Meny
1. Samandrag
På oppdrag frå Statens helsetilsyn undersøkte statsforvaltarane i 2022–2023 om barn som bur i fosterheim etter omsorgsovertaking, får forsvarleg oppfølging frå barnevernstenesta.
Tilsynet var retta inn mot arbeidsprosessane i barnevernstenesta og undersøkte om
- barnevernstenesta legg til rette for og gjev barnet høve til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert
- barnevernstenesta planlegg oppfølginga av barnet
- barnevernstenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om utviklinga og omsorgssituasjonen til barnet og behovet for endringar eller om det er behov for fleire eller meir omfattande tiltak
- oppfølginga av fosterheimen frå barnevernstenesta er heilskapleg og tilpassa den enkelte fosterfamilien
- barnevernstenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging
- barnevernstenesta gjer ei forsvarleg vurdering av utviklinga og omsorgssituasjonen til barnet og konkluderer på om det er behov for endringar eller om det er behov for fleire eller meir omfattande tiltak
- barnevernstenesta set i verk nødvendige avgjerder om behov for endringar eller om det er behov for fleire eller meir omfattande tiltak
- kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet
Tilsynet vart gjennomført i 52 barnevernstenester med systemrevisjon som metode. Denne rapporten er ei samanstilling av funn og vurderingar statsforvaltarane har gjort frå dei 52 tilsyna.
Kva fann vi?
Helsetilsynet ser at barnevernstenestene i hovudsak gjennomfører dei lovpålagde oppfølgingsbesøka i fosterheimane, og at barna blir snakka med. Dette er ei forbetring samanlikna med førre landsomfattande tilsyn med oppfølging av barn i fosterheim i 2013 og 2014.
Det er likevel peika på lovbrot i 36 av dei 52 tilsyna som vart gjennomførte i 2022 og 2023. Det er eit hovudfunn at oppfølginga av barn som bur i fosterheim etter omsorgsovertaking, ofte ikkje er systematisk og heilskapleg. Vi finn blant anna at:
- planlegginga av oppfølginga ofte knyter seg til det enkelte besøket og at det ikkje er ein aktiv bruk av planar i oppfølgingsarbeidet
- det manglar systematikk i informasjonsinnhentinga når det ikkje er etablert faste arenaer rundt barnet som ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte
- det blir gjort vurderingar av barnet sine behov, men vurderingane blir ikkje dokumenterte. Dette gjer det ofte krevjande å sjå om vurderingane som er gjorde, er i samsvar med barnet sine behov
- nødvendige avgjerder blir stort sett sette i verk, men når vurderingane som ligg til grunn for avgjerda ikkje er dokumenterte, blir det vanskeleg å vite om dei faktiske behova til barnet blir dekte
I 34 av 36 tenester der det er konstatert lovbrot, er det funne brot på plikta til internkontroll etter kommunelova. Det varierer kva forhold innanfor internkontrollen som sviktar. Vi ser likevel ofte at tenestene ikkje har etablert eit system som sikrar at sentrale forhold i oppfølgingsarbeidet blir etterspurde, kontrollerte og kvalitetssikra. Leiinga i kommunen har ofte ikkje oversikt over område med svikt eller risiko for svikt, og det er ikkje sett inn korrigerande tiltak.
Det er vidare eit gjennomgåande funn hos tenestene der det er konstatert lovbrot, at det er funne brot på plikta til dokumentasjon. Manglande dokumentasjon kan finnast i alle fasane av arbeidsprosessen, men det viser seg særleg i tilknyting til dei barnevernsfaglege vurderingane som blir gjorde undervegs i arbeidet, og kva som er barnet si meining og kva vekt barnet si meining er gjeven. Mangelfull dokumentasjon er eit gjennomgåande funn også i førre landsomfattande tilsyn frå 2020 og 2021 som omfatta arbeidet barnevernstenesta gjer med undersøkingar (Helsetilsynet, 2022). Når mangelen på dokumentasjon blir omfattande, er det stor risiko for følgjefeil og at det ikkje blir kontinuitet i arbeidet. Dette kan få store konsekvensar for oppfølgingsprosessen og rettstryggleiken til både barn og fosterforeldre, særleg sett i samanheng med turnover, sjukefråvær og kompetanse i barnevernstenesta. Det får også den konsekvensen at leiinga ikkje kan følgje med på om barnet får den oppfølginga det skal ha. For tilsynet blir det også krevjande å etterprøve om dei faktiske behova til barnet er følgde godt nok opp.