Lenkeliste

Frå 1809: Statens helsetilsyn har røter tilbake til 1809, då Det norske sundhedskollegiet blei oppretta. Dei neste 140 åra gjekk den sentrale helseadministrasjonen gjennom fleire omorganiseringar, og var gjennom åra under ulike departement. Det var organisert dels innanfor, dels utanfor det aktuelle departement. Medicinaldirektørembedet blei oppretta i 1875 og Medicinaldirektoratet i 1891.

1945: Ei ny omstrukturering av den sentrale helseadministrasjonen fann stad i 1945, då Helsedirektoratet blei etablert. Karl Evang, som var utnemnd til helsedirektør i 1938, var arkitekten bak denne omstruktureringa. Helsedirektoratet representerte ei samanslåing av departementsavdelinga for medisinalsaker og det utanforståande Medicinaldirektoratet, og var organisert som eit direktorat innanfor Sosialdepartementet. Helsedirektøren kom då til å forene funksjonane til den tidlegare ekspedisjonssjefen og den tidlegare medisinaldirektøren.

1983: Ved kgl. res. av 23. november 1983 blei Helsedirektoratet skild ut frå Sosialdepartementet som eit frittståande fagdirektorat. Samstundes blei det oppretta ei helseavdeling i departementet. Helsedirektoratet blei omorganisert internt, fagkontora blei nedlagde og erstatta av fem avdelingar leia av avdelingsdirektørar.

1989: Intern omorganisering av Helsedirektoratet frå 1. januar 1989. Talet på avdelingar blei oppretthalde, men med gjennomgripande endringar. Det ble mellom anna oppretta ei avdeling for helserett og ei avdeling for førebyggjande arbeid.

1990: Sosialdepartementet begynte ein gjennomgang av heile den statlege helseforvaltning.

1992: Regjeringa gjorde i Ot. prp. nr. 43 (1991–92) framlegg om å leggje ned Helsedirektoratet og opprette tre kompetansesentre som skulle ta over oppgåvene til direktoratet og dei statlege helsefaglege institusjonane. Stortinget følgde ikkje forslaget, men vedtok at Helsedirektoratet skulle omorganiserast og endrast til Statens helsetilsyn. Stortinget la særleg vekt på tilsynsoppgåvene og arbeidet med rettstryggleiken i helsetenesta.

1994: Stortinget sitt vedtak frå 1992 blei gjennomført frå 1. januar 1994. Frå same dato blei forvaltningsansvaret for underliggjande institusjonar (unnateke fylkeslegane) overført til Sosial- og helsedepartementet. Ny avdelingsstruktur blei satt i verk frå april 1994.

2002: Frå 1. januar 2002 fikk Statens helsetilsyn mindre omfattande saksområde. Tilsynsprofilen blei styrka, medan statlege handlingsplanar og mange forvaltningsoppgåver m.m. blei overført til det nye Sosial- og helsedirektoratet.

Helsetilsynet blei frå same dato organisert med helsedirektøren og tre avdelingar: avdeling for tilsynssaker, avdeling for planlagt tilsyn og avdeling for fellestenester. Fylkeslegane var fortsatt underlagt Statens helsetilsyn.

Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, som blei oppretta 1. januar 2001 som organ under Helsetilsynet, fekk frå 1. januar 2002 Sosial- og helsedirektoratet som overordna.

2003: Fylkeslegane blei frå 1. januar 2003 integrert i fylkesmannsembeta, men i tilsynssaker opptrer tilsynsmyndigheita som "Helsetilsynet i Finnmark" osv. og er direkte underlagt Statens helsetilsyn, dvs. at fylkesmannen ikkje kan instruere i desse sakene. "Helsetilsynet i fylket" i lovgjevinga tredde i kraft 1. september 2003.

Statens helsetilsyn fekk overordna ansvar for tilsyn med sosialtenesta frå 1. januar 2003, der tilsynet i fylka blir ført av fylkesmannen.

Helsedirektørtittelen i lova blei endra til direktør for Statens helsetilsyn.

2009: Statens helsetilsyn blir tilsynsmyndighet etter helseforskningsloven, som trådte i kraft 1. juli 2009.

2010: Statens helsetilsyn blir overordna tilsynsmyndigheit for barnevern, og for tenester etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga, som trådte i kraft frå 1. januar 2010.

Etter avtale mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Forsvarsdepartementet fekk Statens helsetilsyn også ansvar for tilsyn med helsetenester til personell i Forsvaret sine utanlandsoperasjonar.

2012: Helsetilsynet i fylket fell bort, oppgåvene hører nå under fylkesmannsembetet.

2013: Statens helsetilsyn gjer ei intern omorganisering, der tenesteområda styrer ny avdelingsstruktur: fem avdelingar for barnevern og sosiale tenester, kommunale helse- og omsorgstenester, spesialisthelsetenester, Undersøkelseseininga (for varselsaker etter spesialisthelsetenestelova § 3-3) og administrasjon. Stilling for juridisk direktør blir oppretta.

Lenkeliste
  • Spesialisering og profesjonalisering. En beretning om den sivile norske helseforvaltnings utvikling fra 1809 – 2009. Del 1 1809–1983 – Den gamle helseforvaltning. Av Ole Berg.
    (Rapport fra Helsetilsynet 8/2009)
    Les mer og last ned rapporten
  • Hans Petter Schjønsby: Sundhedscollegiet 1809–1815. Det første sentrale administrasjons- og tilsynsorgan for helsevesenet i Norge
    (Rapport fra Helsetilsynet 1/2009)
    Les mer og last ned rapporten
Gå til toppen