Hopp til hovedinnhold
Innhold

Meny

Innhold  
Rapport fra Helsetilsynet

Det viktigaste er at barna er trygge og har det bra.

Oppsummering av landsomfattande tilsyn med barne- og avlastingsbustader 2022–2023

Rapport frå Helsetilsynet 7/2024

Illustrasjon av avlastningsboligen. En tenåring sitter i rullestolen. Det står fire voksne mennesker og en jente ved siden. Tre av dem hjelpepleiere. Den ene gir en ball til ungen i rullestolen.

Rapport 7/2024 er ei oppsummering av landsomfattande tilsyn med om barn i barne- og avlastingsbustader får habilitering i samsvar med behova sine.

Statsforvaltarane gjennomførte tilsyn med 67 barne- og avlastingsbustader i alle fylka i landet. Stasforvaltarane undersøkte om bustadene har tilstrekkeleg informasjon om situasjonen og behovet til barnet, om dei bruker denne informasjonen til å identifisere behov for habilitering, og til å forme ut mål og tiltak for barnet, om dei gjennomfører tiltak for habilitering og om dei evaluerer og korrigerer mål og tiltak for habiliteringa.

Helsetilsynet samanfattar funna i fem hovudkonklusjonar:

  • Manglande kunnskap fører til at barna ikkje får habilitering.
  • Barn og foreldre blir ikkje involverte, og tenesta blir derfor ikkje tilpassa barna.
  • Manglande styring og leiing fører til fagleg svikt i barne- og avlastingsbustadene.
  • For dårleg samarbeid fører til at barna ikkje får heilskapleg hjelp.
  • Nokre av barne- og avlastingsbustadene har gode habiliteringsprosessar.

I rapporten gir Helsetilsynet tilrådingar til både kommunal og statleg sektor. Vi tilrår mellom anna at kommunane må styrkje kunnskapen sin om barna sin rett til habilitering, auka grad av medverknad frå foreldre og barn i habiliteringsprosessane og betre samhandling mellom kommunale tenester om habilitering. Vi tilrår også betre oversikt over barne- og avlastingsbustader, revisjon av rettleiarar om habilitering og vurdering av korleis barn sin rettstryggleik kan betrast i barne- og avlastingsbustader.

ISBN 978-82-93595-62-5

«Det viktigaste er at barna er trygge og har det bra.» Oppsummering av landsomfattande tilsyn med barne- og avlastingsbustader 2022–2023

Rapport frå Helsetilsynet 7/2024
PDF