Hopp til hovedinnhold

Oversikt over oppgåvene

Statens helsetilsyn er den sentrale tilsynsmyndigheita for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid. Oppgåvene omfattar:

  • overvaking av tenesteytinga sett i høve til befolkninga sitt behov for tenester og samfunnet sine krav til tenestene
  • overordna fagleg tilsynsstyremakt for dei nemnde tenestene
  • behandling av enkeltsaker som handlar om alvorleg svikt i helse- og omsorgstenestene og der det er aktuelt med pålegg mot verksemder eller reaksjonar mot helsepersonell
  • styring av den klagesaksbehandlinga som gjeld rett til tenester etter mellom anna barnevernsloven, sosialtenesteloven, pasient- og brukarrettsloven, helse- og omsorgstenesteloven og folkehelsearbeid
  • formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga og tenestene

Statens helsetilsyn skal involvere pasienter, brukere og pårørende i alt tilsyn.

Regelverksutvikling, fagutvikling, gjennomføring av politikk (handlingsprogrammer, handlingsplanar, nytt regelverk m.m.) og publikumsinformasjon ligg ikkje i Statens helsetilsyn. For barnevern ligg desse oppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og for helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.

Overordna tilsynsmyndigheit for statsforvaltarane

Statsforvaltarane er tilsynsmyndigheit for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid i sine fylke. Statsforvaltarane blir styrte i administrative saker (budsjett m.m.) frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), Statens helsetilsyn har den faglege styringa. Dette inneber fastsetting av mål og krav innanfor dei rammene departementa set, utvikle metodar og drive opplæring i tilsyn, rettleie om policy og saksbehandling og sjå til at like saker blir behandla likt i heile landet.

Lovgrunnlag for oppdraget – myndigheit lagt til Statens helsetilsyn

Ei heimelsliste der Statens helsetilsyn er nevnt i lov-/forskriftsteksten – ofte som utøvar av myndigheit – finst i artikkelen Heimelsliste – lover og forskrifter

Tilsynsoppdraget for Statens helsetilsyn er gjort greie for seinast i Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven, Prop. 90 L (2010–2011) om folkehelseloven, Ot.prp. nr. 69 (2008-2009) om barneverntenester, Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester.

Overordna departement og oppgåvene for kvart enkelt år

Helse- og omsorgsdepartementet er overordna myndigheit, og Kommunetjenesteavdelingen har etatstyringsansvaret. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har styringsansvar for oppgåver som gjeld sosiale tenester og Barne- og familiedepartementet for oppgåver retta mot barnevernet. Etatstyringa skjer etter Retningslinjer for virksomhetsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet.

For kvart enkelt år får Statens helsetilsyn oppdrag gjennom forslaget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S) fra Helse- og omsorgskomiteen. Oppdraget vert formidla gjennom tildelingsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet. 

Tilsynsmyndigheitene er langt på veg uavhengig av løpande politisk styring, og prioriterer i stor grad sjølv kva tenester det skal bli ført tilsyn med og kva tema tilsynet skal omfatte. Denne prioriteringa skjer blant anna på grunnlag av informasjon om risiko og sårbarheit i tenestene.

Personale og budsjett

Årsrapportar for tal

Sentrale bakgrunnsdokument

Referansedokument om tilsyn

Retningsliner for etatsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet 

Budsjett og tildelingsbrev

Regjeringa sine budsjettproposisjonar finnes i Prop 1 S: Det som gjeld statsforvaltarane i Kommunal- og  distriktsdepartementets budsjettforslag, sjå kap. 525 i det enkelte år, det som gjeld Helsetilsynet i Helse- og omsorgsdepartementets budsjettforslag, sjå kap. 748. Se også Barne- og familiedepartementets Prop 1 S for det som gjeld barnevern.

Helse- og omsorgsdepartementets tildelingsbrev til Statens helsetilsyn regjeringen.no