Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med barnevernstenesta i Kinn kommune, og i samband med tilsynet besøkte vi barnevernstenesta frå den 05.06.2023 til 09.06.2023. Vi undersøkte om barnevernstenesta sørger for at oppfølging av barn i fosterheim er i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn får trygge oppvekstforhold, og nødvendig hjelp og oppfølging. Tilsynet er gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Konklusjon

Tilsynet har avdekka vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Vidare er det stor variasjon om-, og korleis informasjon om og frå barn blir vurdert og følgt opp. Dette utgjer samla sett ein risiko for at barn ikkje får oppfølging og hjelp i tråd med sine behov.

Dette er brot på barnevernslova §§ 8-3, 1-3, 1-4, 1-7, 12-4 og 15-2, jamfør kommunelova § 25-1.

Vi sendte utkast til rapport til kommunen den 23.06.2023. Vi fekk tilbakemelding frå kommunen den 06.07.2023. Kommunen sine kommentarar er innarbeida i rapporten. Dette er den endelege rapporten frå tilsynet. Den vil bli sendt til Statens helsetilsyn og publiserast på deira nettsider.

For oppfølging av lovbrot viser vi til kapittel 6 i rapporten.

1. Tilsynets tema og omfang

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Tilsynet omfattar undersøking og vurdering av om:

  • Barneverntenesta legg til rette for og gir barnet moglegheit til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert
  • Barneverntenesta planlegg oppfølginga av barnet
  • Barneverntenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endring eller ytterlegare tiltak
  • Barneverntenesta si oppfølging av fosterheimen er heilskapleg og tilpassa den enkelte fosterfamilie
  • Barneverntenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging
  • Barneverntenesta gjer ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og konkluderer på om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak
  • Kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det betyr at Statsforvaltaren har ført tilsyn med om kommunen utfører, styrer og leiar arbeidet slik at dei oppfyller aktuelle lov- og forskriftskrav.

Statsforvaltaren skal ikkje overprøve enkeltsaker, men sjå på om tenesta systematisk følger opp barn i fosterheim i tråd med regelverket. Krava i tilsynet er utforma som overordna krav knytt til arbeidsprosessar i barneverntenesta, og det viktigaste som må skje i tenesta for at oppfølginga av barnet skal vere forsvarleg.

Det er omsorgskommunen sitt ansvar for oppfølging og kontroll av situasjonen til det enkelte barn i fosterheim som har vore tema for dette tilsynet, jamfør barnevernslova § 9-6 første ledd og forskrift om fosterheim § 1. Tilsynet har omfatta barneverntenesta si oppfølging av barn som bur i kommunal fosterheim som følgje av omsorgsovertaking og der plasseringa har skjedd ved tvang, jf. barnevernslova § 5-1. Dette omfattar fosterheimar i barnets familie eller nære nettverk eller ein ordinær fosterheim som er rekruttert på generelt grunnlag. Barnevernstenesta sitt ansvar for å følgje opp biologiske foreldre har ikkje vore del av dette tilsynet.

Barn og fosterforeldre sine meiningar om og erfaringar med barnevernstenesta sitt arbeid, er viktig informasjon for å vurdere både kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval fosterforeldre og barn har derfor blitt intervjua i dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Tilsyn er kontroll med om tenesta sin praksis er i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernsteneste etter barnevernslova § 17-3 første ledd. Under blir det gitt ei skildring av lovkrava som ligg til grunn for tilsynet.

Overordna rettslege føringar

Lovgrunnlaget for tilsynet er lov om barnevernstenester av 18. juni 2021. Sidan store delar av oppfølgingsarbeidet er gjort etter lov om barneverntenester av 17. juni 1992, vil vi ta omsyn til dette og vurdere arbeidet som er gjort tilbake i tid med utgangspunkt i lova frå 1992 med tilhøyrande forskrifter. For dette tilsynet vil det materielle innhaldet i normeringa for oppfølging av barn i fosterheim, i det vesentlege vere det same etter gamal og ny lov.

Barns rett til omsorg og beskyttelse går fram både av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 19. Barns behov for omsorg og beskyttelse er også understreka av EMD i fleire saker, og er anerkjent som eit legitimt inngrepsformål ved inngrep i retten til familieliv etter EMK artikkel 8 nr. 1. Dersom myndigheitene overtek omsorga for eit barn, må dei sette inn tiltak for å leggje til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre så snart det med rimelegheit lar seg gjere, jamfør Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 nr. 2. I barnevernslova går barns rett til omsorg og rett til familieliv fram av § 1-5.

Prinsippet om barnets beste går fram av barnekonvensjonen artikkel 3, Grunnlova § 104 og barnevernslova § 1-3 (barnevernlova 1992 § 4-1), og er eit grunnleggande prinsipp for alle handlingar og avgjersler som omhandlar barn. Det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barn, og i vurderingane skal det bli lagt vekt på å gje barn stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet om barnets beste er ei rettesnor for saksbehandling i saker som påverkar barn, og vurderinga av barnets beste heng saman med barnets rett til medverknad. Barnets rett til medverknad og rett til å bli høyrd går fram av både Grunnlova § 104, FNs barnekonvensjon artikkel 12 og barnevernslova § 1-4 (barnevernlova 1992 § 1-6). Barn har rett, men inga plikt til å medverke. Retten gjeld i heile prosessen og i alle forhold som omhandlar barnet, ikkje berre ved rettsleg eller administrativ avgjerd. Barnets synspunkt skal alltid bli vurdert opp mot annan informasjon i saka. Forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld for alle delar av barnevernstenesta sitt arbeid.

Barneverntenesta har plikt til å føre journal, jamfør barnevernslova § 12-4. Journalen skal innehalde alle vesentlege opplysningar og barnevernsfaglege vurderingar som tenesta legger til grunn for sitt arbeid, sine avgjerder og vedtak. Barnevernstenesta har plikt til å dokumentere korleis barnet har fått medverke i saka og korleis barnets meining er vurdert, jamfør forskrift om barns rett til å medverke i barnevernet. Forvaltningslova gjeld for barnevernets saksbehandling med dei særreglar som er fastsett i barnevernslova § 12-1. Dette betyr til dømes at grunngjeving av vedtak gjeld for saksbehandlinga, jamfør forvaltningslova § 25. I barnevernslova § 12-5 (barnevernlova 1992 § 6-3a) er det også eit særskilt krav til at det skal gå fram korleis barnets meining er vurdert i saka, jamfør forvaltningslova §§ 24 og 25.

Barnevernstenesta sin plikt til å følgje opp barn i fosterheim

Barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre etter vedtak om omsorgsovertaking, er regulert i barnevernslova § 8-3 (barnevernlova 1992 §§ 4-15 og 4-16). Barnevernstenesta skal følgje med på korleis barnet utviklar seg, og om det får forsvarleg omsorg. Barnevernstenesta skal på ein systematisk og regelmessig måte vurdere barnets behov. Det betyr å planlegge oppfølginga, innhente informasjon og følge opp barnet og fosterheimen. Vidare betyr det å nytte informasjonen i saka til å vurdere, konkludere og sette i verk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelpa det treng. Barnet har rett til å medverke i alle delar av arbeidet. Barnevernstenesta må derfor sørge for å ha tilstrekkeleg kunnskap om korleis barnet har det i fosterheimen. Det betyr at barnevernstenesta må ha kontakt med barnet, fosterheimen og andre instansar. Ein del av ansvaret inneber også arbeidet med gjenforeining, og å legge til rette for samvær med søsken og andre nærståande der omsynet til barnet ikkje taler imot dette.

I forskrift om fosterheim § 7 går det fram kva som ligg til barnevernstenesta sine plikter til kontroll og oppfølging av barn i fosterheimen. Barnevernstenesta si oppfølging skal vere heilskapleg og tilpassa den einskilde fosterfamilie, jamfør fosterheimsforskrifta § 7 andre ledd. Oppfølgingsansvaret inkluderer nødvendig råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og gjelder så lenge barnet bur i fosterheimen. Barnevernstenesta må sørge for at vurderingar av oppfølgingsbehov i fosterheimen, inkluderer fosterforeldra sine biologiske barn.

Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig, men minst fire gonger i året, jamfør fosterheimsforskrifta § 7 tredje ledd. For barn som har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan barneverntenesta etter ei konkret vurdering redusere talet på besøk til minimum to gonger i året.

Rettleiing, oppfølging og kontroll av det enkelte barn sin situasjon, er viktig for at barnevernstenesta skal vite at barnet får den omsorga det har behov for, og om vilkåra for omsorgsovertakinga framleis er til stades. Barnevernstenesta har ansvar for å jamleg vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i barnets omsorgssituasjon.

Barnevernstenesta skal lage ein plan for barnets omsorgssituasjon, og plan for oppfølging av barnet og foreldra, jamfør barnevernslova § 8-3 fjerde ledd (barnevernlova 1992 § 4-15 tredje ledd). Tenesta skal òg ha ein fosterheimsavtale med fosterforeldra, jamfør forskrift om fosterheim § 6. Det skal vere plan for samvær mellom barn og biologiske foreldre etter barnevernslova §§ 7-1 og 7-2 (barnevernlov 1992 § 4-19 første og andre ledd), og individuell plan for barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, jamfør barnevernslova § 15-9 (barnevernlov 1992 § 3-2 a). Det er eit krav at barnevernstenesta arbeider planmessig og systematisk, og kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid skal bidra til dette.

Forsvarlegkravet og krav til internkontroll

Kravet om forsvarlege tenester i barnevernslova § 1-7 (barnevernlova 1992 § 1-4) betyr at tenester må halde tilfredsstillande kvalitet og bli gitt til rett tid i tråd med barns behov. Det er nær samanheng mellom styring av tenestene og at tenestene er forsvarlege. Kommuneleiinga skal gjennom sin internkontroll følgje med på og understøtte arbeidsprosessane i barnevernstenesta.

Internkontrollen skal bidra til at oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Internkontrollen skal vere systematisk, og den må ha eit omfang og innhald som er tilpassa barneverntenesta sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. Kommunen skal skaffe seg oversikt over, og følgje med på, områder der det er fare for svikt i tenesta og der tenestene ikkje følgjer lov- og forskriftskrav, jamfør kommunelova § 25-1, jamfør barnevernslova § 15-2 fjerde ledd (barnevernlova 1992 § 2-1).

På barnevernsområdet må ein sjå krava til internkontroll i samanheng med reglane i barnevernslova. Etter barnevernslova § 15-2 andre ledd (barnevernlova 1992 § 2-1 sjuande ledd) skal kommunen sørge for at dei tilsette i barneverntenesta får nødvendig opplæring og rettleiing. Ansvaret inneberer blant anna at tilsette må bli følgt opp og få nødvendig støtte i arbeidet.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Kinn kommune

Kinn kommune har om lag 17 199 innbyggjarar etter samanslåing av kommunane Flora og Vågsøy, i følgje SSB, statistikkbanken (1. kvartal 2023).

Per 2023 var 21 % av befolkninga i Kinn kommune barn, noko som er om lag 1 % høgare enn gjennomsnittet for landet. I følgje Barnevern kommunemonitor budde 1,2 % av barnebefolkninga utanfor heimen etter vedtak frå barnevernstenesta. Landsgjennomsnittet er på 1 % (2022). Under tilsynet fekk vi informasjon om at barnevernstenesta i Kinn kommune har omsorga for 24 barn som bur i kommunale fosterheimar etter vedtak om omsorgsovertaking i barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda).

Kommunedirektøren er øvste administrative leiar. Barneverntenesta er organisert under kommunalsjef for oppvekst og undervisning.

I skjema for eigenrapportering har barnevernstenesta opplyst om at Kinn barnevernsteneste fram til starten av 2022 i praksis har vore to sjølvstendige barnevernskontor, med ein felles leiar. Våren 2022 starta tenesta med å utarbeide felles rutinar og felles praksis for korleis oppfølgingsarbeidet av fosterheimar skal utførast. Dette arbeidet er på tidspunktet for tilsynet ikkje fullført.

Barnevernstenesta har også hatt fagdagar om krava i den nye barnevernslova, og merksemd på kva ansvar som blir lagt til kommunen etter oppvekstreforma.

Barnevernstenesta har opplyst om at dei har starta eit arbeid med systematisk internkontroll/internrevisjon. Dette inneber at leiinga i tenesta skal gjennomføre stikkprøvar i dokumenta i enkeltsaker, med ulikt fokusområde kvart kvartal. Det som blir arbeidd med kvart kvartal, skal to gonger i året løftast opp i HMS-gruppa, som skal gjere ei risiko- og sårbarheitsanalyse. Barnevernstenesta har mellom anna avdekka at det blir meldt lite avvik i tenesta, og har starta eit arbeid med opplæring for alle i kvalitetssystemet Compilo. Compilo er eit nytt kvalitetssystem for dei tilsette i Florø, men er kjent for dei tilsette i Måløy. Arbeidet med å legge inn prosedyrar i Compilo starta i mai 2022, og arbeidet med dette er ikkje ferdig. I prosedyrane skal det gå tydeleg fram kva tid dei tilsette skal melde avvik.

Barneverntenesta i Kinn har ikkje gjennomført systematisk brukarkontroll i 2022, men har som mål at det skal gjennomførast brukarundersøking om del av den systematiske internkontrollen for 2023.

Kinn barnevern deltok i Tenestestøtteprogrammet i 2021-2022. Her har barneverntenesta jobba med vidareutvikling av og refleksjon kring eige undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, med særleg fokus på traumesensitivitet og nettverksmobilisering. I tillegg var barns medverknad eit viktig perspektiv gjennom heile programmet. Kinn barnevern vurderte at dei hadde ei positiv praksisendring i tenesta etter deltaking i dette programmet, særleg knytt opp mot arbeidet med bekymringsmeldingar, undersøkingar og barns medverknad.

Organiseringa av barnevernstenesta

Barnevernstenesta er organisert med barnevernsleiar, to avdelingsleiarar og saksbehandlarar. Tenesta er inndelt i to avdelingar, avdeling Florø og avdeling Måløy. Barnevernsleiaren har vore tilsett i stillinga sidan hausten 2021. Ho har personalansvar, økonomiansvar, vedtaksmynde og ansvar for den faglege kvaliteten på arbeidet i barnevernstenesta. Det er to avdelingsleiarar, ein på kvar avdeling. I barnevernsleiar sitt fråvær, blir vedtaksmynde og ansvar delegert til dei to avdelingsleiarane, som då har ansvar for kvar si avdeling.

I rapporteringa til Bufdir for 2. halvår 2022 går det fram at barnevernstenesta hadde 15 fagstillingar, 2,3 tiltaksstillingar og 1 merkantil stilling per 31.12.2022. Av desse var 1,7 fagstillingar og 0,5 merkantil stilling vakant. Av årleg tilstandsrapport for 2022 går det fram at tenesta totalt har 18 stillingar inkludert barnevernsleiar. Avdeling Florø har 0,3 avdelingsleiar, 8,7 saksbehandlarar, 1 miljøterapeut og 1 merkantil tilsett. Ein av stillingane var vakant. Avdeling Måløy har 0,3 avdelingsleiar, 4,7 saksbehandlarar og 1 miljøterapeut. I tillegg betalar barnevernstenesta 30 % stilling for helsesjukepleiar som arbeider med førebyggjande tiltak i heimar.

Saksbehandlarane som jobbar i avdeling Florø jobbar både med undersøkingar, tiltak og med oppfølging av barn og fosterheimar. På tilsynstidspunktet jobba til saman fem av dei tilsette ved avdeling Florø med oppfølging av barn og fosterheimar, inkludert avdelingsleiaren. Dei tilsette ved avdeling Måløy er delt i team, der to saksbehandlarar og avdelingsleiaren jobbar med oppfølging av barn i fosterheimar.

Møtestruktur og rettleiing

Vi får vite at det ikkje er etablert ein fast møtestruktur mellom barnevernsleiar og kommunalsjef, men at dei snakkast jamleg og at det er kort veg om det er behov for avklaringar. Dei har frå hausten 2023 bestemt å ha faste møte i forbindelse med kvartalsrapport og halvårsrapport. Det skal utarbeidast ein mal med oversikt over faste tema for desse møta, som skal sikre at øvste leiing får nødvendig informasjon om tilstand og risiko i tenesta. Barnevernsleiar rapporterer kvar månad på økonomi, personal- og ressurssituasjonen til kommunalsjef. Barnevernsleiar utarbeider ein årleg tilstandsrapport om status i tenesta, som også blir presentert for politisk nivå. Siste tilstandsrapport er frå 2022, for året 2021.

Kommunedirektør får informasjon om tenesta gjennom den faste rapporteringa, tilstandsrapporten som blir lagt fram for kommunestyret og ved at barnevernsleiar kan orientere han om særskilte saker. Halvårsrapportering går til kommunalsjef, som orienterer kommunedirektøren dersom det er særskilte høve han bør kjenne til.

Kvar måndag er det fagmøte i Måløy og kvar tysdag er det fagmøte i Florø. Barnevernsleiaren prøver å vere fysisk til stades på desse så ofte ho kan, men vi får vite at ho ikkje alltid får tid til å vere med på desse møta. Vi fekk gjennom intervju vite at barnevernsleiaren blir henta inn i møtet dersom det skal takast avgjerder. Elles blir dette følgd opp i etterkant i eit eige møte der saksbehandlar, avdelingsleiar og barnevernsleiar deltek. Barnevernsleiaren blir involvert i saker der det skal takast større avgjerder om til dømes samværsendring eller tilbakeføring, eller der det er spørsmål om økonomi. Barnevernleiar har fått tilbakemelding om at det er ønskeleg frå fleire av dei tilsette at ho er meir til stades på fagmøta, for å få jamleg status i arbeidet.

Barnevernsleiaren har møte med kvar av avdelingsleiarane annankvar veke. Det er felles leiarmøte i barnevernstenesta ein dag i månaden, der avdelingsleiarane og barnevernsleiar møtes. Tema for desse møta er leiaroppgåver som til dømes gjennomgang av nøkkeltal og personalsituasjon.

I avdeling Florø får saksbehandlarane individuell rettleiing av avdelingsleiar kvar 14 dag. I desse rettleiingane vert kvar enkelt sakshandsamar sine nøkkeltal gjennomgått og det vert gitt rettleiing i enkeltsaker. Rettleiinga tek utgangspunkt i den enkelte sakshandsamar sine behov for å drøfte og avklare saker, men avdelingsleiar kan også etterspørje informasjon i saker der det for eksempel har vore utfordringar. I avdeling Måløy har ikkje den individuelle rettleiinga med avdelingsleiar kome i gang, men dei skal frå hausten 2023 få fast rettleiing. I avdeling Måløy vert nøkkeltala gjennomgått i saksmøte for heile kontoret. Under tilsynet fekk vi vite at det er bestemt at alle tilsette i barnevernstenesta skal ha obligatorisk rettleiing frå avdelingsleiar annakvar veke, på minimum 45 minutt. Tenesta har innhenta ein prosedyre om rettleiing frå ei anna barnevernteneste, som eit hjelpemiddel for å strukturere rettleiinga. Vi fekk i intervju vite at rettleiinga vert dokumentert i barnets mappe, men vi såg få døme på notat frå rettleiing og kva som var drøfta og bestemt. Vidare såg vi få døme på notat frå drøfting med leiing om endringar i tiltak, som til dømes frikjøp eller avlastning.

Oppfølginga av barn i fosterheim

På tidspunktet for tilsynet hadde kommunen omsorgsansvar for 24 barn i kommunale fosterheimar. Vi har gått gjennom 13 av 24 saksmapper. Ved val av saker har vi lagt vekt på å gjennomgå saksmapper frå begge avdelingane med ulik alder, variasjon i kor lenge barneverntenesta har hatt omsorg for barna og barn med ulike kulturell bakgrunn.

Vi har intervjua tilsette som arbeider med oppfølging av fosterheimar i begge avdelingane, leiarar i tenesta og kommuneleiinga. I forkant av tilsynet hadde vi og samtalar med fosterforeldre og barn i fosterheim. Som del av tilsynet har barneverntenesta i forkant av at vi kom på besøk gjennomført eigenrapportering etter mal frå Statens Helsetilsyn.

Tenesta si eigenrapportering

I tenesta si eigenrapportering går det fram at tenesta har starta på eit arbeid med systematisk internkontroll, der det blant anna skal gjennomførast brukarundersøking i alle saker. Det kjem også fram at kommunen ikkje har dokumentert eit systematisk arbeid knytt til analyser av kor det kan være fare for svikt i arbeidet med fosterheimar, men meiner at dette blir ivareteke i fagmøte og rettleiing. Det er utarbeida prosedyrar, sjekklister og malar som skal vere med å redusere faren for svikt, i tillegg til at jamleg nøkkeltalsgjennomgang og stikkprøver frå saker vil kunne redusere faren for svikt.

Eigenrapporteringa viser òg at det ikkje var etablert ein felles praksis for korleis oppfølgingsarbeidet skal utførast. Våren 2022 starta tenesta arbeidet med å utarbeide felles rutinar og felles praksis på korleis oppfølgingsarbeidet skal utførast. Alle tilsette har jobba i grupper med rutinane og lovkrav knytt til oppfølging av barn i fosterheim, og dei tilsette skal dermed være godt kjent med rutinane som er utarbeida. Barnevernsleiar har innført ulike tiltak frå 2023 som skal sikre kvaliteten i arbeidet med oppfølging av fosterheimar. Til dømes skal alle referat frå oppfølgingsbesøk kvalitetssikrast av barnevernsleiar før ferdigstilling. Det er også utarbeida eit årshjul, der det går fram at det skal takast stikkprøvar og utarbeidast risiko- og sårbarheitsanalyser innanfor kvart enkelt av barneverntenesta sitt ansvarsområde.

Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt med fosterheimen

Det var oppretta ein eigen journalpost i alle saker der slutninga frå barneverns- og helsenemnda (tidl. fylkesnemnda) går fram. I saker der kommunen har hatt omsorga for barn over mange år, ligg ikkje vedtaket frå nemnda i barnets elektroniske journal/saksmappe, men i barneverntenesta sitt fysiske arkiv. Når nye saksbehandlarar byrjar i tenesta eller det kjem inn ein ny saksbehandlar i ei sak, får saksbehandlaren hjelp til å hente fram dokument i det gamle, digitale fagsystemet eller frå det fysiske arkivet. I nye saker ligg vedtaket frå barneverns- og helsenemnda i barnets mappe.

Barnevernsleiaren og avdelingsleiarane har tilgang til alle sakene ved begge kontor. Når barnevernsleiaren er utilgjengeleg er avdelingsleiarane stadfortredar for barnevernsleiar ved sine kontor, og har all mynde.

Alle barna hadde omsorgsplan, men planane var tidvis gamle. Fleire planar var ikkje justert sjølv om journalen/saksmappa viste endringar i barnets situasjon og behov. Vi fekk vite av barnevernsleiaren og fleire tilsette at det i forbindelse med tilsynet, har vore ei aukande bevisstgjering om å bruke barnas omsorgsplanar. Barnevernsleiaren formidla at målet er at omsorgsplanane skal vere aktivt i bruk, slik at den for eksempel vert endra eller justert i tråd med barnets situasjon og målsetjingar.

Under tilsynet fekk vi bekrefta både av tilsette og leiinga at det ikkje var etablert ein felles praksis for oppfølgingsarbeidet, men at dei tilsette har delteke i arbeidet med å utarbeide felles rutinar. Dei tilsette formidla at denne prosessen har gitt rom for drøftingar av kva som har vore praksis på dei to kontora, og korleis tenesta framover ønskjer å legge opp oppfølgingsarbeidet. I arbeidet har dei brukt barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet og rettleiarar som grunnlag for arbeidet med dei nye rutinane for oppfølginga.

Plan for samvær fann vi i nokre av sakene, men ein plan for oppfølginga av barnet mangla i dei fleste sakene. Vi fann få planar som gav god oversikt over den samla oppfølginga barna får. Fleire av planane hadde overordna målsetjingar, som var lite eigna til å få oversikt eller bruke til å følgje med på barns utvikling.

I saksmappene såg vi ofte detaljerte skildringar av barns situasjon, og vi såg at barnevernstenesta innhenta viktig informasjon om barn og fosterheimar. Vidare viste gjennomgangen av saksmapper at det blir gjennomført oppfølgingsbesøk fire eller to gonger i året i tråd med det barnevernstenesta har vurdert er best for barnet. I ei av sakene var det laga ein plan med dato for oppfølgingsbesøk for eit år, men dette mangla i dei fleste sakene. Vi fann nokre eksempel på planar med innhald eller tema for besøka. I dei sakene vi såg på, var det stor variasjon om innhaldet og tema for besøka gjekk fram, ut over at det var ein oppfølging av barnets situasjon i fosterheimen. I nokre saker gjekk det fram kva som skulle følgjast opp frå førre besøk, men det var stor variasjon i om dette vart gjort. I fleire saker såg vi at det har kome fram ny og alvorleg informasjon i saka, for eksempel alvorleg informasjon om psykisk og fysisk helse hjå barna, utan at vi kunne sjå om,- eller på kva måte dette var følgt opp.

Referat frå oppfølgingsbesøka blir dokumentert, og vi såg at saksbehandlarane brukar mal for referat frå oppfølgingsbesøka. Vi såg stor variasjon i kva som blir dokumentert i referata. Nokre referat var utfyllande om barnets behov og situasjonen i fosterheimen. Vi fann også døme på at det vart gjort gode faglege vurderingar etter oppfølgingsbesøka om konkret informasjon frå barnet og/eller fosterheimen. Referat frå oppfølgingsbesøka vert ikkje sendt ut, men blir lagra i barnets journal. Det går derfor ikkje fram av referata om innhaldet speglar oppfølgingsbesøket slik fosterheimen og barnet opplevde det, eller om det er usemje om kva som vart snakka og bestemt. Nokre saksbehandlarar formidla i intervju at dei tek med seg referatet på neste fosterheimsbesøk, for å gjennomgå referatet for å sjå at innhaldet spegla oppfølgingsbesøket slik fosterheimen og barnet opplevde det. Dei tilsette formidla også at dei brukar malen som ei førebuing til oppfølgingsbesøket, for å vite kva tema som er viktige å følgje opp i møte med barn og fosterheim. Nokre tilsette formidla at dei tilpassar innhaldet i referatet, og tek vekk det dei vurderer som ikkje aktuelt.

Under intervju med saksbehandlarar formidla dei at det ofte er mykje kontakt med fosterforeldra mellom oppfølgingsbesøka, og nokre gonger også med barna. I vår gjennomgang av saksmapper fann vi ikkje alltid at denne kontakten blir dokumentert. I fleire av barnas journalar såg vi få spor av kontakten mellom saksbehandlar og barnet, og i nokre saker lite kontakt med fosterheimen og andre tenester.

Vurderingar og justeringar av oppfølgingsarbeidet ut frå barns utvikling og behov

I vår dokumentgjennomgang finn vi ofte detaljerte skildringar av barnets situasjon og behov i referat frå oppfølgingsbesøka. I fleire saker såg vi situasjonsskildringar og utdjuping av viktig informasjon for barnet og fosterfamilien på det aktuelle tidspunktet. Vi fekk gjennom intervju vite at malen for oppfølgingsbesøk er med på å sikre at viktige tema blir undersøkt og sjekka ut. Saksbehandlarane fortel samtidig at dei tilpassar oppfølgingsbesøk og tema ut frå deira kjennskap til sakene, og at dei ikkje er fast bundne til mal for oppfølgingsbesøk. Fleire av dei formidla at dei kjente barna og fosterfamilien etter å ha følgd dei opp over mange år, og at det at dei kan tilpasse oppfølginga og tema i oppfølginga bidreg til individuell oppfølging tilpassa barnet og fosterheimen.

Saksbehandlarane formidla at dei sjølv vurderte og bestemte om det skulle gjerast endringar i oppfølginga, men at dei kopla på barnevernsleiaren der slike endringar har økonomiske konsekvensar. Døme på dette er auke i frikjøp eller avlastning frå private aktørar. Samtidig formidla dei tilsette og barnevernsleiaren at det at barnevernsleiaren skal lese alle oppfølgingsrapportane, gjer at dei er meir bevisste på dokumentering i saka.

Sjølv om vi ser at barneverntenesta har mykje informasjon om barna og fosterheimane, ser vi at det er stor variasjon i korleis vesentleg og alvorleg informasjon blir vurdert og følgt opp. Vi såg i nokre saker at saksbehandlar var informert og tett på barnet og fosterheimen i kritiske overgangar, medan det i fleire av sakene ikkje gjekk fram korleis saksbehandlar følgde opp den alvorlege informasjonen om barnet og/eller situasjonen i fosterheimen. Døme på dette er ved flytting til ny fosterheim, auke av samvær eller at barnet har behov for hjelp frå helsetenester. Vi såg i nokre saksmapper at fosterheimen over tid hadde meldt til barnevernet behov for avlastning, eller at barnet hadde stort behov for helsehjelp, utan at vi såg korleis barnevernstenesta følgde dette opp. Det gjekk ikkje fram av barnas mapper kva barnevernstenesta gjorde med informasjonen ut over å ha dialog med fosterheimen om situasjonen. I nokre saker såg vi døme på at fosterforeldra sjølv hadde tett kontakt med helsetenester for å sikre barnet nødvendig hjelp, utan at det gjekk fram korleis barnevernstenesta følgde opp og sikra barnet og fosterheimen nødvendig og tilstrekkeleg hjelp, eller vurderte behov for å samordne hjelpa barnet trengte.

Saksbehandlarane fortalde i intervju at dei ofte gjer mykje av vurderingane knytt til oppfølginga av barn og fosterheim og tall oppfølgingsbesøk åleine. Dei gjer vurderingar ut frå deira kjennskap til barnet og familien, og bestemmer sjølv om det bør vere fleire eller færre oppfølgingsbesøk. Det er i liten grad dokumentert i sakene kva vurderingar som er gjort om tal oppfølgingsbesøk og kven som har gjort vurderingane. Saksbehandlarane fortel at dei kan drøfte spørsmål om å justere oppfølgingsbesøk i rettleiing eller saksmøte, men det er opp til den enkelte å ta opp problemstillinga.

Saksbehandlarane beskriv at dei brukar oppfølgingsbesøk til å evaluere den oppfølginga barn får. I nokre referat frå oppfølgingsbesøk, ser vi at det er lagt inn punkt som skal følgjast opp vidare, til dømes dersom saksbehandlaren skal ta kontakt med andre instansar. Det går likevel ikkje fram av saksmappene at det vert gjort ei systematisk evaluering av tiltaket. Det går heller ikkje alltid fram om barnevernstenesta har følgd opp det som var bestemt tidlegare og eventuelt kvifor dette ikkje er gjort. Vidare såg vi i mappegjennomgangen døme på at det gjekk inntil tre månader frå ein fosterheim meldte om alvorleg bekymring for eit barns helsesituasjon, til barnevernstenesta tok kontakt med fosterheimen igjen. Det gjekk ikkje fram av dokumentasjonen i saka om det var sett i verk nødvendige tiltak for barnet og tilpassa oppfølging av fosterheimen.

I fleire av saksmappene mangla det informasjon om korleis barnevernstenesta brukar kjennskapen dei har om barnet og fosterheimen til å tilrettelegge oppfølging. og om dei gjer ei samla vurdering av barnets behov. Det er ikkje dokumentert samla vurderingar av barnets behov, om fosterheimen klarer oppgåva med å ivareta barnet og eventuelt kva dei treng for å ivareta barnet vidare. Dette gjeld særleg i dei sakene der barna har omfattande hjelpebehov og sterke smerteuttrykk og der barnevernstenesta over tid har hatt dei same tiltaka inne, samtidig som fosterheimen har formidla til barnevernstenesta at dei er slitne og treng meir støtte for å stå i oppdraget.

Vi fekk i intervju vite at tenesta skal starte med faste, årlege vurderingar av samvær og om barnet skal flytte tilbake til foreldra. Leiinga i tenesta har utarbeidd malar for dette, men dei er ikkje teke i bruk. Dei har som mål å ta det i bruk frå hausten 2023. Barnevernsleiaren formidla at tenesta er kjent med at dette ikkje er i tråd med lovkrav om å vurdere gjenforeining og samvær for alle barn i fosterheim. I mappegjennomgangen såg vi døme på at samvær blir auka eller gjennomført på andre måtar etter ønskje frå barn og foreldre. Vi såg òg døme på at rettleiing til foreldre blir justert i tråd med barnets ønskjer og det barnevernstenesta vurderer er barnets beste. Vidare har vi sett døme på at barnevernstenesta har iverksett intensive rettleiingstiltak til foreldre i tråd med deira ønskje, ut frå vurderinga om at barna kanskje kan flytte tilbake på sikt.

I samtalar med fosterheimar og barn i samband med tilsynet, har vi fått vite at fleire er nøgd med oppfølginga frå barnevernstenesta og at fleire opplev at saksbehandlar er tilgjengeleg. Nokre fosterforeldre formidla likevel at dei har meldt frå om utfordringar til barnevernstenesta, utan at dei får hjelp til å handtere situasjonen. Nokre opplevde at barnevernstenesta ikkje hadde vore tett nok på dei eller barnet for å følgje med på korleis det går. Dette inntrykket vart bekrefta i vår gjennomgang av saksmapper, der det i fleire saker kom fram alvorleg informasjon om barn som ikkje hadde blitt vurdert eller følgt opp. Døme på dette er opplysingar om at barn har behov for hjelp til psykisk eller fysisk helse, eller at fosterforeldra er slitne. I nokre av desse sakene var det berre lagt opp til to oppfølgingsbesøk i året.

Oppfølging av informasjon frå tilsynsførar og anna informasjon

Barna har tilsynsførar, og vi ser at rapportar frå tilsynsbesøk blir registrert som mottatt i barnets journal. Gjennom intervju fekk vi vite at saksbehandlarane les rapportane frå tilsynsførar, og etterspør desse dersom dei manglar. Vi har også blitt fortalt at nokre saksbehandlarar har rettleia tilsynsførar der det var behov for at tilsynsførar tek opp konkrete tema med barnet/fosterheimen. I ei sak såg vi at tilsynsføraren var tydeleg på at fosterheimen hadde behov for meir hjelp og støtte frå barneverntenesta, utan at vi såg at dette vart følgt opp av barnevernstenesta.

Medverknad

I vår gjennomgang av saksmapper og i intervju går det fram at barneverntenesta har kontakt med barna, og at barn stort sett vert snakka med under oppfølgingsbesøka. Der barn ikkje vil snakke med saksbehandlaren, går det fram av barnets journal. Det går også fram at barneverntenesta legg til rette for at barn får snakke med barneverntenesta aleine. Barna får tilbod om å ha med seg tillitsperson i samtale med barneverntenesta, og vi såg av referat frå oppfølgingsbesøk at dette stort sett er dokumentert.

I intervju med tilsette fekk vi nokre eksempel på korleis dei la til rette for at barna kunne snakke trygt med barneverntenesta, men dette gjekk i liten grad fram av saksmappene.

I dei sakene der barneverntenesta ikkje har snakka med barna, går det ikkje alltid tydeleg fram om barnevernstenesta har vurdert kvifor barnet ikkje vil snakke, eller om barnevernstenesta har teke stilling til korleis dei kan legge til rette for at barnet skal få medverke. Vi fann vidare få spor av at barneverntenesta forsøkte å motivere barnet til å medverke. Til dømes såg vi i fleire saker at barna ikkje ønskjer å snakke med barneverntenesta på oppfølgingsbesøka og at det ikkje var dokumentert kontakt med barna utanom besøka. Det gjekk ikkje alltid fram i saksmappene korleis barneverntenesta jobbar for å få fram barnets synspunkt og stemme i desse sakene.

Fleire saksbehandlarar fortel at dei gjer seg tilgjengelege for barn og fosterforeldre utanom fosterheimsbesøk, og at dei kan ta kontakt ved behov. Dette har vi fått bekrefta i samtaler med barn og fosterforeldre. Dei formidla at saksbehandlarane stort sett er lett å få tak i og tilgjengelege.

Gjennom intervju har vi fått vite at barna får informasjon i forkant av oppfølgingsbesøk eller samtalar, oftast ved at fosterforeldra gir barna informasjon, til dømes om kva barnevernstenesta ønskjer å snakke med barnet om. Saksbehandlarane fortel også at dei lagar avtalar med barn om kva informasjon frå barnet som kan formidlast til andre, der dette er aktuelt. Vi ser døme på at barnevernstenesta har justert oppfølginga av barn i tråd med deira ønskjer. Døme på dette kan for eksempel være i saker der barn ønskjer meir samvær med foreldre, og barneverntenesta justerer opp. Det går ikkje alltid fram i mappene korleis barnevernstenesta nyttar informasjon om og frå barn til å gjere vurderingar opp mot annan informasjon i saka, som til dømes om barneverntenesta tek stilling til om barnets ønskje om auka samvær er til det beste for barnet.

Oppfølging og avtalar med fosterheimen

Vi kunne ikkje finne dokumentasjon på om det var systematisk gjennomgang av fosterheimsavtalane. I intervju fekk vi vite at dette vert gjort, og i nokre saker såg vi at det vart gjort endringar. Døme på dette var endringar i frikjøp av fosterforeldre.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Oppfølging av barn i fosterheim

Internkontroll og tenestas eigenrapportering

På tidspunktet for tilsynet hadde leiinga sett i verk fleire tiltak for sikre internkontroll, men desse tiltaka har ikkje fått tilstrekkeleg med tid til å verke. Dei er etter vår vurdering ikkje tilstrekkeleg implementert, og det er dermed vanskeleg å seie noko om effekten av tiltaka før dei har fått verke over ei tid. Det er likevel vår vurdering at tiltaka på sikt kan være eigna til å sikre betre kontroll over arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim.

På tilsynstidspunktet var det ikkje etablert eit system som sikrar at leiinga fangar opp manglar i kvaliteten på arbeidet. Leiinga er kjent med at det manglar ein felles struktur for arbeidet, og at det i stor grad er opp til ein einskilde sakshandsamar korleis oppgåver blir gjort. Planlegging, oppfølging, evaluering og tema for rettleiing tek ikkje utgangspunkt i ein felles struktur, men tek utgangspunkt i den einskilde kontaktperson sine vurderingar. Etter vår vurdering kan dette føre til ulik praksis, og gjere det vanskeleg for leiinga å fange opp om oppfølginga som barna og fosterheimane får er forsvarleg.

Rettleiinga med utgangspunkt i gjennomgang av nøkkeltal som er sett i verk i Florø, kan etter vår vurdering bidra til at leiinga i tenesta kan følgje med på enkeltsaker og samtidig sikre felles praksis i oppfølginga av barn og fosterheimar. Samtidig meiner vi at rettleiinga slik den er innretta i dag, der den enkelte saksbehandlar skal melde inn saker, kan føre til at nokre saker aldri blir drøfta eller kvalitetssikra av leiinga.

Oppsummert betyr dette at leiinga i Kinn kommune ikkje har oversikt over område med fare for svikt og ikkje har sett i verk tilstrekkelege tiltak for å førebygge at svikt skjer. Dette er brot på kommunelova § 25-1 tredje ledd, jamfør barnevernslova § 15-2 fjerde ledd.

Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt

Tilsynet har avdekka at det manglar systematikk i oppfølgingsarbeidet. I vår vurdering har vi lagt vekt på at tenesta sin praksis ikkje er harmonisert, at det for stor variasjon i korleis oppfølginga blir gjort, og at ansvar for innhaldet og kvaliteten i oppfølginga blir opp til kvar enkelt saksbehandlar.

Vidare legg vi vekt på at det ikkje blir dokumentert stoppunkt, evalueringar eller oppsummeringar i sakene, noko som betyr at det er vanskeleg å få oversikt over barnets situasjon og behov i barnets journal. Sjølv om det er laga notat frå drøftingar i enkelte saker, går det ikkje fram kva barnevernstenesta har vurdert og korleis sakene skal følgjast opp vidare. Vi meiner at manglande systematikk og felles praksis utgjer ein risiko for at barnevernstenesta ikkje identifiserer relevante forhold i oppfølginga av barn. Sjølv om mykje informasjon om barn og familiar kan vere kjent for den enkelte saksbehandlaren, meiner vi at denne kunnskapen i for liten grad er tilgjengeleg for leiinga i barnevernstenesta/kommunen som har omsorgsansvaret for barna. Dette utgjer ein risiko for at barn i fosterheim ikkje får nødvendig hjelp når dei treng det.

Samstundes finn vi ikkje at det er dokumentert kva målsetjingar barnevernstenesta skal jobbe etter, eller kva område barnevernstenesta har merksemd på i arbeidet. Dette medfører ein risiko for at oppfølginga ikkje blir planmessig og systematisk, og det vert krevjande for barnevernstenesta å vurdere om barn får den oppfølginga dei har krav på, ut frå sine behov. Vidare er det risiko for svikt ved sjukdom i tenesta, eller dersom sakene må fordelast til andre, ved at viktig informasjon om barnet og fosterheimen eller dei barnevernfaglege vurderingane ikkje er dokumentert i barnets mappe.

Saksbehandlarane fortel at dei les rapportane frå tilsynsførar og etterspør rapportar når dei ikkje er kome innan fristen. Vi har også fått døme på at saksbehandlaren rettleiar tilsynsførar der det er behov for at tilsynsførar tek opp konkrete tema med barnet eller fosterheimen. Sjølv om barnevernstenesta tek med seg informasjon frå tilsyna, meiner vi at barnevernstenesta ikkje har eit godt nok system for å sikre at den samla informasjonen om barn blir vurdert, og at oppfølginga blir evaluert og justert. Igjen viser vi til at dette ikkje er sett i system, men er opp til kvar av saksbehandlarane å vurdere og korleis dei følgjer dette opp.

Det betyr at leiinga i kommunen ikkje sørger for at oppfølginga av barn i fosterheim er planmessig og systematisk, og ikkje sikrar at kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid er i tråd med regelverket. Dette er brot på bvl §§ 1-7, 8-.3 og 12-4 og kommunelova § 25-1 tredje ledd, jf. bvl § 15-2 fjerde ledd.

Vurderingar og justeringar av oppfølgingsarbeidet ut frå barns utvikling og behov

Det er stor variasjon i korleis oppfølginga av barn og fosterheimar blir dokumentert. I fleire saker er det mykje informasjon, men det manglar tydelege målsetjingar for barneverntenesta si oppfølging. Vi meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg for å sikre at barn til ei kvar tid får den hjelpa dei treng. Dette heng saman med at det ikkje er sett opp tydelege målsettingar for arbeidet. I fleire saker ser vi at barnevernstenesta får ny informasjon om at barn har store utfordringar og at fosterforeldra formidlar utfordringar med å stå i oppdraget, utan at vi kan sjå at oppfølginga frå barnevernstenesta blir evaluert og justert.

Når vesentlege opplysningar ikkje er dokumentert i barnets saksmappe/journal, kan ikkje tenesta ta stilling til og vurdere om barnets utvikling behov er i tråd med lovkrav.

Når det ikkje går fram faste tidspunkt for evaluering, justering og oppdatering av informasjonen i barnets journal/saksmappe, meiner vi barnevernstenesta ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere barnets utvikling. Sjølv om tenesta i nokre saker dokumenterer drøfting av saker i barnets journal, går det ikkje fram tilstrekkeleg informasjon til at notatet godt nok oppsummerer barnets situasjon og utvikling. På tidspunktet for tilsynet meiner vi at tiltaket med å skrive ned vurderingar frå saksmøte, ikkje er tilstrekkeleg for å få oversikt over status i barnets situasjon.

Vi meiner tilsynet har vist at leiinga gjennom sin kontroll ikkje i tilstrekkeleg grad fangar opp om eller korleis alvorleg informasjon om barn blir følgt opp. Vi har i vår vurdering lagt vekt på at det er stor variasjon om alvorleg informasjon blir følgt opp og fører til justering av oppfølginga, og at det i stor grad er opp til den enkelte saksbehandlaren å planlegge og gjennomføre oppfølginga. Vidare meiner vi at det er ein risiko for at barn og fosterheimar ikkje har fått nødvendig oppfølging ved at det i fleire saker ikkje går fram korleis barnevernstenesta har vurdert og følgd opp alvorleg informasjon om barnet eller situasjonen i fosterheimen.

Det betyr at barnevernstenesta på tidspunktet for tilsynet ikkje har ein praksis som sikrar at vesentleg informasjon om barn i fosterheim blir følgt opp. Det betyr at leiinga i kommunen ikkje sørger for at oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg, og ikkje sikrar at kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid er i tråd med regelverket. Dette er brot på barnevernslova §§ 1-7, 8-3 og 12-4, og kommunelova § 25-1 tredje ledd, jf. bvl § 15-2 fjerde ledd.

Medverknad

Tilsynet har vist at Kinn barnevernteneste legg til rette for å snakke med barn når dei er på besøk i fosterheimen, og at det blir lagt til rette for at barn får snakke med saksbehandlaren åleine. Vi meiner likevel det er ein risiko for at barn ikkje får medverke ved at det i nokre saker er få fosterheimsbesøk i året, og der barna ikkje vil snakke med saksbehandlar, utan at vi kan sjå korleis barnevernstenesta på andre måtar sikrar barnets stemme inn i saka.

Sjølv om dei tilsette formidla at fosterforeldre førebur barna til samtalen under oppfølgingsbesøket, går det ikkje fram av dokumenta om barnet er førebudd, eller om barnet har fått informasjon om korleis barnevernstenesta vil følgje opp det barnet fortel og om barneverntenesta avklarar kva dei kan formidle vidare av det barnet har fortalt. Etter vår meining sikrar ikkje tenesta systematisk at barnet veit korleis informasjon frå dei blir brukt og følgt opp. Dette utgjer etter vår vurdering ein risiko for at barn ikkje fortel om forhold som er viktig for dei og som kan vere av stor betydning for saka. Manglande planlegging av samtalar med barn kan òg føre til at barnevernstenesta sin kontaktperson ikkje er godt nok budd på barnesamtalen, og av den grunn ikkje fangar opp viktig informasjon frå barn. Dette kan føre til at vesentleg informasjon frå barn ikkje blir følgt opp og vurdert som del av den samla informasjonen i saka. Denne praksisen er ikkje i tråd med barns ubetinga rett til å blir høyrt og tenesta sin plikt til å vise korleis informasjon frå barn er vurdert opp mot anna informasjon i saka, jamfør barnevernslova §§ 1-3 og 1-4, jamfør § 1-7.

5. Statsforvaltarens konklusjon

 Tilsynet har avdekka vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Vidare er det stor variasjon om-, og korleis informasjon om og frå barn blir vurdert og følgt opp. Dette utgjer samla sett ein risiko for at barn ikkje får oppfølging og hjelp i tråd med sine behov.

Dette er brot på barnevernslova §§ 8-3, 1-3, 1-4, 1-7, 12-4 og 15-2, jamfør kommunelova § 25-1.

6. Oppfølging av lovbrot

Vi ber om at kommunen utarbeidar ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrotet, og sender den til Statsforvaltaren innan 24.08.2023. Planen bør innehalde følgjande:

  • Konkrete målformuleringar for kva som skal forbetrast
  • Tiltak som skal gjennomførast for å skape forbetring
  • Fristar for iverksetting av tiltak og dato for evaluering av om tiltaka har hatt effekt som planlagt
  • Skildring av korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir satt i verk og gjennomført
  • Skildring av korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka har effekt

Kort tid etter at planen er mottatt, vil Statsforvaltaren ta kontakt med kommunen for å gje tilbakemelding på plan for retting av lovbrot og planlegge for vidare dialog.

Statsforvaltaren skal følgje opp tenesta til praksis er i tråd med lovkrav. For å undersøke om tiltaka har ført til endring av praksis, vil kommunen på eit seinare tidspunkt bli bedt om å utføre ein eigenkontroll.

Med hilsen

Linda Svori

fungerande avdelingsdirektør

Anne Vibeke Barkved

seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart sendt 17.03.2023. Førebuande møte med barnevernstenesta vart gjennomført 11.05.2023. Tilsynet vart gjennomført ved barnevernstenesta i Kinn kommune, avdeling Florø og avdeling Måløy. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 09.06.2023.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, medan andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Liste over barn som barnevernstenesta har omsorga for og som bur i kommunale fosterheimar
  • Oversikt tilsette i Kinn barnevern og ansvarsområde
  • Organisasjonsstruktur Kinn kommune
  • Delegeringsreglement for Kinn kommune
  • Organisasjonskart Kinn barnevern
  • Førebels oversikt aktivitetar i barnevernstenesta 2023
  • Oversikt møtestruktur i barnevernstenesta
  • Rutinehandbok for barn i fosterheim
  • Tilstandsrapport 2021
  • Årsmelding 2022
  • Verksemdsplan
  • Utviklingsplanar for barnevernstenesta 2022 og 2023
  • Årshjul 2022
  • Møteoversikt Kinn barnevern
  • Prosedyre for oppfølging av fosterbarn
  • Prosedyre for oppfølging av foreldre etter omsorgsovertaking
  • Prosedyre for utvelgelse og godkjenning av fosterheim for det enkelte barn
  • Prosedyre for oppfølging av ungdom etter barnevernslova § 6-1, 6-2 og 6-3
  • Prosedyre for dokumentasjon av barnevernsfaglege vurderingar
  • Prosedyrer for å melde og handtere avvik
  • Mal for oppfølgingsbesøk i fosterheim
  • Prosedyre for å vurdere omsynet til barnets beste
  • Skjema for eigenrapportering

Under tilsynet har vi gjennomgått saksmappene til 13 barn som barnevernstenesta har følgt opp i fosterheim over dei to siste åra. Under mappegjennomgangen har vi gjennomgått dokumentasjon for to år tilbake i tid, i tillegg til relevante grunnlagsdokument (vedtak om omsorgsovertaking, omsorgsplan og liknande).

Vi har snakka med barn og fosterforeldre i samband med tilsynet, som ein del av informasjonsinnhentinga.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • Rådgjevar, Anna Sandvoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Bård Tyldum, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Gunn Randi Bjørnevoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Anne Vibeke Barkved, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattanede tilsynet

2022–23 Barneverntjenestens ansvar for oppfølging av barn plassert i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk