Rapport frå tilsyn med Eidfjord kommune sitt langsiktige og systematiske arbeid etter folkehelselova for å fremje psykisk helse hos barn og unge 2024
Tilsynet blei gjennomført i tidsrommet frå 14.02.2024 til 22.05.2024 og er eit ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelselova §§ 5-7 og § 30. Vi viser til formålet i folkehelselova § 1, som lyder:
«Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»
Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar blei valt ut for intervju for utfyllande informasjon.
Kommunen kunne komme med kommentarar til faktagrunnlaget innan 05.07.2024.
1. Tema for og formål med tilsynet
Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.
Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande tilstandsbilde av om kommunane har oversikt over helsetilstand hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira, om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen og om det blir følgt opp med relevante tiltak.
Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet stør også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.
Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).
2. Gjennomføring
Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Formålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga.
Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Vi har også hatt møte med eit utval barn og unge. Av omsyn til anonymiteten til barna, gir vi ikkje att ytringane deira eksplisitt.
Anonymisert referat frå samtalen med barn og unge blir sende til Statens helsetilsyn, saman med denne rapporten, for oppsummering på landsbasis.
3. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Heimelen statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelselova § 31. Det følgjer av føresegna at statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30.
Folkehelselova § 5 første og andre ledd lyder:
«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
a. opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter § 20 og 25,
b. kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
c. kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»
Folkehelselova § 6 lyder:
«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»
Folkehelselova § 7 første ledd lyder:
«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»
Folkehelselova § 30 lyder:
«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»
4. Skildring av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge
Eidfjord kommune har 968 innbyggjarar, der 182 av desse er mellom 0-17 år. Sentralitetsindeks er ein måte å måle kor sentral ein kommune er med grunnlag i befolkning, arbeidsplassar og servicetilbod. Indeksen har seks nivå, frå 6 (minst sentral) til 1 (mest sentral). Eidfjord har sentralitetsindeks 6. Kommunen har fem einingar under rådmann: kultur, næring og berekraft, undervisning, barnehage, drift og forvaltning og helse og omsorg. Økonomi og organisasjon ligg i staben til rådmannen. Kommuneoverlegen er plassert i eining for helse og omsorg.
Kommunen har kopi av eigne svar frå spørjeundersøkinga.
Statsforvaltaren har hatt til gjennomsyn aktuelle dokument som kommunen har sendt over (sjå vedlegg). Vi har også hatt samtale med representantar for målgruppa for tilsynet.
Vi hadde djupneintervju med sju tilsette i kommunen, i form av eit gruppeintervju på kommunen sitt studiesenter i Eidfjord. Vi inviterte også ungdomsrådet i kommunen til samtale med oss. Det var vanskeleg å få til eit møte med ungdomane i det tidsrommet og med den lengda vi ønskte (1 time). Vi fekk likevel til eit møte på Teams med delar av ungdomsrådet i etterkant av at vi hadde hatt møtet med kommunen. Sjå vedlegg.
Oversikt over utfordringsbildet
Kommunen har ikkje ei jamleg oppdatert folkehelseoversikt. I kartlegginga svarar kommunen at dei sist hadde oppdatert folkehelseoversikt i 2016. Dette er ikkje ei oversikt, men ein handlingsplan for folkehelse 2016-2019. I den viser kommunen til eit dokument «Status Folkehelse i Eidfjord pr april 2014», som vi kjem fram til må vere den sist oppdaterte folkehelseoversikta. Årsaka til at kommunen ikkje har hatt eit oppdatert folkehelseoversiktsdokument forklarar kommunen med at ein nøkkelperson slutta i jobben, og så kom pandemien.
Kommunen arbeider no med ei folkehelseoversikt for 2024-2028. Sidan Eidfjord er ein liten kommune med få innbyggjarar, meiner kommunen at det er eit vanskeleg statistikkgrunnlag å skrive oversikta ut i frå. Prosjektleiar/rådgjevar helse og omsorg (i 20 prosent stilling) koordinerer arbeidet. Det er ikkje utarbeidd noko arbeidsgruppe, men ulike einingar i kommunen kjem med innspel til tekstgrunnlaget på førespurnad frå prosjektleiar. Vi har fått tilsendt det førebelse utkastet til folkehelseoversikt, men det er for uferdig til at vi kan seie om dokumentet er relevant. Vi har ikkje fått tilgang til dokumentet frå 2014.
I spørjeundersøkinga svarar kommunen at dei tre viktigaste identifiserte hovudutfordringane for barn og unges psykiske helse i kommunen er: fråfall eller fråvær frå skulen, utanforskap og einsemd og sosiale medier.
I intervjuet opplyste kommunen at dei har kome fram til utfordringane etter samtalar med barn og unge og informasjon frå skulen. Dei har i tillegg ei tverrfagleg oppvekstgruppe (forebyggingskoordinator, politi, barnevernstenesta, Nav, sosiallærar) som møtest fire gongar i året. Her blir problemstillingar kring barn og unge løfta og diskutert og tiltak evaluert. I intervjuet løfta dei at det er små forhold i kommunen og at det derfor er enkelt å fange opp problemstillingar og sette i verk tiltak.
Utan ei folkehelseoversikt i kommunen er det meir tilfeldig korleis kommunen har kome fram til dei identifiserte utfordringane knytte til den psykiske helsa hos barn og unge.
Planarbeid og medverknad
Eidfjord kommune hadde ikkje noko folkehelseoversikt som låg som grunnlag for arbeidet med planstrategien for 2019-2023. Kommunen nytta den fylkeskommunale folkehelseoversikta som kunnskapsgrunnlag. Kommunen har varsla oppstart av arbeidet med planstrategi for 2024-2027. I spørjeundersøkinga svara kommunen at barn og unges oppvekst- og levekårsforhold er drøfta i kommunens planar etter plan- og bygningslova, og dei har fastsett overordna mål og strategiar i
planane. Desse er vurdert som eigna til å møte hovudutfordringane knytt til barn og unges psykiske helse. Måla og strategiane er teke inn i samfunnsdelen og økonomiplanen.
Samfunnsdelen til kommuneplanen (2015-2027) har mål om mellom anna gode oppvekstvilkår for barn og unge i Eidfjord, trygge oppvekst og bumiljø, godt skule- og barnehagetilbod, alle skal ha høve til kulturopplevingar og aktiv deltaking i kulturlivet. Den inneheld også strategiar for å nå måla. Under satsingsområdet bukommunen Eidfjord, står det at «me vil at innbyggjarane skal oppleve livskvalitet, og «Eidfjord skal vere ein trygg plass å vekse opp». Desse måla og strategiane er ikkje resultat av utfordringar som kjem fram i ei folkehelseoversikt.
Vi har fått tilsendt to temaplanar under arbeid: Ruspolitisk handlingsplan og Plan for førebyggande arbeid i Eidfjord kommune 2024-2028. Begge planane er forankra i samfunnsdelen til kommuneplanen og inneheld ei rekkje tiltak. Plan for førebygging har også utarbeidd hovudmål for gode oppvekstvilkår.
I spørjeundersøkinga svarar kommunen at barn og unge har medverka gjennom barne- og ungdomsrådet. Eit eksternt firma har utarbeidd samfunnsdelen til kommuneplanen. Gjennom intervjuet vi får kjennskap til at politikarar og tilsette også har vore delaktige. Det går ikkje tydeleg fram om samfunnsdelen er tverrsektorielt forankra. I planen les vi at det har vore breie medverknadsprosessar der mellom anna skular har vore involverte. Gjennom intervjuet får vi vite at kommunen no jobbar med kommuneplanens arealdel, og at planavdelinga jobbar tett med ungdommane i kommunen, gjennom til dømes Barnetråkk. I Plan for førebyggande arbeid som ikkje er ferdigstilt, ser vi at har kommunen har hatt ei referansegruppe med ungdom.
I samtalar med ungdomsrådet i kommunen får vi bekrefta at dei blir tekne med på råd i saker som gjeld dei. Dei fortel at dei føler at dei blir høyrde.
I temaplanene under arbeid, ser det ut til at ulike einingar har delteke i arbeidet. I førebyggande plan, kjem det fram at alle tenester som arbeider med barn og unge har delteke.
Tiltak og evaluering
Kommunen svara i spørjeundersøkinga at dei har vedtatt tiltak og/eller strategiar for å fremje barn og unges oppvekst- og levekårsforhold på følgjande områder: Barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt, sosial ulikskap, deltaking i fritidsaktivitetar, barnehagedeltaking, rusmiddelbruk og trygt oppvekstmiljø. I intervjuet fekk vi kjennskap til at mange av tiltaka byggjer på strategi om gode oppvekstvilkår i kommuneplanens samfunnsdel. Og at ulike temaplanar skisserer mange tiltak, som skal svare ut utfordringane til kommunen.
I intervjuet fekk vi kjennskap til mange tiltak for barn og unge (fritidsklubb og juniorklubb, gratis kulturskule for dei yngste, gratis SFO lenger enn nasjonale retningslinjer, varm skulemat, ulike tilbod som mekkeklubb, RC-klubb, sykkelbane og padeltennis, billig kino for dei under 15 år). Nokre av tiltaka baserer seg på tilskotsmidlar, til dømes auka stillingsprosent for helsesjukepleier og Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).
I møtet fortel dei at oppvekstgruppa jamleg går gjennom tiltaka retta mot barn og unge. Leiargruppa i kommunen går gjennom tiltak fire gongar i året, og gjennom årsmeldinga til økonomiplanen.
Oppvekst evaluerer tiltaka i skulen. Livsmeistring og psykisk helse inngår i læreplanen for skulen.
I spørjeundersøkinga svara kommunen at dei ikkje har nytta indikatorar for å følgje med på barn og unges psykiske helse. Kommunen har ikkje evaluert det systematiske folkehelsearbeidet sitt, og har ikkje internkontroll med dette arbeidet. I intervjuet kjem det fram at det er einingsleiar for kultur, næring og berekraft og kommunalsjef for helse og omsorg som har tildelt ansvaret for folkehelsearbeidet. Dei sit begge i leiargruppa til rådmannen. Dei har jamlege møter, og fortel elles at det er ein liten kommune med tette band, og at dei difor ofte møtest uformelt. I intervjuet fortalde kommunen at dei har den kompetansen som trengst for å drive eit godt planarbeid. Dei fortalde vidare at dei er avhengige av det regionale folkehelsenettverket for fagleg påfyll og for å vedlikehalde kompetanse.
5. Tilbakemelding og kommentar frå Statsforvaltaren
Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.
Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.
Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument (sjå vedlegg) og intervju.
I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen;
- har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
- følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
- set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge
Eidfjord kommune har ikkje eit oppdatert folkehelseoversiktsdokument. Dette inneberer at kommunen ikkje kan identifisere kva faktorar som påverkar den psykiske helsa hos barn og unge. Kommunen har starta arbeidet med å lage ei folkehelseoversikt. Kommunen har ikkje gjort vurderingar og prioriteringar på bakgrunn av ei folkehelseoversikt og utarbeidd mål og strategiar for folkehelsearbeidet for barn og unges psykiske helse. Eidfjord er ein liten kommune når det kjem til folketal, og vi ser at kommunen likevel har god lokal kjennskap til utfordringsbildet for barn og unge. Kommunen set i verk tiltak, som også blir evaluert. Men, desse baserer seg ikkje på ei folkehelseoversikt og den systematikken som folkehelselova legg opp til. Det er difor noko tilfeldig om kommunen lagar planar og tiltak for dei reelle utfordringane som barn og unge har.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtalar vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 05.04.2024. Tilsynsbesøket vart gjennomført ved kommunen sitt studiesenter i Eidfjord kommune 13.05.2024, og møtet med ungdomsrådet hadde vi på Teams 22.05.2024.
Ein del dokument var tilsende og gått gjennom på førehand. Desse dokumenta vart gått gjennom og vurderte som relevante for tilsynet:
- Planstrategi 2019-2023
- Oppstart, planstrategi 2024-2027
- Kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027
- Folkehelseprofil 2024
- Oppvekstprofil 2024
- Handlingsplan folkehelse 2016 - 2019
- Under arbeid: folkehelseoversikt 2024-2028
- Under arbeid: ruspolitisk handlingsplan
- Under arbeid: Førebyggjande plan
- Organisasjonskart
I tabellen under gir vi ei oversikt over kven som vart intervjua.
Ikkje publisert her
Desse deltok frå tilsynsmyndigheita
- Seniorrådgjevar, Janne Weltzien Listhaug, Statsforvaltaren i Vestland
- Assisterande fylkeslege, Karina Koller Løland, Statsforvaltaren i Vestland
- Rådgjevar, Kamilla Anziani Salvo, Statsforvaltaren i Vestland
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge
Søk etter tilsynsrapporter