Meny
Samandrag
I det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2022–2023, undersøkte alle statsforvaltarane om barn i barne- og avlastingsbustader får habilitering i samsvar med behova sine.
Barn som har opphald i, eller som bur fast i barne- og avlastingsbustader, er der for at foreldre med omfattande omsorgs- og oppfølgingsoppgåver skal få avlasting. Barn i barne- og avlastingsbustader har ofte store og samansette behov, og ei viktig teneste for desse barna er habilitering. Habilitering er målretta samarbeidsprosessar på ulike arenaer mellom barnet, familien og tenesteytarar. Føremålet er å gje barna høve til å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking i samfunnet.
Statsforvaltarane gjennomførte tilsyn med 67 barne- og avlastingsbustader. 64 tilsyn var med kommunale bustader og tre med private verksemder. Statsforvaltarane brukte systemrevisjon som metode då dei gjennomførte tilsynet. Statsforvaltarane nytta felles tilsynsrettleiar og støttedokument utarbeidde av Helsetilsynet for gjennomføring av tilsynet. Av dei 67 tilsyna vart det i 51 av tilsyna konkludert med lovbrot. Dette utgjer 76 % av tilsyna.
Det overordna temaet for tilsynet var om barn i barne- og avlastingsbustad får habilitering som samsvarer med behova deira. For å få svar på dette undersøkte statsforvaltarane:
- Har barne- og avlastingsbustaden tilstrekkeleg informasjon om situasjonen og behovet til barnet?
- Bruker barne- og avlastingsbustaden informasjonen til å identifisere behov for habilitering, og til å utforme mål og tiltak for barnet?
- Gjennomfører barne- og avlastingsbustaden tiltak for habilitering?
- Evaluerer og korrigerer barne- og avlastingsbustaden mål og tiltak for habiliteringa?
I denne rapporten oppsummerer Helsetilsynet resultata frå tilsynet og gjev tilrådingar til kommunane og private verksemder om betringsarbeid, og om korleis dei kan sikre trygge og gode habiliteringsprosessar til barn i barne- og avlastingsbustader. Vi gjev òg tilrådingar til sentrale myndigheiter.
Har barne- og avlastingsbustaden tilstrekkeleg informasjon?
Tilsynet avdekte relativt få brot på krava om å hente inn informasjon om barnet og situasjonen for barnet. Dei verksemdene som fekk lovbrot, hadde manglar i både kartlegging av barna før dei flytta inn, og i jamleg innhenting av informasjon om barna. Informasjonsgrunnlaget var for dårleg til å kunne utforme mål og tiltak for barna.
Bruker barne- og avlastingsbustaden informasjonen til å utforme mål og tiltak?
Over halvparten av bustadene klarte ikkje å bruke den informasjonen dei samla inn, til å identifisere barna sine behov for habilitering og lage gode mål og tiltak for å dekkje behovet. Både måla for habilitering og tiltaka for å nå måla var gjennomgåande utforma for lite konkret. Dette medførte at tiltaksplanane ikkje fungerte som gode verktøy i det daglege for dei tilsette, og det gjorde det vanskeleg for fagansvarleg å evaluere om tiltaka hadde effekt.
Sjølv om ein del foreldre opplevde kontakten med bustaden som god, var det varierande kor reell medverknad foreldre og barn faktisk hadde. Det var eit gjennomgåande funn at foreldre og barn i liten grad fekk ta del i utforminga av mål og tiltak.
Gjennomfører barne- og avlastingsbustaden habilitering?
Der statsforvaltarar konkluderte med lovbrot på utforming av mål og tiltak, konkluderte dei òg med manglande gjennomføring av habilitering. Det fanst i liten grad rutinar eller prosedyreskildringar for gjennomføring av tiltak, sjølv der tiltaket var komplekst eller barna hadde behov for at tiltaket vart gjennomført på same måte av alle. Dette medførte at tiltak ikkje vart gjennomførte på rett måte, og at det vart uønskt variasjon i gjennomføringa. Gjennomføringa vart avhengig av vurderinga til den enkelte som var på vakt, og ikkje basert på ein felles prosedyre. Dette førte til at det vart vanskeleg for den som hadde eit fagleg ansvar for tenestetilbodet, å følgje med på praksis, noko som igjen kunne føre til at barna ikkje fekk dei tiltaka dei hadde behov for.
Evaluerer barne- og avlastingsbustadene praksisen sin?
Statsforvaltarane peika på at evaluering av måla og tiltaka for barna sjeldan vart gjennomførte. Tilsynet viste òg at foreldre i liten grad fekk medverke i evalueringa av tiltaka. Faglege vurderingar av behov for endringar og tilpassingar vart sjeldan gjennomførte.
Blir det gjennomført systematisk styring og kontroll?
Dei kommunane som fekk påvist lovbrot på styring og kontroll, mangla tydelege rutinar, faste evalueringspunkt og aktiv bruk av avvikssystem. Dei hadde gjennomgåande ikkje system på plass verken for innhenting av informasjon om barna, utarbeiding av tiltaksplanar i eit tverrfagleg samarbeid, gjennomføring av habilitering eller evaluering og korrigering av praksis. Praksis var dermed ikkje styrt, men basert på kompetanse, erfaring og kunnskap einskildtilsette hadde om det enkelte barnet. Konsekvensen kunne bli at nokre barn fekk god habilitering, medan andre ikkje fekk dette.
Høgt sjukefråvær, vikarbruk og ledige stillingar, mange deltidstilsette og problem med å få tak i personell med rett kompetanse var ei utfordring for gjennomføring av habiliteringa i mange bustader. Fleire tilsette opplyste om at dei ønskte auka kompetanse for å kunne gjere jobben sin.
Oppsummering og tilrådingar
Helsetilsynet oppsummerer funna i fem hovudkonklusjonar:
- Manglande kunnskap fører til at barna ikkje får habilitering.
- Barn og foreldre blir ikkje involverte, og tenesta blir derfor ikkje tilpassa barna.
- Manglande styring og leiing fører til fagleg svikt i barne- og avlastingsbustadene.
- For dårleg samarbeid fører til at barna ikkje får heilskapleg hjelp.
- Nokre av barne- og avlastingsbustadene har gode habiliteringsprosessar.
På bakgrunn av desse konklusjonane har vi nokre tilrådingar:
Tilrådingar til kommunane
- Kommunane må styrkje kunnskapen sin om retten barn har til habilitering, og kva som skal til for å få til gode habiliteringsprosessar i barne- og avlastingsbustader.
- Kommunane må setje i verk tiltak slik at barna i barne- og avlastingsbustadene og foreldra får medverke i utforming av mål og tiltak om habilitering, og i evaluering og korrigering av desse.
- Kommunane må setje i verk tiltak som sikrar at samhandling med barna i barne- og avlastingsbustader skjer med den kommunikasjonsforma som barna nyttar.
- Kommunane må sørgje for systematisk styring av habilitering i barne- og avlastingsbustadene.
- Kommunane må sikre at barne- og avlastingsbustader er ein del av det tverrfaglege samarbeidet rundt barn som har behov for habilitering. Samarbeidet må ta utgangspunkt i behovet til barna, og barne- og avlastingsbustaden må vere med på å utarbeide felles mål for barna.
Tilrådingar til statlege myndigheiter
- Helsedirektoratet bør vurdere å innlemme døme på god praksis i barne- og avlastingsbustader i rettleiingsmaterialet om habilitering.
- Helsedirektoratet bør vurdere om KOSTRA-tala skal omfatte oversikt over talet på barne- og avlastingsbustader.
- Helsedirektoratet bør vurdere revisjon av rettleiarane som handlar om habilitering, og bidra til implementering av god praksis for deltenestene.
- Helse- og omsorgsdepartementet bør vurdere om tilbodet i barne- og avlastingsbustader i større grad bør regulerast for å betre rettstryggleiken til barna.