Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med Kinn kommune og besøkte i samband med dette Furutun avlastning, Måløy miljøteneste og Florø miljøteneste frå 05.09.2023 til 07.09.2023. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at helse- og omsorgstenester til barn i barne- og avlastingsbustader vert utført i samsvar med aktuelle lovkrav, slik at barna får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Statsforvaltaren har kome til at

Kommunen sikrar ikkje i stor nok grad at utforming, evaluering og korrigering av mål og tiltak vert gjennomført. Kommunen sikrar heller ikkje at gjennomføring av habilitering/opplæring vert tilstrekkeleg dokumentert. Dette inneber ei for høg risiko for at barna ikkje får habilitering/opplæring i samsvar med sine behov.

Dette er brot på helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 4-2, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6-9.

Vi sende utkast til rapport til Kinn kommune 02.01.2024 der vi bad om eventuelle kommentarar/ innvendingar til faktagrunnlaget. Kommunen sende svar i brev datert 05.01.2024. Ifølgje brevet er kommunen einig i innhaldet i rapporten, men har kommentarar til dokumentasjon av tiltak.

Kommentaren er tatt inn i kapittel 3 i rapporten.

Vi ber Kinn kommune om å:

Gjere greie for kva tiltak som er sett i verk for å rette lovbrotet, og for å redusere risikoen for svikt når det gjeld utforming, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av tiltak for habilitering/opplæring til barn i barne- og avlastningsbustad. Vi ber og kommunen gjere greie for korleis de vil evaluere om tiltaka fører til endring i praksis.

1.     Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi hva som vart undersøkt i tilsynet.

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at barna i Furutun avlastning, Måløy miljøteneste og Florø miljøteneste får habilitering/opplæring som samsvarer med deira behov.

Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn i 2022 og 2023. Tilsynet gjeld undersøking av om Furutun avlastning, Måløy miljøteneste og Florø miljøteneste:

  • Har tilstrekkeleg informasjon om situasjonen og behova til barna
  • Nyttar informasjonen til å identifisere behov for habilitering/opplæring og til å utforme mål og tiltak for barna
  • Gjennomfører tiltak for habilitering/opplæring
  • Evaluerer og korrigerer mål og tiltak for habilitering/opplæring

Tilsynsprosessen er bygd på systemrevisjon som metode. Ein systemrevisjon har som formål å undersøke om gode og trygge tenester er resultatet av systematisk styring og leiing og kontinuerleg forbetringsarbeid. I dette tilsynet har undersøkinga vore tett knytt til faglege arbeidsprosessar for habilitering/opplæring. I undersøking av krav til styring og leiing er det derfor aktivitetar tett på dei faglege prosessane som har vore mest aktuelle.

Barna og foreldra sine meiningar om og erfaringar med opphald i Furutun avlastning, Måløy miljøteneste og Florø miljøteneste, er viktig informasjon for å vurdere både kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis på om barna får dekka behovet for habilitering. Vi har difor snakka med eit utval foreldre i samband med dette tilsynet.

Tilsynet omfatta ikkje sakshandsaming av søknad, andre avlastningsformer, somatisk og psykisk helseoppfølging i avlastningsbustaden eller den fysiske utforminga. Kommunen si oppfølging av privat tenesteleverandør og bruk av tvang etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 og pasient og brukarrettslova, var heller ikkje ein del av tilsynet.

2.     Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvalteren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgstjeneste, etter helse- og omsorgstjenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Kommunelova kapittel 30 setter den rettslege ramma for korleis statleg tilsyn med kommunane skal gjennomførast, med unntak av kommunelova § 30-4. Eit eventuelt pålegg om retting skjer med heimel i helsetilsynslova § 8, jf. hol. § 12-3. Statsforvaltaren har mynde til å føre tilsyn med private tenesteleverandørar, jf. helsetilsynslova § 4.

Kommunens ansvar for heildøgns helse- og omsorgstenester i barne- og avlastningsbustader

Når eit barn har opphald i barne- og avlastningsbustad har kommunen innvilga avlastningsopphald eller fulltidsplass i slik institusjon til familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid, jf. hol. § 3-6 og § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c. Barne- og avlastningsbustader vert rekna som omsorgsinstitusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester, jf. forskrift om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon § 1 første ledd bokstav a.

Habilitering/opplæring skal vere forsvarleg

Helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstenestelova skal vere forsvarlege, jf. hol. § 4-1. Kravet til forsvarleg verksemd er ein rettsleg standard, som betyr at innhaldet vert bestemt av normer utanfor lova. I tolkinga av kva som er forsvarleg inngår mellom anna anerkjent fagkunnskap, faglitteratur, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. I dette tilsynet bygger det faglege innhaldet på følgjande normerande publikasjonar frå Helsedirektoratet:

  • nasjonal veileder for oppfølging av personer med store og sammensatte behov
  • nasjonal veileder om barn og unge med habiliteringsbehov
  • nasjonal veileder for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator
  • nasjonal veileder for gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming

Eit fellestrekk for dei faglege tilrådingane i desse rettleiarane er at det er god praksis å jobbe tverrfagleg, målretta og systematisk overfor personar med samansette behov.

Krav om individuelt tilpassa habilitering/opplæring

Individuelt tilpassa tenester bidreg til å oppnå forsvarlege tenester og til å oppfylle barnet og foreldra si rett til medverknad og informasjon etter pasient- og brukarrettslova (pbrl.) kapittel 3.

For habilitering/opplæring er brukarinvolvering, medverknad og informasjonsutveksling viktig gjennom heile prosessen. Det vil si at barnet/foreldra får informasjon og kan medverke når tenester skal planleggast, gjennomførast, evaluerast og korrigerast.

Tverrfagleg samarbeid og koordinering av tiltak

Tverrfagleg samarbeid skal understøtte forsvarlege tenester, og er regulert fleire stader i helse- og omsorgslovgivinga. Det følger av krav til forsvarlege tenester i hol. § 4-1 bokstav a at kommunen skal leggje til rette tenestene slik at den enkelte pasient/brukar får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod. Kommunen har plikt til samarbeid og koordinering med andre etatar og tenestenivå, jf. hol § 3-4. Andre føresegn som skal understøtte koordinerte tenester av betydning for dette tilsynet, er hol. § 7-1 om individuell plan og §§ 7-2 og 7-2 a om koordinator og barnekoordinator.

Ei viktig grunngjeving for krav til samarbeid og koordinering er at det er fleire kjende risikofaktorar knytt til samarbeid og overgangar internt og eksternt. Det er særskilt omtalt at det i planlegging av tenester skal leggast vekt på å minimalisere risikofaktorar knytt til samhandling internt og eksternt, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 6 bokstav e.

Krav til styringssystem som sikrar tenester i samsvar med krav fastsett i lov og forskrift Kommunen har etter hol. § 3-1 tredje ledd plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestenes omfang og innhald er i samsvar med krav i lov og forskrift. Denne plikta går også frem av helsetilsynslova § 5, som pålegg verksemder som yter helse- og omsorgstenester å opprette internkontrollsystem. Internkontrollsystemet vert omtalt i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten som styringssystem. Omgrepet er i stor grad samanfallande med krava til internkontroll, men gjeld også krav til systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik og oppfylling av pasientrettar.

Styringssystemet skal vere tilpassa verksemda si storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfang som er naudsynt. Det same gjeld dokumentasjon av styringspliktene jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 5. Vi legg til grunn at kompleksiteten i desse tenestene tilseier at dei fleste styringstiltaka må vere skriftlege. Innhaldet i kravet er nærare skildra i forskrifta §§ 6 til 9. I dette tilsynet har vi særleg sett på følgjande styringskrav:

Krav til kompetanse

Ein viktig føresetnad for at habilitering/opplæring skal vere forsvarleg, er at tilsette har naudsynt kompetanse sett opp mot barna sine behov. Det følgjer av hol. § 4-1 at kommunen skal leggje til rette med tilstrekkeleg fagkompetanse i tenestene. Dette er nærare omtalt i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 6 bokstav f og 7 bokstav b. Der det er iverksett kompetansetiltak skal verksemda kontrollere at tiltaka har effekt og korrigere tiltaka om naudsynt, jf. 8 bokstav c og § 9 bokstav b.

Krav til planar, dokumentasjon og informasjonsflyt for å sikre forsvarleg og omforent praksis

Barne- og avlastningsbustaden må ha ein plan for korleis barnet skal få dekka sine behov under opphalda. Ei slik plan skal inkludere barnet sine behov for mål og tiltak for habilitering/opplæring. Ein slik plan for gjennomføring er omtalt i pasientjournalforskrifta § 6 første ledd bokstav d som ei behandlingsplan. I barne- og avlastningsbustader nyttast som oftast omgrepet tiltaksplan. Det er ingen formkrav til ei slik plan, men den skal vere ein del av pasientjournalen.

For å sikre individuell, forsvarleg og omforent praksis må det vere skildra korleis tiltak skal gjennomførast (rutinar og prosedyrar), jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7 bokstav c. Rutinar og prosedyrar som skildrar gjennomføringa bør inngå i sjølve tiltaksplanen for at planen skal vere eit nyttig verktøy for tilsette. Informasjon om bruk av hjelpemiddel, der dette er naudsynt, må også vere skildra i tiltaksplanen.

For å sikre informasjonsflyt om endringar i barnet sine behov skal det vere utarbeidd rutinar om korleis informasjon skal innhentast og utvekslast. Rutinane må omfatte samarbeid med foreldre, dei ulike arenaene barna oppheld seg og relevante instansar. Det skal vidare vere rutinar som omhandlar korleis munnleg rapportering og dokumentasjon i barnet sin journal skal vere.

Journalføringa skal vere i tråd med hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 5 til 8. Det er i hol. § 5-10 presisert at både kommunen og verksemda som har avtale med kommunen skal sørge for at journal- og informasjonssystema er forsvarlege.

3.     Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Organisering og bemanning

Kommunalsjef styrer tenesta i linje til Måløy miljøteneste, Florø miljøteneste og Miljøhuset avlastning, der Furutun avlastning er organisert. Kvar eining har tenesteleiar som har det faglege ansvaret og som rapporterer til kommunalsjef i regelmessige møter kvar månad, i tillegg til kontakt utover desse møta når det er behov for det. Tenestestadene har avdelingsleiarar som har ansvar for den daglege drifta og som rapporterer til einingsleiar i faste møter.

Kommunen gir tenester til 13 barn i avlastning eller barnebustad i Måløy miljøteneste, Florø miljøteneste og Furutun avlastning.

Tilstrekkeleg informasjon om situasjonen og behova til barnet

Det går fram av kommunen sin rutine «Heime-/vurderingsbesøk» at det skal gjennomførast heimebesøk for å innhente relevante opplysningar, sikre brukarmedverknad og sikre at saka er tilstrekkeleg opplyst. Tildelingskontoret gjennomfører besøket i samarbeid med tenesta, og kommunen gjer individuelle vurderingar om kven som skal delta ved besøket.

Det er oppretta primærkontakt og koordinator for barn som får tenester i avlastningsbustadene, og tilsette som kjenner barna godt deltek i overordna møter. Primærkontakt har møte med pårørande før oppstart, og har kontakt med pårørande ved behov og elles i samband med opphald i avlastningsbustaden. Individuell tilvenning for barnet avklarast med pårørande. Det same gjeld kven dei ønskjer med i samarbeids-/ansvarsgruppemøte.

Det vert etter behov gjennomført samarbeidsmøte om enkelte tiltak med pårørande og andre involverte instansar. Barnet og/eller pårørande si formidling inngår i informasjonsgrunnlaget, og informasjonen er dokumentert i barnet si journal.

Nyttar informasjonen til å identifisere behov og utforme mål og tiltak

Det går fram av kommunen sin prosedyre «Koordinator/Primærkontakt» at koordinator og/eller primærkontakt skal utarbeide og oppdatere planar i barnet sin journal. Utarbeiding av mål og tiltak, og korleis tiltak skal gjennomførast, vert utarbeidd i samråd med pårørande og eventuelle andre involverte aktørar som barnehage og skule. Faglege vurderingar er dokumentert i journal og inngår i plan, og tilsette er kjend med kven som har fagleg ansvar for dei enkelte barna.

Gjennomgang av journal og tiltaksplanar viser at det for enkelte barn er definert målsettingar utan at det er avklart korleis tiltak skal gjennomførast og dokumenterast. Vidare viser gjennomgangen at fleire tiltaksplanar ikkje inneheld oppdatert informasjon, er lite konkret og manglar nødvendige skildringar av korleis tiltak skal gjennomførast. Til dømes gjeld dette barn som har definerte tiltak om rettleiing til tannpuss og av- og påkledning, utan at det går fram av tiltaksplan på kva måte rettleiinga skal gjerast. I nokre journalar er tiltak utarbeidd fleire år etter at målsetting kom på plass, og for fleire barn er det dokumentert tiltak i tiltaksplan som ikkje lenger er i bruk. Eit døme som vert trekt fram i intervju med tilsette er at det i møter vert meldt behov for tiltak opp mot skjermtid og aktivisering for enkeltbarn. Vi kan ikkje finne mål eller tiltak om dette i barna sine journalar, men gjennomgang av journal og intervju med tilsette viser at tiltaka vert gjennomført til tross for at dei ikkje er dokumentert i barna sine tiltaksplanar.

Gjennomføring av tiltak

Det går fram av intervju at barna sine tiltaksplanar vert nytta i det daglege arbeidet. Tilsette har tilgang til tiltaksplanane og det er avsett tid til å setje seg inn i dei. Kommunen har definert kva grunnleggande kompetanse som trengs og det er rutinar for opplæring og rettleiing av tilsette. Leiar utarbeidar vaktlister/turnus og planlegg bemanning med utgangspunkt i barna sine behov, og det vert sett inn vikar når det vert vurdert som nødvendig.

Det går fram av intervju at det ikkje alltid vert gjennomført regelmessige møter i avlastnings- bustadene der informasjon om barna vert delt. Det går vidare fram at tiltaksplanar ikkje alltid vert løpande oppdatert i tråd med barna sine behov, og at dei ikkje systematisk vert oppdatert ved endringar i barna sine behov, mål og tiltak.

Det er ikkje rutinar for korleis habilitering/opplæring skal dokumenterast i barna sine journalar. Gjennomgang av tilsendt dokumentasjon og intervju viser at det ikkje er avklart kva som skal dokumenterast i journal om barna sine tiltak, kor og på kva måte. Stikkprøver i journal viser at det for enkelte barn ikkje vert regelmessig dokumentert tiltak for habilitering/opplæring når dei oppheld seg i avlastinga. Til dømes gjeld dette tiltak med målsetting om meir sjølvstende ved personleg hygiene, støtte til sosial deltaking og kommunikasjon. Stikkprøver i journal viser vidare at dokumentasjonen ikkje alltid gir informasjon om på kva måte tiltak er gjennomført, og det er fleire stader heller ikkje dokumentert om eventuelle avvik frå tiltaksplan

Tilsette opplyser i intervju at dei ikkje alltid dokumenterer kva som er gjort kvar vakt. Dei opplyser at dei er usikre på kva som skal dokumenterast i barnet sin journal om gjennomføring av tiltak, då tiltaksplanane for fleire barn er for lite konkrete. Det går vidare fram at tiltaka likevel vert gjennomført då barna får bistand frå ei avgrensa gruppe tenesteytarar som kjenner barna godt.

Evaluering og korrigering av mål og tiltak

Det går fram av tilsendt dokumentasjon at koordinator i samarbeid med primærkontakt skal sørgje for at mål og tiltak for barna vert evaluert. Det går fram i intervju at evaluering av mål og tiltak i hovudsak gjerast i samarbeid med pårørande og andre involverte instansar i ansvarsgruppemøte eller samarbeidsmøte. Vi får opplyst i intervju at mål og tiltak ikkje alltid vert systematisk evaluert utover dei overordna møta, og at tilsette manglar tid til å gjere denne oppgåva. Tilsette opplyser at dei saknar treffpunkt og møteplassar for å evaluere eigen praksis og jobbe likt der det er naudsynt. Det går fram av intervju at det for enkelte tenestestader ikkje er regelmessige møter for tilsette, og at ei konsekvens av dette er at mål og tiltak for barn i avlastningsbustad ikkje alltid vert systematisk evaluert og korrigert.

Ved stikkprøver i journal finn vi at tiltak for nokre barn har vore iverksett fleire år tilbake i tid, utan at det går fram om tiltaka har vore evaluert eller endra i løpet av desse åra. For fleire barn finn vi ikkje informasjon om tiltak har vore evaluert eller korrigert. Til dømes er det utarbeidd tiltak for å betre kommunikasjon for enkelte barn, utan at det går fram av journal om tiltaka har vore evaluert/ korrigert etter at dei vart iverksett for fleire år sidan.

Medverknad

Kommunen har rutinar for kommunikasjon med pårørande og medverknad. Rutinane er kjend for tilsette og vert følgt. Medverknad vert tilpassa individuelt utifrå pårørande eller barnet sine behov og ønskjer. Barn som kan medverke sjølv får medverke og vert høyrd. Det vert gjennomført to til tre ansvarsgruppemøter i året, der mellom anna avlastningstilbodet til barnet vert diskutert med pårørande og andre involverte instansar.

Vi gjennomførte samtale med pårørande til fem barn under tilsynet, som skildrar kommunikasjonen med tilsette i avlastinga som god. Pårørande er kjend med kven som er primærkontakt og koordinator for sine barn.

Leiinga si oppfølging

Kommunen har rutinar for rapportering til leiinga. Avdelingsleiarar i barne- og avlastningsbustadene rapporterer til einingsleiar i faste møter, og kvar eining har tenesteleiar som rapporterer til kommunalsjef i regelmessige møter kvar månad. I tillegg har einingsleiarar fast møte seg imellom kvar veke.

Det går fram av intervju at leiinga gjer stikkprøver i barna sine journalar og kontrollerer at det vert utarbeidd mål og tiltak, at tiltak vert gjennomført og at tilsette har kompetanse til å gjennomføre tiltaka. Leiinga opplyser at tilsette skal dokumentere på kvart tiltak kvar vakt, under dette om tiltaket er gjennomført i tråd med plan og eventuelle avvik frå planen. Leiinga er kjend med at dokumentasjonen ikkje alltid er i tråd med det som er bestemt, og at tiltak ikkje vert dokumentert ved kvar vakt. Vidare er leiinga kjend med at skildringar i tiltaksplan fleire stader er lite konkret, og at evaluering og eventuell korrigering av mål og tiltak ikkje vert gjort systematisk ved alle tenestestadene. Leiinga opplyser at tiltak likevel vert gjennomført i tråd med barna sine behov, da dei har ein stabil og avgrensa personalgruppe som er godt kjend med barna og deira behov.

Leiinga opplyser at kommunen er kjend med utfordringar i tenesta og at det er ei plan for korleis dette skal løysast. Dette gjeld til dømes utfordringar med at barn får nye diagnosar og treng korrigerte mål og tiltak opp mot dette. Kommunen har utarbeidd ny rutine med regelmessige møter i avlastningsbustader der dette ikkje er praksis, og vurderer i tillegg å tilføre meir tid til oppdatering av mål- og tiltaksplanar for tilsette som treng det.

4.     Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2. Helselovgjevinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege tenester.

Naudsynte tiltak skal planleggast, setjast i verk, verte evaluert og korrigert ved behov. Barn som får tenester i barne- og avlastningsbustad skal ha forsvarlege tenester. Dette stiller krav til organisering, systematikk, oppfølging, samarbeid og samhandling om det enkelte barn. Leiinga må følgje opp at planlagde tiltak vert sett i verk og fungerer slik at barna får gode og trygge tenester.

Habilitering/opplæring til barn i barne- og avlastningsbustad er samarbeidsprosessar med mange involverte, der risikofaktorar i mange tilfelle vil vere informasjonsutveksling og samarbeid. Svikt på desse områda kan medføre at barn ikkje får tenester som dekker deira behov, noko som kan gi konsekvensar for barnet si helsesituasjon, utvikling og livskvalitet. Kommunen må i sin planlegging av tenesta legge særleg vekt på å redusere risikofaktorar knytt til samhandling, informasjonsflyt, kompetanse om barna, gjennomføring av tiltak og dokumentasjon, og samtidig sikre at tiltak vert evaluert og korrigert når det er naudsynt.

Tilstrekkeleg informasjon om situasjonen og behova til barnet

Det er vår vurdering at tenesta har tilstrekkeleg informasjon om barnet sin situasjon og behov. Det er avklart kven som har ansvar for og oppgåva med å innhente og samle informasjon om barna, og det er avklart kven som har ansvar for oversikt.

Identifisere behov og utforme og gjennomføre tiltak

Faglege tilrådingar er at det er god praksis å jobbe tverrfagleg, målretta og systematisk overfor personar med samansette behov. Individuell tiltaksplan er eit viktig verktøy for å oppnå dette.

Tilsynet har avdekt at det for fleire barn ikkje alltid er dokumentert i barnet sin journal korleis tiltak skal gjennomførast. Tiltaka vert likevel gjennomført då tenesta vert gitt av ei lita og godt kjend gruppe av tenesteytarar. Dette gir etter vår vurdering ei tilfeldig, personavhengig og sårbar praksis, då erfaring og kjennskap til barnet vert redusert dersom tilsette sluttar eller er fråverande.

Tenesta må ha møtearena der informasjon om barna vert delt og tiltak diskutert. For at tiltak som er vurdert som naudsynte for barna skal verte gjennomført på ei koordinert måte, må tilsette fortløpande verte gjort kjend med endringar i barna sine behov, mål og tiltak. Når tilsette manglar treffpunkt aukar risiko for ulik praksis og at barna ikkje får koordinert habilitering/opplæring.

Tilsette må vite kva som skal dokumenterast i journal, i tillegg til kor og på kva måte. Leiinga opplyser at tilsette skal dokumentere kvart tiltak kvar vakt, og er kjend med at dette ikkje alltid vert gjort. Det er etter vår vurdering ikkje tilstrekkeleg avklart for tilsette kva som skal dokumenterast i journal kvar vakt, både når det gjeld gjennomførte tiltak for habilitering/opplæring og eventuelle avvik frå dette.

Dokumentasjonen i fleire av barna sine journalar gir ikkje tilstrekkeleg informasjon om korleis tiltak er gjennomført, for tiltak som er vurdert som viktig og naudsynt for barna. Dokumentasjonen er særleg viktig for å ha naudsynt informasjon om oppfølginga av barnet, i tillegg til at den skal vere eit verktøy for leiinga si oppfølging og kontroll av om tiltaket har effekt. Når opplysningar om tiltak for habilitering/opplæring ikkje vert systematisk dokumentert i barnet sin journal aukar risikoen for at tenesta ikkje er i tråd med barna sine behov.

Sjølv om tiltak for habilitering/opplæring vert regelmessig gjennomført, er det vår vurdering at praksisen med manglande skildringar av korleis tiltak skal gjennomførast, manglande treffpunkt for tilsette og manglande systematisk dokumentasjon om gjennomføring, gir for stor risiko for at barna ikkje får systematisk og koordinert habilitering/opplæring og forsvarlege tenester.

Evaluere og korrigere mål og tiltak

Det er barnet sine behov som er styrande for når tiltaksplan skal evaluerast. Evaluering av tenester kan gjerast på ulike måtar og nivå. Til dømes i ansvarsgruppemøte/samarbeidsmøte der involverte aktørar deltek, eller meir avgrensa ved at fagansvarleg i avlastningsbustaden gjennomgår og summerer opp tilsette sine observasjonar. Vi vurderer at leiinga ikkje i tilstrekkeleg grad sørgjer for og følgjer med på at evaluering og korrigering vert gjennomført. Manglande evaluering og eventuelt korrigering kan resultere i at tiltaket som vert gjennomført ikkje er i tråd med barnet sine behov, eller at tiltaket verker mot si hensikt.

5.     Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Kommunen sikrar ikkje i stor nok grad at utforming, evaluering og korrigering av mål og tiltak vert gjennomført. Kommunen sikrar heller ikkje at gjennomføring av habilitering/opplæring vert tilstrekkeleg dokumentert. Dette inneber ei for høg risiko for at barna ikkje får habilitering/opplæring i samsvar med sine behov.

6.     Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi forventar at Kinn kommune skal gjere i arbeidet med å rette lovbrotet, slik at kommunen tek i vare krav til medverknad og krav til kvalitet og tryggleik for barn i barne- og avlastningsbustad.

Vi ber Kinn kommune om å:

Gjere greie for kva tiltak som er sett i verk for å rette lovbrotet for å sikre at risiko reduserast når det gjeld utforming, evaluering og korrigering av tiltak for habilitering/opplæring for barn i barne- og avlastningsbustad. Vi ber og kommunen gjere greie for korleis de vil evaluere om tiltaka fører til endring i praksis.

  1. Som del av evalueringa ber vi leiinga gjennomgå barna sine tiltaksplanar for å sikre at planane er oppdatert i tråd med barna sine behov, og gir informasjon om korleis tiltak for habilitering/opplæring skal gjennomførast. Vi ber leiinga melde tilbake om status i dette arbeidet, og ei vurdering av om planane er oppdatert.
  2. Vi ber leiinga gå gjennom den daglege dokumentasjonen av barna sine tiltak for habilitering/opplæring for å sikre at tiltak vert dokumentert i tråd med gjennomføring og tiltaksplan, og at eventuelle avvik frå planen er dokumentert. Vi ber om leiinga si vurdering av om tiltak vert dokumentert regelmessig og om dokumentasjonen gir tilstrekkeleg informasjon om gjennomføringa.
  3. Vi ber leiinga orientere om kva tiltak som er sett i verk for å sikre systematisk evaluering og korrigering av tiltak for habilitering/opplæring, under dette regelmessige møter for tilsette og tid til å gjere denne oppgåva. Vi ber og om leiinga si vurdering av korleis tiltaka har fungert.
  4. Vi ber leiinga orientere om korleis de følgjer med på at tiltaka fungerer over tid og at praksisen er i tråd med lovverket.

Frist for første tilbakemelding er 6. mars 2024. I tilbakemeldinga ber vi om ei framdriftsplan for det vidare arbeidet der det må gå fram kven som har ansvar for kva, og dato for kva tid de meiner tiltaka og evalueringa skal gjennomførast.

På bakgrunn av svaret vil vi nærare konkretisere opplegget for vidare oppfølging frå vår side. Vi vil i oppfølginga av tilsynet invitere leiinga i kommunen til møte for å konkretisere våre forventningar og rettleie derksom det er ønskjeleg.

Tilsynet vert avslutta når kommunen kan dokumentere at praksis er endra og at dei iverksette endringane fungerer over tid.

Endeleg rapport blir sendt til Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no.

 

Med helsing

 

Linda Svori
seksjonsleiar

Ørjan Moldestad
seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent

 

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2022–2023 Barne- og avlastningsboliger habilitering/opplæring i samsvar med barnas behov

Søk etter tilsynsrapporter

Søk