Meny
4. Gjennomføring av tilsynet
Helsetilsynet utarbeidde ein rettleiar for tilsynet. Rettleiaren gir detaljert informasjon til statsforvaltarane om det aktuelle lovgrunnlaget for tilsynet, kva som skal undersøkast i samband med tilsynet sine undersøkingsområde og om dei aktuelle tilsynsmetodane. Rettleiaren gir også praktisk rettleiing i korleis statsforvaltarane skal planlegge og gjennomføre tilsynet (4).
4.1. Ulike tilsynsaktivitetar skal legge til rette for samarbeid og læring
Det landsomfattande tilsynet vart gjennomført med systemrevisjon og eigenvurdering som metodar.
Systemrevisjon er ein tilsynsmetode som eignar seg godt til å undersøke arbeidet kommunane gjer med systematisk styring og kvalitetsforbetring. Metoden tar utgangspunkt i plikta helse- og omsorgstenesta har til å styre verksemda slik at pasientane får forsvarlege tenester. Det er utarbeidd ein eigen rettleiar for tilsyn utført som systemrevisjon (5).
Under ein systemrevisjon hentar tilsynsorgana inn opplysningar frå fleire kjelder, som interne dokument og rutinar, intervju med leiarar, tilsette, pasientar, gjennomgang av journalar og fysiske synfaringar. Funn frå desse undersøkingane blir vurderte opp mot krava revisjonen undersøker. Etter tilsynet blir funna beskrivne i ein rapport. Dersom tilsynsorganet finn lovbrot, må tenesta endre praksisen som førte til svikt. Statsforvaltar følgjer med på at tenesta gjer nødvendige forbetringar slik at tenesta blir driven i samsvar med lovgivinga, og tilsynet kan avsluttast.
Ved eigenvurdering er det kommunane som gjennomfører undersøkingane, basert på detaljert rettleiing frå tilsynsorgana. Statsforvaltaren inviterte minimum tre kommunar til eigenvurdering. Det vart lagt opp til frivillige samlingar både for kommunar der det vart gjennomført systemrevisjon, og for dei som gjennomførte eigenvurdering.
Kommunar som gjennomførte eigenvurdering, gav tilbakemelding om at eigenvurdering var arbeidskrevjande, men nyttig å gjennomføre. Positive erfaringar inkluderte auka oppleving av eigarskap til funna, og at forbetringsarbeidet kunne starte tidlegare.
Målet med å kombinere tilsynsaktivitetar med samlingar for rettleiing og oppfølging var at dette skulle bidra til auka kunnskap og erfaring om forbetringsarbeid, og legge til rette for samarbeid mellom kommunar på området.
Statsforvaltarane varsla om temaet for tilsynet til alle sine kommunar og sende samtidig over tilsynsrettleiaren. Målet var å få merksemd om temaet og at det vart sett i verk forbetringsarbeid i kommunane uavhengig av om dei vart plukka ut for tilsyn eller ikkje.
Systemrevisjon | Eigenvurdering |
|
|
Samlingar i fram- og etterkant av tilsynet | |
|
4.2. Brukarinvolvering i tilsynet
Brukarane sine erfaringar med tenestene er ein sentral del av kunnskapen i tilsynsarbeidet. Erfaringane har betydning for at tilsynet blir relevant og bidreg til forbetring.
Rettleiaren spesifiserte at det skulle gjennomførast samtalar med pasientar i kvart tilsyn. Eit fleirtal av tilsyna har gjennomført samtalar med eit utval pårørande eller pasientar i samband med systemrevisjonane. Det har vore gjennomført fleire samtalar med pårørande enn med pasientar. Ei grunngiving har vore at covid-19-pandemien har gjort at samtalar har blitt gjennomført digitalt snarare enn ved fysisk oppmøte, og at statsforvaltarar i ein del av tilsyna vurderte at det var lite gjennomførbart å ha digitale samtalar med dei aktuelle pasientane.
Pårørande har etter pbrl. §§ 4A-5 – 4A-7 konkrete roller i situasjonar der tvungen helsehjelp blir vurdert. Helsepersonell skal så langt det er mogleg, hente inn informasjon frå dei næraste pårørande til pasienten om kva pasienten ville ha ønskt, før ei avgjerd om tvungen helsehjelp blir tatt. Næraste pårørande skal bli orienterte om vedtaket og har rett til å klage. Pårørande er viktige informantar for helsetenesta når det kjem til pasienten sine ønske og haldningar, og informasjon om korleis tvang kan førebyggast for den enkelte pasienten. Inntrykket pårørande har av tenestene og deira oppleving av om dei blir involverte, er dermed viktig informasjon for tilsynet.
4.3. Tilsyn under covid-19 pandemien
Omtrent samtidig som rettleiaren for det landsomfattande tilsynet var ferdig, fekk Noreg sitt første tilfelle av smitte med covid-19-viruset. Det at helsetenestene stod i store utfordringar knytte til handtering av pandemien og at fleire av tiltaka som vart innførte, retta seg mot sjukeheimar og heimetenester, gjorde det vanskeleg å gjennomføre det landsomfattande tilsynet som planlagt.
På grunn av pandemien vart dette tilsynet utvida til å gjelde også for 2021. Det vart gitt høg prioritet trass i den vanskelege ressurssituasjonen som pandemien skapte. Helsetilsynet sende ut eit vedlegg til rettleiaren med praktisk informasjon om korleis statsforvaltarane kunne tilpasse tilsynet i pandemisituasjonen.
Sjølv om det landsomfattande tilsynet fekk høg prioritet, hadde pandemien konsekvensar for gjennomføringa. Tilsyna vart i nokre tilfelle gjennomførte på ein annan måte enn det som var opphavleg planlagt, med tilsynslaget mindre fysisk til stades i tenesta enn det som elles er vanleg. Auka bruk av digitale kommunikasjonsløysingar og avgrensa tal på medarbeidarar som fysisk deltok på sjølve tilsynsbesøket, var typiske tilpassingar som statsforvaltarane gjennomførte. I nokre tilfelle vart møte og intervju gjennomførte digitalt, mens journalgjennomgang vart gjennomført i tilgjengelege kommunale lokale slik at sjansen for å bringe smitte til sjukeheimar eller bustader vart redusert.
Det vart nødvendig å redusere omfanget av planlagde samlingar med kommunane i framkant og i etterkant av gjennomførte tilsyn og eigenvurderingar, og det vart gjennomført færre tilsynsaktivitetar enn opphavleg planlagt på grunn av pandemien. Samla for alle statsforvaltarane var det eit minimumskrav om 40 systemrevisjonar og 33 eigenvurderingar. Det vart gjennomført 30 systemrevisjonar og 27 eigenvurderingar.