynets nettsider. Tilsynsrapportane frå alle statsforvaltarane og Helsetilsynets oppsummeringsrapportar, vert også publiserte der.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunen oppfyller plikter som følgjer av sosialtenestelova, sjå sosialtenestelova § 9. Tilsynet omfattar også den delen av kommunens internkontroll som skal sikre at kommunen oppfyller dei pliktene som følgjer av sosialtenestelova kapittel 4.

Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med gjeldande lovkrav. Her gjer vi kort greie for dei lovkrava som vart lagt til grunn i dette tilsynet.

Krav til kartlegging

Nav-kontoret skal kartleggje familiens situasjon. Kartlegginga skal omfatte behova til kvart enkelt familiemedlem. Målet med kartlegginga er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i familiar med sosiale problem. Nav-kontoret skal kartleggje familiens behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.

Kommunen pliktar å opplyse saka godt nok før vedtaket vert gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19, saman med § 1, er styrande for kva opplysningar som er nødvendige for å ta avgjerder om økonomisk stønad.

Det kjem ikkje alltid tydeleg fram i ein søknad kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga er å avdekkje behov for stønad og om familien treng anna oppfølging for å oppnå formålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at dei kan søkje om stønad til utgifter utover det som vert dekt av rettleiande livsopphaldssatsar, husleige og straum.

Kva som skal kartleggjast, vil avhenge av familiesituasjonen og familiens hjelpebehov. Nav kan innhente opplysningar munnleg eller skriftleg. Dei opplysningane Nav får munnleg, skal dei skrive ned, jf. forvaltningslova § 11 d.

Ved søknad frå ein person som søkjer om økonomisk stønad for første gang, vil det til vanleg vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løypande søknader, er det viktig med jamlege samtalar med brukaren for å sikre at opplysningane vert oppdaterte, og at eventuelt nye behov vert avdekte.

Nav-kontoret må leggje til rette for brukarmedverknad i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg vere utforma i samarbeid med brukaren. Det er viktig at Nav-kontoret som ledd i kartlegginga innhentar informasjon om kva barna treng. Dette skjer til vanleg i samtale med foreldra, men Nav-kontoret kan også på andre måtar få informasjon om kva barna treng.

Nav-kontoret må avtale med familien om dei skal ha kartleggingssamtalane på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.

Ved språkutfordringar er det viktig at Nav-kontoret bruker tolk, slik at brukaren forstår informasjonen frå Nav og får høve til å skildre situasjonen sin på ein måte Nav kan forstå. Manglande bruk av tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar, slik at kartlegginga ikkje vert god nok.

Krav til vurdering og avgjerd

Når Nav-kontoret har kartlagt familiens situasjon godt nok, skal Nav-kontoret vurdere hjelpebehovet og ta stilling til om søkjaren skal få økonomisk stønad, og eventuelt kor mykje. Dersom Nav-kontoret ikkje har kartlagt godt nok, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når dei skal vurdere søknaden og ta avgjerd.

Nav-kontorets vurderingar skal vere konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Det må gå fram at dei har teke omsyn til kvart enkelt barns behov. Nav-kontoret må synleggjere korleis barnets beste er vurdert ut frå familiens situasjon og behov, og det må gå fram korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn i vurderingane.

I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal Nav-kontoret leggje til grunn dei faktiske inntektene og utgiftene som familien har. Frå 01.09.2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd skal haldast utanfor ved vurdering av søknad om stønad til familiar.

Ved vurderinga av hjelpebehovet, skal Nav-kontoret leggje til grunn familiens utgifter til forsvarleg livsopphald. Det går ikkje direkte fram i lova kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen og kravet om forsvarleg livsopphald gjev rettleiing om stønadsnivået.

Statlege og kommunale satsar gjeld berre som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav-kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der det blant anna vert teke omsyn til kvart enkelt barn.

Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal dei vurdere om dei bør gje stønad etter sosialtenestelova § 19. Dei må da vurdere konkret om søkjaren treng stønad for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon. Nav-kontoret kan på denne måten fange opp og dekkje ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje vert dekt gjennom sosialtenestelova § 18. 

Det må vere logisk samanheng mellom vurderingane og avgjerda.

Krav til oppfølging

Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Målet er at familien på sikt skal klare seg sjølv, og oppfølginga skal støtte opp under dette.

Kommunane har stor grad av handlefridom med omsyn korleis oppfølging av familiar skal skje. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing som skal bidra til at søkjaren skal klare seg i kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.

Nav-kontoret skal gjennom motivasjons- og endringsarbeid gjere det lettare for familien å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Dette inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje i alle saker er gjennomført samtalar.

Nav-kontora skal ivareta oppfølgingsplikta si ved at dei gjer vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak, har betydning for heile prosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Nav kan anten gjere eige vedtak etter § 17, eller vedtak etter § 17 saman med vedtak om økonomisk stønad.

Oppfølgingsansvaret etter sosialtenestelova omfattar ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvaret for etter sosialtenestelova. Det omfattar ikkje tenester og oppgåver som ligg til andre instansar. På den andre sida vil det ofte vere slik at Nav-kontoret må samarbeide med andre tenester for at oppfølginga skal vere forsvarleg.

Krav til styring og leiing

Krava som gjeld leiing, organisering og styring understrekar kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikt i tenesteytinga kan få store konsekvensar for dei som bruker tenestene.

Kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholda i verksemda.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer med tanke på det som er temaet ved dette tilsynet.

Ullensvang  kommune hadde 11 148 innbyggjarar i 2022 (tal SSB 4. kvartal 2022). Kommunesenteret ligg i Odda. Nav Ullensvang er ei eining under kultur, næring og samfunn. Nav-leiar er kommunalt tilsett og rapporterer til kommunalsjefen. Nav Ullensvang har kontor både i Odda og Kinsarvik. Dei  er organisert i eit forvaltningsteam og eit oppfølgingsteam. Kvart team har ein team-leiar. Dei ni som jobbar i forvaltningsteamet er erfarne saksbehandlarar som kartlegg, gjer vedtak og følgjer opp målgruppa for tilsynet. Nav-kontoret har ansvaret for den såkalla minimumsløysinga; opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad, mellombels bustad, individuell plan og kvalifiseringsprogrammet. Dei har ein eigen familiekoordinator og tre tilsette som jobbar med økonomisk rådgjeving og gjeld.

Ullensvang kommune har gjort vedtak om å busette 280 flyktningar i 2021-2023.  Verksemd  inkludering har ansvaret for busetting og introduksjonsprogrammet. Flyktningane blir følgde opp av miljøarbeidar. Forvaltningsteamet kartlegg og gjer vedtak, dersom flyktningane har behov for sosiale tenester. Familiekoordinatoren og gjeldsrådgjevarane blir trekt inn ved behov. Det er eit utstrekt samarbeid mellom verksemdene.  Familiekoordinatoren kartlegg hjelpebehov hos dei som har omfattande hjelpebehov, men gjer ikkje vedtak. I nokre saker samarbeider familiekoordinatoren og forvaltningsteamet om kartlegginga.

Nav Ullensvang har vakttelefon bemanna kvar dag frå 0900-1400. Ullensvang kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). Dei har ein rettleiar ved kontoret som er ungdomskontakt og som har samarbeid opp mot vidaregåande skule. Familiekoordinatorstillinga er finansiert med tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren til utvikling av dei sosiale tenestene.

Fram til 21. november 2022 brukte Nav Ullensvang fagsystemet  Acos/Dips. Frå 22. november bruker dei Socio.  Alt som er relevant for søknader om økonomisk stønad skal journalførast i Socio. Det går fram av rutineskriv at «korrekt, oppdatert og relevant utfylling av saksopplysningane er ein føresetnad for at sak skal godkjennast, og dersom tenestemottakar skal kunne overførast internt til ein anna sakshandsamer/veileder ved kontoret». Dei bruker også dei statlege fagsystema Gosys, Arena, Modia, og Husbanken /Ekstranettet i samband med bustøtte. Det går fram av eigenrapporteringa at journalnota skal leggjast inn i fagsystema.

Team-leiar godkjenner vedtak. Nav-leiar og nestleiar kan også godkjenne vedtak.

Kvar veke deltek Nav-leiar i sektormøte med kommunalsjef. Kommunalsjefen tek med seg aktuelle saker til leiarmøte med kommunedirektøren. Kommunedirektøren blir også oppdatert i halvårlege partnarskapsmøte. Nav-leiar deltek i tverr-sektorielle møte der tema er tenester til barnefamiliar.  Det går også fram av eigenrapporteringa til kommunen at kommunestyret etterspør resultatet og rutinar for utbetaling/vurdering av sosialstønad. Dei har også stilt spørsmål knytt til støtte til straum og bustøtte og sosialhjelp.

Nav Ullensvang har eit årshjul som skildrar faste interne og eksterne møte, møte med andre, fagdagar og grupperettleiing, for å nemne noko. Forvaltningsteamet har møte kvar veke. Det går fram av eigenrapporteringa at dette møtet brukast til gjennomgang og diskusjon rundt lover og rundskriv, gjennomgang av klagesaker, og at Nav-leiarar gir tilbakemelding på stikkprøver ho har tatt. Nav-leiar tek stikkprøver ein gong per månad av ferdige godkjente vedtak. Formålet er å sikre læring til alle, lik praksis og at dei tilsette skal vite kva som er fagleg avvik. I desse møta vert også problemstillingar og/eller innkomne søknader teke opp til drøfting mellom sakshandsamarar og teamleiar ved behov.  Dette kan vere diskusjon om ein søknad skal innvilgast eller ikkje, om det skal søkjast om andre ytingar eller om dei skal kople inn andre instansar. Dei går også gjennom døme på gode vedtak, og teamleiar har merksemd på å vise samanhengen mellom kartlegging, vurdering og konklusjon.

Hausten 2022 tok kommunen i bruk Compilo som avvikssystem. Sosialtenesta har ein eigen rutine for avvikshandtering av sosiale tenester. Denne er ein del av kommunens avvikssystem. 

Nav Ullensvang har rutineskriv som omhandlar økonomisk sosialhjelp og eit eige kartleggingsskjema som skal brukast på nye brukarar som har barn.  Desse ligg i Google disk og på Teams.

Kommunen gjennomførte ein eigenvurdering av sosiale tenester i Nav til unge mellom 17 og 25 år i regi av Statsforvaltaren. Kommunen meldte tilbake at dei hadde behov for å setje i gang eit forbetringsarbeid knytt til tenestene opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova paragraf 17 og individuell plan etter paragraf 28. Kommunen har meldt tilbake at igangsette tiltak har ført til ønska resultat mellom anna i form av fleire vedtak etter paragraf 17.

Kartlegging

Vi har gjennom brukarsamtalar, intervju med tilsette og gjennomgang av saksdokument, fått vite at Nav-kontoret gjennomfører kartleggingssamtalar, og at barnas behov inngår som tema i desse samtalane.

I intervju fekk vi vite at dei har endra praksis/er i ferd med å endre praksis ved at dei no kartlegg betre og på ein meir systematisk måte. Dei arbeider med å få lik praksis i kontoret, blant anna er det eit mål at alle skal bruke utarbeidd kartleggingsskjema og gå på heimebesøk. Det kom også fram at dei har meir merksemd på barns oppvekstvilkår og barns behov, og dei konsekvensar det har for barn å vekse opp i fattigdom.  Dei fortalte at dei har meir merksemd på barns aktivitetar og kva dei deltek på i fritida, om dei har det utstyret dei treng heime, som seng, madrassar og pult til å gjere lekser.  Vi fekk også høyre om gode erfaringar med bruk av heimebesøk. Dette er knytt til det å avdekke behov som dei ikkje har fått fram i møter på Nav-kontoret tidlegare. Dette er behov som er viktige for å vurdere søknader om økonomisk stønad, men også behov knytt til råd og rettleiing, oppfølging, og behov for å trekke inn andre hjelpeinstansar. Årsaka til at dei ikkje har avdekka desse behova tidlegare kan ha hatt si årsak i at brukar ikkje har vilja fortelja alt, eller at dei ikkje har tenkt at det var viktig å fortelje. Dei avtalar heimebesøk om brukar ønskjer det, og heimebesøk skjer i lag med familiekoordinator.

I intervju nemnde Nav-kontoret at auka merksemd på barneperspektivet, barns fattigdomsproblematikk og individuelle vurderingar frå Statsforvaltaren og andre, i tillegg til varsel om tilsyn, har vore med på påverka praksisendringa. Dei sa at endra kartleggingspraksis også har fått konsekvensar for vurderingane dei gjer.

Vi fekk vite at søknader kjem inn på papir eller digitalt. Dei oppfordrar alle å søkje digitalt, då dei får inn fleire opplysningar i søknaden. Søkjaren blir som hovudregel kalla inn til ein samtale på kontoret for at Nav skal kunne opplyse saka så godt som mogleg. Dersom saka haster, snakkar dei med søkjaren før vedtaket blir gjort. 

I arbeidet med kartlegginga bruker dei rutineskriv, kartleggingsskjema og rundskriv 35. Dei kallar søkjaren inn til samtale, brukar kartleggingsskjema som utgangpunkt og gjer vedtak etterpå. Det går fram av rutineskrivet at «ved kartlegging av søkjar sin situasjon skal eventuelle barn sin situasjon særskilt vektleggjast og opplysast». Rutineskrivet viser til det utarbeidde kartleggingsskjemaet.

I intervju fekk vi skildra kva som skjer når det kjem inn ein ny søknad. Saksbehandlar ser gjennom søknaden, sjekkar kva som ligg av dokumentasjon og opplysningar, om brukar har kontakt med Nav gjennom andre ytingar/oppfølging. Dei prøver å danne seg eit bilete av personen før dei tek kontakt for å ytterlegare opplyse saka best mogeleg. Dei understreka kor viktig det er å få ei god forståing av personen og den heilskaplege situasjonen slik at dei kan gje hjelp til sjølvhjelp og gi råd på vegen vidare. Vi fekk vite at dei snakkar med søkjarane om barna; til dømes om dei har utgifter til barnehage, skulefritidsordning, klede, aktivitetar. Dei fortalte at det nokre gonger er vanskeleg å snakke med foreldra om barna, til dømes om dei ikkje kjenner brukaren frå før, eller ikkje har ein relasjon til vedkommande. Dei sa at dei formidlar til familiane at dersom Nav får vite meir om korleis dei har det, so kan dei hjelpe betre. 

Rutineskrivet seier dei skal bruke eige kartleggingsskjema og skanne skjemaet inn i Socio. Vi fekk høyre at skjemaet brukast i varierande grad, då det er litt omstendeleg, men det er eit utgangspunkt for kartlegginga. Dersom ein ikkje brukar skjema, skal opplysningar frå kartlegginga leggjast inn under fana «Bakgrunnsinfo» i Socio.

Det er understreka i rutineskrivet at «korrekt, oppdatert, og relevant utfylling av saksopplysningane er ein føresetnad for at sak skal godkjennast, og dersom tenestemottakaren skal kunne overførast internt til ein annan sakshandsamar/veileder ved kontoret».

Saksbehandlarane bruker mykje telefontolk i samtalane og avgjer sjølv om det er behov for å bruke tolk.

Det dei tilsette seier om innhaldet i kartlegginga, stemmer med det nokre brukarar har fortalt oss om kontakten med Nav-kontoret. Nokre brukarar sa at Nav ikkje har snakka direkte med dei om barna, men sa dei er trygge på at dei kan snakke med Nav om barna dersom det er behov for det. Vi har sett vedtak, journalnotat og kartleggingsskjema som stadfester det vi har lest i rutinane og det vi har høyrt i intervju.

Vi fekk også informasjon at kommunen planlegg å kartlegge nokre familiar på nytt.

Vurdering og avgjerd

Nav-kontoret har heldt barnetrygda utanfor berekninga ved utmåling av stønaden i mange år før lovendringa 1. september 2022. Etter presisering i brev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, held dei barnetrygda utanfor også når dei bereknar naudhjelp.

I e-post til oss 25. februar 2023 opplyste dei at dei frå 1. februar 2023 har slutta å redusere for stordriftsfordelar. Dette kom også fram i intervju.

I rutineskrivet står det at «hjelp etter lova skal ytast ut frå ei konkret og individuell vurdering. Dette inneber at rettleiande stønadssatser er av rettleiande karakter ved handsaminga av søknadar etter lova», og det går også fram at dei tek utgangspunkt i dei statlege rettleiande satsane. I rutineskrivet står det at «vedtak som innverkar på born(a) sin situasjon skal alltid innehalde vurderingar av kva konsekvensar vedtaket får for born(a)».

Som skildra i avsnitt om kartlegging, har endra kartleggingspraksis også hatt konsekvensar for vurdering og avgjerd.  Det kom fram i intervjua at det tidlegare ofte var eit reknestykke ved utmålinga av stønaden, der ein konkluderte med om søkjar låg over eller under norm. Dei tek no med seg informasjon frå kartlegginga over i vedtaket. Dersom det har kome fram opplysningar om behov utover det satsen er meint å dekkje, vert det lagt til for dette. Det vert til dømes ytt ekstra til utstyr til barna, utgifter til fotballcupar, internett knytt til skulearbeid, utgifter til kosthald, klede og helseutgifter. Dette kan dei gjere ved å auke satsen eller gjere eige vedtak. 

Vi fekk høyre at når dei kartlegg betre og veit nok om familiens situasjon, vert det også mykje lettare å skrive grunngjevinga i vedtaka. Dei formidla at brukar opplever å bli møtt på ein betre måte og kjenner seg att i vedtaka, sjølv om ikkje alle søknadar vert innvilga.

I intervju kom det fram at dei i samtale med brukar prøver å få fram om dei har nok pengar til å dekke utgiftene, om det til dømes har vore ofte legebesøk og utgifter knytt til barna.

I vedtaka har vi sett døme på at det blir vist til dei opplysingane som ligg i saka og til samtaler med søkjaren, som grunnlag for utmålinga av stønaden.  I vedtak har vi sett formuleringar som «Vi har vurdert deres utgifter ut i fra dokumentasjonen og opplysninger fra dere, og med unntak av utgifter til helse/lege, finner vi ikke grunnlag for å innvilge stønad til andre særlige utgifter, og vi bruker derfor de statlige veiledende satsene ved utmåling av stønad til levekostnader».

Vi såg også døme på at det er synleggjort korleis barnas beste er vurdert ut frå situasjonen og behov. I vedtak der utgifter til fritidsaktiviteter blei innvilga, viste Nav til at «deltakelse gir mulighet til å gjøre noe sammen med andre, være en del av et fellesskap, få nye venner, være aktive og oppleve mestring». Vi har sett døme på at det er gitt stønad til TV og mikrobølgeomn av omsyn til barna.

Ved avslag etter § 18, vurderer kontoret alltid om dei skal yte stønad etter § 19. Vi har ikkje sett mange vedtak der det er gjeve avslag etter § 18. I mappegjennomgangen har vi sett døme på at det er vurdert kvifor økonomisk stønad ikkje vil hjelpe brukaren til å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon.

Oppfølging 

Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtale, og/eller i samarbeid med andre tenester. Dei er tett på brukarane sine. Den einskilde saksbehandlar følgjer opp sine brukarar. Vi fekk høyre at dei i teammøter og elles ikkje berre diskuterer om ein skal innvilge hjelp eller om dei skal gi avslag, men også om dei skal kople inn andre instansar, om det er andre stønader det kan søkjast på, om det skal det setjast vilkår, og om søkjaren har andre rettigheiter. Dersom ein familie har meir omfattande hjelpebehov, blir familierettleiaren kopla inn. Ho kan til dømes delta i ansvarsgrupper, i møte med skule, helsesjukepleiar og barnevernet. Det hender ho og saksbehandlaren følgjer opp brukar saman. Dei er også opptekne av å koordinere behov for oppfølging med Flyktningtenesta. Vi fekk i tillegg høyre at det kan skje felles oppfølging av brukar saman med ansvarleg for arbeidsretta oppfølging.

Vi fekk opplyst at oppfølging blir journalført i Socio eller i Modia. Vi såg døme på vedtak etter § 17.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kartlegging

På bakgrunn av det som har kome fram i nokre brukarsamtalar, i intervju og ved gjennomgang av saksdokument og skildra praksisendring, legg vi til grunn at Nav-kontoret legg til rette for og gjennomfører kartleggingssamtalar der barnas behov inngår som tema. Vidare legg vi til grunn at Nav-kontoret innhentar opplysningar om barna munnleg og skriftleg, og at saksmappene inneheld opplysningar om barna.

Vi legg også til grunn at Nav er tett på familiar som treng hjelp over tid, og har løypande dialog med dei om kva dei treng. Det er vår vurdering at Nav-kontoret kartlegg behovet for hjelp her og no, og behovet for vidare oppfølging, forbyggjande arbeid og samarbeid med andre instansar. Dei har merksemd på at folk skal kome seg vidare og bli sjølvhjelpne.

Vurdering og avgjerd      

Nav-kontoret har halde barnetrygda utanfor berekninga ved utmåling av stønaden i mange år før lovendringa 1. september 2022.  Vi fekk opplyst at dei etter presisering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, no også held barnetrygda utanfor når dei bereknar naudhjelp. Dei slutta å redusere for stordriftsfordel 1. februar 2023.

Ved utmåling av stønad tek kontoret utgangspunkt i rettleiande sats og justerer for individuelle forhold. Dette krev at Nav i kartlegginga fangar opp individuelle forhold som krev stønad utover rettleiande sats, og at dei gjev nødvendig tillegg for dette. Med utgangspunkt i det vi har sett og høyrt, legg vi til grunn at kontoret tek omsyn til det som har kome fram om barns behov og at dei har vekta barns behov opp mot andre omsyn. Vi har i vurderinga lagt vekt på endringa av praksis knytt til kartlegging og vurderingar.

Dersom kontoret ikkje gjev stønad etter § 18, vert det gjort konkrete, individuelle vurderingar etter § 19.

Oppfølging

Vi har høyrt og sett at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom vedtak etter § 17. Det går også fram i samtalenotat, og familiekoordinator deltek i ansvarsgrupper og yter bistand i praktiske gjeremål

og/eller samarbeider med andre. Det var oppfølging i 16 av dei 20 sakene vi hadde til gjennomgang under tilsynet.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 09.01.2023.

Før tilsynet, hadde vi telefonsamtale med fem personar i målgruppa for tilsynet, om brukarens erfaring med Nav Ullensvang sitt arbeid.

Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss dei to tilsynsdagane. Vi gjekk gjennom dokumentasjon knytt til søknader, vedtak og oppfølging for 20 familiar, til saman om lag 40 vedtak. 

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på sluttmøtet ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

  • seniorrådgjevar Elisabeth Lund-Iversen, revisor  
  • rådgjevar Kjerstin-Mari Holm Carlsen, revisor     
  • seniorrådgjevar Linda Kråkenes, revisjonsleiar 

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk