Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap i Vik kommune. Det er heimla i sivilbeskyttelseslova § 29, § 10 i forskrift om kommunal beredskapsplikt og helsetilsynslova § 4.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand, og oppfølgande møte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen 24.september 2024.

1. Føremål, tema og omfang for tilsynet

Målet med tilsynet er å undersøke om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er i samsvar med krav i lov og forskrift.

Vi undersøkte om Vik kommune har ein heilskapleg ROS-analyse, ROS-analyse for helse- og omsorgstenestene, overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene. Vi kontrollerte òg om den har utarbeidd langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, og om det er etablert eit system for opplæring, øving og evaluering. I tillegg omfatta tilsynet ei overordna vurdering av helseberedskapsplanlegging og planverket etter smittevernlova.

Denne rapporten omhandlar lovbrota som vart avdekte. Tilsynet er ikkje meint å gi ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Vik gjer på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Det er såleis heller ikkje ei evaluering av evna som kommunen har til å handtere uønskte hendingar.

Tilsynet omfatta ikkje tilsyn med sosialberedskap og beredskap for miljøretta helsevern etter folkehelselova.

2. Aktuelt lovgrunnlag

Tilsynet er kontroll av om kommunen sitt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid er i samsvar med krav i lov og forskrift, og lovbrot betyr at krav i dei er mangelfullt etterlevd.

Vi har lagt til grunn krav regulert i følgjande lover og forskrifter:

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Vik kommune ligg i Sogn, på sørsida av Sognefjorden, og grensar til kommunane Voss, Aurland, Vaksdal, Modalen og Høyanger. Vik har om lag 2500 innbyggjarar. Folketalet er venta å gå nedover i åra framover. Rundt halvparten av innbyggjarane bur i og rundt administrasjonssenteret Vikøyri.

Elles bur befolkninga spreidd i bygder og i nokre veglause gardar langs fjorden.

Riksveg 13 går i retning nord - sør frå ferjestaden Vangsnes, gjennom Vikøyri, over Vikafjellet til Voss. For å kome nordover nyttar ein ferjesambandet Vangsnes - Dragsvik- Hella. I tillegg til landskapa langs Sognefjorden med bratte fjellsider, omfattar Vik òg store fjellområde, m.a. Vikafjellet.

Jordbruk er den viktigaste næringa. Det er fem vasskraftverk i Vik. Det er ingen storulykkeverksemder i kommunen. Vik fengsel ligg kommunen, og har ein ordinær kapasitet på 39 plassar.

Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster, og Vik. Det er brannstasjon i kommunen.

Overordna beredskapsplanverk

Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse

Vik kommune har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) frå 2018. I tilsynsmøtet vart det opplyst at analysen har vore under revisjon sidan 2022. Det føreligg på tidspunktet for tilsynet ein ferdigstilt revisjon, Kommune-ROS 2024, som skal til politisk handsaming 25. september. I tilsynet er det denne analysen som er lagt til grunn for revisjonen.

Som kunnskapsgrunnlag for revisjonen har det mellom anna vore nytta kommunale ROS analyser frå Sogndal (2015) og Bergen (2020), i tillegg til fylkesROS for Sogn og Fjordane. Det gjekk fram av samtalene i møtet at kommunen er merksam på at desse kjeldene kan vere noko forelda, og at både kommunane og Statsforvaltaren har publisert nyare versjonar av sine ROS-analysar.

Kommune-ROS 2024 inneheld vurderingar av 32 potensielle uønskte hendingar, delt inn i kategoriane svikt i kritisk infrastruktur, natur og klima, helse, ulykker og vald og terror. Det er eit analyseskjema for kvar hending, som mellom anna har vurdert sannsyn og påverknad på to samfunnsverdiar; liv og helse og stabilitet. For kvar hending er det og gjort vurderingar av trongen for varsling og evakuering av innbyggjarane.

Analysen inneheld eit kapittel med ei generell vurdering av venta klimaendringar. Det er lite spesifikk omtale av endringar i fare for kvar uønskt hending, eller påverknad på konsekvensar, som følgje av klimaendringar.

For kvar av dei ulike uønskte hendingane er det gjort vurdering av sårbarheit, og omtalt korleis uønskte hendingar, eller følgjekonsekvensar av dei, påverkar evna som kommunen har til å fungere. Det er og vurdert følgjehendingar, og korleis kritiske samfunnsfunksjonar kan verte råka og utfordra. Analysen listar òg opp utfordringar/konsekvensar for kommunal kriseleiing, og evna kommunen har til å kome attende til normal drift etter hendinga.

Den reviderte analysen har vore tema i møte med eksterne samarbeidsaktørar som kommunen vanlegvis har tettast samarbeid med (Politiet, Sogn brann- og redning, kraftselskapet og Røde Kors).

I ROS-analysen frå 2018 var det inkludert oversyn over identifiserte tiltak som krev vidare oppfølging frå kommunen. I Kommune-ROS 2024 er det gitt oversyn over status på tiltaka. Vidare er det i analysen inkludert oversyn over dei tiltaka som er identifiserte under den nylege revisjonen.

Overordna beredskapsplan

Vik har ein overordna beredskapsplan frå 2018, sist oppdatert juni 2024. Den er meint å dekke krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Planen er nyleg revidert, og det føreligg eit ferdigstilt framlegg til ny plan (skal handsamast i kommunestyret 25. september). Det er denne som er lagt til grunn for tilsynet.

Kommunedirektøren er øvste ansvarleg for beredskapsplanen. Assisterande kommunedirektør er beredskapskoordinator og støttar kommunedirektøren i arbeidet med beredskap og planverk.

Planen skildrar kven som deltek i kriseleiinga og fordelinga av roller. Kriseleiinga sine oppgåver ved uønskte hendingar er samla under eitt og er skildra kortfatta. Planen skildrar fullmakter for innkalling av kriseleiinga, og inneheld ein plan for kriseinformasjon og plan for psykososialt kriseteam.

Beredskapsplanen inneheld eit kapittel om evakueringsplan. Det omtalar berre kort kva stadar som kan nyttast i ein situasjon med trong for evakuering. Det er vidare vist til utarbeidde loggmalar i RAYVN for hendingar som kan føre til trong for evakuering. Det gjekk fram av samtalene i tilsynet at kommunen per i dag ikkje har ein meir utfyllande evakueringsplan, og at dei ikkje har plan for oppretting og drift av senter for evakuerte og pårørande.

Det er utarbeidd varslingslister og oversyn over interne og eksterne ressursar. Planen inneheld kortfatta omtale av rutine for øving, opplæring og kompetanse.

Det er inkludert oversyn over loggmalar i krisestøttesystemet RAYVN, som skal nyttast ved handtering av ein beredskapssituasjon. Det vart opplyst i møtet at det framleis er i gang arbeid med tiltakskort i RAYVN, og det er planar om opplæring av kriseleiinga i RAYVN.

I møtet vart det opplyst at det er planlagt å ha beredskapsplanverket som del av RAYVN, og at planverket på litt lengre sikt òg vil inngå som ein del av kvalitetssystemet. Det er òg planar om å gjere dei viktigaste dokumenta tilgjengelege i papirutgåver.

Det står i beredskapsplanen at kommunen skal oppdatere den årleg, og at ansvaret for det ligg til kommunedirektøren. Til no er det ikkje utarbeidd «årshjul» for oppfølging av planar og tiltakskort.

Den overordna beredskapsplanen inneheld ikkje oversyn over fagplanar for beredskap i einingane/seksjonane. Det er heller ikkje oversyn over temaspesifikke beredskapsplanar hjå andre eksterne aktørar, som t.d. Vik fengsel eller Sognekraft/Sygnir.

Kriseorganisasjon - samansetjing

Det går fram av beredskapsplanen at kriseleiinga (KKL) er sett saman av ordførar, kommunedirektør, assisterande kommunedirektør, kommunalsjef tekniske tenester, kommunalsjef helse og velferd, kommunalsjef samfunn, næring og kultur, brann- og redningssjef. Kommuneoverlegen er fast medlem av KKL. Kommunen sa i tilsynsmøtet at rollene og oppgåvene til medlemene i kriseleiinga er avklarte. Kriseleiinga kan om nødvendig kalle inn støtteressursar. Per i dag går det ikkje fram av beredskapsplanen at dei faste medlemene har ein utpeikt vara.

Ordføraren er Vik kommune sitt «ansikt utover», og vil som hovudregel vere talsperson i media.

Beredskapsplanverk for helse- og omsorg

Plan for helsemessig og sosial beredskap og ROS-analyse

Vik kommune har nyleg utarbeidd ein eigen plan for helsemessig og sosial beredskap (2024-2028). Den er utarbeidd av kommuneoverlegen, i samarbeid med leiar for helse og velferd. Planen skal opp i kommunestyret i september. Planen er ein delplan til den overordna beredskapsplanen. Ved større hendingar vil den overordna beredskapsplanen vere styrande, medan helseberedskapsplanen skal omfatte helse- og sosialtenesta sine oppgåver.

Vik har per i dag ikkje tatt stilling til om det er aktuelt å ha felles beredskapsplanverk, som stettar krava i både sivilbeskyttelseslova og helseberedskapslova. Kommunedirektøren sa i tilsynsmøtet at det er noko dei vil vurdere.

I møtet fekk vi opplysningar om beredskapsrutinar i legetenestene og i helse- og velferdstenestene. Det vart gitt døme på korleis kommunen kan innrette seg for å kunne levere heimetenestene ved t.d. uvêr og stengde vegar. Helseberedskapsplanen viser til at det er laga spesifikke beredskapsplanar for fleire tenesteområde. Det gjekk fram i møtet at kommunen er merksam på at rutinane i einingane i større grad kunne vore nedfelte skriftleg, samla og strukturert i eitt planverk.

Varslingslister og ressursoversyn er lagt ved helseberedskapsplanen og dei vert oppdatert årleg. I møtet var det dialog om at det kan vere tenleg å samle varslingslister på éin stad i planverket, for å forenkle oppdateringa.

Kommuneoverlegen er òg fastlege. Funksjonen som smittevernlege ligg til stillinga som kommuneoverlege. Det er ei uformell ordning med andre legar i kommunen om fungering som avløysar/vara for kommuneoverlegefunksjonen.

ROS-analyser innan helseområdet

Det forskriftskrav om at helseberedskapsplanen skal lagast ut frå ein risiko- og sårbarheitsanalyse innan området. ROS-analysen skal vere kunnskapsgrunnlaget for både førebyggande og skadeavgrensande tiltak.

Planen viser til vurderingar gjort i heilskapleg ROS analyse. Den peiker på at hendingane som kan gje størst påverknad på overordna nivå i helse- og omsorgstenestene er pandemi, mangel på lækjemidlar, bortfall av EKOM, langvarig bortfall av straum og større ulykker/brann. I tilsynsmøtet kom det fram at kommunelegen i liten grad har vore involvert i vurderingane av «helsehendingane» i den heilskaplege ROS-analysen.

Helseberedskapsplanen viser til at det i tillegg skal vere utført ROS-analyser i einingane. I møtet fekk vi opplyst at arbeidet med eigne ROS-analysar er starta, men det er per i dag ikkje er fullført. Det manglar såleis vurderingar av relevante helsehendingar og analyser av risiko- og sårbarheitsfaktorar som til dømes manglande tilgang på digitale system i tenestene, bortfall av velferdsteknologi, personellmangel og skade på lokale som t.d. legekontor. Samla sett føreligg det følgjeleg ikkje ferdigstilte ROS-analysar på helse- og velferdsområdet.

Smittevernplan med pandemiplan

Vik har ein smittevernplan, inkludert pandemiplan, sist vedteken i 2023. Planen er utarbeidd av kommuneoverlegen, og er tilpassa lokale forhold i Vik. Den inneheld erfaringar og lærdom frå koronapandemien.

Samarbeid

Kommunen fortalte i møtet om samarbeid om beredskap med nabokommunane, mellom anna Voss og Sogndal, og eksterne aktørar som t.d. politiet, Vik fengsel og Røde Kors. Samarbeid med helseføretaket følgjer av samarbeidsavtalar, m.a. om handtering av pandemisk influensa.

Brannsjefen (Sogn brann og redning IKS) deltek i kriseleiinga ved behov.

Beredskapsplanen omtalar eit beredskapsråd. I møtet fekk vi opplyst at delar av beredskapsrådet deltok i eit høyringsmøte under revisjonen av den heilskaplege ROS-analysen. Det gjekk elles fram av møtet at kommunen i seinare tid ikkje har hatt eit aktivt beredskapsråd med møte på fast basis.

Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid

Prosessen med å utarbeide ny planstrategi er starta opp, og det er planlagt revisjon av samfunnsdelen til kommuneplanen.

Den noverande samfunnsdelen har ikkje omtale av langsiktige mål, strategiar og prioriteringar for samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. I den heilskaplege ROS-analysen er det omtalt mål for dette arbeidet, og desse er planlagt å verte tatt inn i planarbeidet.

I Kommune-ROS 2024 er det oversyn på identifiserte tiltak etter ROS analysen frå 2018 som krev vidare oppfølging, i tillegg til status på desse tiltaka per i dag. Det gjekk fram av tilsynsmøtet at det ikkje har vore aktivt jobba med tiltakslista i særleg grad, og at den ikkje har vore styrande for kommunen i seinare åra. Den nye ROS-analysen inneheld identifiserte tiltak. På tidspunktet for tilsynet føreligg det ikkje ein forpliktande plan for oppfølging, med prioriterte tiltak. Vi fekk opplyst at arbeidet med vidare plan for oppfølging skal startast opp.

Øving, opplæring og evaluering

Øving

Kriseleiinga deltok i ei øving 23. september 2024, med informasjonstryggleik som tema. Kommunen opplyste at det elles har vore liten øvingsaktivitet i eigen regi siste år. Det er satt opp plan for øvingar framover.

Kommunen deltek på Naudnettøvingar og RAYVN-øvingar i regi av Statsforvaltaren. Neste øving for Vik kommune i regi av Statsforvaltaren er planlagt til vinteren 2025.

Opplæring

Kommunen har ei ordning for opplæring for dei som treng det.

Evaluering

I tilsynsmøtet sa kommunen at det vart gjennomført evaluering etter øvinga 23. september. Det vart avdekt nokre læringspunkt som dei vil ta med seg inn i vidare arbeid.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Kommunal beredskapsplikt har som mål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når uønskte hendingar utfordrar den.

Heilskapleg ROS-analyse

Det er krav om at ROS-analysen skal oppdaterast i takt med revisjon av kommunedelplanar, og ved endringar i risiko- og sårbarheitsbildet. Den heilskaplege ROS-analysen frå 2018 er nyleg revidert og det føreligg ein oppdatert og ferdigstilt ROS-analyse (skal handsamast i kommunestyret i september). Vi vurderer difor den heilskaplege ROS-analysen til å vere i samsvar med krav om oppdatering.

ROS-analysen inneheld vurderingar av ei rekkje potensielle uønskte hendingar innan kategoriane svikt i kritisk infrastruktur, natur og klima, helse, ulykker og vald og terror. Analysen inneheld vurderingar og omtale av korleis risiko- og sårbarheitsfaktorar påverkar kritiske samfunnsfunksjonar og evna til å levere viktige tenester. Den inneheld skildring av utfordringar/konsekvensar for kommunal kriseleiing ved ulike typar påkjenningar/hendingar, og kommunen si evne til å gjenoppta vanleg drift etterpå.

Vi finn at minimumskrava til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse er tilfredsstilt, jf. sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2.

Overordna beredskapsplan

Vik kommune har ein overordna beredskapsplan frå 2024, som omtalar kven som deltek i kriseleiinga og fordeling av roller og ansvar. Fullmakter, roller, ansvar og oppgåver i kriseleiinga er avklart og kjent. Kommunen er merksam på at det kan vere tenleg å inkludere oversyn over utpeikte vara for viktige funksjonar i kriseleiinga.

Det er utarbeidd varslingslister og krisekommunikasjonsplan, og det er etablert ordningar for informasjon til innbyggjarane og eigne tilsette.

Planen inneheld oversyn over interne og eksterne ressursar, og det er i tillegg oversyn over aktuelle instansar for samarbeid. Det er ikkje inkludert omtale av andre interne fagplanar, eller beredskaps- og kriseplanar til eksterne aktørar. Det er viktig å sjå heilskapleg på beredskapsplanverket og samordne den overordna beredskapsplanen med både interne og eksterne beredskapsplanar.

Kommunen samarbeider med andre aktørar som t.d. politiet og nabokommunar, og har avtalar med helseføretaket.

Vik manglar per i dag ein evakueringsplan og plan for oppretting av evakuerte- og pårørandesenter. Med bakgrunn i denne mangelen meiner vi at beredskapsplanen må utvidast med ein plan for evakuering.

Vi finn at beredskapsplanen ikkje tilfredsstiller krav i sivilbeskyttelseslova § 15, og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4 d).

Beredskapsplanverk for helse og omsorgstenestene

Kommunen har smittevernplan med pandemiplan, sist revidert i 2023. Ein nyleg utarbeidd helseberedskapsplan skal til politisk handsaming i september.

Det er krav om at helseberedskapsplanen skal byggje på ROS-analysar. I dei skal interne og eksterne hendingar som kan gje ei vesentleg belastning for kapasiteten i helse- og omsorgstenestene, og føre til redusert evne til å yte helse- og omsorgstenester, kartleggast, vurderast og dokumenterast. Dei skal utgjere kunnskapsgrunnlaget for utarbeiding av ein helseberedskapsplan.

I den heilskaplege ROS-analysen er det gjort analysar av overordna relevante helsehendingar. Vi meiner innhaldet i desse er noko misvisande og mangelfulle, sidan det er nytta utdaterte kjelder som grunnlag for vurderingane.

I tillegg har ikkje kommunen ferdigstilte ROS-analyser av uønskte hendingar innan einingane i helse og velferd. Det manglar såleis vurderingar av enkelte relevante risiko- og sårbarheitsfaktorar innan området.

Vi meiner difor at Vik kommune samla sett manglar ROS-analyser innan området. Følgjeleg har ikkje kommunen eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for helseberedskapsplanverket.

Med bakgrunn i dette finn vi at helseberedskapsplanverket ikkje tilfredsstiller krav i lov og forskrift, jf. helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 3.

Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid

Det er krav om at kommunen, på bakgrunn av den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen, skal utarbeide langsiktige mål, strategiar og prioriteringar for samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Vik har starta prosessen med utarbeiding av ny planstrategi, og samfunnsdelen til kommuneplanen er planlagt revidert.

Per i dag er det ikkje nedfelt skriftlege langsiktige mål, strategiar og prioriteringar for samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i overordna styringsdokument. Det føreligg ikkje ein samla og prioritert plan for oppfølging av ROS-analysen.

Vi finn difor at krav om heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid, jf. sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3, ikkje er tilfredsstilt.

Øving, opplæring og evaluering

Kriseleiinga i kommunen har øvd, og personell i kriseleiinga får opplæring. Både øvingar og uønskte hendingar vert evaluert.

Vi finn at krav om øving, system for opplæring og evaluering vert etterlevd.

5. Konklusjon

Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot under tilsynet:

Lovbrot 1

Kommunen manglar ein plan for evakuering og oppretting av evakuerte- og pårørandesenter, og følgjeleg er ikkje dette delkravet til overordna beredskapsplan tilfredsstilt.

Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 15, og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4 d).

Lovbrot 2

Kommunen manglar ein samla plan for oppfølging og prioriteringar av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Langsiktige mål og strategiar og er ikkje tatt inn i overordna styringsdokument.

Kravet til heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid er følgjeleg ikkje tilfredsstilt.

Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3

Lovbrot 3

Risiko- og sårbarheitsanalysene som helseberedskapsplanen skal byggje på er mangelfulle. Kommunen manglar samla sett ferdigstilte ROS-analyser innan helseområdet, og har ikkje eit tilstrekkeleg oppdatert kunnskapsgrunnlag for helseberedskapsplanverket.

Kravet til risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) innan helse- og velferdsområdet er følgjeleg ikkje tilfredsstilt.

Dette er brot på helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 3.

6. Oppfølging av lovbrot

Vi ber kommunen om å utarbeide og sende plan for retting, med informasjon om kva tiltak som skal gjennomførast. I planen må det gå fram fristar for gjennomføring, og informasjon om korleis leiinga vil sjå til at tiltaka vert gjennomført.

Vi ber om å få tilsendt planen for retting innan 15. januar 2025.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Tilsynet er ein del av våre planlagde tilsyn i 2024, vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand og oppfølgande møte hjå Vik kommune den 24. september 2024. Tilsynsmøte vart gjennomført som ein kombinasjon av individuelle samtalar/intervju og gruppesamtale.

Skriftleg varsel om tilsyn vart sendt 30. november 2023, og følgt opp med brev med førespurnad om opplysningar 12. juni 2024.

Deltakarar i tilsynsmøte:

Statsforvaltaren

  • Lene Stavseng, seniorrådgjevar beredskap, tilsynsleiar/revisor
  • Sindre Andre Haug, rådgjevar beredskap, revisor
  • Linda Svori, assisterande fylkeslege, helse-, sosial- og barnevernavdelinga, revisor

Kommunen

  • Roy Egil Stadheim, ordførar (individuell samtale)
  • Siri Fahlvik Pettersen, kommunedirektør (individuell samtale)
  • Geir Svendsen assisterende kommunedirektør/beredskapskoordinator (individuell samtale)
  • Hildegard Valland, kommunalsjef helse og velferd (samtale saman med kommuneoverlegen)
  • Thuy-Anh Le Nes, kommuneoverlege (samtale saman med kommunalsjef helse og velferd)
  • Espen Holen, kommunalsjef samfunn, næring og kultur (individuell samtale)
  • Vidar Trettenes, brann og redningssjef
  • Britt-Marit Stadheim, kommunalsjef oppvekst
  • Ole Petter Ramberg, kommunalsjef tekniske tenester

Følgjande dokument og opplysningar frå kommunen vart brukt som underlag for tilsynet:

  • Organisasjonskart Vik kommune, 24.4.23

Overordna planverk

  • Heilskapleg ROS-analyse for Vik kommune i to utgåver:
    • gjeldande analyse frå 2018 og
    • heilskapleg ROS-analyse for Vik kommune, 2024 (utkast; framlegg til politisk vedtak 25.9.2024)
  • Overordna beredskapsplan for Vik kommune, i to utgåver 2024:
    • Beredskapsplan 2018 vedteken i kommunestyret 5.4.208, sist oppdater 17.6.2024
    • Beredskapsplan 2024. Framlegg til politisk behandling 25.9.24
  • Vi har fått tilsendt utkast til helseberedskapsplan. Dette er ein delplan til kommunal overordna beredskapsplan. Utarbeidd av kommuneoverlegen 16.05.2024.
  • Helseberedskapsplan 2024 - Framlegg til politisk behandling 25.9.24
  • Smittevernplan Vik kommune 2023-2027 Utarbeidd av kommuneoverlegen 01.06.2023. Vedteken politisk 02.11.2023
  • Pandemiplan Vik kommune 2023 , vedlegg til smittevernplanen
  • Plan for Psykososialt kriseteam

Øving, opplæring og evaluering:

  • Brukerkurs nødnett (DSB)
  • Instruks/prosedyre for bruk av satellittelefon, 7.6.2024
  • Instruks/prosedyre for bruk av nødnett i kommunal beredskap og dagleg drift, 7.6.2024
  • Plan for opplæring samfunnstryggleik Vik kommune
  • Oversikt over gjennomførte og planlagte øvingar 2022-2025
  • Evaluering av RAYVN øving 04.04.2024
  • Evaluering smbandssjekk satellitt telefon 28.06.2024
  • Evaluering sambandsøving nødnett 24.04.2024

Dokumentasjon på langsiktige mål, strategi og prioriteringer og plan for oppfølging:

  • Planstrategi for Vik kommune 2020-2023. Vedtak i Vik kommunestyre 11.02.2021
  • Samfunnsdelen av kommuneplanen , del 1 og del 2. Vedtak i Vik kommunestyre 18.12.2012.