Dei fleste unge i Noreg er i arbeid eller under utdanning, men somme treng sosiale tenester over lengre eller kortare tid for å komme i arbeid eller aktivitet.

Fylkesmennene i landet gjennomførte 71 tilsyn med til saman 73 kommunar og bydelar i 2015 og 2016. Tilsynet fann lovbrot i 43 kommunar. I tillegg har 150 kommunar sjølve gått gjennom sin eigen praksis på dei same områda som tilsynet omfattar. Det er i stor grad samanfall mellom det fylkesmennene fann, og det kommunane sjølve fann i tenestene sine. 

Fylkesmennene har funne svikt på område som er viktige for unge som har behov for sosiale tenester. Det er funne manglar når det gjeld kartlegging av situasjonen til kvar enkelt ungdom, og det er lite spor av brukarmedverknad. Dette er alvorleg fordi det ikkje er mogleg å sjå om ungdommane får tildelt dei tenestene dei har behov for og rett til. Fleire kommunar følgjer ikkje systematisk med på om og korleis sosiale tenester blir ytte, og det blir derfor ikkje sett inn tiltak som kan førebyggje eller korrigere svikt som oppstår. 

Fylkesmennene følgjer opp kommunane med svikt heilt til forholda er retta opp. Statens helsetilsyn oppmodar alle kommunar og Nav-kontor om å gå gjennom sin eigen praksis og sjå praksisen opp mot funna i denne rapporten, og om å setje i verk nødvendige tiltak for å sikre utsette unge eit godt utgangspunkt for eit aktivt vaksenliv.

Last ned rapporten (pdf)
Dokumentet i ePub-format Kva er ePub?
Tilsynsrapporter
Veileder for tilsynet (pdf)
Summary in English
Čoahkkáigeassu

Gå til toppen