Hopp til hovedinnhold

Tilsynet blei gjennomført i tidsrommet frå 14.02.2024 til 15.05.2024 og er eit ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelseloven §§ 5-7 og § 30. Vi viser til formålet i folkehelselova § 1, som lyder:

«Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»

Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar blei valt ut for intervju for utfyllande informasjon.

Kommunen kunne komme med kommentarar til faktagrunnlaget innan 05.07.2024.

1.  Tema for og formål med tilsynet

Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.

Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande tilstandsbilde av om kommunane har oversikt over helsetilstand hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira, om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen og om det blir følgt opp med relevante tiltak.

Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet stør også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.

Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).

2.  Gjennomføring

Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har Statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Formålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga. Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og djupneintervju med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Vi har også snakka med eit utval barn og unge. Av omsyn til anonymiteten til barn, så gir vi ikkje att ytringane deira eksplisitt.

Anonymisert referat frå samtalane blir sendt til Statens helsetilsyn saman med kopi av rapporten for oppsummering på landsbasis.

3.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Heimelen statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelseloven § 31. Det følgjer av føresegna at statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.

Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30.

Folkehelselova § 5 første og andre ledd lyder:

«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
a. opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter § 20 og 25,
b. kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
c. kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»

Folkehelselova § 6 lyder:

«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»

Folkehelselova § 7 første ledd lyder:

«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk. Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»

Folkehelselova § 30 lyder:

«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»

4.  Skildring av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge

Fitjar har eit innbyggjartalet på 3203, der 706 personar er i aldersgruppa 0-17 år, ifølgje SSB. Sentralitetsindeks er ein måte å måle kor sentral ein kommune er med grunnlag i befolkning, arbeidsplassar og servicetilbod. Indeksen har seks nivå, frå 6 (minst sentral) til 1 (mest sentral). Fitjar kommune ligg i sentralitetsindeks 5. Kommunen er organisert med fem etatar under kommunedirektøren: økonomi, helse- og omsorg, samfunnsutvikling og drift, oppvekst og assisterande kommunedirektør. Det kjem ikkje fram av organisasjonskartet kor kommuneoverlegen er plassert i organisasjonen.

Kommunen har kopi av eigne svar frå spørjeundersøkinga.

Statsforvaltaren har hatt til gjennomsyn aktuelle dokument som kommunen har sendt over (sjå vedlegg). Det har også vore gjennomført samtalar med representantar for målgruppa for tilsynet. Sjå vedlegg.

Vi hadde djupneintervju med sju tilsette i kommunen, i form av eit gruppeintervju på kommunehuset i Fitjar. Vi inviterte også ungdomsrådet i kommunen til samtale med oss. Det var vanskeleg å få til eit møte med ungdomane i det tidsrommet og med den lengda vi ønskte (1 time). Vi fekk likevel til ein samtale på cirka 20 minutt med delar av ungdomsrådet på kommunehuset, rett i forkant av møtet med kommunen. Vi bad om å få snakke med ungdomsrådet åleine, men koordinatoren for ungdomsrådet forlet ikkje rommet under samtalen. Dette gjorde dialogen noko meir utfordrande, og var ikkje ideelt.

Oversikt over utfordringsbildet

Fitjar har ikkje noko oppdatert folkehelseoversikt, og opplyser at dei utarbeidde ei slik oversikt sist i 2013. I intervjuet forklara dei at årsaka til at dei ikkje har noko oversiktsdokument er mangel på kapasitet og ressursar, som har gjort at dette ikkje har blitt prioritert. Dei forklara at dei hadde mange tilsyn i 2019 og så kom pandemien. Kommunen forsøkte å starte opp arbeidet med ei folkehelseoversikt i 2023, men har måtte utsette dette på grunn av kapasitet. Kommunen opplyste i intervjuet at dei ikkje har noko konkrete planar om å utarbeide noko folkehelseoversikt.

Kommuneoverlegen deltok ikkje i arbeidet med folkehelseoversikta i 2013. Vi får opplyst at kommunen på dåverande tidspunkt hadde kommuneoverlege i 4 prosent stilling. Vi får vidare opplyst at fysioterapeut var leigd inn til arbeidet, men at kommunen ikkje kjenner til om vedkomande har epidemiologisk kompetanse.

I spørjeundersøkinga svara kommunen at dei har identifisert faktorar knytt til barn og unges oppvekst- og levekårsforhold, som kan påverke deira psykiske helse. Dei tre viktigaste hovudutfordringane for barn og unges psykiske helse i kommunen er familieforhold (åleineforsørgjarar, skilsmisse, barnevernsplasseringar etc.), psykososialt skulemiljø og mobbing. I intervjuet viste kommunen også til problemstillingar, som fedme blant ungdom og psykisk helse. Vidare at foreldre har etterspurt foreldrerettleiing. I samtalen viste dei til dei nye Ungdata-tala for 2024 for Fitjar som viser at utfordringar er psykiske helseplagar, problem med søvn, mobbing og vald i nære relasjonar, og at trivselen på skulen har gått ned.

Utan ei folkehelseoversikt er det meir tilfeldig korleis kommunen har kome fram til dei identifiserte utfordringane knytte til den psykiske helsa hos barn og unge. Kommunen nyttar kunnskapskjelder som Ungdata, folkehelse- og oppvekstprofilar, elevundersøkingar, nasjonale prøver, foreldreundersøkingar i barnehage og eigne kartleggingar til spesifikke planar (til dømes plan om oppvekstreforma) for å få kjennskap til utfordringar blant barn og unge. I tillegg vurderer kommunen lokalkunnskap om korleis barna i kommunen har det. Dette er også kunnskapskjeldene som kommunen nyttar for å følgje med på utviklinga når det gjeld barn og unges psykiske helse.

Planarbeid og medverknad

Kommunen har ikkje noko folkehelseoversikt som grunnlag for planarbeidet sitt. I planstrategien for 2020 og utkastet til planstrategi for 2024, som er på høyring, står det at «det må lagast eit system for kontinuerleg oversikt over faktorar som har innverknad på folkehelsa, jamfør folkehelseloven.» Dette står også omtala i kommuneplanens samfunnsdel (2020-2040).

I spørjeundersøkinga svara kommunen at barn og unges oppvekst- og levekårsforhold er drøfta i kommunens planar etter plan- og bygningslova. Kommunen har ikkje fastsett overordna mål og strategiar i planane som er eigna til å møte hovudutfordringane knytt til barn og unges psykiske helse.

Samfunnsdelen til kommuneplanen har tre gjennomgåande tema: folkehelse, berekraftig utvikling og barn og unge. Under samfunnsdelen for barn og unge, skriv kommunen at dei vil sikre barn og unge kompetanse for framtida og nytte barn og unge sine ressursar gjennom medverknad. Vidare vil dei gje barn og unge oppleving av fellesskap og å høyre til, arbeide systematisk for å gje alle like moglegheiter, sikre tidleg og tverrfagleg innsats og sikre gode helsetilbod som er retta direkte mot barn og unge. I planen heiter det at kommunen vil sikre alle barn og unge tilgang til varierte idretts- og kulturtilbod, samanhengande og trygge gang- og sykkelvegar, legge til rette for aktivitet og opplevingar for alle aldersgrupper.

Barn og unge er sentrale i planen for oppvekstreforma og i høyringsutkastet til Rusmiddelpolitisk handlingsplan. Begge temaplanane er sett i samanheng med samfunnsdelen til kommuneplanen. Det kan sjå ut til at arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen har vore tverrsektorielt samansett frå administrasjonen. Det same gjeld temaplanene.

I intervjuet med kommunen får vi kjennskap til at barnas representant uttalar seg i alle høyringar i kommunale planar. Vidare at barn og unge får medverke via innspel som ungdomsrådet gir, og i spørjeundersøkingar. I samfunnsdelen heiter det at 12 prosent av befolkninga i kommunen har medverka i direkte dialog i planen. I planen for oppvekstreforma les vi at barn og unge kome med innspel.

I samtalar med ungdomsrådet i kommunen får vi bekrefta at dei blir tekne med på råd i saker som gjeld dei. Dei fortel at dei føler at dei blir høyrde.

Tiltak og evaluering

I spørjeundersøkinga svara kommunen at dei har sett i verk tiltak og/eller strategiar for å fremme barn og unges oppvekst- og levekårsforhold på følgjande område: barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, familieforhold, sosial ulikheit, foreldrerettleiing, deltaking i fritidsaktivitetar, psykososial barnehage- og skulemiljø, mobbing, fråfall eller fråvær i skulen, rusmiddelbruk, sosiale medier og trygt oppvekstmiljø.

Kommunen har skissert mange tiltak for barn og unge i fag- og temaplanar som handlar om oppvekstreforma, og i høyringsutkastet til Rusmiddelpolitisk handlingsplan. I intervjuet fortel kommunen at dei er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats), i tillegg har kommunen fått stillingar som miljøarbeidarar i skulen, auka stillingsprosentar for psykisk helsearbeidar og familierettleiar. Vidare får vi kjennskap til at miljøarbeidarane kartlegg alle barn og unge kvar tredje månad, og ved behov tek miljøarbeidarane kontakt med familien til barnet. Kommunen har foreldrerettleiingskurs, førebyggjande tiltaksteam og nytt ressursteam i skulen. Kommunen planlegg tiltak for ungdomsskuleelevar etter skuletid, som ope hus. Eit e-sportsenter er også under etablering. Dette tiltaket er eit initiativ frå ungdomsrådet.

På spørsmål om tiltaka er komne inn i økonomiplanen, svarar kommunen at ikkje alt er kome inn. Nokre av stillingane som jobbar direkte mot barn og unge er prosjektstillingar finansiert av tilskot, medan andre er komne inn i budsjettet til kommunen.

Det er uklart om Folkehelse og livsmeistring er kjent og implementert i skulen. I intervjuet svarar kommunen at dei har kvalitetsplan i skulen, og at alle lærarar har ansvar for å tenke på dette i alt dei gjer. I tillegg har kommunen MOT-program i skulen.

I spørjeundersøkinga svara kommunen at dei ikkje evaluerer folkehelsearbeidet, og ikkje har internkontroll. I intervjuet fortel dei at folkehelsearbeidet blir følgt opp av leiinga via digitalt kontrollsystem som involverer alle sektorar, og elles gjennom avvikssystem, årsmeldingar og tertialrapporteringar. I saksframlegg til politisk behandling, vurderer administrasjonen kva konsekvensar den aktuelle saka har for folkehelsa. I intervjuet kjem det fram at kommunen diskuterer status og utvikling på tiltak i eit samhandlingsforum som har to årlege møter, der alle tenester som jobbar med barn og unge er representert.

5.  Tilbakemelding og kommentar frå Statsforvaltaren

Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.

Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.

Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument (sjå vedlegg) og intervju.

I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen;

  • har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
  • følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
  • set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge

Fitjar kommune har ikkje eit oppdatert oversiktsdokument. Kommunen har dermed ikkje gjort vurderingar og prioriteringar, og på bakgrunn av dette utarbeidd mål og strategiar for folkehelsearbeidet i kommunen. Vi ser at kommunen har mange tiltak for barn og unge, som blir følgt opp og evaluert. Men tiltaka tek ikkje utgangspunkt i ei folkehelseoversikt. Folkehelsearbeidet blir ikkje følgt opp gjennom evaluering og internkontroll.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtalar vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 05.04.2024. Tilsynsbesøket vart gjennomført ved kommunehuset i Fitjar, 15.05.2024. Ein del dokument var tilsende og gått gjennom på førehand. Desse dokumenta vart gått gjennom og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Kommuneplan 2020 – 2024 – samfunnsdel
  • Oppvekstreform Fitjar kommune
  • Planstrategi 2024- 2027 - høyring
  • Folkehelseprofil 2024
  • Oppvekstprofil 2024
  • Ruspolitisk handlingsplan
  • Planstrategi 2019-2023

I tabellen under gir vi ei oversikt over kven som vart intervjua.

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita

  • Seniorrådgjevar Janne Weltzien Listhaug, Statsforvaltaren i Vestland,
  • Assisterande fylkeslege, Karina Koller Løland, Statsforvaltaren i Vestland
  • Rådgjevar, Kamilla Anziani Salvo, Statsforvaltaren i Vestland

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge

Søk etter tilsynsrapporter

Søk