Offentligheit i Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn er eit fagleg uavhengig tilsynsorgan som rapporterer til Helse- og omsorgsdepartementet i helse- og sosialsaker, og til Barne- og likestillingsdepartementet i saker om det overordna tilsynsansvaret for barnevern.

Helsetilsynet skal sjå til at krava myndigheitene stiller til helse- og sosialtenestene blir følgde og at dei tenester som blir ytt er forsvarlege.
Resultata frå tilsynet blir offentlegjort på nettsidene våre. Vi praktiserar meiroffentlegheit, det vil seie at vi prøver å vere mest mogeleg opne for innsyn frå omverda.
Publikasjonar og dokument som er offentlege er: 

  • Tilsynsrapportane frå systemrevisjonar som Helsetilsynet i fylka og fylkesmennene har utført, blir lagde ut på nettsidene til Statens helsetilsyn når rapporten er oversendt verksemda.
  • Statens helsetilsyn sine planar for landsomfattande tilsyn neste år blir avgjort i første halvår og publisert på nettstaden.
  • Oppsummeringsrapportar frå landsomfattande tilsyn blir publisert i serien Rapport fra Helsetilsynet. Rapportane blir oversendt med brev til ansvarleg departement og lagde ut på nettsidene våre.
  • Kartleggjingar blir publisert i anten i Rapport frå Helsetilsynet eller i Internserien. Også kartleggjingar i Internserien kan bli publiserte på nettstaden. Kartleggjingane blir oversendt med brev til ansvarleg departement. Utlevering av grunnlagsmateriale til kartleggingsrapportar blir vurdert frå sak til sak.
  • Tilsynssaker inneheld i dei fleste tilfelle pasientopplysningar som er underlagt teieplikt. Tema i saka vil gå fram i postjournalen, men det gjeld ikkje der grunnlaget i saka er knytta til personlege forhold hos det påklaga helsepersonellet. Vedtaket i ei sak vil ein normalt kunne få i kopi, med sladda opplysningar om pasientar eller personlege forhold knytta til helsepersonellet. Dersom teksten etter sladding gir eit misvisande inntrykk av saka, eller dei opplysningane som er sladda er den mest vesentlege delen av dokumentet, vil vi kunne halde tilbake heile dokumentet. Ei rekkje anonymiserte vedtak er å finna på nettsidene våre.
  • Klagesaker etter pasientrettslova og andre helselover blir avslutta ved vedtak frå Helsetilsynet i fylket. I desse sakene vil det normalt vere teiepliktige pasientopplysningar.
  • Klagesaker etter sosialtenestelova blir avslutta ved vedtak gjort av Fylkesmannen. I desse sakene vil det normalt vere teiepliktige klientopplysningar.
  • Pålegg etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta og andre helselover gitt av Statens helsetilsyn. Brev i desse sakene vil i dei aller fleste tilfelle vere offentlege og bli publisert på nettstaden. Pålegg fylkesmennene gir etter sosialtenestelova kan innehalde teiepliktige klientopplysningar, men vil som regel vere offentlege.

Bestilling av dokument

Alle har rett til å bestille eit kvart dokument som er kome til eller er sendt frå Statens helsetilsyn. Alle bestillingar skal identifisere tydeleg kva dokument det blir søkt innsyn i, anten ved at bestillar opplyser om dokumentnummeret eller gir konkrete opplysningar om kven og kva saka gjeld.

Etter offentleglova skal krav om innsyn avgjerast utan ugrunna opphald. Arkivet sender bestillinga til rett avdeling same dag, og dokumentet vil bli sendt frå avdelinga, til vanleg i løpet av fem virkedagar per faks, e-post eller som brev.

Bestillingar kan gjerast via: E-post til postmottak
telefon 21 52 98 40, spør etter ”arkivet”
brev til Arkivet, Statens helsetilsyn, Postboks 8128 Dep, 0032 Oslo.

Bestilling via elektronisk postjournal OEP

Statens helsetilsyn er tilknytta Offentlig elektronisk postjournal (OEP).  Det går vanligvis fire dager fra et dokument er ferdigstilt / journalført til det legges ut på OEP. Tidvis kan vi vere på etterskot med utgåande brev.  

Se menyen: Postjournal

Bestilling ved frammøte

Journalistar og andre som ønskjer innsyn i offentlege journalar ved personleg frammøte, må kontakte arkivet på telefon 21 52 98 40 i god tid på førehand for å gjere avtale.

Klage på avslag

Avslag på krav om innsyn i eit dokument vil bli meldt skriftleg jfr. Offentleglova § 31. I brevet blir det opplyst om kva heimel som ligg til grunn for avslaget, kor klage skal sendast, klagefrist og behandlingstid for klager.  

Annan service

Arkivet yter også annan service overfor publikum innanfor ramma av forvaltningslova § 11 (rettleiingsplikta). Forskarar (minimum master- eller hovudfagsstudent med oppnemnd rettleiar) som ønskjer innsyn i arkivmateriale, må sende skriftleg søknad med omtale av prosjektet, namn på rettleiaren og forskaren. Normalt må forskaren signere fråsegn om teieplikt.

Studentar og andre som skriv oppgåver og liknande vil bli vist til nettsidene våre.

Spørsmål som gjeld Statens helsetilsyn sine publikasjonar kan rettast til biblioteket vårt på telefon 21 52 98 30 (direkte) eller 21 52 99 00 (sentralbord), eller som e-post til: bibliotek@helsetilsynet.no.

Se også

Eksterne lenker

Gå til toppen