Rapport frå tilsyn med Ullensvang kommune sitt langsiktige og systematiske arbeid etter folkehelselova for å fremje psykisk helse hos barn og unge 2024
Tilsynet blei gjennomført 14.02.2024 til 14.05.2024 og er eit ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelselova §§ 5-7 og § 30. Vi viser til formålet i folkehelselova § 1, som lyder:
«Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»
Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar blei valt ut for intervju for utfyllande informasjon.
Kommunen kunne komme med kommentarar til faktagrunnlaget innan 05.07.2024.
1. Tema for og formål med tilsynet
Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.
Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande tilstandsbilde av om kommunane har oversikt over helsetilstand hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira, om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen og om det blir følgt opp med relevante tiltak.
Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet stør også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.
Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).
2. Gjennomføring
Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Formålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga.
Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Vi har også hatt møte med eit utval barn og unge. Av omsyn til barnas anonymitet gir vi ikkje att ytringane deira eksplisitt.
Anonymisert referat frå samtalane blir sende anonymt til Statens helsetilsyn saman med kopi av rapporten for oppsummering på landsbasis.
3. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Heimelen statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelselova § 31. Det følgjer av føresegna at statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30.
Folkehelselova § 5 første og andre ledd lyder:
«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
a. opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter § 20 og 25,
b. kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
c. kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»
Folkehelselova § 6 lyder:
«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»
Folkehelselova § 7 første ledd lyder:
«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»
Folkehelselova § 30 lyder:
«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»
4. Skildring av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge
Ullensvang har eit folketal på 11027 innbyggjarar, der 2034 av dei er mellom 0-17 år. Sentralitetsindeks er ein måte å måle kor sentral ein kommune er med grunnlag i befolkning, arbeidsplassar og servicetilbod. Indeksen har seks nivå, frå 6 (minst sentral) til 1 (mest sentral). Kommunen ligg i sentralitetsindeks 5. Det er fire tenesteytande sektorar som rapporterer til rådmannen: helse og omsorg, oppvekst og utdanning, teknikk og miljø og kultur, næring og samfunn. Legetenesta ligg under helse og omsorg, og kommuneoverlegen er plassert i helsevernavdelinga. Kommunen blei slått saman av dei tre kommunane Ullensvang herad, Jondal og Odda i 2020. Ullensvang er den største kommunen i Sør-Noreg målt i areal.
Kommunen har kopi av eigne svar frå spørjeundersøkinga.
Statsforvaltaren har hatt til gjennomsyn aktuelle dokument som kommunen har sendt over (sjå vedlegg). Det har også vore gjennomført samtalar med representantar for målgruppa for tilsynet. Vi gjennomførte djupneintervju med seks tilsette i kommunen, i form av eit gruppeintervju fysisk på rådhuset i Odda. På spørsmål dei ikkje kunne svare på i møtet, fekk dei høve til å svare ut på e-post. Vi møtte også ungdomsrådet i kommunen, også dette i form av eit fysisk gruppeintervju. Vi møtte ungdomane i forkant av møtet med kommunen. Sjå vedlegg.
Oversikt over utfordringsbildet
Ullensvang kommune har folkehelseoversikt frå 2020. Vi får inntrykk av at den er eit augeblikksbilde frå tida rett før dei tre kommunane var slått saman. Den peikar på skilnadene mellom kommunane, og på fleire utfordringar, som verkar relevante. Den kan med fordel vore endå tydelegare på kva som var kommunens prioriterte folkehelseutfordringar som den nye kommunen måtte ta tak i.
Oversikta har i liten grad blitt halden løpande oppdatert. Det ligg ingen planar om å oppdatere folkehelseoversikta no, kjem det fram i intervjuet. Folkehelseoversikta frå 2020 var utarbeidd av folkehelsekoordinatorane i dei tre tidlegare kommunane. Planavdelinga deltok i tillegg.
Kommuneoverlege deltok ikkje i arbeidet.
I kartlegginga svarte kommunen at dei har analysert moglege årsaksforhold til, og konsekvensar av dei identifiserte faktorane i oversiktsdokumentet. Dei tre viktigaste identifiserte hovudutfordringane for barn og unges psykiske helse i kommunen er barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt, psykososialt skulemiljø og mobbing.
Det er særskilte utfordringar i oppvekstmiljøet som tilseier at kommunen bør ha merksemd på den psykiske helsa hos barn og unge i kommunen. I intervjuet fortel også kommunen om utfordringar med flyktningar og inkludering og ein auke i bekymringsmeldingar til barnevernet. I samtale med ungdomsrådet, peikte dei spesielt på geografiske avstandar i kommunen, og mangelfull offentleg transport. Dette er ei stor utfordring for barn og unge i ei langstrakt kommune. Saman med utfordringa om barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt, meiner vi at dette utgjer ei særskilt utfordring for barn og unge i kommunen.
Planarbeid og medverknad
Folkehelseoversikta ligg ikkje som grunnlag for arbeidet med planstrategien 2020-2024. Vi kjenner ikkje til om kommunen er i ferd med å utarbeide planstrategi denne perioden.
I spørjeundersøkinga heiter det at barn og unges oppvekst- og levekårsforhold er drøfta i kommunens planar etter plan- og bygningslova, og at kommunen har fastsett overordna mål og strategiar i planane som er eigna til å møte hovudutfordringane knytt til barn og unges psykiske helse, og at desse er tekne inn i samfunnsdelen og økonomiplanen.
I samfunnsdelen til kommuneplanen har kommunen mål om å ha attraktive stader å bu, leve og arbeide for alle. Vidare at kultur-, idretts- og reiselivet er inkluderande. Planen har strategiar om trygge rammer for oppvekst, styrke bibliotek og kulturskule, varierte aktivitetstilbod og kultur- og idrettstilbod som skal underbyggje inkluderingsarbeidet.
I intervjuet kjem det fram at det er laga ein temaplan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar, vedteken i april 2024, som er hovudplanen for arbeidet med barn og unge i kommunen, i tillegg til Ruspolitisk handlingsplan. I temaplan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar les vi at kommunen har ein eigen visjon for sektor oppvekst og utdanning, og planen listar opp mange tiltak. Planen tek ikkje utgangspunkt i funn frå folkehelseoversikta, og er heller ikkje forankra eller kopla til samfunnsdelen av kommuneplanen.
Ruspolitisk handlingsplan er ikkje tilgjengeleg på heimesida til kommunen.
Kommunen fortel i intervjuet at det også er satsing på barn og unge i andre tema- og fagplanar som helse og omsorgsplan 2022-2033, temaplan for kultur 2023-2027, og plan som skal motverke sjølvmord hos barn og unge. I intervjuet kjem det fram at kommunen saknar ein raud tråd i planarbeidet, og at kommuneoverlegen i liten grad blir nytta i desse prosessane.
Det kjem ikkje fram i samfunnsdelen om planen er tverrsektorielt forankra. I planen står det at leiargruppa har vore direkte involvert, og at tilsette har kunne komme med innspel.
I spørjeundersøkinga svarar kommunen at barne- og ungdomsrådet har medverka eller vore involvert i planarbeidet. Samfunnsdelen til kommuneplanen omtalar medverknadsprosessar ved barne- og ungdomsskular. I intervjuet kjem det fram at kommunen har elevundersøkingar i skulen, og at ungdomsrådet har bidrege i Ruspolitisk handlingsplan. Det kjem også fram at kommunen ikkje er så sterke på å involvere barn og unge i planarbeidet. Dei kjenner ikkje til at barn og unge har vore involvert i arbeidet med kommuneplanens arealdel som det no blir jobba med.
I samtalane med ungdomsrådet kjem det fram at dei blir tekne med på råd og involvert i ulike typar planarbeid.
Tiltak og evaluering
I spørjeundersøkinga svara kommunen at dei har vedtatt tiltak og/eller strategiar for å fremje barn og unges oppvekst- og levekårsforhold på følgjande områder: buforhold, barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, familieforhold (åleineforsørgjarar, skilsmisse, barnevernsplassering etc.), befolkningssamansetning, sosial ulikskap, foreldrerettleiing, deltaking i fritidsaktivitetar, barnehagedeltaking, psykososialt barnehagemiljø, psykososialt skulemiljø, mobbing, fråfall eller fråver frå skulen, rusmiddelbruk, ungdomskriminalitet, utanforskap og einsemd, vald og overgrep, sosiale medier og trygt oppvekstmiljø.
I spørjeundersøkinga svarte kommunen at tiltaka i planarbeidet ikkje byggjer på hovudutfordringane som er identifisert i kommunens folkehelseoversikt. I intervjuet fortalde kommunen at tiltak speglar utfordringar om barn og unges psykiske helse. Dei identifisert utfordringane om barn og unge, som kommunen set i verk tiltak for, har dei kome fram til gjennom andre dokument og kjelder. Dei nyttar også ein tiltaksoversikt i tråd med BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats). I intervjuet fortel kommunen om tiltak som kan vere sosialt utjamnande, som ferietilbod, fritidskort og samarbeid med idrettslag for at økonomi ikkje skal vere ei utfordring for å delta, og gratis kulturskule for 1.-4. klasse.
Fleire tiltak er komne inn i økonomiplanen, ifølgje kommunen. Dette gjeld SLT-koordinator, gratis SFO for 1.-3. klasse, kompetanseløft kring vald og seksuelle overgrep.
På spørsmål om kommunen har implementert Folkehelse og livsmeistring i skulen, så viser kommunen til plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar, og tiltak som skal «bidra til å jobbe systematisk med psykisk helse, livsmeistring og inkludering». Tiltaka er implementert i skulane i kommunen, svarar kommunalsjef for oppvekst og utdanning på e-post.
Ullensvang kommune nyttar kunnskapskjelder som Ungdata, elevundersøkingar, kommunehelsa statistikkbank og oppvekstprofil for å følgje med på barn og unges psykiske helse.
I spørjeundersøkinga svara kommunen at dei ikkje gjennomfører evaluering av det systematiske folkehelsearbeidet, og dei har heller ikkje internkontroll på dette området. I intervjuet svara kommunen at planane har revisjonsrutinar, og at kommunestyret skal sjå på til dømes samfunnsdelen til kommuneplanen som var vedteken i 2020. Kommunen meiner at dei har kompetansen på plass for å drive planarbeid. I intervjuet kjem det fram at kommunen må jobbe med å sette ting i system, og at dei er svake på internkontroll. Kommunen har hatt problem med nødvendige verktøy for internkontroll, og dette er noko som skal prioriterast framover.
Folkehelsearbeidet er jamleg tema i ulike møter i leiinga. Dei meiner det er ein svakheit at folkehelsearbeidet ikkje ligg ein konkret stad i organisasjonen. Kommunen har ikkje tilsett nokon som held i den raude tråden og koordinerer dette arbeidet, til dømes ein folkehelserådgjevar.
5. Tilbakemelding og kommentar frå Statsforvaltaren
Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.
Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.
Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument (sjå vedlegg) og intervju.
I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen;
- har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
- følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
- set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge
Ullensvang kommune har folkehelseoversikt frå 2020, som også inkluderer faktorar som påverkar den psykiske helsa hos barn og unge. Det er ikkje konkrete planar om å oppdatere oversikta.
Kommunen har i liten grad gjort vurderingar og prioriteringar med utgangspunkt i folkehelseoversikta, og på bakgrunn av dette utarbeidd mål og strategiar for folkehelsearbeidet. Vi ser at kommunen har utarbeidd tiltak, men desse baserer seg i ikkje på folkehelseoversiktsdokumentet. Arbeidet blir ikkje følgt opp og evaluert.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtalar vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 05.04.2024. Tilsynsbesøket vart gjennomført ved rådhuset i Odda, 14.05.2024.
Ein del dokument var tilsende og gått gjennom på førehand. Desse dokumenta vart gått gjennom og vurderte som relevante for tilsynet:
- Folkehelseoversikt 2020
- Kommuneplanens samfunnsdel 2020-2032
- Planstrategi 2020-2024
- Plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar for barn og unge
- Folkehelseprofil 2024
- Oppvekstprofil 2024
- Organisasjonskart
I tabellen under gir vi ei oversikt over kven som vart intervjua.
Ikkje publisert her
Desse deltok frå tilsynsmyndigheita
- Seniorrådgjevar, Janne Weltzien Listhaug, Statsforvaltaren i Vestland
- Assisterande fylkeslege, Karina Koller Løland, Statsforvaltaren i Vestland
- Rådgjevar, Kamilla Anziani Salvo, Statsforvaltaren i Vestland
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge
Søk etter tilsynsrapporter