Meny
4. Vurderingar og tilrådingar frå Helsetilsynet
Helsetilsynet ser at det blir gjort mykje godt oppfølgingsarbeid av barn i fosterheim. Tilsynet frå statsforvaltarane viser at barnevernstenestene besøkjer barna, er tilgjengelege og snakkar med barna. Hovudinntrykket frå dei barna og fosterforeldra som har vorte snakka med, er at dei har jamleg kontakt med barnevernstenesta om oppfølginga av barnet, og at kontaktpersonen er tilgjengeleg. Dette er ei forbetring i oppfølgingsarbeidet samanlikna med førre landsomfattande tilsyn om same tema i 2013 og 2014, som blant anna viste omfattande svikt i lovpålagde krav til besøk og brot på medverknad frå barnet.
Samtidig finn vi lovbrot i nærare 70 prosent av tilsyna. Det som går igjen, er mangelfull planlegging og systematikk i oppfølgingsarbeidet og mangelfull styring, leiing og internkontroll. Helsetilsynet er særleg bekymra for at det er mangelfull dokumentasjon av arbeidet gjennom heile arbeidsprosessen, inkludert dei barnevernsfaglege vurderingane som skal gjerast fortløpande og dokumentasjon av medverknad frå barnet. For det enkelte barnet vil manglande dokumentasjon i saka medføre ein risiko for at barnet ikkje får den omsorga han eller ho treng. Manglande dokumentasjon gjer det krevjande å sjå kva for aktivitetar som er gjennomførte og kva som ikkje blir gjort. Oppfølgingsarbeid med barn som bur i fosterheim, er ein samanhengande arbeidsprosess. Dersom det er store hol på eitt trinn i ein arbeidsprosess, kan dette få konsekvensar for og påverke heile prosessen. Dokumentasjon av dei vurderingane som blir gjorde undervegs i oppfølgingsarbeidet, er særleg viktig for å sikre kontinuitet i arbeidet ved sjukdom og byte av kontaktperson og gjere det mogleg å etterprøve at oppfølginga står i samanheng med dei faktiske behova barnet har, og om det er behov for endringar i vedtaket om omsorgsovertaking. Vidare er dokumentasjon ein føresetnad for at leiinga kan følgje med på at det blir gjeve tenester til barnet som er i tråd med behova barnet har. Systematisk mangel på dokumentasjon inneber at det ikkje er god nok styring og internkontroll. Dette samsvarer godt med funn i andre tilsyn og utgreiingar.
Helsetilsynet ser vidare at mange barnevernstenester har utfordringar i oppfølgingsarbeidet som også er utfordringar på barnevernsområdet i stort. Dette handlar blant anna om høg grad av turnover, sjukemeldingar og manglande forvaltningskompetanse. Dette er forhold som gjer det ekstra viktig med dokumentasjon av oppfølgingsarbeidet og dei vurderingane som blir gjorde.
Dei siste ti åra, sidan førre landsomfattande tilsyn med oppfølging av barn i fosterheim, har det skjedd store endringar på barnevernsområdet. Det er sett i verk omfattande tiltak, som ny barnevernslov og kompetansestrategien. Blant anna på bakgrunn av dei mange EMD-dommane mot Noreg har det også vorte sett i gang opplæringstiltak for å betre forvaltningskompetansen i barnevernstenesta. For oppfølging av barn i fosterheim er det særleg relevant at det er sett i verk regelverksendringar som gjer tydeleg kommunen si plikt til å ha ei planlagd, systematisk og heilskapleg oppfølging av barn i fosterheim, og tydelegare krav til dokumentasjon (barnevernslova § 8-3 og fosterheimsforskrifta §§ 8 og 9). Barne- og familiedepartementet har nyleg lagt fram ei fosterheimsmelding (Meld. St. 29 (2023–2024)). I meldinga føreslår departementet fleire tiltak som skal bidra til meir stabilitet og tryggleik for barn som må bu i fosterheim. Dette omfattar blant anna å etablere kompetansestøtteteam i Bufetat som stør arbeidet barnevernstenesta gjer ut frå dei konkrete behova til barnet og fosterheimen. Bufdir har også nyleg gjort ferdig ein rettleiar om oppfølging av barn i fosterheim (publisert april 2024.) Tiltaka er relevante for å betre kvaliteten på oppfølgingsarbeidet til barnevernstenesta.
Det er, slik Helsetilsynet vurderer det, godt regulert kva rettar barn og fosterforeldre har, og kva plikter barnevernstenesta har i oppfølgingsarbeidet. Det er etter Helsetilsynet si vurdering ikkje behov for ytterlegare lovregulering knytt til oppfølgingsarbeidet. Vi ser likevel eit behov for konkrete forbetringstiltak på området. Vi meiner Bufdir må sørgje for ei betre implementering av regelverket om oppfølging av barn etter omsorgsovertaking. Helsetilsynet meiner at ein sentral del av dette må vere å sørgje for at barnevernstenestene får god kunnskap om den nye rettleiaren om oppfølging av barn i fosterheim. Den nye rettleiaren vil kunne vere eit nyttig verktøy for barnevernstenestene. Vi meiner likevel at rettleiaren kunne vore tydelegare på betydninga av og samanhengen mellom dei ulike fasane i arbeidsprosessane, medrekna dokumentasjonen av oppfølgingsarbeidet, og tilrår ei oppdatering av rettleiaren i tråd med dette.
Helsetilsynet ser også behov for å auke kvaliteten på dokumentasjonen frå barnevernstenesta i heile arbeidsprosessen med oppfølging av barn i fosterheim. Vi er kjende med arbeidet med å utvikle og ta i bruk eit digitalt fagleg kvalitetssystem (DigiBarnevern) som skal gje fagleg og juridisk støtte i arbeidet med vurderingar, avgjerder og dokumentasjon gjennom ulike fasar av ei barnevernssak og i bruken av ulike tiltak. Vi oppmodar alle kommunar om å ta i bruk dette.
Det er viktig å understreke at det er kommunane som har ansvaret for barnevernet. Politisk og administrativt leiarnivå i kommunen må ta ansvar og eigarskap for forbetringsarbeid på området slik at barna blir sikra forsvarleg oppfølging medan dei bur i fosterheim. Dette krev etter vår vurdering auka kunnskap om arbeidet i barnevernet. Kommunen må bruke informasjon om eigen praksis, identifisere risiko og setje i verk tiltak og også følgje med på at dei tiltaka dei set i verk, har ønskt verknad.
Oppsummert tilrår Helsetilsynet følgjande:
- Bufdir bør sørgje for at rettleiaren om oppfølging av fosterheim blir godt kjend i kommunen.
- Bufdir bør oppdatere rettleiaren for å få tydelegare fram samanhengen mellom arbeidsprosessar.
- Kommunen må sørgje for forsvarleg dokumentasjon i alle delar av arbeidsprosessen for å sikre ei systematisk og heilskapleg oppfølging av barn i fosterheim. Helsetilsynet oppmodar kommunane om å ta i bruk digitalt fagleg kvalitetssystem utvikla gjennom Digibarnevern.
- Kommunane må betre styringa og leiinga av oppfølgingsarbeidet ved å bruke informasjon om eigen praksis, identifisere risiko og setje i verk tiltak. Kommunen må også følgje med på at dei tiltaka dei set i verk, har ønskt verknad.