Hopp til hovedinnhold

Vi har gjennomført tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap i Kinn kommune. Det er heimla i sivilbeskyttelseslova § 29, § 10 i forskrift om kommunal beredskapsplikt og helsetilsynslova § 4.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand, og oppfølgande møte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen 25. november 2024.

1. Føremål, tema og omfang for tilsynet

Målet med tilsynet er å undersøke om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er i samsvar med krav i lov og forskrift.

Vi undersøkte om Kinn kommune har ein heilskapleg ROS-analyse, ROS-analyse for helse- og omsorgstenestene, overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene. Vi kontrollerte òg om den har utarbeidd langsiktige mål, strategiar, plan for oppfølging og prioriteringar av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, og om det er etablert eit system for opplæring, øving og evaluering. I tillegg omfatta tilsynet ei overordna vurdering av helseberedskapsplanlegging og planverket etter smittevernlova.

Denne rapporten omhandlar lovbrota som vart avdekte. Tilsynet er ikkje meint å gi ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Kinn gjer på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Det er såleis heller ikkje ei evaluering av evna som kommunen har til å handtere uønskte hendingar og kriser.

Tilsynet omfatta ikkje tilsyn med sosialberedskap og beredskap for miljøretta helsevern etter folkehelselova.

2. Aktuelt lovgrunnlag

Tilsynet er kontroll av om kommunen sitt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid er i samsvar med krav i lov og forskrift, og lovbrot betyr at krav i dei er mangelfullt etterlevd.

Vi har lagt til grunn krav regulert i følgjande lover og forskrifter:

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Kinn kommune ligg ved kysten nord i Vestland fylke. Kommunen vart etablert i januar 2020 gjennom ei samanslåing av kommunane Flora og Vågsøy. Kommunen er geografisk delt av Bremanger kommune. Kinn har om lag 17 500 innbyggjarar. Mange av dei er busett i og rundt kommunesentera Måløy og Florø, og elles bur befolkninga spreidd i bygder og på øyane.

Det går mykje sjøtrafikk med godsskip, hurtigrute- og cruiseskip og andre passasjerbåtar langs kysten og mellom øyane. Florø har flyplass med innanriksruter og helikoptertransport til og frå oljeplattformer. Flyplassen er òg base for redningshelikopter (330-skvadronen). Kinn har fleire storulykkeverksemder, og enkelte av dei har krav til eige industrivern.

Overordna beredskapsplanverk

Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse

Kinn kommune har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som vart vedteken i kommunestyret 17.09.2024. Som kunnskapsgrunnlag for ROS-analysen har det mellom anna vore nytta tidlegerare kommunale ROS-analyser frå Flora (2014) og Vågsøy (2015).

Analysen inneheld vurderingar av 28 potensielle uønskte hendingar, delt inn i fem ulike hendingstypar: naturhendingar, store ulykker, kritisk infrastruktur, helse og tilsikta hendingar. Det er per i dag ikkje utarbeid eit scenario for tryggleikspolitisk krise og krig. For kvar uønskt hending er det mellom anna gjort ei vurdering av korleis den vil kunne påverke kommunen si evne til leveranse av kritiske tenester, og i kva grad kommunen har verkemidlar til å påverke avdekt risiko og sårbarheit.

Det gjekk fram av samtalene i tilsynsmøtet at kommunen vil følgje opp utfordringane knytt til evne til å utøve kommunal kriseleiing, og evna til å kome attende til normal drift etter uønskte hendingar, som ein del av det vidare arbeidet med å supplere det operasjonelle beredskapsplanverket.

ROS-analysen inneheld oversyn alle tilrådde tiltak som kan bidra til å redusere risikoen for dei ulike hendingane som er analysert.

Kommunen opplyste i møtet at dei har kopla på relevante eksterne aktørar i arbeidet med ROS- analysen, og at dei har vore nytta som høyringspart før ferdigstilling.

Overordna beredskapsplan

Den overordna beredskapsplanen er sist revidert i august 2024. Den er meint å dekke krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Saman med underordna fagspesifikke beredskapsplanar utgjer den kommunen sitt beredskapsplanverk. Planverket inngår som ein del av kvalitetssystemet, Compilo. Dei viktigaste dokumenta er i tillegg tilgjengelege i papirutgåver.

Det går fram av beredskapsplanen kven som deltek i kriseleiinga, og fordelinga av roller og oppgåver. Fullmakter til innkalling av kriseleiinga er skildra, og den inneheld ein plan for krisekommunikasjon, og plan for befolkningsvarsling og evakuering. Rutine for opplæring og øving, evaluering og revisjon er òg omtalt. Det er presisert at planen skal fortløpande reviderast ved ny informasjon, og det skal som eit minimum vere ein årleg revisjon innan 1. desember.

Beredskapsrådgjevaren er ansvarleg for oppdatering.

Varslingslister og oversyn over interne og eksterne ressursar ligg som vedlegg til planen. Det er òg utarbeidd operasjonelle tiltakskort for fleire ulike situasjonar som vedlegg til planen, som til dømes langvarig bortfall av straum og EKOM, og evakuering av innbyggjarar og oppretting av mottakssenter for evakuerte og/eller pårørande. I tilsynsmøtet fekk vi opplyst at kommunen arbeider med vidareutvikling og utarbeiding av fleire tiltakskort.

Kriseorganisasjon

Det går fram av planen at kriseleiinga i kommunen (KKL) er sett saman av ordførar, kommunedirektør (leiar), kommunalsjef helse og velferd, kommunalsjef oppvekst og undervisning, kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, stabsleiar informasjon og service, brannsjef, kommuneoverlege og beredskapsrådgjevar. Det er utpeikt vara for alle i kriseleiinga, og kriseleiinga vert supplert med fagpersonar etter type hending og behov.

Ordføraren er kommunen sitt «ansikt utad», og vil som hovudregel vere talsperson i media.

Det gjekk fram av tilsynsmøtet at rollene og oppgåvene til medlemene i kriseleiinga er avklart, og at det er ein låg terskel for å samle heile eller deler av kriseleiinga for drøfting av aktuelle problemstillingar knytt til krisesituasjonar og beredskap.

Beredskapsplanverk for helse- og velferd

Plan for helsemessig og sosial beredskap

Kinn kommune har ein eigen plan for helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsplan), vedteken i kommunestyret 17.09.2024. Det går fram av planen at den skal reviderast årleg (innan 1. desember).

I møtet fekk vi opplyst at kommunalsjef helse og velferd er den som er øvste ansvarleg for helseberedskapsplanen, og at planen er utarbeidd av kommunalsjefen i samarbeid med beredskapsrådgjevaren. Kommuneoverlegen og andre relevante fagpersonar innan tenesteområde har vore nytta som høyringspartar, og dei har kome med innspel til planen.

Det går fram av planen at tenesteområdet har definert tre ulike beredskapsnivå, avhengig av omfanget av hendinga (konsekvens for liv og helse). Planen inneheld oversyn på kven som skal mobiliserast og varslast ved dei ulike beredskapsnivåa. Kommunal kriseleiing og operativ leiing innan tenesteområdet skal handtere kriser på raudt (øvste) nivå; definert som nivå der det er fare for liv og helse.

Det er utarbeidd fleire tilhøyrande planar og rutinar innan området, mellom anna kontinuitetsplanar. Saman med helseberedskapsplanen utgjer dei helseberedskapsplanverket til kommunen. Planverket inngår som ein del av kvalitetssystemet, Compilo. Dei viktigaste dokumenta er i tillegg gjort tilgjengelege i papirutgåver på tenesteleiarane sine kontor.

Tenesteområda har ulike rutinar/tiltakskort knytt til handtering av kritiske tenester ved uønskte hendingar, mellom anna er det utarbeidd eiga rutine for førebuing av heimetenesta og miljøtenesta ved varsel om kraftig uvêr. Vi fekk opplyst i tilsynsmøtet at kommunen arbeider med å samordne prosedyrar og rutinar mellom dei ulike helse- og velferdstenestene.

Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen har 60 % stilling som kommuneoverlege og smittevernlege, 40 % stilling innan miljøretta helsevern og 20 % stilling som fastlege. I smittevernarbeidet får han støtte frå ein sjukepleiar . Det er ei uformell ordning med leiar for legevakta i Florø om fungering som avløysar/vara for kommuneoverlege- og smittevernlegefunksjonen.

Smittevernplan med underordna planverk

Kinn har smittevernplan, pandemiplan og tuberkulosekontrollprogram som vart revidert 12.09.2024.

Kommuneoverlegen, i funksjonen av å være smittevernlege, er øvste ansvarleg for smittevernplanen og tilhøyrande planar (pandemiplan og tuberkulosekontrollprogram). Planane er utarbeidde av kommuneoverlegen, med støtte frå nøkkelpersonell innan helse og velferd. Dei er generisk utforma med utgangspunkt i erfaringar og lærdom frå koronapandemien, og viser til relevant kunnskap.

ROS-analyse for helse og velferd

Helseberedskapsplanen viser til at den er utarbeidd med grunnlag i ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for helse og velferd frå august 2024.

Analysen er utarbeidd i ROS-modulen til kvalitetssystemet til kommunen (Compilo). Det er gjort vurdering av 15 moglege hendingar som kan skje innan tenesteområdet. Det gjeld mellom anna brann på institusjon, pandemi/epidemi og smitte gjennom mat og vatn. Drift av legesenter og legevakt på alternativ lokasjon er ikkje vurdert i analysen. Kommunen har sendt inn ROS-analyse for Florø legevakt som supplerande dokumentasjon i etterkant av tilsynsmøtet.

ROS-analysen for helse og velferd inneheld eit analyseskjema for kvar hending. Det er i kvart skjema gitt ei kortfatta generell skildring av hendinga, og ei framstilling av talfesta risiko, sannsyn og konsekvens. Kommunen har i etterkant av tilsynsmøtet sendt inn ein oppdatert versjon av ROS- analysen som supplerande dokumentasjon. Analysen inneheld utfyllande omtale av føresetnadane som ligg til grunn for kategoriseringa av sannsyn og konsekvens, inkludert ei samla vurdering av risiko. Etablerte tiltak og føreslegne tiltak er punktvis lista i kvart analyseskjema.

Den heilskaplege ROS-analysen inneheld òg nokre overordna vurderingar av hendingar relatert til helse. I tilsynsmøtet kom det fram at det ved neste revisjon av analysen vil verte vurdert å supplere den med meir utfyllande skildring av digitale hendingar, konsekvensar for velferdsteknologi ved uønskte hendingar og mangel på lækjemiddel. Kommunen fortalte i møtet at ROS-analysen innan helse- og velferd er tenkt å vere meir utdjupande og meir spesifikk for helse- og velferdsområdet enn den heilskaplege ROS-analysen.

Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid

Kommuneplanens samfunnsdel inneheld mål, delmål og strategiar for samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Arbeidet med ny planstrategi og samfunnsdel er i sluttfasen, og det førelåg eit høyringsutkast på tidspunktet for tilsynet. Planen er sendt til politisk handsaming.

Kommunen har utarbeidd eit dokument med tittelen «Plan for oppfølging av samfunnssikkerheit og beredskap». Det inneheld overordna føringar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen, inkludert delmål frå kommuneplanens samfunnsdel og plan for opplæring og øvingar. Kommunen har i etterkant av tilsynsmøtet sendt inn ei oppdatert utgåve av dokumentet, sist revidert 28.01.2025, som supplerande dokumentasjon. Oppfølgingsplanen inneheld tiltaka som er tilrådd i den heilskaplege ROS-analysen. For kvar av dei analysert hendingane er det omtale av status og plan for oppfølging av tiltaka med utpeikt ansvarleg og tidfesting for planlagd gjennomføring.

Samarbeid

Kommunen fortalte i møtet om samarbeid om beredskap med nabokommunane og eksterne aktørar, som t.d. Politiet, Avinor, storulykkeverksemdene i kommunen, nettselskapet Linja, Røde Kors og Sanitetskvinnene. Brannsjefen er òg brannsjef i Bremanger kommune og dei to kommunane har felles legevakt (i Florø). Kinn samarbeider med Nordfjord-kommunane om drift av IKT- infrastruktur.

Kommunen samarbeider med andre aktørar gjennom mellom anna deltaking på øvingar, og har tett dialog ved uønskte hendingar. Det vart nyleg signert samarbeidsavtale med Sanitetskvinnene.

Samarbeid med helseføretaket følgjer av samarbeidsavtalar, m.a. om handtering av pandemisk influensa.

Det går fram av tilsende dokument at det føreligg plan om å etablere eit beredskapsråd. Det vart stadfesta i tilsynsmøtet at det er noko kommunen vil etablere for å styrke det strategiske samarbeidet med andre beredskapsaktørar i kommunen.

Øving, opplæring og evaluering

Øving

Det går fram av «Plan for oppfølging av samfunnssikkerheit og beredskap», at kriseleiinga skal øvast minimum annakvart år. I beredskapsplanen for helse og velferd er det lagt til grunn at planen òg skal øvast minimum annakvart år.

Kommunen understreka i tilsynsmøtet at dei legg stor vekt på å øve beredskapen, både kriseleiinga og ut i einingane. Det gjer dei ved å delta på øvingar hjå andre aktørar, og gjennomføre eigne øvingar.

Kriseleiinga deltok i øving i regi av Statsforvaltaren 9.5.2023, med tryggleikspolitisk situasjon som tema. Den 24. september i år deltok kriseleiinga, brannvesenet og helsetenesta, inkludert Kulatoppen omsorgssenter, på ei fullskala øving med storulykkeverksemda MHService. I øvinga deltok òg politiet og ambulansetenesta.

Det er under planlegging ei ny øving av kriseleiinga, med dambrot som tema. Det er henta frå den heilskaplege ROS-analysen.

Brannvesenet øver jamleg med mellom anna storulykkeverksemdene og Florø flyplass. Legeteneste i kommunen deltek òg i enkelte av desse øvingane.

Opplæring

Det går fram av beredskapsplanen, og vart stadfesta i tilsynsmøtet, at kommunen har ei ordning for opplæring for dei som treng det. Kommunen nyttar mellom anna kvalitetssystemet (Compilo) til å sikre at relevant personell jamleg, eller ved oppdatering, les relevant beredskapsplanverk.

Evaluering

Kommunen gjennomfører skriftleg evaluering etter hendingar og øvingar, og læringspunkt vert lagt til grunn ved utbetring av beredskapsplanverket. I tilsynsmøtet vart det mellom anna orientert om at det etter øvinga med MHService vart identifisert forbetringspunkt knytt til eksisterande planverk for evakuering av omsorgssenteret. Det er sett i gang eit arbeid for å utarbeide ein ny felles evakueringsplan for sjukeheimane.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Kommunal beredskapsplikt har som mål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når uønskte hendingar utfordrar den.

Heilskapleg ROS-analyse

Det er krav om at heilskapleg ROS-analyse skal oppdaterast i takt med revisjon av kommunedelplanar, og ved endringar i risiko- og sårbarheitsbildet. Den heilskaplege ROS-analysen er vedteken i kommunestyret i september 2024. Vi vurderer den til å vere i samsvar med krav om oppdatering.

Den heilskaplege ROS-analysen er utarbeidd med mål om å dekke krava i sivilbeskyttelseslova med forskrift. Den inneheld vurderingar av ei rekkje potensielle uønskte hendingar. Den skildrar og vurderer korleis ulike hendingar påverkar kommunen si evne til å levere viktige tenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar. I tillegg omtalar den korleis omdømet til kommunen vert påverka, og trongen for befolkningsvarsling og evakuering.

Vi finn at krava til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse er tilfredsstilt, jf. sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt §§ 2 og 6.

Overordna beredskapsplan

Kinn kommune har ein overordna beredskapsplan som er vedteken av leiargruppa og sist revidert 19.08.2024. Planen omtalar kven som deltek i kriseleiinga og fordeling av roller og ansvar.

Fullmakter, roller, ansvar og oppgåver i kriseleiinga er avklart og kjent.

Det er utarbeidd varslingslister, plan for befolkningsvarsling og evakuering og krisekommunikasjonsplan, med ordningar for informasjon til innbyggjarane og eigne tilsette.

Planen inneheld oversyn over interne og eksterne ressursar, og det er i tillegg oversyn over aktuelle instansar for samarbeid. Kommunen samarbeider med andre aktørar, som t.d. Politiet, private verksemder og nabokommunar, og har avtalar med helseføretaket.

Vi finn at overordna beredskapsplan tilfredsstiller krava i sivilbeskyttelseslova § 15, og forskrift om kommunal beredskapsplikt §§ 4 og 6.

Beredskapsplanverk for helse og velferd

Kommunen har ein helseberedskapsplan som er vedteken av kommunestyret 17.09.2024. Tilhøyrande planar for tenesteeiningane, operative vedlegg som tiltakskort, ressursoversyn og varslingslister ligg i kommunens kvalitetssystem og er tilgjengeleg i perm på kontor til tenesteleiarane.

Kinn kommune har smittevernplan og pandemiplan, sist revidert 12.09.2024.

Vi finn at helseberedskapsplanen og smittevernplan med pandemiplan tilfredsstiller krava i helseberedskapslovverket, jf. lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova § 2-2.

ROS-analyse for helse og velferd

Det er krav om gjennom ein ROS-analyse å skaffe oversyn over moglege uønskte hendingar som kan føre til ekstraordinær belastning på helse og omsorgstenestene. Føresetnadane som analysen bygger på skal dokumenterast. Analysen skal vere kunnskapsgrunnlaget for både førebyggande og skadeavgrensande tiltak, og den skal utgjere kunnskapsgrunnlaget for ein helseberedskapsplan.

Kinn kommune har ein ROS-analyse for helse og velferd som skildrar risiko, sannsyn og konsekvens for dei ulike hendingane. Analysen dannar kunnskapsgrunnlaget for helseberedskapsplanen.

Vi finn at kravet om ROS-analyse for helse og velferd område er tilfredsstilt, jf. § 3 i forskrift om krav til beredskapsplanlegging.

Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid

Det er krav om at kommunen, på bakgrunn av den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen, skal utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet.

Kinn kommune har nedfelt skriftlege langsiktige mål, delmål og strategiar for samfunnstryggleik og beredskap, og er i prosess med politisk handsaming av planstrategi og samfunnsdelen til kommuneplanen.

Kommunen har ein plan for oppfølging av funn frå den heilskaplege ROS-analysen (sist revidert 28.01.2025). Dokumentet inneheld ein oversikt over tilrådde tiltak med utpeikt ansvarleg og tidfesting for planlagd gjennomføring.

Vi vurderer at krav om å utarbeide langsiktige mål, strategi, prioritering og plan for oppfølging er tilfredsstilt, jf. sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3 a.

Øving, opplæring og evaluering

Kriseleiinga vert jamleg øvd, og personell i kriseleiinga får opplæring. Både øvingar og uønskte hendingar vert evaluert.

Det er lagt inn krav i helseberedskapsplanen om at den skal øvast minimum anna kvart år, og helse- og velferdstenestene i kommunen deltek jamleg på ulike øvingar.

Vi finn at kommunen har eit system for øving, opplæring og evaluering som dekker kravet i forskrift om kommunal beredskapsplikt, §§ 7 og 8, og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 7.

5. Konklusjon

Statsforvaltaren har ikkje avdekt lovbrot under tilsynet.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Tilsynet er ein del av våre planlagde tilsyn i 2024, vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand og oppfølgande møte hjå Kinn kommune den 25. november 2024. Tilsynsmøte vart gjennomført som ein kombinasjon av individuelle samtalar/intervju og gruppesamtale.

Skriftleg varsel om tilsyn vart sendt 30. november 2023, og følgt opp med brev med førespurnad om opplysningar 12. juni 2024.

Deltakarar i tilsynsmøte:

Statsforvaltaren

  • Mari Severinsen, assisterande fylkesberedskapssjef (tilsynsleiar/revisor)
  • Lene Stavseng, seniorrådgjevar, beredskapsseksjonen (revisor)
  • Linda Svori, assisterande fylkeslege, helse-, sosial- og barnevernavdelinga (revisor)

Kommunen

  • Øyvind Bang-Olsen, kommunedirektør
  • Bengt Solheim-Olsen, ordførar
  • Jon Even Myre, beredskapsrådgjevar
  • Norunn Stavø, kommunalsjef helse og velferd
  • Kjell Arne Nordgård, kommuneoverlege
  • Kim Hjelle, brannsjef

Følgjande dokument og opplysningar frå kommunen vart brukt som underlag for tilsynet:

  • Organisasjonskart kriseleiing i Kinn kommune
  • Heilskapleg ROS-analyse for Kinn kommune, 09.2024
  • Plan for oppfølging, revidert 09.2024
  • Overordna beredskapsplan for Kinn kommune, 08.2024
  • Tiltakskort - Atomhending
  • Tiltakskort - Evakuering av innbyggjarar og oppretting av mottakssenter for evakuerte og- eller pårørande
  • Tiltakskort - Etablering av kriseleiing
  • Tiltakskort - Evakuering av Florø omsorgssenter
  • Tiltakskort - Evakuering av innbyggjarar og oppretting av mottakssenter for evakuerte og - eller pårørande
  • Tiltakskort - Kraftig uvêr
  • Tiltakskort - Langvarig bortfall av straum og EKOM
  • Tiltakskort - Pandemi og omfattande utbrot av smittsam sjukdom
  • Beredskapsplan for helse og velferd,09.2024
  • Smittevernplan for Kinn kommune – 09.2024
  • Pandemiplan for Kinn kommune - 09.2024
  • Tuberkulosekontrollprogram for Kinn kommune - 09.2024
  • Rutine - Utdeling av jodtablettar
  • Risiko- og sårbarheitsanalyse for helse og velferd - kriterium for konsekvens og sannsyn
  • Risiko- og sårbarheitsanalyse for helse og velferd, revisjonsdato 08.2024
  • Førebuing av heimetenesta og miljøtenesta ved varsel om kraftig uvêr
  • Evaluering og oppsummering av øvinga Tryggleikspolitisk situasjon 05.2023
  • Evaluering og oppsummering av øvinga Storulykke ved MHService på Kulen 09.2024
  • Evaluering og oppsummering av Ekstremvêret Ingunn 01.2024
  • Evaluering av handtering av trafikkulykke 09.2023
  • Oversyn - Beredskapsresursar (henta frå Compilo)
  • ROS analyse for Florø legevakt (ettersendt 11.2024)
  • ROS-analyse for helse og velferd oppdatert versjon (ettersendt 01.2025)
  • Plan for oppfølging, revidert 01.2025 (ettersendt 31.01.2025)
  • Samfunnsdelen til kommuneplanen 2024-2036 i Kinn (Høyringsutkast på tidspunktet for tilsynet)

Planoversikt:

apppublishframsikt-staging.azurewebsites.net/planoverview/nyekinn/f11ccb19-bf4f-4883-9a06-252d5e28c5b3/planoverview-po/#/planoverview/summary/