Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren har ført tilsyn med Hardanger barnevern og Ullensvang kommune som er vertskommune for barnevernstenesta. I samband med tilsynet besøkte vi barnevernstenesta den 4.-7. september 2023. Vi undersøkte om barnevernstenesta sørger for at oppfølging av barn i fosterheim blir gjennomført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn får trygge oppvekstvilkår, og nødvendig hjelp og oppfølging.

Tilsynet er gjennomført som del av landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Konklusjon

Tilsynet har avdekka svikt i kommunens styring, leiing og kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Det er ikkje etablert felles praksis for oppfølginga, og leiinga har ikkje eit system for å følgje med på om kvaliteten i arbeidet er i tråd med lovkrav. Informasjon om og frå barn blir ikkje følgd opp og vurdert systematisk.

Dette utgjer samla sett ein risiko for at barn ikkje får oppfølging og hjelp i tråd med lovkrav. Dette er brot på barnevernslova §§ 8-3, 1-4, 1-7, 12-4 og 15-2, jamfør kommunelova § 25-1.

Vi sendte utkast til rapport til kommunen den 20.09.2023. Kommunen meldte 17.10.2023 om at dei ikkje hadde merknader til utkastet til rapport. Dette er den endelege rapporten frå tilsynet. Den vil bli sendt til Statens helsetilsyn og publisert på deira nettside.

For oppfølging av lovbrot viser vi til kapittel 6 i rapporten.

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonsleiar

Gunn Randi Bjørnevoll
seniorrådgjevar

1. Tilsynets tema og omfang

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Tilsynet omfattar undersøking og vurdering av om:

  • Barnevernstenesta legg til rette for og gir barnet moglegheit til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert.
  • Barnevernstenesta planlegg oppfølginga av barnet.
  • Barnevernstenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endring eller ytterlegare tiltak.
  • Barnevernstenestas oppfølging av fosterheimen er heilskapleg og tilpassa den enkelte forsterfamilie.
  • Barnevernstenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging.
  • Barnevernstenesta gjer ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og konkluderer på om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak.
  • Kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet.

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det betyr at Statsforvaltaren har ført tilsyn med om kommunen utfører, styrer og leier arbeidet slik at dei oppfyller aktuelle lov- og forskriftskrav.

Statsforvaltaren skal ikkje overprøve enkeltsaker, men sjå om tenesta systematisk følgjer opp barn i fosterheim i tråd med regelverket. Krava i tilsynet er utforma som overordna krav knytt til arbeidsprosessar i barnevernstenesta, og gjenspeilar det viktigaste som må skje i tenesta for at oppfølginga av barnet skal vere av god og forsvarleg kvalitet.

Det er omsorgskommunens ansvar for oppfølging og kontroll av situasjonen til det enkelte barn i fosterheim som har vore gjenstand for dette tilsynet, jamfør barnevernslova § 9-6 første ledd og forskrift om fosterheim § 1. Tilsynet har omfatta barnevernstenesta si oppfølging av barn som bur i kommunal fosterheim som etter omsorgsovertaking, jamfør barnevernslova § 5-1. Dette betyr fosterheimar i barnets familie eller nære nettverk eller ein ordinær fosterheim som er rekruttert på generelt grunnlag.

Barnevernstenestas ansvar for å følgje opp biologiske foreldre har ikkje vore del av dette tilsynet.

Barn og fosterforeldre sine meiningar om og erfaringar med barnevernstenestas arbeid er viktig informasjon for å vurdere kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval fosterforeldre og barn har derfor blitt intervjua i dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Tilsyn er kontroll med om tenesta sin praksis er i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernsteneste etter barnevernslova § 17-3 første ledd. Under blir det gitt ei skildring av lovkrava som ligg til grunn for tilsynet.

Overordna rettslege føringar

Lovgrunnlaget for tilsynet er lov om barnevernstenester av 18. juni 2021. Vi gjer merksam på at sidan store delar av oppfølgingsarbeidet er gjort etter lov om barneverntenester av 17. juni 1992, vil vi ta omsyn til dette og vurdere arbeidet som er gjort tilbake i tid med utgangspunkt i lova frå 1992 med tilhøyrande forskrifter. For dette tilsynet vil det materielle innhaldet i normeringa for oppfølging av barn i fosterheim, i det vesentlege vere det same etter gamal og ny lov.

Barns rett til omsorg og beskyttelse går fram både av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 19. Barnets behov for omsorg og beskyttelse er også understreka av EMD i fleire saker, og er anerkjent som eit legitimt inngrepsformål ved inngrep i retten til familieliv etter EMK artikkel. Dersom myndigheitene overtek omsorga for eit barn, må dei likevel sette inn tiltak for å leggje til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre så snart det med rimelegheit lar seg gjere, jamfør Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 nr. 2. I barnevernslova går barns rett til omsorg og rett til familieliv fram av § 1-5.

Prinsippet om barnets beste går fram av barnekonvensjonen artikkel 3, Grunnlova § 104 og barnevernslova § 1-3 (§ 4-1 i barnevernlova 1992), og er eit grunnleggande prinsipp for alle handlingar og avgjersler som omhandlar barn. Det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barn, og i vurderingar skal det bli lagt vekt på å gje barn stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet om barnets beste er ei rettesnor for saksbehandling i saker som påverkar barn, og vurderinga av barnets beste heng saman med barnets rett til medverknad.

Barnets rett til medverknad og rett til å bli høyrd går fram av både Grunnlova § 104, FNs barnekonvensjon artikkel 12 og barnevernslova § 1-4 (§ 1-6 i barnevernlova 1992). Barn har rett, men ingen plikt til å medverke. Retten gjeld i heile prosessen og i alle forhold som omhandlar barnet, ikkje berre ved rettsleg eller administrativ avgjerd. Barnets synspunkt skal alltid bli vurdert opp mot annan informasjon i saka. Forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld for alle delar av barnevernstenesta sitt arbeid.

Kravet om forsvarlege tenester i barnevernslova § 1-7 (§ 1-4 i barnevernlova 1992) betyr at tenester må halde tilfredsstillande kvalitet og bli gitt til rett tid i tråd med barns behov.

Barnevernstenesta har plikt til å føre journal, jamfør barnevernslova § 12-4. Journalen skal innehalde alle vesentlege opplysningar og barnevernsfaglege vurderingar som tenesta legg til grunn for sitt arbeid, sine avgjerder og vedtak. Barnevernstenesta har plikt til å dokumentere korleis barnet har fått medverke i saka og korleis barnets meining er vurdert, jamfør forskrift om barns rett til å medverke i barnevernet.

Forvaltningslova gjeld for barnevernets saksbehandling med dei særreglar som er fastsett i barnevernslova § 12-1. Dette betyr til dømes at grunngjeving av vedtak gjeld for saksbehandlinga, jamfør forvaltningslova § 25.

I barnevernslova § 12-5 (§ 6-3a i barnevernlova 1992) er det også inntatt eit særskilt krav til at det skal gå fram korleis barnets meining er vurdert i saka, jamfør forvaltningslova §§ 24 og 25.

Barnevernstenestas plikt til å følgje opp barn i fosterheim

Barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre etter vedtak om omsorgsovertaking, er regulert i barnevernslova § 8-3 (§§ 4-15 og 4-16 i barnevernlova 1992). Barnevernstenesta skal følgje med på korleis barnet utviklar seg, og om det får forsvarleg omsorg. Barnevernstenesta skal på ein systematisk og regelmessig måte vurdere barnets behov. Det betyr å planleggje oppfølginga, innhente informasjon og følgje opp barnet og fosterheimen. Vidare betyr det å nytte informasjonen i saka til å vurdere, konkludere og setje i verk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelp barnet har behov for. Barnet har rett til å medverke i alle deler av arbeidet. Barnevernstenesta må derfor sørge for å ha tilstrekkeleg kunnskap om korleis barnet har det i fosterheimen. Det betyr at barnevernstenesta må ha kontakt med barnet, fosterheimen og andre instansar. Ein del av ansvaret inneber også arbeidet med gjenforeining, samt å legge til rette for samvær med foreldre, søsken og andre nærståande der omsynet til barnet ikkje taler imot dette.

I forskrift om fosterheim § 7 går det fram kva som ligg til barnevernstenestas plikter til kontroll og oppfølging av barn i fosterheimen. Barnevernstenesta si oppfølging skal vere heilskapleg og tilpassa den einskilde fosterfamilie, jamfør fosterheimsforskrifta § 7 andre ledd. Oppfølgingsansvaret inkluderer nødvendig råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og gjeld så lenge barnet bur i fosterheimen.

Barnevernstenesta må sørge for vurdering av oppfølgingsbehovet i fosterheimen, inkluderer fosterforeldras biologiske barn.

Barnevernstenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig, men minst fire gonger i året, jamfør fosterheimsforskrifta § 7 tredje ledd. For barn som har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan barnevernstenesta etter ein konkret vurdering redusere talet på besøk til minimum to gonger i året.

Rettleiing, oppfølging og kontroll av det enkelte barns situasjon, er viktig for at barnevernstenesta skal vite at barnet får den omsorga det har behov for, og om vilkåra for omsorgsovertakinga framleis er til stades. Barnevernstenesta har ansvar for å jamleg vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i barnets omsorgssituasjon.

Barnevernstenesta skal lage plan for barnets omsorgssituasjon, og plan for oppfølging av barnet og foreldra, jamfør barnevernslova § 8-3 fjerde ledd (§ 4-15 tredje ledd i barnevernlova 1992). Tenesta skal òg ha ein fosterheimsavtale med fosterforeldra, jamfør forskrift om fosterheim § 6. Det skal vere plan for samvær mellom barn og biologiske foreldre etter barnevernslova §§ 7-1 og 7-2 (§ 4-19 første og andre ledd i barnevernlov 1992), og individuell plan for barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, jamfør barnevernslova § 15-9 (§ 3-2 a i barnevernlov 1992).

Det er eit krav at barnevernstenesta arbeider planmessig og systematisk, og kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid skal bidra til dette.

Illustrasjon over arbeidsprosess og krava

Illustrasjon over arbeidsprosess og krava flytskjemaet

På flytskjemaet:

  • Planlegge oppfølging av barnet jf. bvl. § 8-3, 4. ledd
  • Iverksette beslutninger knyttet til barnet jf. bvl. § 8-3, 3.ledd, 2. setning
  • Barnet medvirker jf. bvl. § 1-4 og Forskrift om medvirkning i barnevernet
  • Informasjonsinnhenting om barnet jf. bvl. § 8-3, Fosterhjemsforskriften § 7
  • Oppfølging av fosterhjem, inkl. besøk Jf. Fosterhjemsforskriften § 7
  • Vurdere og konkludere på barnets situasjon og behov jf. bvl. § 8-3, 3. ledd, 2. setning
  • Oppfølging av forsterfamilie, inkl. besøk, jf. Fosterhjemsforskriften § 7
  • Journalplikt jf. bvl. §12-4 og systematisk internkontroll jf. Kommuneloven § 25-1

Internkontroll

Det er nær samanheng mellom styring av tenestene og at tenestene er forsvarlege. Kommuneleiinga skal gjennom sin internkontroll følgje med på og understøtte arbeidsprosessane i barnevernstenesta.

Kommunens internkontroll skal bidra til at oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Internkontrollen skal vere systematisk, og den må ha eit omfang og innhald som er tilpassa barnevernstenesta sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Det er rådmannen som er øvste ansvarleg for internkontrollen.

Internkontroll betyr at barnevernstenesta skal planlegge, organisere, utføre og vedlikehalde sine oppgåver i samsvar med lov og forskriftskrav.

Kommunen skal skaffe seg oversikt over, og følgje med på, områder der det er fare for svikt i tenester og der tenestene ikkje følgjer lov- og forskriftskrav, jamfør kommunelova § 25-1, jamfør barnevernslova § 15-2 fjerde ledd (§ 2-1 i barnevernlova 1992). Det skal ikkje vere tilfeldig eller enkeltpersonars initiativ at barnevernets oppgåver blir forsvarleg teke hand om.

På barnevernsområdet må ein sjå krava til internkontroll i samanheng med reglane i barnevernslova som skildrar vesentlege moment som er av betydning for kva som er forsvarleg. Etter barnevernslova § 15-2 andre ledd (§ 2-1 sjuande ledd i barnevernlova 1992) skal kommunen sørge for at dei tilsette i barnevernstenesta får nødvendig opplæring og rettleiing. Ansvaret inneber mellom anna at tilsette må bli følgd opp og få nødvendig støtte i arbeidet.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Ullensvang kommune

Ullensvang kommune har om lag 11 137 innbyggjarar etter samanslåing av kommunane Jondal, Odda og Ullensvang 01.01.2020, jamfør SSB, statistikkbanken 2023.

Per september 2023 var 19 % av befolkninga i Ullensvang kommunen barn, noko som er om lag 1 % lågare enn gjennomsnittet for landet. I følgje Kommunemonitor barnevern bur 1,5 % av barnebefolkninga utanfor heimen etter vedtak frå barnevernstenesta. Landsgjennomsnittet er på 1 %. Under tilsynet fekk vi informasjon om at Hardanger barnevern har oppfølgingsansvar for 17 barn som bur i kommunale fosterheimar etter vedtak om omsorgsovertaking i Barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda).

Ullensvang er vertskommune for barnevernstenesta for kommunane Eidfjord og Ulvik. Det er etablert ein styringsgruppe, der rådmennene frå dei tre kommunane er med. Det skal haldast møte i styringsgruppa ein gong i året, eventuelt oftare ved behov. Barnevernsleiaren er sekretær i styringsgruppa. Ullensvang kommune har akuttberedskap barnevern for desse tre kommunane. Akuttberedskapen er organisert som telefonvakt utanom ordinær arbeidstid, med barnevernsleiar og teamleiar i vaktordning.

Rådmannen er øvste administrative leiar. Kommunen er organisert i fire sektorar med kvar sin kommunalsjef, der barnevernstenesta er lagt til sektor oppvekst og utdanning. Kommunalsjef oppvekst og utdanning har òg ansvar for barnehagar, skular, PPT og logopedtenester, vaksenopplæring og helsestasjonstenesta.

Om barnevernstenesta

Organisering

Barnevernstenesta er organisert med leiar, to teamleiarar, saksbehandlarar, ein kontorfagleg og to familieterapeutar. Teamleiarane har ansvar for kvar sine team: 1) Inntak og undersøking og 2) Tiltak og omsorg. Oppfølging av barn i fosterheim er lagt til tiltak og omsorgsteamet. Teamleiar for tiltak og omsorg er òg nestleiar og stadfortredar for barnevernsleiaren. Barnevernsleiaren og nestleiaren har vore leiarar i barnevernstenesta sidan 2005. Under tilsynet var det fire kontaktpersonar, barnevernsleiar, teamleiar tiltak og omsorg og ein familieterapeut som følgde opp barn i fosterheim.

Barnevernsleiaren har mynde til å ta avgjerd i alle saker, og har overordna fagleg ansvar, personal- og økonomiansvar. Ho er òg ansvarleg for at barnevernstenesta har utarbeidd eit internkontrollsystem som fangar opp avvik og sørger for at feil praksis blir retta og eventuelt meld vidare til kommuneleiinga.

Teamleiaren har ansvar for at barn i fosterheim får oppfølging i tråd med det enkelte barns behov, og å sikre at lovpålagte oppfølgingsbesøk blir gjennomført. Han har òg ansvar for å gje dei tilsette rettleiing og skal gå gjennom enkeltsaker kvart kvartal saman med saksbehandlar, for å sikre at lovkrav er innfridd og at kontaktpersonane har tilstrekkeleg kapasitet til å følgje opp sine saker.

Tilstandsrapport og rapportering

Av årleg tilstandsrapport for 2022 går det fram at tenesta totalt hadde 14 stillingar fordelt på leiar, to teamleiarar, åtte saksbehandlarar og to familieterapeutar. Under tilsynet fekk vi i intervju vite at tenesta totalt har 15 stillingar, der ein stilling er vakant. To av dei fire kontaktpersonane som har ansvar for oppfølging av barn i fosterheim begynte i Hardanger barnevern i 2023. To kontaktpersonar byrjar hausten 2023 på vidareutdanning i Vurdering av barnets beste.

Av kommunens halvårsrapportering for hausten 2022 og våren 2022, går det fram at alle barn som bur i fosterheim har fått lovpålagte oppfølgingsbesøk.

Møtestruktur og rettleiing

Rådmannen har faste leiarmøte med kommunalsjefane ein gong i månaden. Kommunalsjef for oppvekst og utdanning har fagstabsmøte kvar veke med einingsleiarane i sektoren. Den siste tida har ikkje barnevernsleiaren delteke i møta grunna stort arbeidspress. Det er ikkje faste møte mellom barnevernsleiar og oppvekstleiar, men i periodar der mykje skjer har dei kontakt kvar veke, slik at kommuneleiinga skal vere orientert i større saker og om økonomi. Barnevernsleiaren rapporterer kvar månad på økonomi, bemanningssituasjon og liknande. Kvar tredje månad rapporterer barnevernsleiaren meir utfyllande om økonomi og til dømes kva som er årsaka til meirforbruk i barnevernstenesta og eventuelle behov for meir midlar resten av året. Desse rapportane går til kommunalsjef og til rådmann. Vi fekk under tilsynet informasjon om at barnevernstenesta alltid får dei midlane dei treng og at tenesta dei siste åra har fått ekstra løyvingar ut over det som er vedtatt i dei årlege budsjetta. Barnevernstenesta leverer også årleg tilstandsrapport til kommunestyret.

Barnevernsleiaren har ikkje faste møte med teamleiarane. Barnevernsleiar og teamleiar tiltak og omsorg deler kontor, og begge formidla at dei har ein tett dialog om det som rører seg på kontoret. Teamleiaren skal invitere saksbehandlarane til individuell samtale om lag kvar sjette veke. Tema i samtalane er nøkkeltal i sakane som til dømes tilsynsbesøk, tal oppfølgingsbesøk og om kontaktpersonane har samtaler med barnet. Teamleiaren formidla i intervju at han held oversikt over alt som blir bestemt ved at han fører det opp i ei bok. Barnevernsleiaren deltek nokre gonger i samtalane. Det blir ikkje skrive referat i barnas mappe frå saksgjennomgangen med teamleiaren.

Kvar måndag er alle tilsette samla til fagmøte. Det er teamleiar tiltak og omsorg som leier møte. Først gir barnevernsleiaren og kontorfagleg informasjon som kan vera aktuell for alle tilsette, før den kontorfaglege forlet møte. Deretter går undersøkingsteamet gjennom saker som skal overførast til hjelpetiltak, og det blir gjort avtalar i kvar enkelt sak om overføring. Undersøkingsteamet forlet så møte. Resten av møte er via team tiltak og omsorg. Teamleiaren utfordrar kvar tilsett til å informere om saker som dei enten treng rettleiing i eller som kan vera av betydning for dei andre i teamet. Barnevernsleiaren deltek som oftast på måndagsmøta. Det blir ikkje skrive referat frå møta.

Saksbehandlarane får rettleiing i måndagsmøte, og barnevernsleiaren og teamleiaren formidla at dei har ei open dør og er tilgjengeleg når dei tilsette treng dei. Kvar saksbehandlar tek sjølv kontakt med leiinga om dei treng rettleiing ut over måndagsmøte, eller dei treng avklaring i sakene sine. Alle vi intervjua formidla at det er låg terskel på kontoret for at saksbehandlarane søker rettleiing hos kvarandre. Kollegarettleiing var omtala som viktig av dei tilsette, for å få drøfte saker og å dele tips og råd med kvarandre.

Kvalitetssystem og avvik

Kommunen nyttar kvalitetssystemet Compilo. Under tilsynet fekk vi vite at alle tilsette i barnevernstenesta nyleg hadde fått opplæring i korleis dei skal melde avvik via Compilo. I 2023 er det rapportert to avvik frå tilsette i tenesta. Det eine avviket gjaldt at dei tilsette ikkje fekk gjort dei lovpålagte oppgåvene på grunn av arbeidsmengde og for få tilsette. Det andre avviket gjaldt risiko når dei reiser på heimebesøk. Vi fekk vite at det ikkje er registrert avvik på fosterheimsområdet.

dla at dei tilsette i barnevernstenesta er dedikerte og opptekne av at barn og familiar skal få hjelp, men at dei er bekymra for at barnevernsleiaren og teamleiaren ikkje har ein god nok internkontroll på kvaliteten i arbeidet. Dei formidla ønskje om ein overordna plan for barnevernstenesta, som skal sikre at dei har rutinar for arbeidet og internkontroll med kvaliteten i tenesta.

Risiko og sårbarheit

Under tilsynet fekk vi vite at kommunen har bestemt at alle tenester skal gjennomføre ROS-vurdering på sitt område, men at barnevernstenesta ikkje har gjort dette. Kommuneleiinga har derfor satt av ekstern og intern ressurs for å gjere dette, og bestemt at det skal lagast ein plan for å sikre at ROS-vurderinga er ferdig i løpet av hausten.

Både barnevernsleiar og teamleiar formidla i intervju at tenesta er sårbar ved sjukefråvær og i periodar med stort arbeidspress. Kommuneleiinga formidla i intervju at tenesta er sårbar då dei ikkje har etablert eit system for internkontroll, og at det praktiske arbeidet får stor plass framfor systematisk arbeid og internkontroll.

Utviklingsprosjekt

Ullensvang kommune har sidan 2021, i samarbeid med kommunane Voss og Kvam, vore med i utviklingsprosjektet «Utvikling av eit robust og kvalitetssikkert fosterheimsarbeid». Ullensvang var vertskommune dei to første åra. Prosjektet er forankra i det kommunale læringsnettverket som er koordinert av Statsforvaltaren i Vestland. Ifølge prosjektplanen er målsettinga med prosjektet å hindre utilsikta flyttingar gjennom god rettleiing, kursing og systematisk oppfølging av fosterheimane.

Som del av prosjektet er det nyleg utarbeidd ein rettleiar for fosterheimsarbeidet for barnevernstenestene i Hardanger og Voss regionen. Denne skal fungere som eit arbeidsdokument for å systematisere og gi kontinuitet i kartlegginga av nye fosterheimar, og oppfølginga av barn, foreldre, fosterforeldre og fosterforeldres biologiske barn.

Gjennom intervju fekk vi vite at fosterheimane Hardanger barnevern følgjer opp, får tilbod om kurs i Trygg base, Traumebevisst omsorg og Emosjonsfokusert ferdigheitstrening. Vi fekk òg vite at fleire tilsette i barnevernstenesta har fått opplæring i «Ein god start», eit oppfølgingsprogram for nye fosterheimar.

Det er gjennom prosjektet utarbeidd malar og ulike hjelpesystem, som til dømes at det i dokumentet ligg lenker til lovdata, rettleiarar og tolkingsuttaler. Dette er ikkje tatt i bruk av Hardanger barnevern på tilsynstidspunktet. Noko av forklaringa vi fekk er at Ullensvang kommune er ein «Google»-kommune, medan samarbeidskommunane er «Microsoft»-kommunar. Dette inneberer at det er vanskeleg for Ullensvang å få tilgang til klikkbare lenker, og for eksempel vere deltakande i Teams, der mykje av informasjonsdelinga kring prosjektet skjer.

Eigenrapportering om styring og leiing

Barnevernstenesta har i forkant av tilsynsbesøket blitt bedt om å gjennomføre ei eigenrapportering om styring og leiing. I eigenrapporteringa har tenesta skrive at fosterheimsarbeidet har høg prioritet og at tenesta er i ferd med å systematisere fosterheimsarbeidet. Dei har teke i bruk Veilederen.no i opplæring og rettleiing av kontaktpersonar og leiinga. Vidare skriv barnevernstenesta at dei har felles praksis gjennom nedfelte felles rutinar og hjelpemiddel som er fastsett i samarbeidsprosjektet med Voss og Kvam.

Av eigenrapporteringa går det fram at tenesta har jamlege fagsamlingar der dei går gjennom korleis arbeidet skal gjerast, for å sikre samkøyring av arbeidet og rutinar. Det er bestemt at dei tilsette skal få jamleg rettleiing av teamleiar og leiar, og teamleiaren skal ha saksgjennomgang med kontaktpersonane som internkontroll på at sakene blir følgd opp i tråd med lov og forskrift. I tillegg skal dei tilsette få oppfølging gjennom kollegarettleiing kvar veke i enkeltsaker, og hjelp til å langtidsplanlegge sine saker. Det går vidare fram av eigenrapporteringa at når nytilsette byrjar på kontoret, får dei rettleiing i fagleg standard og hjelpemiddel som er nødvendige for å kunne utføre arbeidet. Tenesta skriv at det er ei utfordring i periodar med stort press at leiinga ikkje er godt nok tilgjengeleg for kontaktpersonane då både barnevernsleiaren og teamleiaren har eigne saker dei føl opp.

Oppfølging av barn i fosterheim

På tidspunktet for tilsynet hadde Hardanger barnevern ansvar for oppfølging av 17 barn dei har omsorga for som bur i kommunale fosterheimar. Vi har gått gjennom 11 av 17 saksmapper. Ved val av saker har vi lagt vekt på å gjennomgå saksmapper til barn i ulik alder, variasjon i kor lenge barnet har budd i fosterheim, barn som bur i fosterheim hos familie og nettverk eller i andre familiar, og barn som bur i kommunale fosterheimar.

Vi har intervjua tilsette som arbeider med oppfølging av barn i fosterheim: kontaktpersonar, familierettleiar, teamleiar, barnevernsleiar og kommuneleiinga. I forkant av tilsynet gjennomførte vi òg samtalar med fosterforeldre som blir følgd opp av barnevernstenesta.

Rutinar og praksis for arbeidet

Under tilsynet fekk vi vite av både tilsette og leiinga i barnevernstenesta at det ikkje er etablert ein felles praksis for oppfølgingsarbeidet med tydlege forventingar til dei tilsette, ut over at det skal gjennomførast minimum to eller fire oppfølgingsbesøk årleg og at kontaktpersonen skal snakke med barnet. Både tilsette og leiinga i barnevernstenesta formidla i intervju at det ligg mal i fagprogrammet for oppfølgingsbesøk og samtale med barn, men at det var ulikt om desse vart brukt. Dei tilsette formidla at dei har etterlyst rutinar og malar og at dei har teke dette opp på måndagsmøta og med leiinga i tenesta. Nokre av dei tilsette formidla at dei sjølv har teke i bruk malar frå annan barnevernsteneste for å sikre utfyllande informasjon og vurderingar frå oppfølgingsbesøka. Vår gjennomgang av saksmapper viser at det er stor variasjon i korleis oppfølgingsbesøka og samtalar med barn er dokumentert, og at det varierer om det blir brukt mal og kva mal som blir brukt.

I intervju fekk vi vite at rettleiing frå teamleiar tek utgangspunkt i kontaktpersonens ønskjer om oppfølging, anten på måndagsmøta eller at dei tek direkte kontakt med ham. Teamleiar og barnevernsleiar formidla at teamleiaren går gjennom sakene med kvar kontaktperson om lag kvar 6. veke, der han etterspør informasjon om oppfølginga, nøkkeltal som gjennomførte besøk og samtalar med barnet. Barnevernsleiar og teamleiar formidla at dei hadde god kontroll på kvaliteten i arbeidet og at alle jobbar slik dei skal, gjennom den faste gjennomgangen som teamleiar og leiar har med kvar kontaktperson. I tillegg har dei begge eigne saker dei følgjer opp, som dei kvalitetssikrar gjennom arbeidet dei sjølv gjer i sakene. Dei tilsette formidla at dei ikkje har saksgjennomgang kvar 6. veke, men at dei hadde hatt det to eller tre gonger så langt i år.

Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt med fosterheimen

Det var oppretta ein eigen journalpost i alle saker der slutninga frå barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda) går fram. I saker der kommunen har hatt omsorga for barn over mange år, ligg vedtaket frå nemnda i barnevernstenesta sitt fysiske arkiv. Når nye saksbehandlarar byrjar i tenesta eller det kjem inn ny saksbehandlar i ei sak, får saksbehandlaren hjelp til å hente fram dokumenta. I nye saker ligg vedtaket frå barneverns- og helsenemnda i barnets mappe. Barnevernsleiaren og teamleiar har tilgang til alle sakene.

Alle barna hadde omsorgsplan, men mange av planane hadde overordna målsetjingar, som var lite eigna til å få oversikt eller bruke til å følgje med på barns utvikling. Dei fleste omsorgsplanane var gamle, og var ikkje justert sjølv om saksmappa viste endringar i barnets situasjon og behov. Ved gjennomgang av saksmappene fann vi få planar som gav god oversikt over den samla oppfølginga barna treng og får. Det var få saker med oppfølgingsplan med oversikt over dato for oppfølgingsbesøka for eit år, plan for kontakt med foreldre eller samværsplan for eit halvt eller eit år.

I fleire saksmapper såg vi detaljerte skildringar av barns situasjon, og vi såg at barnevernstenesta innhenta viktig informasjon om barn og fosterheimar. I andre saksmapper var det lite informasjon om barnets behov eller kontakt med andre som til dømes helsetenester eller skule, sjølv om dette tidlegare hadde vore tema i saka eller der barnet var i overgangen til etterverntiltak.

Gjennomgang av saksmapper viser at tenesta gjennomfører oppfølgingsbesøk i fosterheimane, men i fleire saker såg vi at det mangla lovpålagte oppfølgingsbesøk. I fleire av mappene har barnevernstenesta registrert ei årleg fosterheimssamling på hotell som oppfølgingsbesøk. I intervju fekk vi vite at barnevernstenesta gjennomfører oppfølgingsbesøk fire eller to gonger i året i tråd med det tenesta har vurdert er til best for barnet. Saksmappegjennomgangen viser at vurderinga for å justere oppfølgingsbesøka, var ulikt dokumentert. I intervju fekk vi vite at til dømes hyppig kontakt med fosterheimen og at andre instansar var inne i familien, kunne vere årsaka til at oppfølgingsbesøk vart redusert til to gonger årleg. Vi såg i nokre saker at barnevernstenesta hadde redusert tal oppfølgingsbesøk til to gonger i året, samtidig som barnet i fagprogrammet stod oppført med fire årlege besøk.

Oppfølgingsbesøka er ulikt dokumentert i mappene. I dei sakene vi såg på, var det stor variasjon i om innhaldet og tema for besøka gjekk fram, ut over at det var ein oppfølging av barnets situasjon i fosterheimen. I nokre mapper såg vi at det er skrive tre linjer om at barnet har det bra og at det ikkje er noko nytt. I andre mapper såg vi utfyllande referat om barnets situasjon, om skule, helse og fritid, og med vurderingar for kvart av tema som var gjennomgått under besøket. I nokre saker gjekk det fram kva som skulle følgjast opp frå førre besøk, men i mange av sakene gjekk dette ikkje fram. I fleire saker såg vi at barnevernstenesta hadde alvorleg informasjon om barnets helsesituasjon eller informasjon om at barnet var utsett for vald før barnet flytta i fosterheimen, utan at vi kunne sjå om,- eller på kva måte dette var følgt opp. Gjennom intervju fekk vi vite at samarbeid med andre tenester om barnet, vil gå fram av referat frå samarbeidsmøta. Elles var det ulikt korleis dei tilsette dokumenterer kontakt med andre om dei utfordringane barnet har.

Saksgjennomgangen viser at oppfølgingsbesøka er skrive i postjournal frå 2023. Før dette blei referatet skrive i barnets journal, og ikkje sendt ut. Vi fekk i intervju vite at referatet no blir sendt til fosterforeldra, men at referatet frå samtalen med barna blir skrive som journalnotat og at dette ikkje blir sendt ut. Det går derfor ikkje fram av referata før 2023 om innhaldet speglar oppfølgingsbesøket slik fosterheimen og barnet opplevde det, eller om det er usemje om kva som vart snakka og bestemt. Vidare går det ikkje fram av dokumentasjonen om barnet har fått kopi av referat frå oppfølgingsbesøka og samtalen med barnet, og fått lov å uttale seg om dette.

Nokre saksbehandlarar formidla i intervju at når dei skal på oppfølgingsbesøk tek dei med seg referatet frå førre fosterheimsbesøk, for å gjennomgå referatet og høyre om innhaldet spegla oppfølgingsbesøket slik fosterheimen og barnet opplevde det. Dei tilsette formidla også at dei har nokre faste punkt dei sjekkar ut på oppfølgingsbesøket, som til dømes korleis barnet har det i fosterheimen og på skulen, og samvær med foreldre.

Under intervju med saksbehandlarar formidla dei at det ofte er mykje kontakt med fosterforeldra mellom oppfølgingsbesøka, og nokre gonger også med barna. I vår gjennomgang av saksmapper fann vi ikkje alltid at denne kontakten blir dokumentert. I fleire av barnas journalar såg vi få spor av kontakten mellom saksbehandlar og fosterheimen, og i nokre saker lite kontakt med fosterheimen og andre tenester, sjølv om det gjekk fram av saksmappene at barnet hadde utfordringar med til døme helse.

Vurdering og justering av oppfølgingsarbeidet ut frå barns utvikling og behov

I vår dokumentgjennomgang finn vi ofte detaljerte skildringar av barnets situasjon og behov i referat frå oppfølgingsbesøka. Gjennom intervju fekk vi informasjon om at saksbehandlarane kjenner barna og fosterheimane godt, og har følgd dei opp over tid. Vi fekk òg vite i intervju at det er opp til saksbehandlarane sjølve å tilpasse innhald og tema i oppfølgingsbesøka ut frå deira kjennskap til sakene.

Saksbehandlarane formidla at dei sjølv vurderte og bestemte om det skulle gjerast endringar i oppfølginga, men at dei kunne ta det opp med teamleiaren eller på måndagsmøte om det var særskilte utfordringar eller problemstillingar som dei ville drøfte. Vi fekk også vite at saksbehandlarane brukte kvarandre til rettleiing i enkeltsaker, og at det er ein låg terskel for å be om hjelp frå kvarandre.

Teamleiaren eller leiaren blir kopla på om det skal gjerast endringar i tal oppfølgingsbesøk. Barnevernsleiaren blei kopla på ved spørsmål om endringar som har økonomiske konsekvensar. Døme på dette er auke i frikjøp.

Vi såg i nokre saker at saksbehandlar var informert og tett på barnet og fosterheimen i kritiske overgangar, medan det i fleire av sakene ikkje gjekk fram korleis barnevernstenesta følgde opp alvorleg informasjon om barnet og/eller situasjonen i fosterheimen. Døme på dette er ved auke av samvær eller at barnet har behov for hjelp frå helsetenester. Vi såg i nokre saksmapper at fosterheimen over tid hadde meldt til barnevernet behov for avlastning, eller at barnet hadde ulike helseutfordringar, utan at vi såg korleis barnevernstenesta følgde dette opp. I andre saker var saksbehandlaren kopla inn i samband med samarbeidsmøte med andre instansar, utan at det gjekk fram kva som var formålet med møta eller korleis det fekk betydning for oppfølginga vidare.

Saksbehandlarane fortalde i intervju at dei ofte gjer mykje av vurderingane knytt til oppfølginga av barn og fosterheim åleine. Dei gjer vurderingar ut frå deira kjennskap til barnet og familien, og bestemmer sjølv om det bør vere fleire eller færre oppfølgingsbesøk, men at dei vil avklare med teamleiaren eller barnevernsleiaren om det skal gjerast endringar i tal oppfølgingsbesøk. Det er i liten grad dokumentert i sakene kva vurderingar som er gjort om tal oppfølgingsbesøk og kven som har gjort vurderingane.

Gjennom intervju fekk vi vite at det ikkje er etablert praksis i tenesta for å dokumentere interne drøftingar i saka eller rettleiinga frå teamleiar eller barnevernsleiar. Både leiinga og dei tilsette formidla at dei ikkje skriv ned vurderingar som blir drøfta internt eller kva som er bestemt, men dei formidla at det ville gå fram i dokumenta i det vidare arbeidet i saka. Vår gjennomgang av saksmappene viste at det i dei fleste sakene var vanskeleg å sjå ein raud tråd og forstå kva vurderingar som låg bak korleis oppfølginga var innretta eller dei justeringane som blei gjort.

Barnevernstenesta har ikkje faste stoppunkt eller evalueringar i sakene. I nokre saker kunne vi sjå at spørsmål om forsterkingstiltak eller frikjøp var teke opp med fosterforeldre på oppfølgingsbesøk. Det går likevel ikkje fram av saksmappene at det vert gjort ei systematisk evaluering av tiltaket. Det går heller ikkje alltid fram om barnevernstenesta har følgd opp det som var bestemt tidlegare og eventuelt kvifor dette ikkje er gjort. I fleire av saksmappene mangla det informasjon om korleis barnevernstenesta brukar kjennskapen dei har om barnet og fosterheimen til å tilrettelegge oppfølginga. Det er ikkje dokumentert samla vurderingar av barnets behov, om fosterheimen klarer oppgåva med å ivareta barnet og eventuelt kva dei treng for å ivareta barnet vidare. Vi fekk i intervju vite at det er opp til den enkelte saksbehandlar å vurdere behov for justering i tiltaket, og at det ikkje er ein praksis for faste evalueringspunkt ut over å drøfte forsterkingstiltak med fosterforeldre under oppfølgingsbesøka.

I mappegjennomgangen såg vi døme på at samvær blir auka opp eller gjennomført på andre måtar etter ønskje frå barn og foreldre. Vi såg ikkje vurderingar av om samværsomfanget var til beste for barnet, eller korleis barnevernstenesta følgjer med på om samværsomfanget er riktig. Vidare såg vi døme på at barn har hatt samvær med foreldre barnet knapt kjenner, utan at det gjekk fram barnevernsfaglege vurderingar av om samværet var til beste for barnet eller korleis samværa skulle tilretteleggjast for at det skulle vere trygt for barnet. Vi fann heller ikkje evaluering i etterkant av samværet, ut over at barnet ikkje hadde hatt kontakt med forelder etter samværet. Gjennom intervju har vi fått vite at det ikkje er faste stoppunkt for vurdering av samvær og eventuelt tilbakeføring i sakene, men at samvær nyleg har vore tema i nemnd-saker.

I samtalar med fosterforeldre i samband med tilsynet, har vi fått vite at fleire er nøgd med oppfølginga frå barnevernstenesta og at dei fleste opplever at saksbehandlar er tilgjengeleg. Dei fleste formidla at kontaktpersonen er tett på og kjem hyppig på besøk. Nokre fosterforeldre formidla at dei har etterspurt meir avlastning, utan at dei har fått tilbakemelding på dette. Nokre sakna også ein tydelegare plan for når barnet skal ha samvær. Dei formidla at dei opplever at barnevernstenesta jobbar for at barn skal møte foreldre utan at barnevernstenesta tek omsyn til barnet reaksjonar i samband med samværa eller tek omsyn til at foreldra har utsett barn for alvorleg omsorgssvikt eller vald før barnet vart flytta frå foreldreheimen.

Oppfølging av informasjon frå tilsynsperson og anna informasjon

Barna har tilsynsperson, og vi ser at rapportar frå tilsynsbesøk blir registrert som mottatt i barnets journal. Gjennom intervju fekk vi vite at saksbehandlarane les rapportane frå tilsynspersonane, og etterspør rapportane dersom dei manglar. Vi har også blitt fortalt at nokre saksbehandlarar har rettleia tilsynsperson der det var behov for at tilsynspersonen tek opp konkrete tema med barnet/fosterheimen eller at tilsynspersonen må skrive meir utfyllande rapportar. I ei sak såg vi at tilsynspersonen var tydeleg på at fosterheimen hadde behov for meir hjelp og støtte frå barnevernstenesta, utan at vi såg at dette vart følgt opp av barnevernstenesta.

Medverknad

I vår gjennomgang av saksmapper og i intervju går det fram at barnevernstenesta har kontakt med barna, og at barn stort sett vert snakka med under oppfølgingsbesøka. Der barn ikkje vil snakke med saksbehandlaren, går det fram av barnets journal. Det går også fram at barnevernstenesta legg til rette for at barn får snakke med barnevernstenesta åleine. Det går ikkje fram av referat frå samtalar med barn eller oppfølgingsbesøka om barna har fått tilbod om å ha med seg tillitsperson i samtale med barnevernstenesta.

I intervju med tilsette fekk vi nokre eksempel på korleis dei la til rette for at barna kunne snakke trygt med barnevernstenesta, men dette gjekk i liten grad fram av saksmappene. Vi såg døme på at kontaktpersonen gjennomfører samtalar på ulike måtar, til dømes på biltur, ute, på skulen eller ved å gjennomføre ulike aktivitetar saman med barnet.

I dei sakene der barnevernstenesta ikkje har snakka med barna, går det ikkje alltid tydeleg fram om tenesta har vurdert kvifor barnet ikkje vil snakke, eller om barnevernstenesta har teke stilling til korleis dei kan legge til rette for at barnet skal få medverke. Vi fann vidare få spor av at barnevernstenesta forsøkte å motivere barnet til å medverke, ut over at kontaktpersonen la til rette for samtale med barnet på oppfølgingsbesøka. Det gjekk ikkje alltid fram i saksmappene korleis barnevernstenesta jobbar for å få fram barnets synspunkt og stemme i desse sakene.

Fleire saksbehandlarar fortel at dei gjer seg tilgjengelege for barn og fosterforeldre utanom fosterheimsbesøk, og at dei kan ta kontakt ved behov. Dette fekk vi bekrefta i samtalar med fosterforeldre, som formidla at saksbehandlarane stort sett er lett å få tak i og tilgjengelege når fosterforeldre tek kontakt.

Gjennom intervju har vi fått vite at barna får informasjon i forkant av oppfølgingsbesøk eller samtalar, oftast ved at fosterforeldra gir barna informasjon, til dømes om kva barnevernstenesta ønskjer å snakke med barnet om. Saksbehandlarane fortel også at dei lagar avtalar med barn om kva informasjon frå barnet som kan formidlast til andre, der dette er aktuelt. I saksmappene såg vi døme på at barnevernstenesta har justert oppfølginga av barn i tråd med deira ønskjer, til dømes at barn ønskjer meir samvær med foreldre, og barnevernstenesta har justert opp. Det går ikkje alltid fram i mappene korleis barnevernstenesta nyttar informasjon om og frå barn til å gjere vurderingar opp mot annan informasjon i saka, som til dømes om barnevernstenesta tek stilling til om barnets ønskje om auka samvær er til det beste for barnet.

Leiing og internkontroll

Vi fekk gjennom intervju med tilsette og leiinga i barnevernstenesta informasjon om at det ikkje er bestemt kva malar som skal brukast i oppfølgingsarbeidet, og at det er ulikt i kvar sak korleis arbeidet blir dokumentert. Dei tilsette formidla at det ikkje er klare forventingar til korleis arbeidet skal utførast, ut over at leiinga etterspør om dei lovpålagte oppfølgingsbesøka og samtale med barn er gjennomført.

Vidare formidla dei tilsette at dei sjølv har teke i bruk malar frå andre barnevernstenester og at dei har formidla til leiinga at dei ønskjer malar som hjelper dei i arbeidet. Dei tilsette formidla òg at dei har bedt om at avklaring av forventingar til oppfølgingsarbeidet og arbeid med malar blir tema i måndagsmøte. Barnevernsleiaren og teamleiaren formidla i intervju at dei har internkontroll gjennom teamleiaren sin saksgjennomgang med dei tilsette kvar 6. veke. Dei tilsette formidla i intervju at dei har hatt saksgjennomgang to til tre gonger så langt i år. Vi fekk òg vite at det ikkje er praksis for at teamleiar eller barnevernsleiar les og kvalitetssikrar arbeidet ved til dømes å lese referat frå oppfølgingsbesøk eller samtalar med barn. Det er heller ikkje etablert praksis med til dømes stikkprøver i barnas saksmapper.

Alle formidla i intervju at utviklingsprosjektet var lite kjent, og at dei ikkje har teke i bruk malar eller rutinehandboka frå prosjektet. Barnevernsleiaren formidla at rutinehandboka som er utarbeidd saman med Voss og Kvam er for omfattande og at den må justerast før tenesta kan ta den i bruk.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Internkontroll og tenestas eigenrapportering

På tidspunktet for tilsynet hadde kommuneleiinga fanga opp at det var svikt i styring og internkontrollen i barnevernstenesta, men det var ikkje sett i verk tiltak ut over at kommuneleiinga har leigt inn ekstern og intern ressurs til å bistå barnevernsleiinga i å gjennomføre ROS-vurdering av barnevernstenesta hausten 2023. Leiinga var ikkje kjent med at det manglar ein felles struktur for arbeidet, og at det i stor grad er opp til den einskilde saksbehandlar korleis oppgåver blir gjort. Planlegging, oppfølging, evaluering og justering av oppfølgingsarbeidet tek ikkje utgangspunkt i ein felles struktur, men tek utgangspunkt i den einskilde kontaktperson sine vurderingar og kjennskap til barnet og fosterheimen. Etter vår vurdering har dette ført til ulik praksis. Manglande felles rutine og struktur gjer det òg vanskeleg for leiinga å fange opp om oppfølginga som barna og fosterheimane får er forsvarleg.

Den rettleiinga som blir gitt gjennom måndagsmøta og gjennomgang av nøkkeltal saman med teamleiar, er etter vår vurdering ikkje innretta for å sikre felles praksis i oppfølgingsarbeidet. Slik rettleiinga er innretta i dag, er det opp til den enkelte saksbehandlar å be om rettleiing i sine saker, ut over at teamleiaren kontrollerer om tal lovpålagte oppfølgingsbesøk og samtalar med barn blir gjennomført. Dette medfører etter vår vurdering ein stor risiko for at dei tilsette ikkje får den hjelpa dei treng til å innrette oppfølgingsarbeidet i tråd med barnets- og fosterheimens behov. I tillegg meiner vi rettleiinga ikkje er innretta slik at leiinga følgjer med på kvaliteten i enkeltsaker eller fangar opp svikt i oppfølgingsarbeidet.

Oppsummert betyr dette at leiinga i Ullensvang kommune ikkje har oversikt over område med fare for svikt og ikkje har sett i verk tilstrekkelege tiltak for å førebygge at svikt skjer. Dette er brot på kommunelova § 25-1 tredje ledd, jamfør barnevernslova § 15-2 fjerde ledd.

Medverknad

Tilsynet har vist at Hardanger barnevern legg til rette for å snakke med barna, og at det er ei merksemd på å snakke med barnet åleine. Vi meiner likevel at det er ein risiko for at barn ikkje får medverke i tråd med lovkrav. Vi meiner det er stor variasjon i korleis barn får medverke og korleis informasjon om og frå barn blir følgt opp. Barn blir som regel snakka med, men det går ikkje alltid fram kva barn får informasjon om, om barn veit kva som er målet med samtalen og om informasjon frå tidlegare samtalar blir følgt opp. Sjølv om nokre barn har fått tilbod om å ha med seg ein person barnet er trygg på i enkelte samtalar, er det ikkje ein fast praksis for å tilby barnet å ha med seg ein tillitsperson i samtalen. Vi ser heller ikkje korleis tenesta legg til rette for at barn kan få medverke på andre måtar enn at barnet får tilbod om å snakke med kontaktpersonen.

Planlegging og gjennomføring av oppfølgingsbesøk og anna kontakt

Tilsynet har avdekka ein stor variasjon i korleis oppfølginga av barna blir gjennomført. Sjølv om leiinga stiller krav til talet oppfølgingsbesøk, at barn blir snakka med og at saksbehandlaren skal vere tilgjengeleg for fosterheimane, er det ikkje etablert ein felles praksis for å sikre at innhaldet i oppfølginga er forsvarleg. Det er vår vurdering at det i for stor grad er opp til den enkelte saksbehandlaren å vurdere og planlegge innhaldet i oppfølginga.

Sjølv om det føreligg omsorgsplanar i alle saker og plan for oppfølgingsbesøk eller samvær i nokre saker, er det ikkje dokumentert målsetjingar som barnevernstenesta skal jobbe etter eller kva område barnevernstenesta skal ha merksemd på i oppfølgingsarbeidet. Det kjem ikkje tydeleg fram kva som er barns behov og korleis behovet skal følgjast opp i den enkelte saka. Dette medfører ein risiko for at arbeidet ikkje blir planmessig og systematisk, og at det er krevjande for barnevernstenesta å vurdere om barn får den oppfølginga dei har krav på, ut frå sine behov. Vidare er det risiko for svikt ved sjukdom i tenesta, eller dersom sakene må fordelast til andre, ved at viktig informasjon om barnet og fosterheimen eller dei barnevernsfaglege vurderingane ikkje er dokumentert i barnets mappe.

Vi har fått vite at saksbehandlarane har mykje kontakt med barn, fosterheimar, foreldre og samarbeidande instansar. Saksbehandlarane fortel også at dei les rapportane frå tilsynsbesøk og at dei etterspør rapportar som ikkje er komne. Vi har også døme på at saksbehandlarane tek kontakt med tilsynspersonen der det har skjedd endringar i barnets liv. Sjølv om barnevernstenesta samla sett har mykje informasjon i sakene, meiner vi at barnevernstenesta ikkje har eit godt nok system for å sikre at den samla informasjonen om barna blir sortert og vurdert med tanke på å planlegge den vidare oppfølginga av barnet. Igjen viser vi til at dette ikkje er sett i system, men er opp til den enkelte saksbehandlar å vurdere og følgje opp.

Vurderingar og justeringar av oppfølgingsarbeidet ut frå barnets utvikling og behov

Det er i stor grad er opp til den einskilde saksbehandlar korleis oppgåver blir gjort. Planlegging, oppfølging, evaluering og tema for drøftingar tek ikkje utgangspunkt i ein felles struktur, men i den

einskilde kontaktperson sine vurderingar. Etter vår vurdering kan dette føre til ulik praksis, og gjere det vanskeleg for leiinga å fange opp om oppfølginga som barna og fosterheimane får er forsvarleg. Vi er kjent med at det blir gjennomført interne drøftingar på kontoret, der saksbehandlarane tek opp problemstillingar i sakene. Likevel går det ikkje fram kva som har blitt drøfta eller korleis dette har fått betydning for den vidare oppfølginga av barnet. Sjølv om leiinga har fast gjennomgang med saksbehandlarane i sakene, meiner vi at dette ikkje er tilstrekkeleg til å fange opp risiko for svikt eller manglar i kvaliteten på oppfølginga.

Det er stor variasjon i korleis oppfølginga av barn og fosterheimar blir dokumentert. I fleire saker er det mykje informasjon, men vi ser ikkje at informasjonen blir sortert og vurdert med tanke på kva som er barnets behov. I dei fleste sakene manglar det barnevernsfaglege vurderingar. I nokre saker har vi sett at barnevernstenesta får bekymringsfull informasjon frå barn og fosterforeldre, utan at vi kan sjå at oppfølginga frå barnevernstenesta blir evaluert og justert. I dei fleste saker manglar det barnevernsfaglege vurderingar av om talet på oppfølgingsbesøk og innhaldet i oppfølginga er i tråd med behovet til barnet og fosterheimen, til dømes når det gjeld samvær, helsehjelp, frikjøp eller avlastning til fosterheimen.

Vi meiner tilsynet har vist at kommunen ikkje har etablert eit system som sikrar at leiinga fangar opp manglar i kvaliteten på arbeidet. Når barnas saksmapper ikkje gir eit fullstendig bilete av barnets behov, og det ikkje går fram faste tidspunkt for evaluering, justering og oppdatering av informasjonen, meiner vi at barnevernstenesta ikkje har eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere barnets utvikling.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Tilsynet har avdekka svikt i kommunens styring, leiing og kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Det er ikkje etablert felles praksis for oppfølginga, og leiinga har ikkje eit system for å følgje med på om kvaliteten i arbeidet er i tråd med lovkrav. Informasjon om og frå barn blir ikkje følgd opp og vurdert systematisk.

Dette utgjer samla sett ein risiko for at barn ikkje får oppfølging og hjelp i tråd med lovkrav. Dette er brot på barnevernslova §§ 8-3, 1-4, 1-7, 12-4 og 15-2, jamfør kommunelova § 25-1.

6. Oppfølging av lovbrot

Vi ber om at kommunen utarbeider ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrotet, og sender den til Statsforvaltaren innan 01.12.2023. Planen bør innehalde følgjande:

  • Konkrete målformuleringar for kva som skal forbetrast
  • Tiltak som skal gjennomførast for å skape forbetring og nå måla
  • Ansvarleg for dei ulike tiltaka
  • Fristar for iverksetting av tiltak og dato for evaluering av om tiltaka har hatt effekt som planlagt
  • Skildring av korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir satt i verk og
  • gjennomført
  • Skildring av korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka har effekt

Kort tid etter at planen er mottatt, vil Statsforvaltaren ta kontakt med kommunen for å gje tilbakemelding på plan for retting av lovbrot og planlegge for vidare dialog.

Statsforvaltaren skal følgje opp tenesta til praksis er i tråd med lovkrav. For å undersøke om tiltaka har ført til endring av praksis, vil kommunen på eit seinare tidspunkt bli bedt om å utføre ein eigenkontroll.

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonsleiar

Gunn Randi Bjørnevoll
seniorrådgjevar

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart sendt 03.05.2023.

Førebuande møte vart gjennomført 16.06.2023 på Teams.

Tilsynet vart gjennomført ved besøk i barnevernstenesta i Ullensvang med mappegjennomgang og intervju 04.09.2023–07.09.2023. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn og førebels konklusjon vart halde 07.09.2023.

Vi har fått tilsendt dokument frå kommunen. Følgjande dokument er gjennomgått og vurdert som relevant for tilsynet:

  • Liste over barn som barnevernstenesta har omsorgen for og som bur i kommunale fosterheimar
  • Organisasjonskart oppvekst og utdanning
  • Organisasjonskart barnevernstenesta
  • Delegasjon til barnevernstenestas administrasjon 09.2005
  • Oversikt tilsette som arbeider med oppfølging av fosterheimar
  • Stillingsinstruks for barnevernsleiar, nestleiar/teamleiar tiltak og omsorg og kontaktperson/saksbehandlar for hjelpetiltak og fosterheimsoppfølging
  • Oversikt over møtestruktur
  • Rettleiar i oppfølging av barn, foreldre og fosterforeldre for barnevernstenestene i Hardanger og Voss regionen
  • Prosedyre fosterheimsarbeidet
  • Bufdirs sjekkliste for barnevernstenesta «Hvilken informasjon bør fosterhjemmet få når et barn skal flytte i fosterhjem?»
  • Mal oppfølgingsbesøk i fosterheim
  • Mal barnesamtale
  • Eigenrapportering om styring og leiing av barnevernstenesta
  • Tilstandsrapport for barnevernstenesta 2022, med kompetanseplan m.
  • Vertskommuneavtale 01.2021

Under tilsynet har vi gjennomgått saksmapper til 11 barn i fosterheim som barnevernstenesta har oppfølgingsansvar for. Under mappegjennomgangen har vi gjennomgått dokumentasjon for to år tilbake i tid, i tillegg til relevante grunnlagsdokument (vedtak om omsorgsovertaking, omsorgsplan, rettsdokument om endring i samvær, krav om tilbakeføring og liknande).

Som del av informasjonsinnhentinga, har vi snakka med nokre fosterforeldre.

Tabellen under viser kven som vart intervjua, og kven som deltok på det oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse gjennomførte tilsynet:

  • Seniorrådgjevar, Anne Vibeke Barkved, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Bård Tyldum, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • Rådgjevar, Anna Vattekar Sandvoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Gunn Randi Bjørnevoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2022–23 Barneverntjenestens ansvar for oppfølging av barn plassert i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk