Hopp til hovedinnhold

Målet med ordninga er å identifisere systemsvikt på tvers av sektorar og bidra til læring og forbetring i tenester og verksemder, og med dette bidra til å redusere risikoen for at barn blir utsett for vald, overgrep og grov omsorgssvikt. 

Barne- og familiedepartementet arbeider med utforming av nytt lovgrunnlag. Undersøkingsordninga vil ikkje vere permanent på plass før nytt lovverk er vedteke og trådd i kraft, etter planen frå hausten 2025. Ei mellombels ordning skal verke frå januar 2025. 

Helsetilsynet jobbar parallelt med å utvikle metode, organisering og grenseoppgang mellom den nye ordninga og eksisterande ordningar og tenester. Undersøkingsordninga inneber ei utviding av oppgåvene til Helsetilsynet, og samspel mellom aktørar som statsforvaltarane, avdelingane i Helsetilsynet, justissektoren, skule og barnehage m.fl. skal gåast opp. 

Arbeidet med å etablere ordninga er i full gang:

Høring - Forslag til lov om undersøkelsesordning for drap og andre alvorlige saker om vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn mv. høring 20. desember 2024 regjeringen.no

Brei dialog om ny undersøkingsordning for svært alvorlege saker som gjeld barn nyheit helsetilsynet.no 18. november 2024 

Ny undersøkelsesordning for vold, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn | Helsetilsynet nyheit helsetilsynet.no 26. september 2024 

Ny undersøkelsesordning for å forebygge vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn nyheit helsetilsynet.no 28. juni 2024